Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    674
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Nei, har tenkt litt i samme banar. Vil vel tru at det viktigste er at ein kutter dei på rett lengde, at kuttet er beint og at dei vert limt beint ifh til låskassa.
  2. Det der var ikkje noko dum ide! Har faktisk noko tilsvarande heime. Takker
  3. Ja, det kan eg. Men å håndfile inn eit spor, og å få dette rett i alle vinklar/rettningar er ikkje så lett (for meg).
  4. Ja, eg er ening i teorien, men i praksis så verkar det sprøare. Og vanskelegare å blande utan å få masse luftbobler inn i massen. Det er kanskje dette som er hovedproblemet. Med så mykje fiber i massen held den veldig på dei små luftboblene. No var det jo det at eg er ein kjiping.. Er heilt enig i at det sikkert er betre med tilpassa pillaraer, men spørsmålet er KOR mykje betre. Er det 450,- betre? Ikkje vore borti Epobed. Skal sjekke det opp.
  5. Som ein sjølverklært kjiping har eg tidligare laga desse små røyrbetane sjølv. Har bedda ei Winchester M70 og ei Remington 700. Winchesteren er jo grei då undersida av låskassen, i alle fall framme med rekylklakken, er flat. På Remingtonen brukte eg berre flate sylindrar. Så kjem spørsmålet. Er dette greit? Har eigentleg lyst til å prøve å slipe eit v-spor i toppen på sylindrane slik at eg for to punkt med kontakt mot undersida av låskassa. Men har ikkje utstyr til å gjere dette beint og fint. Så er det då betre å gå får ein flat sylinder? Og som eit sidespørsmål. Kva er det folk bruker som beddemasse? Kjøpte meg ein gong i tida eit sett frå Acra Glass, men kjøpte feil sett. Massen vert veldig rennande. Har prøvd å tjukkne den med desse glassfiber-fibrane som kjem i settet, men misstenker at styrken vert kompromitert.
  6. God informasjon, @Mastersniper. Har og kikke ein del på denne børsa. Håper dei finn ut av årsaken og klarer å redesigne konstruksjonen.
  7. @Mistermordi, trur du skulle lest heile tråden før du posta...
  8. God informasjon som vanleg, @spindrift. Takkar. Då var eg ikkje heilt ute på viddene. Støypeforma skulle vere klar til forsendelse over dammen om ikkje så lenge. Bestillt ei form frå Accurate Molds med to design. Den andre er og ei kule i kaliber 35. Ei 280-grainer Men denne er tiltenkt pulverlakkering. Spanande med nye støypeformer!
  9. Mens eg venter på støypeform for papirvikla kuler driv eg og myser litt i forskjellige lademanualar. Har lest (eit par gonger) Paul Mathews bok The Paper Jacket, og der skriv han at han har hatt best resultat med komprimerte kruttladningar. No kan eg kanskje finne ladedata for tilsvarande kulevekt, om en ikkje blykuler, som er komprimerte, men ofte gjeld dette krutt som ikkje er å få tak i her på berget. I den forbindelsen har eg tenkt litt på følgande: om ein går for eit for patrona saktebrennande krutt, kan ein då nokonlunde trygt lade seg opp til komprimerte ladningar? Eit eksempel. Har tenkt å lade papirvikla kuler i 358 Winchester. Her har eg ladedata for tildømes N133 og N135. Om eg går opp til N140/N160 og lader komprimerte ladningar med dette kruttet. Korleis vil dette påvirke trykket? Veit eg er ute på tynn is her. Eg heller ikkje nødvendigvis ute etter anbefalingar. Men det er mange kloke skallar her inne som har mykje kunskap.
  10. 37 gr. Men N133 og S&B 147 gr kule var min treningsladning i mi lette 308 Winchester. Gjekk veldig godt og rekylen var mild. Ladedata brukes sjølvsagt på eige ansvar!!
  11. @Per-S hadde ein ide om å bruke ein stor 1000l IBC plastkonteiner. Om ein limer ein gummiduk på innsida (delvis sjølvtettande) og byrjer å skyte høgt oppe trur eg du skulle kunne få testa nesten uendeleg med kuler. Og med eit tommestokk på botnen eller ei lekt med markeringar liggande på oppsida og eit kamera skulle ein og få ein grei peikepinn på penetrasjonen. Eg er med på ein evt spleis på ein slik IBC konteiner om det skulle verte aktuellt!
  12. Barnes har ei 250gr og ei 300gr som passer fint i røyrmagasin. Har skote ein del med den 250graineren. Fått ca 2200 fps! Og presisjon på rundt 30-40mm på 100m (5 skots samlingar). Testa i vanndunkar og. Relativt "ivrig" ekspansjon, men holdt greit saman.
  13. Steike fine kuler, @Tjukkas Kan eg høyre med deg om ein kjapp oversikt over kva du gjer for å få så godt resultat? Bruker du nokon perler av noko slag? Har du masse/lite pulver? Legg du på fleire lag? Har ikkje heilt fått dreisen på det sjølv. Det beste resultatet eg har fått er ved å bruke aceton og løyse opp pulveret. Tørke dei godt og bake på 200 i 20 minutter.
  14. Flott syn. Skal til å prøve med noko 156gr pistolkuler i mi Winchester. Har du gjort deg nokon tankar pm eit evt. blyforbud og jaktammo??
  15. Har eit tilsvarande ståande på ei Winchester M70 i 375 H&H. Godt nøgd med siktet. Verkar som om desse modellane tåler ein god del rekyl om det skulle vere ein faktor. Trur eg betalte ca 1500,- for mitt. Og hadde gjort det igjen.
  16. Er ein kar på YouTube som har testa ei slik Rossi-rifle. Meiner han var nøgd. Om du søker på Target Suite Rossi får du opp mange videoar.
  17. Så då er ikkje dette noko ein i praksis treng å bry seg om. Anna en at det er sjølsagt greit å ikkje skyte kronografen Takker for utrekninga!
  18. Det stemmer nok sikkert. Men som @Per-S seier (tilbyr seg å gjere ?!?) hadde det vore morosamt å vete.
  19. Nei, det kan kanskje du fort regne ut. Eg kan ikkje "fort" regne ut det Men eg er einig i at det lar seg regne ut.. Hadde vore morosamt å finne ut kva variasjonar du kunne få av å vri og vende på kronografen. Prøver alltid å sette den opp så beint eg klarer i forhold til skyterettning. Det er ca 35 cm mellom sensorane. Då skulle det vel gå an å sette opp eit reknestykke som viser feilvisning i % basert på grader ut av "skyterettning"?
  20. Kor nøye er du på å skyte «rett gjennom» kronografen? Har lest (ikkje testa sjølv) at om du skyt skeivt gjennom kronografen vil du få forskjellig hastigheit då kula får «lenger veg å gå». Kan vere ein kilde til varierande hastigheit frå gong til gong. Kor mykje det spelar inn er eg usikker på.
  21. Dette vil eg no seie er tull. Det kjem vel litt an på ambisjonsnivået!? Om eg skulle deltatt i Iron Man ville eg ikkje gått meg ein kjapp tur i nabolaget kvar mandag kl 8. Det er ikke nok trening. Men ein kjapp tur i nabolaget kl 8 kan godt vere trening for enkelt. Skjøner at posten går på mengdetrening, og då er eg einig i at 20 skot ein gong i veka ikkje er mengdetrening. Men vert litt oppgitt over slike bastante og unødvendige uttalelsar.
  22. Tenkjer det manglar ein 0? Kan vel få ei grei børse til 2000,- men med ok kikkert må du vel opp i ein 6-8000,-
  23. Kan ikkje så mykje om det sjølv, men etter det eg forstår er AICS ein magasintype laga av Accuracy International. Denne har vorte ein slags standard for magasiner til boltrifler. Finnes i fleire forskjellige lengder. Og MDT AICS er vel MDT (ein produsent) sin versjon av AICS-magasin. Pmag er vel og ein magasinprodusent som lager forskjellige magsiner, deriblant AICS-kompatible magasiner. Kva patron/låskasselengde du har avgjer vel då kva lendgde/type magasin du skal ha.
  24. Då har du forstått riktig Driv alltid og smålurer på gode kombinasjonar. Så satte saman denne lista (delvis henta frå nettet). Ein kan hente patroner frå Long Action- og Short action-lista så lenge du har ein Long Action låskasse. Du kan vel havne i litt trøbbel om du prøver å få ei for kort patron til å mate i ei for lang låskasse. Men om du held deg innanfor desse kategoriane, og ikkje tuller med 6BR og slikt, så skulle det meste gå ganske greit. Veit ikkje om du har tenkt på å lade sjølv? Dei fleste patronene på denne liste fordrer/krever heimelading. Er vel derfor 6.5x55, 308 og 30-06 er så populære. Med desse får du i alle fall kjøpt treningsamo.
×
×
  • Create New...