Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. Sjølv har eg Viking Pro Hunter (trur det er det dei heiter) og er godt nøgd meg dei. Prøvde og Crispi, men dei var i smalaste laget for labbane mine. Uansett var det ikkje ein vond pris på Crispien i linken til trådstartar, så om den kjennes god ut, så kan nok det vera eit godt val. Det artigaste med Viking-støvlane eg kjøpte meg, var det at seljaren så godt som garanterte at eg kom til å få gnagsår før dei var skikkeleg inngått. Det har blitt nokon mil med dei, og ingen gnagsår. Burde kanskje gå attende med dei og klage
  2. Tenkjer å lage meg "hylsetrommel" av ein pensjonert mixmaster. Det kan ikkje skje noko verre enn at det vert mislukka.
  3. Etter å ha lest gjennom Ladeboken nokon gonger tenkte eg det var på tide å investera i ein liten "patronfabrikk". Eg var innom Trond Alvestad på Notodden på onsdag for å sjå på ladeutstyr. Det var riktig så triveleg, og eg endte opp med å kjøpe eit sett beståande av mellom anna ei Lyman Crusher II presse. No må eg berre få skrudd fast pressa på ein benk, så er eg klar til å ta steget inn i heimeladarane sine rekkjer. Eg kjem nok til å handle meir hjå Trond i framtida når eg treng noko, anten det er kuler eller anna utstyr. Krut og hetter må eg nok kjøpe andre stader, om eg vil ha dei utan å reise til Telemark.
  4. Du må vera fylt 16 år før du får registrert våpen på deg sjølv. Frå våpenlova
  5. Den til venstre er, så vidt eg kan sjå, ein 4mm M20 übungsmunition
  6. sachs motor

    Whisky

    Eg kom heim med ein 18 års Laphroaig etter ein Tysklandstur for eit par veker sidan. Etter ein liten smaksprøve, var konklusjonen at den var vel verdt pengane, for å seie det mildt.
  7. Kom over denne tyske sida http://www.waffe.net/ Flott tiltak, forresten
  8. Holstad Våpen http://www.holstadvapen.no/?CatID=1115
  9. CZ kunne vel vera eit alternativ. Trur ikkje CZ og Zastava ligg så langt frå kvarandre i pris.
  10. Eg kjøpte ein S&L Victory ved påsketider, og såvidt eg hugsar, så sa selgjaren på J&F at ei ny standardpipe kosta om lag 4000.
  11. Slik eg har forstått reglane, så må du ha importløyve for all ammunisjon. Eg veit ikkje kor mykje styr det er å få slikt løyve.
  12. @fat_dog86. Eg trudde Tyristubben brukte svartor. Eg vil og tru at lønn kan vera godt brukande til ein børsestokk. Passe hardt, og ofte med mykje liv i treverket.
  13. Det vert vel vanskeleg å få godkjent eit våpen med meir enn to hagleløp til jakt.
  14. Sabatti Sirio kan kanskje vera verdt å sjå på. 2 avtrekkarar og fast trangboring, slik ein sideligger i klassisk stil bør ha. http://www.vaabenhuset.no/hagler.htm#hagle5
  15. Dette var interessante saker. Artig å kose seg med i påskeferien. Eg tykkjer du fortener ein stor applaus for det du har lagt ut til no. Og om du legg ut meir, så vert det ikkje mindre klapping frå mi side
  16. Takk for svar. Må nok handle meg eit sett snart. Så er det nok berre å trene litt før eg går laus på "prosjekt Lucznikstokk 2"
  17. Eg har eit spørsmål til dykk som har erfaring med Dem-Bart nettskjæringsverktøy. Kva linjegrøvd ser dykk som det greiaste å byrje med når ein skal lage nettskjæring på ein stokk? Sjølv syns eg det er finast med ein finlinja nettskjæring, men er det vanskelegare å lukkast med det samanlikna med ei grovare.
  18. Eg veit at www verktøy as i Stavanger har noko spritbeis. Frå Chestnut om eg ikkje hugsar feil. Trur den berre inneheld sprit og farge
  19. Første vilt eg skaut var ei lirype i no i haust då eg seltok på ein jakttur for oss ferskingar i regi av den lokale JFF og statskog. Det vart med den eine rypa, men det var ein utruleg kjekk og lærerik tur, som eg aldri kjem til å gløyme. Eg brukte Finn Classic 512SC hagl, og rypa vart skoten for ein engelsk setter tilhøyrande ein av instruktørane.
  20. Då er vel utan tvil ein Baikal det rette valet.
  21. Eg går god for Elgen sin anbefaling om Black Bison. Fekk anbefalt denne då eg var på eit tredreiekurs for ei tid tilbake. Har brukt den på hagla, og det ser bra ut. CCL har eg ikkje prøvd, men når Raudnakke anbefalar den, så er den nok bra mtp. dei fantastiske stokkane han får til. Er CCL og blanding av bivoks og karnauba?
  22. Takkar så mykje for alle innspel. Dette kjem utan tvil godt med når eg skal bestemme meg for kva børse eg skal kjøpe meg. Utruleg mykje kunnskap på dette forumet forstår eg, etter å ha sett litt i diverse trådar.
  23. Er no i full gang med jegerprøvekurset, og sjølvsagt også igang med å vurdere kva hagle eg skal kjøpe meg. Greit å ein viss peiling på kva ein vil ha før ein set igang papirmølla. Med pengar att på skatten og grei bonus frå jobben, har eg bestemt meg for å kjøpe ei hagle som ikkje er i det lågaste prissjiktet, og etter å ha høyrt mykje skrøyt av S686 SP så er det nok den eg har mest lyst på. Så då lurer eg på kva folket her inne har av erfaringar med slike hagler. Er det nokon graverande ulempar med Silver Pigeonen? Og kva andre hagler i same prisklassen (15790 hjå Alm) er av tilsvarande eller høgare kvalitet?
×
×
  • Create New...