Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Fordi dei veit at det finns kranglefantar der ute som kunne finne på å levere børsa fastsveisa i ei utrangert gravemaskinskuffe eller liknande. Eg hadde glatt gjort det.
  2. Eit anna døme på ulovlege stridsvåpen med høgt skadepotensiale er Remington Nylon 66. Denne vesle salongen med fast magasin må altså no i kverna fordi den har den særleg farlege eigenskapen overtre (eller overplast i dette tilfellet).
  3. Med laser kan avstanden (og andre faktorar, som t.d. vindavdrift) simulerast, så for den del kan du ha "blinken" ein meter framfor standplass. Kva med å flytte løypa over på tredemølle samtidig? Så har ein løyst snøproblemet også.
  4. Svakaste hand eller beste hand - eg har skutt litt med ein kompakt (27? 29?) Glock i 10mm auto og den var det djevelsk rekyl i. Hadde valgt min Ruger revolver i .44 Magnum over denne når som helst. Ja, den sparkar godt den også, men er mykje lettare å skyte med enn den forb... Glocken. Ondskapsfull liten sak.
  5. Både "stava" og "stave" er riktig på nynorsk. Men "innkompetent" er feil uansett målform.
  6. Akkurat dette ordet bør ein vel stave riktig når ein først velger å bruke det?
  7. Brownells har 1 stk Henry Golden Boy på lager viss ein skal tru nettbutikken. Drøy pris då, over 17k... Ser ut til at dei kan skaffe ein meir fornuftig prisa Henry i .22 viss du kan vente: https://www.brownells.no/STANDARD-LEVER-1825IN-22-LR-BLUE-151RD-Standard-Lever-1825in-22-LR-Blue-151-HENRY-REPEATING-ARMS-Lever-Action-22-Long-Rifle-55-lbs-151-Round-Plain-Adjustable-Fixed-Tubular-Magazine-Wood-365-1825-100300142
  8. Av det som er til salgs i "vanlege" butikkar (jernvare, Felleskjøpet og slikt) så har eg ikkje funne noko betre enn dei du viser til. Dei er komfortable og tettar godt, også for meg som brukar briller. Rimelege er dei også.
  9. Ikkje høyr på dei som seier at turret-presser er for "vanskelege" for nybegynnarar. Det er dei ikkje i det heile tatt, vil heller seie at dei gjer ladeprosessen enklare. Har sjølv Lee turret, dette var mi første presse og den einaste eg bruker. Har også to enstasjonspresser liggande (arvegods, RCBS Rock chucker og noko Lee-greier) men har aldri hatt noko behov for desse. Turret-pressa fungerer fint som enstasjonspresse (men enklare, sidan det tek bokstaveleg talt eitt sekund å skifte mellom dier) når ein evt har bruk for det, det er berre å nappe ut indekseringsstanga. Er også veldig kjapt og enkelt å veksle mellom kaliber viss du treng det, det er ein femsekunds-jobb. Ikkje noko fikl og ingen dilling og justering når du først har justert deg inn. Dillon-pressa som du viser til er som andre har påpeikt ei progressiv presse, og er meir egna når ein skal trykke ut store mengder ammunisjon. Det er også mykje tilleggsutstyr å få kjøpt (hylsemater, kulemater...), men den kostar til gjengjeld betydeleg meir enn turret-pressa til Lee. Korleis den er i praktisk bruk skal eg ikkje seie noko om, då eg aldri har prøvd ei slik presse.
  10. 629 har eg aldri sett eller prøvd, men eg har skutt litt med ein 29 i klassisk blå med 8" (trur eg) løp. Det er eit nydeleg våpen med flott avtrekk, men originalgrepet er etter mi meining vondt å skyte med. Det finns sikkert noko betre å få kjøpt, men det har eg ikkje prøvd. "Back in the day" når eg dreiv med metallsilhuett hadde 29 rykte på seg for å ikkje vere like holdbar som Ruger Blackhawk/Redhawk. Om dette berre var rykte eller om det var hold i det skal eg ikkje seie for mykje om, men det har gått mange tunge "bukkeladningar" gjennom den 29-en eg har skutt med og den virka for meg å vere tight og fin.
  11. Per køyrte kilometer så går det med ca like mykje straum berre til raffinering av diesel og bensin som elbilen brukar til framdrift. Kan umulig vere verre å lade ein elbil med 60% kull, gass og olje enn å brenne av den samme straumen *før* fossilbilen har køyrt ein meter.
  12. Jaktia i Stryn selger jaktkort, dei kan nok hjelpe deg.
  13. Som andre har skrive må du sjekke dette i din eigen revolver. Eg ladar 18.5gr N110 til min Super Blackhawk med ca 6" løp og er over faktor med bra margin. Noko særleg mindre enn 18gr og det tok til å bli mykje uforbrent krut og ujamn hastigheit.
  14. Den kikkerten er heilt fin.
  15. joska

    Våpen på vegg.

    Ja, så lenge vital del er oppbevart i våpenskap/våpenrom kan mauseren henge på veggen. Merk at dette no - med unntak av kravet om godkjent våpenskap/våpenrom - også gjeld luftvåpen, antikke våpen, airsoft og andre "skytevåpen som er fritekne for løyveplikt". Her må heile våpenet eller vital del vere nedlåst/fastlåst.
  16. Som man sår høster man. Dei banene som er veldig plaga med "idiotar" må kanskje sjå litt på standplassleiing og rutiner på bana. Standplassleiarar som trur at kjefting og idiotforklaring av urutinerte skyttarar er løysinga kan heller finne seg ein annan hobby. Bli fotballtrener f.eks.
  17. Eg hadde Boyds-skjefte til min 452, og der passa forsåvidt låsekassa heilt perfekt utan at eg trengte gjere noko tilpasningar. Men løpskanalen var litt skeiv og tok såvidt an i løpet heilt fremst (dette var ein Varmint så litt tjukkare løp enn vanlig 452), så eg endte opp med å pusse denne litt. Eg valgte også å gjere litt tilpasning av stokken for at underbeslaget skulle passe betre. Dette var strengt tatt ei reint kosmetisk endring, men det såg skikkeleg forj...ig ut originalt. Stokken var forøvrig veldig fin å skyte med. Bedda aldri denne, og merka heller ingen forskjell på presisjon samanlikna med originalstokken. Har også Boyds-stokk til min ZKK 601, og det var rein halvfabrikata sjølv om Boyds påstod at ingen tilpasning skulle vere nødvendig. Endte opp med å frese vekk ein god del materiale både rundt låsekassa og underbeslaget, og søylebedda inn låsekassa. Endte også opp med å endre den litt "stutt-tjukke" stokken ein del utvendig - slanka fortreet nokre hundre gram, forlenga stokken 3cm og endra fasongen på pistolgrepet. Sluttresultatet vart bra, men viss ein ikkje liker fikl er det sikkert like greitt å betale meir og få noko som fungerer i utgangspunktet.
  18. Ein kan og bruke (den utskjelte) siteringsfunksjonen der det passar, då vil den siterte bli varsla.
  19. Kvar er blasfemiparagrafen når vi treng den?
  20. @Yndag Clas Ohlson har fleire av Mora sine sløydknivar i butikken, iallfall på "min" (Førde) der eg har sett både 120, 106 og skjekniven i hylla.
  21. No blir eg usikker - denne klassedelinga med tilhøyrande begrensingar var vel berre noko som eksisterte i eit rundskriv og aldri i noko lov eller forskrift? Gjeld dette med ny våpenlov? Uansett, slik det rundskrivet var utforma kunne du i teorien ha fire handvåpen per forbund. Så om rekreasjonsskytteren hadde fire NSF-våpen kunne han likevel skaffe seg svartkrutvåpen. Og du må/måtte ikkje delta i konkurransar, men på treningar/dugnader.
  22. Skulle akkurat til å skrive det samme - dette kan vere våpen som er gøymt under krigen. Viss det er tilfelle og det er snakk om normale jaktvåpen kan eg ikkje sjå at politiet vil lage noko problem her.
  23. Eg har ein Mk 1 frå seint 70-tal sjølv, og ja, egenpresisjonen er meir enn bra nok til all "normal" pistolskyting. Min har også bra avtrekk, men det er takka vere børsemakeren og ikkje Ruger. Har skutt litt med både Mk 3 og Mk 4, og avtrekket rett ut av eska på desse er direkte dårleg. Eg vil påstå at bra avtrekk har større betydning enn ergonomisk grep for nybegynneren. Vil eigentleg ikkje anbefale desse som klubbvåpen i original stand. Funksjoneringsfeil på desse skuldast etter mi erfaring nesten alltid utslitt magasin. Skikkeleg reingjering og eit nytt magasin, så tippar eg dei er som nye. Ny rekylfjær skader sikkert ikkje heller.
  24. Eg er glad eg ikkje er jegeren og har ein nabo med lilla hus.
  25. Treng ikkje vere FG-godkjent nei, berre låsbart.
×
×
  • Create New...