Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. Terminlista er endeleg lagt ut. No er det berre å starte planleggjinga av neste års skytesesong http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/52357016.PDF
  2. Frå BSA sine nettsider: All BSA Optics scopes are rated suitable for use on spring powered air rifles
  3. Å betala ei avgift på 10000 for å få kjøpt sitt fyrste våpen er nok ikkje veldig fristande for ei ung jegerspire som ynskjer å kjøpe ei hagle til eit par tusenlappar etter bestått jegerprøve. Noko slikt ville kvela så godt som all rekruttering til jakt og skytesport.
  4. Testa ei flaske Berentsens Stelliger Divum i gårkveld. Eg var ein smule skeptisk i og med at ølet hadde eit alkoholinnhald på heile 19 prosent. Eg frykta at ølet berre var brygga for å overgå Horizon-serien til Nøgne Ø i alkoholstyrke, utan for stort fokus på smak. Heldigvis vart bekymringane mine gjort til skamme. Ølet var ei stor smaksoppleving.
  5. Skal vera godkjent av Forsikringsselskapenes Godkjenningsnemnd. (FG-godkjenning)
  6. Sightron kan vera eit godt alternativ. Mykje for pengane i den prisklassen.
  7. Det ser ut til å stemma, Gerry. http://www.sightron.com/index.php?action=view_document&did=1201816362&cat_id=6&id=148
  8. Ein del patronsamlarar kan nok vera interesserte i patronane. Viss ikkje, så vil eg tru det er mogleg å levera dei inn til politiet for destruksjon. Prøv fyrst med ei Gis bort-annonse her på Kammeret. Kjekkast om nokon kan få glede av dei.
  9. Kammerånden som går, ja. Då må det nesten bli ein vandrepokal
  10. Nickel Magnum har 125 mm augeavstand, men det er kostbare saker. Ikkje veit eg om det er nokon norsk importør heller.
  11. Det er såkalla porting. Reduserar munningsvipp.
  12. Fekk skote min fyrste hjort i kveld. Ei ung hind. Dyret fall like før halv 8. To ungdyr kom ned på jordet eg satt ved, medan eg var midt i ein kaffikopp. Eg fekk lurt meg bort til rifla, men då kom det ein bil på vegen ved sida av jordet, sjåføren rulla ned vindauget for å fotografera dyra, og dei gjekk til skogs att. Ikkje lenge etterpå kom dei attende, og medan eg venta på at dei skulle stilla seg fint opp, så køyrde ein lastebil forbi, og dyra gjekk vekk nok ein gong. Dei kom igjen like etter. Og då eit av dei stilte seg fint opp med breisida til, på berre 60-70 meters avstand, var det ikkje anna å gjera enn å la skotet gå. Dyret sprang eit lite stykke, eg vil tippa ein stad mellom 30 og 50 meter, før det velta. Eg brukte min Schultz & Larsen Victory i 30-06 og ferdigrulla Oryx.
  13. Maxac Soft har lågare hastigheit enn Maxac
  14. Eg kjenner meg ganske sikker på at ein av kikkertane ko-stens linkar til, før eller seinare skal få plass på Anschützen min. Ut frå det eg les her på forumet og andre stader, så ser Sightron ut til å vera svært mykje for pengane. At leverandøren har opparbeidd seg eit godt rykte legg heller ikkje akkurat ein dempar på kjøpelysta.
  15. Prisar på min lokale skytebane: 15 obligatoriske: 50,- (kan godt skyte meir enn 15) Skyteprøve: 100,- Nytt forsøk/våpen same kveld: 50,- Meir trening: 15,- (skyt så mykje du vil) Elektroniske skiver
  16. Peltor SpotTac er og eit godt alternativ, Her er eit godt tilbod frå jaktfall http://jaktfall.no/index.php?nr=90&case=4&id=340&idkategori=685&kat_name=&prod_name=Peltor%20Tactical%20Sport%20inkludert%20gratis%20microfiberpose!&startrow=
  17. Izhmash og Baikal er to ulike fabrikkar. Båe ligg i byen Izhevsk i Udmurtia, Russland. Baikal: http://imzcorp.com/ Izhmash http://www.izhmash.ru/eng/ Litt meir on-topic: Slik eg har forstått det (utan at eg har noko voldsom peiling på skiskyting og skiskyttarvåpen) så skal skiskyttarriflene frå Izhmash vera brukt ein god del i internasjonal samanheng, og vera ein av dei sterkaste konkurrentane til Anschütz.
  18. I Østfold kan det vera at Holstad eller Winge har. Viss ikkje er eg temmeleg sikker på at Bjørns Jakt og Fiske i Larvik har, då dei er relativt store på sal av maskinar, duer o.l.
  19. sachs motor

    Optima hp

    http://www.briley.com/berettaoptimahpchokes.aspx http://www.trulockchokes.com/get-chokes.php?manufacturers_id=20&guage=12&seechokes=See+Chokes http://www.kicks-ind.com/mm5/merchant.mvc?Screen=CTGY&Store_Code=Kicks&Category_Code=Chokes http://www.choketube.com/optima-hp.html Alle desse lagar i alle fall chokar som passar Optima-HP systemet.
  20. Ikkje bruk lakk på stokken. Lakkfinish kan sjå fint ut med ei gong, men den ligg berre som eit tynt lag utanpå, og når du får sprekker og skader i lakken så trekkjer vatn rett inn. Det er og vanskelg å reparera slike småskader med bra resultat. Den aller beste måten å behandla ein trestokk på er utan tvil oljebehandling. Sjekk ut Raudnakke sin tråd "The Woodstock Workshop" i børsemaker og prosjekt-forumet. Edit: Ser no du ville ha stokken svart Då er nok Duracoat eit val. Lukke til med opppusinga.
  21. Korleis er Anschütz sin modell 525? Er det nokon som har erfaringar med den? http://jga.anschuetz-sport.com/index.php5?produktID=314&menu=106&sprache=1&produktShow=detail Anschütz er jo kjende for bra piper, godt avtrekk og generelt god kvalitet på boltriflene sine.
  22. WWW Verktøy AS i Stavanger pleier og ha inne nokre slike steinar. http://www.verktoas.no
  23. Eg kan opplysa om at treverket er bøk. Det er noko utruleg fint med at slike gamle slitarar vert rusta opp for nye oppgåver.
  24. Det er mellom anna noko av det det vert skrive om, ja. Ein positiv ting dog med denne "boka" er at han i alle høve ikkje kan reknast som utilregneleg i gjerningsaugeblikket, då dette viser kor nøye planlagt det heile var.
  25. Dette manifestet er verkeleg skumle greier. Over 1500 sider rein ondskap. Det får meg til å tenkje på Mein Kampf, og me veit jo alle kva forfattaren av den boka påførte verda.
×
×
  • Create New...