Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. http://kinneysshootingsupply.com/452453-picatinny-rail-alum-19023-p-1534.html Ei slik skinne kan vera eit alternativ. Eg har ei slik på Anschutzen min (dog utan tilt) og vil påstå at det er eit produkt av god kvalitet.
  2. http://municion.org/ http://municion.org/22lr/22lr.htm
  3. Hadde du venta at Nikonen skulle vera betre enn Leicaen?
  4. Det er vel Schou som er importør av Federal ammunisjon, så dei butikkane som er Schou-partner bør nok ha inne http://schouvapen.no/forhandlere/
  5. http://www.nrk.no/sport/beier-jensen-tok-em-gull-i-skeet-1.11170481 Imponerande greier og positiv omtale for skytesporten.
  6. Hagla er produsert i Italia i 1985. (AN-stempelet) PSF med to stjerner over betyr at hagla er trykktesta til drøye 1200 bar, så det skal vera trygt å bruka stål og andre harde hagl så lenge det er halv trangboring eller opnare.
  7. F34-modellen har og høgare IP-klassifisering. Trur det er IP67, mot IP54 på Basicen. Det er vel og ein scrambler-funksjon på F34. Har sjølv hatt Basicen i eit par år, og har ikkje hatt problem med han.
  8. Fekk kjapt og greit svar frå Jakt & Fiske i går, der dei innrømma tabben, og lova retting i neste nummer av bladet.
  9. Eg såg dette eg og, og reagerte vel på same vis som deg. Slik eg ser det er forskrifta temmeleg klar på dette punktet. Eg sendte ein mail til Jakt & Fiske om dette, så får eg sjå om det er noko svar å få. Det såg forøvrig ut som ei finurleg børse, men eg trur nok ikkje det er noko eg ville brukt pengar på.
  10. Påmeldinga opna sist sundag (7/4) Eg har nettopp meldt meg på, og ser fram til nokre trivelege dagar i juli
  11. http://www.dagbladet.no/nyheter/2007/01/10/488477.html http://www.dagbladet.no/nyheter/2007/04/12/497565.html
  12. Gratulerar så mykje. Eg har forstått det slik at det har vore ein del problem knytte til å få godkjend banen, så det er godt det ordnar seg.
  13. Garantert eit godt val å leggja noko meir pengar i siktet enn ein BSA ja. Sjølv kunne eg godt tenkt meg å oppgradert til ein meopta meostar 4-16x44ao, men den kostar jo nærare ti lappar.
  14. Eg vil og påstå at BSA Sweet er overraskande grei om ein tek prisen i betraktning. Eg merkar sjølvsagt at det er ein billeg sak. Spesielt om eg samanliknar med Zenithen på jaktrifla. Eg vil uansett påstå at BSAen er eit greit kjøp. Han doggar ein del, men er heilt grei å sjå gjennom, og klikka verkar stabile.
  15. Då er tydelegvis terminlista lagt ut http://www.njff.no/portal/page/portal/njff/artikkel?displaypage=TRUE&element_id=67348 Framleis ikkje nokon arrangør for NM i trap og sti
  16. Legg chokane i såkalla "Ed's Red" ei stund før du pussar dei. Då får du lett vekk plastavleiringane. Ed's Red blandar du sjølv av like deler ATF-olje, white-spirit, lysfotogen og aceton. Puss gjerne løpa og med dette stoffet for å få vekk restar ette plastkoppen.
  17. Dette Breitler-siktet var særdeles likt dei XXL sel under namnet MacKenzie. Dei er vel mest sannsynleg produsert på same fabrikk, og ein kan vel få stempla på kva namn ein vil.
  18. Greit å kunna handla i ein butikk der ein slepp å bli påkøyrd av ungar som prøvekøyrer sparkesyklar.
  19. Det er nok og diverse andre små merker stempla på undersida på løpet, i tillegg til serienummeret. Stjerne over eit våpenskjold med hammar og to gevær i kryss tyder at våpenet er trykktesta i Gardone Val Trompia (same by som Beretta-fabrikken ligg i). Hagla di er nok stempla med bokstavane PSF med ei stjerne over. Då er hagla trykktesta til minimum 1020 bar. Då skal ikkje jaktpatronar med harde hagl nyttast. Til dømes er Remington Wingmaster HD merka med makstrykk på 1050 bar og må ikkje brukast i hagla. Til samanlikning er leirduepatronen Gambore Supersteel merka med makstrykk 900 kg/cm2 = 882,36 bar og kan trygt brukast i hagla så lenge du ikkje brukar trongare choke enn halv. I tillegg skal det vera eit rektangel med bokstavar inni. Desse bokstavane er ein kode som indikerer kva år våpenet er trykktesta. Står det til dømes AN i rektangelet er våpenet trykktesta i 1985. Her er ei oversikt over stempel på italienske våpen http://shotguns.se/html/italy.html
  20. http://www.ebay.co.uk/itm/Bisley-Adjustable-Rubber-RECOIL-BUTT-PAD-Stock-Shoulder-Rifle-Buttplate-Plate-/330760238268?pt=UK_SportingGoods_Hunting_ShootingSports_ET&hash=item4d02d8b4bc Eg har ein slik sjølv, som etter planen skal brukast på eit stokkprosjekt ei gong i framtida.
  21. 1. Puss gjennom løpa, og vask vekk evt. lagringsfeitt og denslags med til dømes raudsprit eller noko tilsvarande. Skru gjerne av kolben og sjå etter om det kan vera noko metallspon som ligg igjen. Det kan henda dei har gløymt å reingjera skikkeleg etter maskineringa. 2. Denne tappen vert klemt inn når du lukkar hagla, og gjer at toppleveren går tilbake. Den går ikkje heilt til senter fordi låshakene mellom løpssettet og baskylen (låskassen) har litt å gå på, slik at det skal halda ei stund. Når du manuelt trykker inn denne tappen stangar ikkje låsehakene i baskylen mot løpssettet, og toppleveren går heilt tilbake. Det er ingen grunn til å røra denne tappen, med mindre våpenet skal leggjast delt i koffert og du ikkje vil ha toppleveren stikkande ut på sida. 3. I = Full (1/1), II = Improved Modified (3/4), III = Modified (1/2), IIII = Improved Cylinder (1/4), Ingen merking = Cylinder (0). Ikkje bruk stål eller andre harde hagl i I og II. III og IIII er greie allround jaktchokar. Cyl. er grei på dei kortaste holda. I og II funkar fint på lengre hold med mjuke hagl. 4. Som stokkolje er det linoljebaserte, silikonfrie produkt som gjeld. CCL er eit merke som fins i vanleg handel og får ein del skrøyt her inne. Det kan og nemnast at forumbrukar Raudnakke lagar ein særdeles fin stokkolje. Når det gjeld våpenolje har eg nokon konkrete favorittar. Eg vil anta at det meste er brukbart, sjølv om det er litt ulike eigenskapar ute og går. I leddet mellom baskylen og løpssettet smører eg med våpenfeitt. Håpar dette kan vera til hjelp. Gratulerer med ny hagle, forresten
  22. sachs motor

    rheinmetall

    Kan denne vera til hjelp? http://forums.gunboards.com/showthread.php?234595-Rheinmetall-Nr-4-shotgun
  23. sachs motor

    Jaktradio

    Sjølv har eg, og er fornøgd med, Icom Prohunt Basic. F34 er vel temmeleg lik, men har iallfall scramblerfunksjon og høgare IP-klassifisering i tillegg. Kanskje noko meir og, men det torer eg ikkje seie sikkert. I jaktlaget eg er med i er det og brukt Zodiac, Hunter F1, Lafayette, Yaesu og sikker fleire og. Eg har ikkje høyrt noko negativt om desse frå mine jaktkameratar. Dei fleste radioane på marknaden er nok godt brukbare saker. Berre få med deg langpisk, så aukar rekkevidden betrakteleg.
×
×
  • Create New...