Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    668
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Er det ikkje vanleg å bruke vakumpotte/kammer ved bruk av kaktusjuice? Veit du får kjøpt slike "potter", men du får ikkje ein heil riflestokk ned i ei slik. Kanskje ein todelt ein? Imponerande tolmodigheit og resultat, forresten!
  2. Har kjøpt kniv frå utlandet ein del gonger. Har handla frå privatpersonar, nettbutikkar og ebay. Ikkje hatt nokon problemer så langt. Og Buck 112 skulle i alle fall vere hodt innanfor alt som finnes av liver og reglar.
  3. Nei, det det såg ille ut. Det er vel truleg ikkje eit problem, men skulle ikkje sett slik ut. Har du løyst låskassa frå stokken og sett om det er noko som er montert skeivt?
  4. Syntstokk? Er det klaring mellom stokk og løp? Ville irritert meg og!
  5. Meiner det er 1:8. Det skulle vel vere raskt nok? Me får sjå. Takkar ellers for gode tips og råd.
  6. Eg har 1000 Nosler RDF 105 gr. og har N150 og N550 tilgjengeleg. Men kva er god nok presisjon til tildømes jaktfelt?
  7. Har hold på med heimeladning av og på i 15 år. Har i den tida hold på med mykje "puttling" med rare kaliber, små kvanta med kuler og mykje skifting av komponenter. Liker eigentleg å puttle på med slikt, men ser at det går ut over rein skytetreting. Når nesten alle turane på banen involverer ein eller anna form for testing av ammunisjon, er det ikkje så mykje tid igjen til faktisk skytetrening. No er eg i startgropa til å få det nye 6XC-løpet opp og går. I den forbindelsen lurer eg på korleis folk utviklar ladningar for eit nytt kaliber med berre nye komponentar. Har sett litt videoar der ein skyt ein ladestige og noterer hastigheita, for så å fortsette uviklinga frå dei evt. "nodane" ein finn. Har ein gammal Beta-kronograf, men er usikker på om denne er presis nok. Alle tankar, idear og prosedyrer mottas med takk.
  8. Høyres meir ut som om det er noko laust i forbindelsen mellom børsa og kikkerten. Har du sjekka alle skruer? Greit å sjekke at boltane som fester stokken i låskssen og er stramme. Om det er litt slark her, kan det gje ein del utslag
  9. Sjøfugljakt? Gåsejakt? Om du treff noko særlig med den? No har du vel ikkje lov å ha meir ein to skot i hagla, så då dett vel litt av poenget vekk. Men det er jo gratis hagle då...
  10. Om det er tilgjengelig i Norge eller Europa veit eg ikkje. Men eg har tidligare brukt selskap i USA som videresender pakkar. Du får ei adresse hjå dette firmaet i USA, og så sender dei det til deg når dei har motatt pakken. Fungerer fint. Eg har brukt JetCarrier. Har grei erfaring med dei.
  11. Kva type kniv er du (han) på jakt etter? Med type meiner eg tradisjonell norsk/skandinavisk eller meir "moderne". Gjerne laga av rustfrie høglegerte stål. Slipte knivblad, ikkje smidde.
  12. Om det er mykje blyavleiringer i løpet klarer du ikkje «skyte» dette ut på banen. Har litt erfaringer ned slike gryteskrubber i kobber. Dra ut ein lang tråd og surr denne på utsida av ein trang pussepropp.
  13. Tja.. Har berre erfaring med Rafdal. Der pleier eg å vente mellom 4 til 6-7 veker. Dette har vore litt større jobbar. Nytt løp ++. Masing er vel aldri noko poeng, men ein telefonsamtale må vel kanskje vere på sin plass. Fekk du noko tidsestimat Imponerande nekro-post uansett
  14. Snasen liten tass! Veit du kva volum du har igjen under «skalleknuseren»?
  15. Slik eg har forstått det kan du bruke våpenet når papirmølla er fullført. Før du får plastlappen. Eit anna alternativ er jo at kjerasten din kan ordne med ein utlånserklæring. Då er du vel dekke i alle rettninger. Ein kan jo handel ammunisjon med gamle "blålappen". Denne fungerer jo som våpenkort til du har mottatt det endelege kortet
  16. Tenkjer på om eg skulle bestille ei støypeform til 348 Winchester hjå Accurate Molds. Lurte på om det var nokon som ville hive seg med, så kan me dele frakta? Eg har to støypeformer frå han. Støyper fine kuler. Han lagar ikkje holspiss, men du kan bestille fleire design i samme forma. Begge dei eg har er 4-hols former med to design i. Fungerer heilt fint! Her er nettsida: https://www.accuratemolds.com/index.php
  17. Skjer det samme kvar gong? Forandrer det treffpunkt? No går eg på husken her, men trur eg har høyrt snakk om at nokre sikter er laga slik at om kula går for høgt, så skrur du mot Hoch. For å senke treffpunktet. Kjem vel an på perspektiv
  18. Kjenner ikkje til Hertel og Reuss, men på navnet kan det høyre ut som eit tysk sikte? Meiner eg har fått med meg at gamle tyske sikter av og til justeres motsatt av moderne sikter? I tillegg er merkinga litt spesiell? H for opp og T for ned har eg sett på nokre sikter. Ikkje sikkert det er noko gale med siktet.
  19. No er vel mykje av det me debaterer her inne på forumet ein teoretisk øvelse Om det no er kos forran peisen eller drøsing på standplass. Ser 260 Rem er nemd lenger oppe. Sikkert eit supert alternativ for heimeladaren, men om ein skal basere seg på kjøpeammo er vel 6,5 CR å foretrekke?
  20. Kan vere det er tørkesprekker.. Børsa har nok stått i eit våpenskap i nokre tiår. Relativt sikker på at børsa aldri har vore skoten med. Har boka til M. L. McPherson. Han har mykje god informasjon om akkurat dette. Har installert gjennomgåande stokkbolt som fester i tangebolten på ein Winchesteren min. Gav ein sprukken, litt slarkete stokk ein dønn solid innfesting. https://www.amazon.com/Accurizing-Factory-Rifle-M-McPherson/dp/0967094836
  21. Trur desse sprekkene er eit resultat av sideveis belastning. Det er sprukke oppe ved tappen på eine sida og nede i botna av tappen på andre sida. Ja, han har nokre gode videoar, Mark Novak, men ikkje spesifikt om todelte stokkar. Interessant det du seier om at det skal vere ei glipe bak tangen. Kan sjå fornuften i det. Men då må tappane vere godt tilpassa framme mot låskassa. Hadde tenkt å bruke dremelen frese inn ei lomme i stokken der tangen treff. Lage den litt brei og 90 grader på tangen slik at du tek vekk desse kløyvekreftene. Men må undersøke litt dette med glipe bak tangen...
  22. Mykje gode råd og tips du har fått. Eg lader litt og litt. Mykje fordi eg driv med alt for mykje eksperimentering... Men har nokre godladningar som eg kanskje lader 100 skot av i slengen. Har mål av meg i år og hive meg med på jaktfelt. Tenkjer då å lade 200 skot i slengen (har ikkje fleire hylser) når eg har funne meg ei ladning eg liker.
  23. Har erfaring med å bore eit eller fleire hol langs sprekken så godt det lar seg gjere. Så tilpasse ein rundpinne til dette holet, fyllet holet med lim og bruke rundpinnen som stempel og tvinge lim ut sprekken mens ein flekser litt på denne. Kan få lim til å vandre langt i tynne sprekker på denne måten. Lurer litt på om eg må prøve å lime inn tverrpinner i desse sprekkene. Har ikkje lyst til å bore slit at det synes på utsida. Det er dårlig tilpasning mellom treverket og øvre "tange". Eit gap på ca 2 mm i bakkant. Så tenkte å legge inn litt beddemasse her slik at eg får rekylkreftene bak i stokken og ikkje på desse fremste tappane.
×
×
  • Create New...