Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    674
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Systemrifler er kjekt, men om du klarer å halde deg innanfor samme hylsebunn-diameter vert alt enklare. Dei naturlege valga vert då typisk 308/30-06/6.5x55 hylsebotn eller 300 WinMag/7mm Rem Mag/6,5 PRC hylsebotn (nokre eksempel). Om du skal ha billig (billigare!) ammunisjon til trening vil eg absolutt anbefale å gå for 308/6.5x55 hylsebotn. Om du vil ha litt meir futt så går du for 300 WinMag/6,5 PRC hylsebotn. Min fantasikombinasjon som snart halvveges er i mål er 350 Rem Magnum og 6,5 Rem Magnum..
  2. Skal du bytte mellom dei patronene du nemner må du ha ei børse som enten kan bytte bolthode eller ha fleire slutttstykker. Det finnest vel fleire slike, men når budsjettet er stramt er spelerommet mindre. Eg har ei laga meg ei systemrifle av ei eldre Remington 700 med løpsbyttemuffe frå Rafdal. For meg passer dette perfekt. Men då må eg halde meg innan same «patronklasse». Same dimensjonen på hylsebotnen. Eg har løp i 358 Win, 7-08 Rem og snart eit løp i 22-250 Rem eller 6XC. Alle korte patroner med samme støtbotn. Om du vil ha 6.5-55 og ei 30 kalibra magnumpatron er ikkje denne løysinga optimal. Kva budsjett ser du for deg?
  3. Takkar igjen for godt innspel. Skal eksperimentere litt med å bruke ekspanderen i separat operasjon. Hovedbruksområdet vert baneskyting og småviltjakt (som skal etast) ut til fornuftige avstandar. Så ønsket å tunge kuler er for å få ned farten og for å tåle vind. Tenkjer høgfjellet. Og då skulle eg vel finne ei råd med skadedyrsjakta/revejakt og.
  4. Dei stokkane vart jo riktigt så snasne! Har ein boks med slike små veldig lette kuler som er laga for å blande inn i epoksy. For å lage denne lett. Trur eg prøver med det. Men gode idear! Takkar!
  5. Har ein original Remington 700 BDL stokk har tenkt å bruke til lage meg ein fattigmanns versjon av ein KKC/GRS stokk. Tanken er å bygge opp framstokken med tre, lage ein kolbeforhøyar og forme bakstokken til formålet. Men det eg lurer på er kva som er beste måten å bygge ut/forme grepet for avtrekkarhanda. Ser for meg å finne noko stoff eg kan spraye/smørje på og så forme dette til handa. Hadde tenkt å kle stokken med glassfiber når eg er nokonlunde nøgd, så stoffet må tåle epoxy. Nokon som har nokre tankar? Eller har gjort noko liknande sjølve?
  6. Gode refleksjonar!! Korleis opplever du hylselevetida med gode hylser? Har tenkt litt på dette med den kone kroppen. Har erfaring frå 375 H&H med at det strekker seg, for å seie det slik. No er jo det ei beltehylse, men kon er kon.. Trur gjerne eg vil prioritere tunge kuler framfor lette. Er ikkje på jakt etter hastigheit. Eller, det er ikkje heilt riktig. Eg er på jakt etter passe hastigheit Og det oppnår eg vel best med tyngre kuler. Rekner med reven parkerer tøfflene frå ei kule i 1000 m/s like bra som i 1200 m/s. Kanskje 1:8 er eit fornuftig kompromiss?
  7. Det er vel der eg er akkurat no. Med 70-80 og kanskje 90 grains kuler og rask stigning finn eg greie ladedata til 820-850 ish m/s. Burde fungere på småvilt det. Og så kan eg jo gå ned litt i kulevekt og opp i hastighet til småvilt ein ikkje skal ete.
  8. Ville vore fyrstevalget om eg ikkje då trengte ny bolt. Tenkjer litt i dei linjene eg og! Du får jo kjøpt ferdiglada til 6XC.. Men det frister litt å bruke det diesettet eg allerede har kjøpt i 22-250.
  9. Tanken var å lage ei "dummypatron" for å finne ut om halstjukkelsen vert for tjukk etter omforming. Så bruk pressa og kulesetterdia.
  10. Har pressa 308 hylser til 7-08. Det gjekk heilt fint. Einaste eg kan tenkje meg som kan verte eit problem er at godset i hylsemunningen vert for tjukkt. Det kan du enkelt sjekke ved å sette ei kule i ei av dei omforma hylsene og sjå om dette kamrer. Vil jo nesten tru det. Om ikkje må du finne hylser som er tynnare i hylsemunningen eller dreie ned denne.
  11. 6x47 kan jo sjå ut som eit alternativ! Driv og ser på kva som finnes av ladeutstyr til dei forskjellige patronene. Men då dier kan bestillast frå utlandet og, så er det kanskje ikkje ein begrensande faktor. Tilgangen på hylser er derimot ein begrensande faktor. Før eg byrja lure på 6mm dreiv eg og pønska på 22-250 Rem. Er komen så langt at eg faktisk har kjøpt eit diesett.. Og 22-250 Rem skulle vel mate greit frå eit standard hengsla magasin? Mykje virring her no
  12. Ikkje uenig i det Men usikker på kor myke matetrøbbel eg aksepterer for estetikken. Då hadde eg truleg gått for 6BR. Er vel eigentleg den eg vil ha, men ein skal høyre på fagfolk.. Matetrøbbel høyres ikkje så stas ut.
  13. Har du prøvd sekken med dette hoftebeltet? Om eg held meg under 10 kg liker eg helst å gå utan hoftebelte. Ser at du kanskje har behov for litt stabilisering av sekken, men då burde dette virke? Ellers får du kjøpt lause hoftebelter rundt om kring: https://www.google.com/search?q=backpack+hip+belt&tbm=isch&ved=2ahUKEwiU4M6QhJ3_AhWQtCoKHVdbB8sQ2-cCegQIABAA&oq=backpack+hip+belt&gs_lcp=CgNpbWcQAzIHCAAQExCABDIHCAAQExCABDIHCAAQExCABDIHCAAQExCABDIHCAAQExCABDIICAAQBxAeEBMyCAgAEAcQHhATMggIABAHEB4QEzIICAAQBxAeEBMyCAgAEAgQHhATOgQIIxAnUPcHWOUkYO0maABwAHgAgAFOiAHxA5IBATeYAQCgAQGqAQtnd3Mtd2l6LWltZ8ABAQ&sclient=img&ei=iup1ZJTzLZDpqgHXtp3YDA&bih=900&biw=1766&rlz=1C1GCEB_enNO1060
  14. Har fått ein eldre ADL-stokk som eg har tenkt å "herpe" Prøve å bygge den om til noko KKC/GRS aktigt. Snakka forresten akkurat med Rafdal. Han anbefalte 6XC i staden for 6BR grunna problemer med mating. Så då trur eg det vert det.
  15. Har du tilpassa underbeslag til originalstokken? Hadde ikkje tenkt å skaffe ny stokk i tillegg då eg har pussla ein del med den originale trestokken. Ellers gode forslag/idear. Ser ut som om 6BR er den patrona som passar tiltenkt bruk best.
  16. Takk for erfaringane med 6BR i 700 ADL. Samme børsa eg har. Får høyre med Rafdal kva han tenkjer om evt. mateproblematikk. Har vel og sett for meg at det vert å kjøpe seg eit underbeslag med moglegheit for lause magasiner, men dei koster jo skjorta!! 22BR ser jo og ut som ein artig kreasjon. Kvar får du tak i dier til noko slikt, @Casey Jones? Du seier at 243 Win er for heit, men etter det eg ser av ladedate går det jo an å lade til fornuftige hastigheiter. Det eg ikkje heilt liker med 243 er at den et ein god del krutt. Meir en nødvendig. Det vil vel gå ut over løpslevetida.
  17. Kan sjå ut som om det er 243 som seiler opp som det fornuftige valget... Mykje ladedata og god tilgang på komponenter. Kva riflestigning skulle ein gått for i så fall? Tenkjer på framtidsutsiktene med blyforbud..
  18. Ser Norma jaktmatch i 6XC ligg akkurat på 900m/s. Så det kunne jo vore eit alternativ. Men eg tenkjer helst å lade sjølv. Då har ein jo fleksibiliteten.
  19. Eg vil ikkje ha ei 260 remington Sjølv om det kanskje er det mest fornuftige valget... Men kven vil vere fornuftig..
  20. Trur ikkje eg kan ta ansvaret for all rusta i løpet Kjøpt brukt utan å finkikke på sakene Men Swift'en skulle vel gjort vei i vellinga på fuglejakta, den.. Du nemner at 6BR kan verte for kort til å fungere i magasinet? Har ikkje underbeslag endå. Berre det originale hengsla magasinet. Kongstanken her er å kunne lade nokon kuler til godt under 900m/s for å ikkje sprenge rypa. Samt lade noko lettare kuler til høgare hastigheiter for revejakt. Har ikkje tilgjengelig ladetabeller for 6XC, men er dette noko ein vil kunne få til (på ein fornuftig måte) med denne patrona?
  21. Står på trappene til å få ei ny pipe i Remingtonen min (700, kort kasse, Rafdal-muffe). Har frå før løp i 358 Win og 7mm-08. 7mm løpet er fullt av gravrust og pitting, og eg får ikkje noko god presisjon i det så det går ut. Tiltenkt bruk er småviltjakt frå rype til rådyr samt baneskyting. Har sett litt på 22-250, men denne har eeeeeigentlig litt for mykje sprut. Så eg har byrja sjå på nokre av 6mm alternativene. Men det er jo ein jungel der ute. Fornuftige og ufornuftige innspel mottas med takk. Gjerne med ein kjapp begrunnelse. Og nei, eg vil ikkje ha ei 260 Remington
  22. Heisan. Har du lada mange patroner med denne dia? Har du hatt ho frå ny? Kan jo vere ein liten skade i kanten som over tid har utvikla seg. Kva kule er det du bruker? Prøvde å søke opp rekruttkula i 6,5. Ser det er nokon som er ganske butte? Om kula ikkje passer heilt inn i kulestempelet, men fokuserer all kraft på den tynne kanten kan jo det vere ein årsak. Håper du finn ut av det. Men det er jo vel berre å finne fram lommeboka og investere
  23. Har funne ei god ladning med 200 gr. kule frå H&N. Har ikkje ladeboka framfor meg, men skal prøve å legge inn kommentar på det seinere. Denne samla på rundt 20mm på 50m (4 skudd) Men Geco Hexagon høyres og bra ut!!
  24. Lang kontaktflate vil jo gi meir friksjon og då truleg høgre trykk. Og N310 er jo eit veeldig raskt krutt. Har pussla litt med subladningar sjølv, men det raskaste kruttet eg har brukt er N32C. Eg ville prøvd å bytte kruttet i noko meir passande.
×
×
  • Create New...