Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    676
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Har funne ei god ladning med 200 gr. kule frå H&N. Har ikkje ladeboka framfor meg, men skal prøve å legge inn kommentar på det seinere. Denne samla på rundt 20mm på 50m (4 skudd) Men Geco Hexagon høyres og bra ut!!
  2. Lang kontaktflate vil jo gi meir friksjon og då truleg høgre trykk. Og N310 er jo eit veeldig raskt krutt. Har pussla litt med subladningar sjølv, men det raskaste kruttet eg har brukt er N32C. Eg ville prøvd å bytte kruttet i noko meir passande.
  3. Fyrste tanken er at dersom du ikkje finn NOKON andre som har gjort noko liknande ved å søke på verdsveven, så ville ikkje EG anbefalt det. Om eg sjølv ville gjort det er ein annan sak Kva har du for erfaring med sub-ladninger frå før? Kva konstruksjon er denne Interlock-kula? Har den lang kontaktflate? Er det ei hard kule?
  4. He he Ser for så vidt at det kanskje ikkje er noko ein har lyst til å ha sittande på seg Men eg seier kjør på. Om ein har lyst på noko utan at det treng å gå ut over anna en "street cred'en" så er det vel berre å "gønne på"?
  5. Er ikkje dette for langholdsgutta som bruker rødpunktet for finne/leite etter blinken for så å gå over til kikkerten? No skal det seiast at eg har sjølv prøvd å finne siktepunkt på hjort på 5 meters avstand med kikkerten skrudd opp på 12 gangers forstørrelse… Berre masse hår Men min løysing var å bytte ut kikkerten med ein rødpunkt. Men kven veit, kanskje det vert det nye store (men eg trur det ikkje).
  6. Då rygger eg roleg og stille ut av det seriøse hjørnet… Lykke til med børsekjøp.
  7. Ja, kanskje det, men han skreiv og morosamt
  8. Lever action i ei patron du har håndvåpen i. 357 Magnum til dømes må jo duge fint på rype med heilmantel. Og om det ikkje vert meir en eit par titals meter er jo ikkje krum kulebane noko problem. Og lever action er MORSOMT!
  9. Fant litt forskjellig info med dette søket: https://www.google.com/search?sa=X&rlz=1C1GCEA_enNO907NO919&hl=no&sxsrf=APwXEdc-7iS2I3XJQCyaGuk3heg_nKBToA:1684512929533&q="canon"+demi+block+shotgun&ved=2ahUKEwih66LW44H_AhURQUEAHVEQBGcQ5t4CegQIExAB&biw=1280&bih=577&dpr=1.5 Trur kaliberet/patrona hagla er kamra for er 12/70. Ei av dei vanligaste patronene i eldre hagler. Ellers trur eg eg kan lese Canon Demi Block Acier Martele D. Usikker på kva Canon er. Men Demi Block er kva type mekanisme det er, og Acier betyr stål. Og ein oversetting av Martele er "hamret". Dei forskjellige stempla er vel truleg "proof marks", ifb. med trykktesting. Det skal gå an å finne ut av desse, men der svikter kunnskapen. Ikkje så mykje til hjelp kanskje. Mange som kan mykje meir en meg.
  10. Fant litt informasjon om ladedata i Cartridges of the world. Veit ikkje om det er noko hjelp.
  11. Ser du svarer før eg spør Er det frå ei Lee-tang? Har denne sjølv. Men eg pulverlakkerer. Korleis passa Skinner siktet? Har sjølv eit dioptersikte på mi. Nøgd med det.
  12. Kva forer du 356’en din med? Dårlig med flatnasa kuler i cal. 358 for tida.
  13. Kjør på @moviken Gulltråd dette her. Me får hive oss på alle oss andre som puttler med lading og ødelegging av vannkanner!!
  14. stigamundsen

    Ladedata 510 Førland

    Har du prøvd å støype med øse? Desse svartkruttfantastane som konkurrerer i presisjon borte i USA sverger til øsestøyping. Får fyllt forma fortare og dermed mindre kjøledefektar. Har eg lest
  15. stigamundsen

    Ladedata 510 Førland

    Spanande prosjekt! Om du lurer på legeringane dine, kan du sende meg nokre prøvar så kan eg sjekke dei neste gong eg er på jobb.
  16. Heisan. Takker for svar. Då eg hovedsakeleg leiter på bruktmarkedet kan eg ikkje velge heilt fritt. Men då verker det som om eit «vanleg» retikkel vil fungere for ein nybegynnar. Men gjerne halde augene opne for eit target dot sikte.
  17. Driv og leiter litt etter kikkert til jaktfelt. Lurer i den forbindelse på kva dei erfarne jaktfeltskyttarane her inne foretrekker. Har berre erfaring med «vanlige» retikkler i eit par eldre Leupoldar.
  18. Ikkje sikker på om dei sender internationalt, men det går kanskje an å sende dei ein mail? https://www.gunsamerica.com/929463121/REMINGTON-700-REAR-SIGHT-COMPLETE.htm http://www.hoosiergunworks.com/images/sight_rem_700_set.jpg
  19. Heisan, og velkommen til Kammeret. No skal ikkje eg spørre og grave for mykje, men om du har hatt kontakt med politiet ifb. med psykisk helse (type tvangsinnleggelse, trusler osb.) så kan det vere du bør vente minst eit år. Men slik eg forstår deg er det ikkje dette det dreier seg om. Om det går betre med deg no, noko eg håper, så kan det jo og vere greit med ein erklæring frå fagfolk om at du er ein stødig kar/jente. Søkte litt rundt og fant denne tråden på kammeret: Håper det ordner seg for deg. Jakt og skyting er ein strålande hobby med mykje gode folk!!
  20. Heisan, og velkommen til Kammeret. Etter eit kjapt søk på interwebben kan det sjå ut som om det vert vanskelig å skaffe ny stokk til ei eldre Baikal-hagle. I alle fall om du vil ha syntet. Om dette er ei hagle du har tenkt å bruke, ville eg personleg enten brukt ho slik ho er eller "frescha" opp stokken. Om du er litt nevenytting er det ikkje så vanskeleg å olje opp ein trestokk. Om dette ikkje frister, er det mange børsemakarar som nok kan gjere jobben for same pengane som du (om du kunne) eventuelt ville brukt på ny syntetstokk. Lukke til vidare med ny hagle.
  21. Dette er vel ei "gammaldags" kule der blykjernen ikkje er lodda fast til mantelen. Det er heller ikke nokon innsnevringar i mantelen som kan hjelpe til med å halde blykjernen på plass. Om eg (med fokus på at dette er mi meining) skulle jakta med denne kula ville eg prøvd å halde meg under 800m/s for å ungå alt for mykje graps. Her har ein Kammerat @moviken testa 200 gr. Mega:
  22. Er det desse to kvite runde boksane du har brukt? Med kvit epoxy? Har brukt dei litt sjølv. Heilt håpløst å farge den. Brukte noko farge eg fekk med eit Acraglas beddesett. Blei besj farge. Brukte og lang tid på å herde, men herda til slutt. Har og brukt den iblande slike små kjeramiske ballar for å gjere den lett. Fungerte fint det og.
  23. Ja, det der er jo ikkje nokon gammal raklemauser!!! Som @spindrift seier så kjem du truleg langt med å få deg nokre låge montasjar. Det er jo ikkje gammal militær stokk på denne, så med lågare montasjar og eventuelt ein enkel kolbeforhøgar trur eg du er i mål. Grattis med flott børse!
  24. Heisan, og velkommen til Kammeret Nokre tankar.... Er dette ei børse som har sentimental verdi? Eller er det nokon du har tenkt å tilpasse fordi du tilfeldigvis har ei "gratis" børse? Om den har sentimental verdi kan det vere eg ville beholdt ho slik ho er no. Kanskje gått for ein BearProof kolbeforhøyar og sett om det kan fungere. Då treng du ikkje gjere nokon endringar i det heile (kan tas av og på med borrelås). Kutte til eit sitteunderlag/liggeunderlag og ducktape vil og fungere. Kjem heilt an på kor fint du vil ha det. Ville ellers vore litt skeptisk til å putte for mykje penger inn i ein gammal mauser. Det finns mange strøkne brukte børser til ein meget rimelig penge på Finn. Du skal ikkje kjøpe dyre stokken eller betale ein våpensmed mange timane med arbeid før du like godt kan kjøpe ei fiks ferdig børse som passar deg. https://bearproof.no/butikk/bearproof-precision
  25. Det vil nok virke. Ser ikkje ut som om den er laga for særlig hardt bruk då det ser ut som om det ikkje er noko som støtter tangen i framre del av skaftet?
×
×
  • Create New...