Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    668
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by stigamundsen

  1. Denne har fått god kritikk. Veit ikkje kva kunnskapsnivå du har, men med eit slikt system skal du ved å lese bruksanvisningen og følge denne klare å slipe det meste. Ville holdt meg langt unna billige «dra gjennom» knivsliparar. Desse bruker ofte veldig aggresive slipestenger.
  2. "The nose knows". Har ikkje nokon erfaring med vakumsalting. Men luktar det ille, er det truleg ille. Kva anna skal det vere? Salta kjøt skal ikke lukte dårlig.
  3. Om o-ringen har hardna må du vel skifte den ut uansett?? Har o-ringen "limt" saman kikkereten? Om du kjem til den ville eg ha prøvd å fjerne den mekanisk, pirke den vekk. Veit Biltema og slikt sel o-ringsett.
  4. Kan det vere desse her? Finn ikkje bilde av bunnstempelet, men desse har synling gløding.
  5. Skulle gjerne hatt nokre mål på sjølve "kulesetterpluggen". Den pluggen med uthuling for kulenasen. Har moglegheiten for å få laga ein kulesetterplugg tilpassa flatnosa kuler. Men er for tida borte på jobb. Treng diameter på kroppen, diameter på flensen (øverst oppe), tjukkelse på flensen og totallengda. På førehand takk
  6. https://en.wikipedia.org/wiki/.30-30_Winchester 30-30 Winchester er navnet på patrona. Men kaliberet er .308 Så du kan bruke same rekylbrems som for 308 Winchester; kaliber .308. Du må ikkje bruke rekylbremser for mindre kaliber.
  7. Har hatt problemer med soting på hylser i 45/70 med svake ladninger. Dette problemet vart verre for kvar omlading. Etter gløding vart sotinga kraftig redusert. Rekner med det er snakk om arbeidsherding her. Så problemet kjem vel tilbake om nokre omladningar. Men då får eg finne fram drillen og gassbrennaren igjen. Gjekk forbausande fort og greit. Litt varierande gløding vart det, men godt nok for formålet.
  8. Ser jo grei ut den så lenge du ikkje treng sekk. Så i mitt hovud er det vel ikkje ein erstattning for ein sekk...?
  9. Heisan. I gang med samme prosess. Gjekk for 55cm løp og 20mm diameter ved munning. Litt stutt og litt tjukt. Håper eg vert nøgd med dette. Tiltenkt jaktfelt, rype og rev.
  10. Prøvde kjapt å finne ut av korleis Norma merka datoen på boksane sine. Her er ein link til nokon som lurer på det samme. Har du sett inne i boksen med lommelykt? Rust innvendig??
  11. Står det ikkje dato på boksen?
  12. Har du kikke med ei lommelykt innvendig i boksen? Kan vere rust. Har vel og høyrt at ein kan få noko slikt støv når kruttet byrjar å brytes ned. Gammal boks?
  13. Har hatt tre Winchester M70 rifler. Alle med kontrollert mating. Har to igjen. Ei i 450 Marlin og ei i 375 H&H. Har ikkje gjort noko med avtrekka. Heller ikkje sikker på om dei er vorte justert av tidligare eigarar. Men eg er nøgd med avtrekket. Har ikkje så mykje erfaring med gode avtrekk (driv og tuller med bøylebørser ). Men for min utrente avtrekksfinger er det gode avtrekk. Det skal og vere "ganske" enkelt å justere avtrekket på desse børsene. Om det utgjer så voldsomt mykje skal ikkje eg utale meg om.
  14. Saksa frå: https://www.politiet.no/tjenester/vapen/lover-og-regler-om-vapen/#slik-oppbevarer-du-skytevaapen-og-ammunisjon-button Så trur det enklaste svaret er nei.
  15. Då er det berre å finne seg ein dempar.... Har som sagt erfaring med Hausken og Freyr og Devik. Ventar på å få eit nytt løp til ei Remington, og då anbefalte børsesmeden Svemco. Om du driv med slikt er det mykje fint og greit å finne på Finn i brukte demparar. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=299664885 Ny frå butikk https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=312133480 https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=303084226 Mykje å velge i..
  16. 30-06 tåler nok litt kapping. Men eg ville ikkje kappa for mykje. Så kan ein seie; kva er for mykje.. Veit du løpslengda? Ville ikkje kappa ei 30-06 så mykje under 55 cm. Men det er MI meining Om det er god demping du er ute etter så må du nok opp i volum på demparen. Altså nokon av dei større modellane. Eit tips kan vere å bestemme deg og kjøpe dempar før du leverer børsa til gjenging. Har vore bort i at gjengene ikkje passe med den demparen eg hadde kjøpt i ettertid. Sjølv om gjengene frå smeden var 15:1 og demparen var gjenga i 15:1. Alle produsentane opererer med små tolleranseforskjellar på gjengene. Om du leverer inn demparen du skal ha saman med børsa er du sikker på å få ein god tilpassning
  17. Du har det som på godt norsk kaller "fluta" løp. Vektbesparing og muligens meir overflate for nedkjøling. Og litt mote/stilig om ein likar slikt Dei aller fleste (alle?) demparprodusentane har demparar som går inn på løpet. Varierer litt kor langt får produsent til produsent. Dei aller minste demparane er oftast frontmonterte. Kjem litt an på kva du vil ha. Kortast mogleg våpen? Mest mogleg demping? Minst vekt? Som heilt nybegynnar kan det sikkert lønne seg å gå for ein "standard" dempar. Har sjølv berre kjennskap til Hausken og Freyr og Devik, Hausken-demparen er ein JD184. Dette er ein litt mindre dempar som går inn på løpet og er ganske lett. Freyr og Devik-demparen er den minste modellen deira valgt grunna liten størrelse og vekt. Ein annan ting er: kvifor vil du kappe løpet? Kva patron er børsa kamra i? Dette er vel ei børse som er laga for å vere ganske lett? Hadde eg skulla velge ville eg valgt ein litt mindre dempar for å stå i stil med børsa. Og ikkje kappa for mykje (noko som er avhengig av patron)
  18. Då skal du ha utstyret til å vedlikehalde det meste, tenkjer eg Kva knivmodel er det, forresten? Vart litt nyskjerrig
  19. D2 held betre på eggen, men er vanskeligare å kvesse. D2 er heller ikkje rustfritt. AUS 8 er lettere å kvesse. Men held dårligare på skarpheita. Ganske rustfritt. Har fått litt overflaterust på AUS8, men ikkje verre en at du lett fjerner det ved vanlig vedlikehald. Så det kjem an på kva du har å kvesse med og kunnskapen. Og om du er ein person som passer på utstyret ditt. Eg ville nok valgt D2, og vore bevisst på at eg må passe på den litt.
  20. Nei, har tenkt litt i samme banar. Vil vel tru at det viktigste er at ein kutter dei på rett lengde, at kuttet er beint og at dei vert limt beint ifh til låskassa.
  21. Det der var ikkje noko dum ide! Har faktisk noko tilsvarande heime. Takker
  22. Ja, det kan eg. Men å håndfile inn eit spor, og å få dette rett i alle vinklar/rettningar er ikkje så lett (for meg).
  23. Ja, eg er ening i teorien, men i praksis så verkar det sprøare. Og vanskelegare å blande utan å få masse luftbobler inn i massen. Det er kanskje dette som er hovedproblemet. Med så mykje fiber i massen held den veldig på dei små luftboblene. No var det jo det at eg er ein kjiping.. Er heilt enig i at det sikkert er betre med tilpassa pillaraer, men spørsmålet er KOR mykje betre. Er det 450,- betre? Ikkje vore borti Epobed. Skal sjekke det opp.
  24. Som ein sjølverklært kjiping har eg tidligare laga desse små røyrbetane sjølv. Har bedda ei Winchester M70 og ei Remington 700. Winchesteren er jo grei då undersida av låskassen, i alle fall framme med rekylklakken, er flat. På Remingtonen brukte eg berre flate sylindrar. Så kjem spørsmålet. Er dette greit? Har eigentleg lyst til å prøve å slipe eit v-spor i toppen på sylindrane slik at eg for to punkt med kontakt mot undersida av låskassa. Men har ikkje utstyr til å gjere dette beint og fint. Så er det då betre å gå får ein flat sylinder? Og som eit sidespørsmål. Kva er det folk bruker som beddemasse? Kjøpte meg ein gong i tida eit sett frå Acra Glass, men kjøpte feil sett. Massen vert veldig rennande. Har prøvd å tjukkne den med desse glassfiber-fibrane som kjem i settet, men misstenker at styrken vert kompromitert.
  25. God informasjon, @Mastersniper. Har og kikke ein del på denne børsa. Håper dei finn ut av årsaken og klarer å redesigne konstruksjonen.
×
×
  • Create New...