Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    676
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Vart 12 av 13 for min del. Lenge sidan eg har lest meg opp om storfugl Ellers er jo ejakulasjonsforlenger noko ein får på apoteket...
  2. Har brukt ei slik oljefiltertang frå Biltema. Med denne og tillgang til ei skrustikke med gummiklossar fekk tvinga opp min Hausken. Lettare di oftarer du demonterer demparen. Kruttgassane penetrerer inn i gjengepartiet og "limer" dette saman
  3. Har snakka med Rafdal om avtrekket på mi Winchester 94 i 356 Winchester. Han meinte han skulle få det betre. Eg har kjøpt meg eit slikt feste til mi Winchester: https://www.turnbullrestoration.com/gun/dovetail-red-dot-mount-vortex-venom-burris-fastfire-winchester-94-1892-barrel/ Litt styr å få det over då han ikkje vil selge til utlandet, men med eit slikt fraktfirma der du får di eiga adresse i statene, gjekk det greit. Då treng du ikkje gjere nokon forandringar på børsa.
  4. Om det er trygt å skyte dei du har lada med 45 grain skal eg ikkje uttale meg om. Men sist eg var på skytebanen var det ein kar der som hadde samme problemet med fabrikkammo frå S&B. Dette var også i 6,5x55. At hettene kjem ut, kan jo ha fleire årsaker. For lite trykk kan føre til at hettene bakker ut. Eller for mykje patonspel. Korleis har du pressa hylsene? Har du gått etter anbefalingane til die-produsenten, eller har du pressa dei slik at dei passer i børsa di? Og er dette hylser du har plukka på banen, eller er dei skotne i di børse? Var hettene lette å sette? Kan det vere S&B-hettene er ekstra mjuke?
  5. Har du hatt den i frå kvarandre? Har åpna Hausken-demparen min eit par gonger. Ein god del hardt sot og anna uhumskheiter. Vil tru desse avleiringane kan halde på vatn/kjemikalier, og så kan ein kanskje få ein form for reaksjon etter ei tid?
  6. Rett ut av støypeforma får eg aaakurat lirka nasen inn i tuten på 358-løpet. På 350 Magnumen går det ikkje. Så etter pulverlakkering er nok nasen stor nok. Har handla meg kalibreringsverktøy frå Noe. I den forbindelsen har eg bøssinger i .351, .350 og i .349 (for kaliberering av papirvikla kuler). Tenkte eg kan bruke ein av desse til å "glatte" ut nasen litt. Trur og eg kanskje skal kunne klare å lade dei utan at nasen treng å gå inn mellom bommane. Skal oppdatere tråden med resultater frå både "bore rider"-kula og papirvikla kuler. Takker for gode innspel.
  7. Då har ein vore i "støypebua" og produsert nokre kuler frå nye former. Og så dukkar det sjølvsagt opp spørsmål Har fått i hus ei form frå Accurate Molds. To design. Ei rettvegga kule tiltenkt papirvikling og "bore rider" design. Kaliber .358. Skal brukast i 356/358 Winchester og i 350 Rem Mag. Byrja finstuderinga på dette med "bore rider" kuler etter at eg hadde bestillt forma, så vart litt betenkt når eg fant mykje info om at dette var eit litt "fittlete" design å få til å gå godt. To dimensjonar som må tilpassast løpsdimensjonane Eg meiner å hugse at @spindrift har jobba litt med denne typen kuler? Er ute etter hastigheiter rundt 650 m/s. Støyper i ein verifisert Lyman #2 legering (ca, 98/4/4). Nokon som har noko erfaringar/tips? Skal prøve å kome tilbake med mine erfaringar etter kvart. Slik ser kulene ut før pulverlakkering.
  8. Har ikkje prøvd denne modellen sjølv. Bruker sjølv ein Edge Pro. Driv og ser litt på forskjellige system der ein kan feste kniven. Går for såvidt greit med Edge Pro'en så lenge du har noko flate å stabilisere knivbladet. Men om ein er ute etter billig, så begrenser utvalget seg litt. Spyderco Sharpmaker har eg hatt men denne er seld. Grei nok om du har eggvinkel som passer dei vinklane du har tilgjengelig på Sharpmakeren, men om ikkje slit du. Har og hatt eit Lansky-sett, men det vart berre vingling for min del. Ein annan ting ein må vurdere er kva knivstål ein skal kvesse. Er det karbonstål og "enklare" rustfrie stål, er det ein ting. Men skal ein byrje å bryne seg på pulverstål og nokre av desse nye superståla må ein ha skikkeleg utstyr. Dette kan vere gode bryner, men då må ein vere god å frihåndskvesse. Eller eit system der ein kan spenne fast kniven og ha samme vinkel på brynet heile tida.
  9. Denne har fått god kritikk. Veit ikkje kva kunnskapsnivå du har, men med eit slikt system skal du ved å lese bruksanvisningen og følge denne klare å slipe det meste. Ville holdt meg langt unna billige «dra gjennom» knivsliparar. Desse bruker ofte veldig aggresive slipestenger.
  10. "The nose knows". Har ikkje nokon erfaring med vakumsalting. Men luktar det ille, er det truleg ille. Kva anna skal det vere? Salta kjøt skal ikke lukte dårlig.
  11. Om o-ringen har hardna må du vel skifte den ut uansett?? Har o-ringen "limt" saman kikkereten? Om du kjem til den ville eg ha prøvd å fjerne den mekanisk, pirke den vekk. Veit Biltema og slikt sel o-ringsett.
  12. Kan det vere desse her? Finn ikkje bilde av bunnstempelet, men desse har synling gløding.
  13. Skulle gjerne hatt nokre mål på sjølve "kulesetterpluggen". Den pluggen med uthuling for kulenasen. Har moglegheiten for å få laga ein kulesetterplugg tilpassa flatnosa kuler. Men er for tida borte på jobb. Treng diameter på kroppen, diameter på flensen (øverst oppe), tjukkelse på flensen og totallengda. På førehand takk
  14. https://en.wikipedia.org/wiki/.30-30_Winchester 30-30 Winchester er navnet på patrona. Men kaliberet er .308 Så du kan bruke same rekylbrems som for 308 Winchester; kaliber .308. Du må ikkje bruke rekylbremser for mindre kaliber.
  15. Har hatt problemer med soting på hylser i 45/70 med svake ladninger. Dette problemet vart verre for kvar omlading. Etter gløding vart sotinga kraftig redusert. Rekner med det er snakk om arbeidsherding her. Så problemet kjem vel tilbake om nokre omladningar. Men då får eg finne fram drillen og gassbrennaren igjen. Gjekk forbausande fort og greit. Litt varierande gløding vart det, men godt nok for formålet.
  16. Ser jo grei ut den så lenge du ikkje treng sekk. Så i mitt hovud er det vel ikkje ein erstattning for ein sekk...?
  17. Heisan. I gang med samme prosess. Gjekk for 55cm løp og 20mm diameter ved munning. Litt stutt og litt tjukt. Håper eg vert nøgd med dette. Tiltenkt jaktfelt, rype og rev.
  18. Prøvde kjapt å finne ut av korleis Norma merka datoen på boksane sine. Her er ein link til nokon som lurer på det samme. Har du sett inne i boksen med lommelykt? Rust innvendig??
  19. Står det ikkje dato på boksen?
  20. Har du kikke med ei lommelykt innvendig i boksen? Kan vere rust. Har vel og høyrt at ein kan få noko slikt støv når kruttet byrjar å brytes ned. Gammal boks?
  21. Har hatt tre Winchester M70 rifler. Alle med kontrollert mating. Har to igjen. Ei i 450 Marlin og ei i 375 H&H. Har ikkje gjort noko med avtrekka. Heller ikkje sikker på om dei er vorte justert av tidligare eigarar. Men eg er nøgd med avtrekket. Har ikkje så mykje erfaring med gode avtrekk (driv og tuller med bøylebørser ). Men for min utrente avtrekksfinger er det gode avtrekk. Det skal og vere "ganske" enkelt å justere avtrekket på desse børsene. Om det utgjer så voldsomt mykje skal ikkje eg utale meg om.
  22. Saksa frå: https://www.politiet.no/tjenester/vapen/lover-og-regler-om-vapen/#slik-oppbevarer-du-skytevaapen-og-ammunisjon-button Så trur det enklaste svaret er nei.
  23. Då er det berre å finne seg ein dempar.... Har som sagt erfaring med Hausken og Freyr og Devik. Ventar på å få eit nytt løp til ei Remington, og då anbefalte børsesmeden Svemco. Om du driv med slikt er det mykje fint og greit å finne på Finn i brukte demparar. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=299664885 Ny frå butikk https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=312133480 https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=303084226 Mykje å velge i..
  24. 30-06 tåler nok litt kapping. Men eg ville ikkje kappa for mykje. Så kan ein seie; kva er for mykje.. Veit du løpslengda? Ville ikkje kappa ei 30-06 så mykje under 55 cm. Men det er MI meining Om det er god demping du er ute etter så må du nok opp i volum på demparen. Altså nokon av dei større modellane. Eit tips kan vere å bestemme deg og kjøpe dempar før du leverer børsa til gjenging. Har vore bort i at gjengene ikkje passe med den demparen eg hadde kjøpt i ettertid. Sjølv om gjengene frå smeden var 15:1 og demparen var gjenga i 15:1. Alle produsentane opererer med små tolleranseforskjellar på gjengene. Om du leverer inn demparen du skal ha saman med børsa er du sikker på å få ein god tilpassning
  25. Du har det som på godt norsk kaller "fluta" løp. Vektbesparing og muligens meir overflate for nedkjøling. Og litt mote/stilig om ein likar slikt Dei aller fleste (alle?) demparprodusentane har demparar som går inn på løpet. Varierer litt kor langt får produsent til produsent. Dei aller minste demparane er oftast frontmonterte. Kjem litt an på kva du vil ha. Kortast mogleg våpen? Mest mogleg demping? Minst vekt? Som heilt nybegynnar kan det sikkert lønne seg å gå for ein "standard" dempar. Har sjølv berre kjennskap til Hausken og Freyr og Devik, Hausken-demparen er ein JD184. Dette er ein litt mindre dempar som går inn på løpet og er ganske lett. Freyr og Devik-demparen er den minste modellen deira valgt grunna liten størrelse og vekt. Ein annan ting er: kvifor vil du kappe løpet? Kva patron er børsa kamra i? Dette er vel ei børse som er laga for å vere ganske lett? Hadde eg skulla velge ville eg valgt ein litt mindre dempar for å stå i stil med børsa. Og ikkje kappa for mykje (noko som er avhengig av patron)
×
×
  • Create New...