Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. Det er jo heller ikkje langt til Jakt og Friluft i Arendal.
  2. Forstørringa er likevel lik (8x). Objektivdiameteren derimot er større på Swarovskien.
  3. Ut frå det eg hugsar i dei prislisten frå børsemakarar eg har sett, så er det snakk om i frå om lag ein tusenlapp og litt oppover. Det kjem jo sjølvsagt an på kva slags bedding du vil ha.
  4. Kven var kurslærar då du var på kurs i Stavanger? Då eg var der for fire år sidan, var det Petter Herud som stod for opplæringa, og det var verkeleg kjekt, og ikkje minst utruleg lærerikt. Eg ynskjer deg lukke til med kursa du skal halde, og håpar at fleire får augo opp for kor kjekt det er med tredreiing
  5. Kanskje ikkje akkurat det du er på jakt etter, men Tyri-Stubben lagar og stokkar til denne. Dyre, men fine.
  6. Eg kunne godt tenkt eg å melde meg inn i NOJS som eit slags "prøvemedlemskap". Det vil seie at om eg føler at eg tykkjer at NOJS er ein organisasjon som arbeider for meg og mine synspunkter, eller lar meg påvirke organisasjonsarbeidet, så vil eg betala medlemskontigenten i framida. Korleis vert det om eg melder meg inn no, vil eg kun få rekning på medlemskontigenten for 2011, eller må eg betala for 2010 og? Eg set stor pris på om nokon av dei NOJS-involverte kan oppklara dette, anten på PM eller eit innlegg til alle forumbrukarane.
  7. sachs motor

    Whisky

    Canadiarane brukar faktisk namnet whisky på det makkverket dei brenn. Det er så vidt eg veit kun irane og amerikanarane som skriv whiskey. Whisky (utan E) er noko som kan lagast over heile verda, men kun skottane kan laga Scotch Whisky. Akkurat no storkosar eg meg med ein 16-års Lagavulin
  8. Maxim er noko tyngre, men skal dempe meir og, vera meir slitesterk då den har baflar i rustfritt stål. Eg er godt nøgd med min Maxim, men ta gjerne eit kjapt søk på forumet her og sjå kva erfaringar andre har med sine demparar, og ta deg ein tur til ein butikk som har demparane for å studera dei på nært hald.
  9. Sjekk om det faktisk manglar ved i hola, eller om det berre er inntrykt. Om det manglar ved, så må du fylle det med noko slik Raudnakke skriv her. Om det berre er inntrykt, så bør du prøva med damping. Raudnakke har laga ei fin beskrivning av denne prosessen i Angelina-tråden
  10. sachs motor

    våpenkort

    I fjor kjøpte eg hagle og salong i slutten av juni. Våpenkort for desse kom i slutten av oktober. For rifla eg kjøpte i mars i år, har eg framleis ikkje fått noko kort. Eg får nok etterlyse kortet, eller gjere som peodden og gå innom og få det ordna ei gong, for blålappen byrjar å sjå fæl ut.
  11. sachs motor

    trostehagle

    Eg "bumpar" denne tråden, fordi eg tilfeldigvis var innom nettsidene til danske Hunters House i kveld. Der støytte eg på dette: http://www.huntershouse.dk/kat379-Aktuelle/side5147-9mm-Flobert-blyfri-patron.html Eg har aldri sett desse i Noreg, men om nokon skulle ta dei inn, så måtte det vore ein flott moglegheit for trostehagleeigarar til å børste støv av klenodiet.
  12. Det ordet som er mest bruk i bøker og slikt er vel ganske enkelt knute. På min dialekt heiter det "ei knustra". Uansett var den kniven du har lagt ut bilete av svært fin. Godt handtverk! Eg har og eit Steen Nielsen-blad liggande som eg har planar om å gjere noko med etter kvart. Dette dog med ein enklare damask. Ser ut som furu. Gler meg til å sjå "vinternatt"-kniven.
  13. Det burde vel ikkje vera så vanskeleg å få tak i litt avkapp av kryssfinèr utan at det kostar skjorta.
  14. http://www.verktoyas.no har og eit utval av diverse japanske bryner, samt diamantbryner frå DMT. Det grovaste DMT-brynet tek svært mykje, og arbeidar deg opp til eit fint, så får du til slutt ein veldig kvass egg. Sjekk ut alle tipsa du får her, og slå til på det du anser som mest lovande for ditt behov!
  15. sachs motor

    søknad om 308

    Som LeivVidar seier, så er det ingen grunn at du skulle få avslag, så lenge du ikkje har grums på rullebladet og er 18 år eller meir. Er du mellom 16 og 18, kan du søkje om dispensasjon frå 18-årsgrensa. Hjelp med våpensøknad finn du, om du treng, i denne tråden http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=8&t=32871. Eit lite tips til, angåande forumbruk. Om du unngår å skrive på dialekt, og heller brukar nynorsk eller bokmål, så vil garantert fleire lese innlegga dine. Velkommen til forumet, forresten.
  16. Nei. 3 veker frå 21/9. Det skulle, som polmar skreiv, bli i morgon. Eg reknar dog med at berekninga på 3 veker er litt omtrentleg, så om dommen kjem akkurat i morgon skal eg ikkje uttale meg om.
  17. Eg har sjølv inga erfaring med denne børsa, men sjekk denne tråden på luftvåpenforumet Airgunworld. http://www.airgunworld.org/forum/viewtopic.php?f=2&t=1481
  18. Om du legg ut kva merkingar som står på børsa, og gjerne eit par bilete, så er det sikkert ein del her inne som kan gje ein grei peikepinn på verdi. Slik det står no, er det ikkje mogleg å gje meir eksakte svar enn det Slemmo allereie har gjeve.
  19. Tenkte meg det måtte vera noko i den duren, ja. Det vert nok ei stund til eg får råd til noko slikt, men eg kjenner at eg har lyst på ei kjekk banehagle ei gong i framtida, når treninga viser skikkeleg resultat og eg føler at eg kan forsvara å kjøpe noko litt heftig.
  20. Eg hadde aldri høyrt om Flodman før, så eg måtte ta eit kjapt søk i google. Rett og slett råe børser. Er det nokon som veit korleis desse ligg i pris (ny)? Reknar med at dei ikkje akkurat er billege.
  21. Nokon som har erfaring med FMD 30 for salong?
  22. Er den merka med "ELG", så er i alle fall han belgisk.
  23. Det kjem an på kva slags olje som er brukt. Er det brukt olje med silikon (td. Schaftol) eller anna styggedom, så er det ikkje sikkert oljen vil herda skikkeleg.
  24. Vil tru at ein diamantslipekon slik som denne kan vera brukbar Har ein slik som eg bruker til å bryne ringjern som eg bruker til tredreiing. Du får i alle fall kjøpt slike hjå http://www.verktoyas.no
  25. sachs motor

    Whisky

    Såvidt eg veit, så skal den canadiske stavast whisky. Amerikansk stavast whiskey, slik som den irske.
×
×
  • Create New...