Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    668
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Har ikkje den heilt store erfaringen. Lader til 375 H&H og til 450 Marlin. 450 Marlin "teller" ikkje då dette er ei rettvegga hylse. Etter mi meining er trikset å ikkje bry seg om beltet. Tenk på hylsa som ei vanleg hylse og press den slik du ellers ville gjort. "Headspace" på skuldra. Bruk "tape på hylsebotnen"-trikset. Då vil du ikkje bearbeide hylsa meir en du ville gjort med hylser utan belte (avhengig av korleis kammeret i di børse er).
  2. Du bruker berre ei enkel reim? Ikkje noko fiksfakseri? I så fall ville eg sett på ei nylonreim. Du får nylonreimer som har vevd inn gummi som gjer litt friksjon. Men om du er gira på lærreim, er eg heilt med på tanken. Men trur du betaler ein del for den vetle reven på den reima der (utan å ha nokon som helst peiling på kva den koster :-)) Eit alternativ som ikkje koster skjorta: https://bmwear.no/produkt/vapentilbehor/remmer-og-remboyler/rem/nitedals-riflerem Og ei som verkeleg ikkje koster skjorta men som sikkert er tipp topp: https://bmwear.no/produkt/vapentilbehor/remmer-og-remboyler/rem/rem-nylon-sort-mantigli
  3. Lader fleire beltehylser. Om du veit litt kva du driv med, er ikkje dette beltet eit stort problem. Men skulle eg valgt utan å tenke praktisk, hadde eg kanskje valgt 300 PRC. Tviler på at den kjem til å forsvinne med det fyste. Og skal du ha den til jakt, og ikkje langholdskyting, så treng du ikkje meir en 100 hylser. Om du lader sjølv, vel og merke. Skulle eg valgt HEILT etter eige hovud, hadde eg sjølvsagt valgt 300 H&H Magnum
  4. Kan nesten sjå ut som om du har ein form for krystallisering eller noko liknande. Du hadde ikkje fått den frå kvarandre?
  5. Då får du ta deg ein tur til Bergen Her er det skytebanar åpne heile året. Men det er det sikkert i nerleiken av deg og, ein eller annan plass. Som nevnt over må du ha miniumum to dagar på banen. Helst meir sjølvsagt, men du klarer storviltprøven på to turar om du har skote litt før. Håper det ordner seg for deg.
  6. Heisan. Og velkommen til Kammeret Det er ein tråd her der folk deler erfaringer med behandlingstid forskjellige plassar rundt i landet. Det ser ut til at det går litt/mykje fortare om du kan søke elektronisk. Du kan skyte opp til storviltprøven heile hausten om du finn ein bane som er åpen. Kva bur du i landet?
  7. Ok, så "skru mot vind og sol" gjeld for baksiktet? Om dette utsegnet gjaldt for framsiktet ( du nemner korntvinge) ville det å kompansere mot sola (skru mot sola) ha sentrert seriane mine. Eller er eg heil på viddene her, @Jegermeistern??
  8. Men er det ikkje slik at du justerer framkornet i motsatt retning av ønska treffpunkt? Og baksikte i same retning? Så om eg hadde justert framsiktet mot sola, mot høgre, ville jo serien stått lenger til venstre?
  9. Var akkurat ein tur på banen og trente litt med mi Marlin 1895 Guide Gun i 45/70. Åpne sikter. Ghost ring bak, og perlekorn framme. Problemet var at seriane låg konsekvent 5-10 cm til høgre. Forrige gong eg var og skaut, sat dei meir i senter. Har ikkje dunka sikta så vidt eg veit. Hadde låg sol/kraftig lys inn frå høgre. Veit eg har høyrt noko om at det er lett for å forlegge siktepunktet ved lys inn frå sida. Nokon som har nokre erfaringar?
  10. Lee Factory Crimp har fire "kjeftar". Så du ville berre fått fire merker. Og det er ofte veldig lite åpning mellom kjeftane. Ser ikkje glipa mellom desse utan ei form for forstørrelse. I alle fall etter mi erfaring.
  11. Kva snurr er det på 270-pipa? Tradisjonelt er desse pipene laga med «sein» snurr. Då klarer du ikkje å stabilisere desse laaange kulene med høg BC. Mykje mindre ladekomponenter til 270. Så innanfor fornuftige jaktavstandar trur eg ikkje du får så mykje fordeler med 270 at EG ikkje hadde kjøpt løpet. Vil du ha noko meir flattskytande til alt unntatt elg, ville eg sett på 6.5 PRC, 7 PRC eller 7mm Rem Mag.
  12. Hmmm.. Kor mykje skyt du i året? Og vil du skyte meir? Du skal nok skyte ein del over fleire år får dette med billigare treningsammo vert ein reknestykke som "går opp". Det koster ein del å starte med lading. Dette er ikkje meint som noko avskrekking, men berre ein liten realitetsjekk. Om du skyt mindre en 100 treningskot i året, kan du bruke kjøpeammo i 5-10 år før du har tjent inn det utstyret til heimelading vil koste deg.
  13. Om du skal byrje å lade sjølv bør du absolutt ta vare på hylsene du skyt i eige rifle. Ikkje noko problem å lade desse på nytt med andre kuler, tennhetter og krutt en det produsenten har brukt. Men finn fornuftige ladedata, sjølvsagt! Og velkommen til ein kjekk hobby. Skal vere ein tråd her inne der du kanskje kan finne nokon som kan vise deg litt. Kvar i landet er du lokalisert?
  14. Usikker på norsk terminologi, men det er vel det amerikanarane kallar "bead sight" og me kaller perlekorn? Ser i alle fall slik ut: Skyt betre samlingar på tilpassa blinkar med stolpe. Har prøvd meg fram med runde blinkar av forskjellig størrelse og å halde "klokka 6". Har hatt best resultat med firkanta svarte blinkar og å halde i underkant. Men dette fell vekk når eg skal skyte på hjorten. Då skyt eg betre med korn/perlekorn.
  15. Nei, han har litt forskjellig snop han der Det eg endte opp med å gjere, var å sette på eit dioptersikte. Noko ala det som er vist under. Fant eit som eg berre kunne montere med eksisterande hol i låskassa. Då kan du bytte ut og prøve forskjellige apertur og sjå om du finn noko du er nøgd med. Har og gått over til korn-framsikte og ikkje stolpe. Synes det er lettere plassere siktepunktet i høgden på dyrefiguren med korn.
  16. Vart 12 av 13 for min del. Lenge sidan eg har lest meg opp om storfugl Ellers er jo ejakulasjonsforlenger noko ein får på apoteket...
  17. Har brukt ei slik oljefiltertang frå Biltema. Med denne og tillgang til ei skrustikke med gummiklossar fekk tvinga opp min Hausken. Lettare di oftarer du demonterer demparen. Kruttgassane penetrerer inn i gjengepartiet og "limer" dette saman
  18. Har snakka med Rafdal om avtrekket på mi Winchester 94 i 356 Winchester. Han meinte han skulle få det betre. Eg har kjøpt meg eit slikt feste til mi Winchester: https://www.turnbullrestoration.com/gun/dovetail-red-dot-mount-vortex-venom-burris-fastfire-winchester-94-1892-barrel/ Litt styr å få det over då han ikkje vil selge til utlandet, men med eit slikt fraktfirma der du får di eiga adresse i statene, gjekk det greit. Då treng du ikkje gjere nokon forandringar på børsa.
  19. Om det er trygt å skyte dei du har lada med 45 grain skal eg ikkje uttale meg om. Men sist eg var på skytebanen var det ein kar der som hadde samme problemet med fabrikkammo frå S&B. Dette var også i 6,5x55. At hettene kjem ut, kan jo ha fleire årsaker. For lite trykk kan føre til at hettene bakker ut. Eller for mykje patonspel. Korleis har du pressa hylsene? Har du gått etter anbefalingane til die-produsenten, eller har du pressa dei slik at dei passer i børsa di? Og er dette hylser du har plukka på banen, eller er dei skotne i di børse? Var hettene lette å sette? Kan det vere S&B-hettene er ekstra mjuke?
  20. Har du hatt den i frå kvarandre? Har åpna Hausken-demparen min eit par gonger. Ein god del hardt sot og anna uhumskheiter. Vil tru desse avleiringane kan halde på vatn/kjemikalier, og så kan ein kanskje få ein form for reaksjon etter ei tid?
  21. Rett ut av støypeforma får eg aaakurat lirka nasen inn i tuten på 358-løpet. På 350 Magnumen går det ikkje. Så etter pulverlakkering er nok nasen stor nok. Har handla meg kalibreringsverktøy frå Noe. I den forbindelsen har eg bøssinger i .351, .350 og i .349 (for kaliberering av papirvikla kuler). Tenkte eg kan bruke ein av desse til å "glatte" ut nasen litt. Trur og eg kanskje skal kunne klare å lade dei utan at nasen treng å gå inn mellom bommane. Skal oppdatere tråden med resultater frå både "bore rider"-kula og papirvikla kuler. Takker for gode innspel.
  22. Då har ein vore i "støypebua" og produsert nokre kuler frå nye former. Og så dukkar det sjølvsagt opp spørsmål Har fått i hus ei form frå Accurate Molds. To design. Ei rettvegga kule tiltenkt papirvikling og "bore rider" design. Kaliber .358. Skal brukast i 356/358 Winchester og i 350 Rem Mag. Byrja finstuderinga på dette med "bore rider" kuler etter at eg hadde bestillt forma, så vart litt betenkt når eg fant mykje info om at dette var eit litt "fittlete" design å få til å gå godt. To dimensjonar som må tilpassast løpsdimensjonane Eg meiner å hugse at @spindrift har jobba litt med denne typen kuler? Er ute etter hastigheiter rundt 650 m/s. Støyper i ein verifisert Lyman #2 legering (ca, 98/4/4). Nokon som har noko erfaringar/tips? Skal prøve å kome tilbake med mine erfaringar etter kvart. Slik ser kulene ut før pulverlakkering.
  23. Har ikkje prøvd denne modellen sjølv. Bruker sjølv ein Edge Pro. Driv og ser litt på forskjellige system der ein kan feste kniven. Går for såvidt greit med Edge Pro'en så lenge du har noko flate å stabilisere knivbladet. Men om ein er ute etter billig, så begrenser utvalget seg litt. Spyderco Sharpmaker har eg hatt men denne er seld. Grei nok om du har eggvinkel som passer dei vinklane du har tilgjengelig på Sharpmakeren, men om ikkje slit du. Har og hatt eit Lansky-sett, men det vart berre vingling for min del. Ein annan ting ein må vurdere er kva knivstål ein skal kvesse. Er det karbonstål og "enklare" rustfrie stål, er det ein ting. Men skal ein byrje å bryne seg på pulverstål og nokre av desse nye superståla må ein ha skikkeleg utstyr. Dette kan vere gode bryner, men då må ein vere god å frihåndskvesse. Eller eit system der ein kan spenne fast kniven og ha samme vinkel på brynet heile tida.
×
×
  • Create New...