Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    676
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Var akkurat på banen og testa svake ladningar med ei 210gr kule og 400gr kule. Blykuler. Brukte N32C. Meiner maksladningane var rundt 11-12 grain. Fekk ok presisjon med 210gr. kulene, men 400gr. kulene spredte heilt vilt. Har skutt desse i ei Marlin 1895 tidligare og fått god presisjon rundt 14-1500fps. Så ser ut som om mi børse ikkje stabilisere desse kulene i låge hastigheiter. Hadde ikkje med kronografen… ps. Har ikkje testa tvisten i mi pipe.
  2. Det er vel meir et eksempel på å forholde seg til eigen oppfatning av utstyrets begrensning? Og så ta konsekvensen av det? Står jo respekt av det. Om oppfatningen er rett er vel vanskelegare å bevise/motbevise. Men betre å vere på den sikkre sida?
  3. Beklager. Har berre søkt litt kjapt på nettet. Du får fortsette å søke. Finst kanskje ein oversikt over nummer på Husquarnabørser? Lukke til
  4. No kan det godt vere @bardp har mykje meir erfaring med maskinering av kroninger på løpe eg har, men når eg finstuderer dei bilda som OP har posta er det ikkje berre grader det er snakk om. Med så ruskete maskinering er det fult mogleg med ujamnheiter i kroninga. Dette «skyt ein ikkje vekk med eit par skot». Ein slik jobb er på ingen måte akseptabel! Og det vert tullete å seie ein skal skyte det reint eller hive på ein lyddempar så ein ikkje ser kor gale det er.
  5. Vil jo påstå at det er grader i kroninga i dette tilfellet!! Om du meiner det ikkje er grader i dette tilfellet har me ikkje same forståelsen av grader:-)
  6. Tja, svartbjørnen KAN no verte godt over 200 kilo. Opp mot 300.. Stor ræv det No snakkar eg om hanbjørn. Greit å vere forberedt på kva som kan kome av dyr og ikkje kva som truleg kjem. Tenkjer no eg.
  7. Å rydde opp kroninga ser ikkje ut som noko stort problem. Men tilstanden på sjølve gjengeflatene ser slett ikkje bra ut. Om det er vibrasjonar, sløvt skjer eller ein kombinasjon er vanskelig å seie, men eg vil tru at du vil kunne få trøbbel med dei gjengene der over tid. Ville ikkje akseptert den jobben der!
  8. 6,5X55 fungerer nok greit på gris og bjørn. Er det svartbjørn eller brunbjørn du tenkjer på? Kan jo spele inn. Brunbjørnen (grizzly) kan vel verte vesentlig større. Vil vel påstå at dette ikkje er den optimale patrona til dette føremålet. Du seier at du ikkje vil bruke så mykje penger på børsa.. Om du ikkje har noko spesielt ønske om å ha meir en ei børse så ville eg no kanskje ha seld Winchesteren og brukt litt meir penger på ei børse i 30-06. Strålande kaliber til alt frå toppjakt til elg. Om du ladar sjølv vert patrona endå meir fleksibel. Ellers er det som @M67 seier eit godt poeng å sjekk om kaliber 6,5 er lovlig der du har tenkt å jakte.
  9. Ai ai.. Det der var noko av det verre eg har sett. Hadde ikkje villa betalt for det! Og ville kanskje prøvd å insistere på at børsisen skulle dekke ny kapping, kroning og gjenging hjå ein annan kompetent børsemaker.
  10. Løpslengden. https://forum.robsoft.nu/viewtopic.php?t=154431
  11. Dårlige greier på kva måte? Er ikkje uenig, altså. Veit berre ikkje nok om det. Har dei dårlig rykte på seg?
  12. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=250289076 Denne vart eg nesten frista av... Dioptersikte er gode greier
  13. Ikkje nokon ekspert, men kan det vere ein 1600/1640? 640-modellen skal vist ha mausersikring. Er det lang mauser-ekstrator forresten? 1900-modellen er vel "push feed".
  14. Kven skulle kunne gi en slik tilbakemelding? Det vert vel som å seie at då eg aldri har etterstramma mutterane på dekka på bilen min, treng ingen andre å gjere det heller? Eg har åpne ein Hauskendempar som eg har reingjort ein gong. Dette var etter ca 400-500 skudd. 308 Win. Det var byggd seg opp ein god del scale/belegg. Fjerna dette med vatn og tannkost. Var og tegn på erosjon på "baflene". Om demonteringa hadde noko reell hensikt/effekt veit eg ikkje. Kjem truleg ikkje til å gjere det igjen. Men eg fekk no smurt noko fett på gjengene, så OM eg vil demontere den igjen, skal det gå lettare. For det var pokkers så vanskelig å få den frå kvarandre fyrste gongen. Aluminium med kruttgassar er ganske "herkjent". No har eg ein Freyr og Devik-dempar på veg i posten til ei børse i 358 Win. Trur eg kjem til å fylgje deira råd (sånn omtrent) og demonter eit par gongar i året. Slik eg ser det kan det ikkje skade...
  15. Har du prøvd å måle diameteren i det området du får denne kanten? Kan det vere at kammeret er så romt at hylsa utvider seg alt for mykje? Har ikkje vore borti same problematikken sjølv. Når eg samanliknar skuldra på dei to hylsene ser det ut som om hylsa til venster har mykje mindre skulder? Og litt meir avrunda? Høgre hylsa ser og ut som om den er lengre? Men det kan sjølvsagt ha å gjere med kameravinkelen. Kunne nesten minne om 9,3-62 Ackley... Berre nokre lause tankar...
  16. Kjem heilt an på om du kan slipe kniv Er ikke noko superstål dette, og skulle dermed ikkje vere vanskelig å slipe om du har utstyr og kunnskap. Kan nok kanskje vere litt vanskeligare å få skikkeleg kvass enn ein kniv med "standard" karbonblad... Kjem som sagt an på kva du har av utstyr og om du kan slipe kniv. Kva kniv er det snakk om?
  17. No er vel våpengarderoben utvida til 8 våpen, så det skal ikkje vere nokon problem. Har hatt eit par søk inne på Finn på Browning BLR. Men då i større kaliber. Hadde eg funne ei Browning BLR i 358 Winchester ville eg kunne strekke meg til 8-10 000. Men for ei meir vanleg i td. 308 win. tenkjer eg 5-6000,- må vere ein grei pris. Men dette er berre det eg ville betalt for ei slik børse. Etter mitt syn dreg kaliberet prisen ned.
  18. Du skal lade 250 grs Sonic Target-kuler i 375 H&H i vanlege hastigheter? Litt forvirrande denne tittelen din… Barnes har vel ei 250 grs kule. Kan jo leite etter ladedata med denne? ellers er det vel fleire som lagar momonolittiske kuler rundt 250-260 grs.
  19. Gode tips! Skal prøve å fokusere på framkornet neste gong eg er på banen. Godsaker er rette utrykket Har ei Winchester 94 i 356 Win og ei Marlin 1885 i 45/70 eg har avsett til åpne sikter. Det er noko spesiellt å gå i skogen med ei bøylebørse utan kikkert. Finnes ikkje betre børser å bere i handa Og må seie nostalgien og gjer seg til kjenne. Gjer jo ikkje noko at desse børsene er kjappe å hive opp og få siktebilde med heller
  20. https://svartkrutt.net/articles/index.php?kategori=3 Mykje info her. Veit desverre ikkje noko om prising
  21. Nokon som veit forskjellen på ein hund?? Den kan hverken gjøy.. Ellers er vel .308 og 308 win samme patrona, ja.
  22. Hey!!! Blink er blink... Ja, autokorrektur og skriving på telefon får av og til litt rare følger..
  23. Takker for gode tips! Det kan godt vere perlekornet mitt i fungerer strålande i praksis. Tenkjer denne børsa som børse for korte hald på trange postar eller når eg driv. I det terrenget eg jakter i snakkar me om maks 50 meter. Enig i at om dyret forsvinn bak kornet må ein litt nermare. Var litt den følelsen eg hadde på banen. Men trur det er eit anna tankesett/ måte å bruke augene på å skyte med denne typen sikter. De som har skote ein del medmennesker opne sikter; fokuserer de på framkornet, blinken eller begge deler?
  24. Kjekt å høyre fleire erfaringar. Var på banen i går med nytt sikte på Winchesteren. Eit Lyman diptersikte. Har bestillt og fått tak i eit feste for eit lite raudpunkt framme på løpet, men tenkte eg skulle prøve å sjå kva eg fekk til med dette dioptersiktet. Framsiktet som står på Winchesteren no er eit "bead sight". Har skote ein god del med jaktdiopter (stor åpning) og eit firkanta framsiktet. Måten eg sikter på med denne typen framsikte er at eg legg toppen av siktet der eg vil treffe. Så om eg skyt på ei rund skive deler toppen av framsiktet skiva i to. Eg ser toppen og siktet dekker botnen. Med dette "bead sight"'et prøvde eg å dekke deg eg vil treffe med sjølve bead'en. Men merka at dette ikkje var heilt optimalt. Har lese om praksisen med å halde under kl 6, men dette fungerer dårlig på blinkar av forskjellig størrelse og forskjellige avstandar. Nokon som har nokre råd? Trur ellers eg kjem til å skaffe meg eit framsikte utan "bead" og sjå om eg siktebildet/resultata vert betre.
  25. Ingen fleire som har erfaring med åpne sikter på jakt?
×
×
  • Create New...