Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. Parker Hale-demparen min har ein diameter på 23 mm. Er vel kjent som ein temmeleg dårleg dempar.
  2. Har høyrt noko snakk om at bruk av porta piper i ein del konkurransegreiner ikkje er tillatt med mindre portinga er utført av produsenten. Viktig å sjekka ut dette nøyare før ein eventuelt får utført portinga.
  3. Takk for svar alle saman, spesielt Arne B som verkeleg har skrive eit informativt innlegg. Det ser ut til at eg held meg til den opprinnelege planen og går for Charge TTI.
  4. Eg kan og gå god for denne sekken, som har hatt i omlag tre år.
  5. Eg har planar om å gå til innkjøp av eit multiverktøy av typen Leatherman eller liknande. Eg har eigentleg falt ned på Leatherman Charge TTI, men før eg handlar vil eg forhøyra meg litt her på forumet. Har denne TTIen nokon ulemper som er verdt å trekkja fram? Er det andre modellar frå Leatherman som er å rekna som eit betre val? Er det verktøy frå andre produsentar som er verdt å vurdera? (Har sett på til dømes Gerber, men ikkje fått veldig tru på deira saker då det virkar som om dei stort sett fokuserar på å trykkje BG-logo på allslags mikkmakk)
  6. 18,3 mm er borringa på løpa før trangborringa byrjar. Om ikkje det er andre merkingar som indikerer kva trangborring løpa har, til dømes stjerner, strekar eller liknande, så kan du måla diameteren på munningen. Full trangborring vil vera omlag ein millimeter mindre enn løpsborringa, halv trangborring 0,5 mm osv.
  7. Eg har googla litt og kome fram til at det må dreia seg om ei hagle frå det belgiske firmaet Georges Laloux (G. Laloux). Det var ikkje mykje å finna fram til, men eg kom over dette: http://forums.nitroexpress.com/showflat.php?Cat=&Board=birdhunting&Number=153900&Searchpage=1&Main=153900&Words=+Gollum&topic=&Search=true Det gjev i det minste ein peikepinn på alder.
  8. DuraCoat skal fungera godt. Fås kjøpt frå http://www.durano.no Han som driv firmaet er aktiv her på forumet under namnet vet|us. Han kan nok svara på det du lurer på om dette produktet
  9. Eg planlegg å dukka opp på LM til helga
  10. No er eg i ferd med å ta knekken på ei flaske Lindisfarne frå Ægir. Eit godt øl med litt røykpreg frå den malten som er brukt.
  11. Sandnes Arms har CCI standard til 37 øre ved kjøp av 10000 eller meir. Kanskje litt i overkant for ein person, men det går jo an å gå saman fleire om innkjøp.
  12. Skal prøva å ordna noko iløp av helga
  13. Det må sjølvsagt vera takhøgde for alle lovlege hagler på leirduebanen. På konkurranser ser eg gjerne at eventuelle sidemenn med halvauto har ein strikk eller tilsvarande på børsa, men på trening ser eg ingen grunn til å bry meg med slikt. Opphavet til denne tråden var vel at trådstartar ville la ein heilt fersk skyttar prøva seg med halvauto pga. mindre rekyl og slikt. Om dette vert dårleg motteke på banen så er det på tide at dei som driv banen revurderar praksisen. Eg trudde rekruttering var noko me ville ha. Eg ser og at enkelte her i tråden ynskjer forbod mot halvauto på bane. Det er vel ikkje anna å gjere enn å riste på hovudet. No skal eg på leirduebanen vår. Der er alle hagler velkomne
  14. Eg fekk heim ein gammal skiskyttarblink førre helg, frå ein bane som skulle skifta ut blinkane. Om det er av interesse, så kan eg ordna nokre bilete av blinken.
  15. Eg veit det var eit slikt gevær på QXL for to-tre år sidan, men eg hugsar ikkje kva det gjekk for. Her er luftbørsa omtalt i ein tråd frå eit dansk forum: http://www.nordisk-forum.dk/viewtopic.php?f=29&t=39705 Eg kan ikkje sjå for meg noko anna enn at det må vera eit ganske så artig våpen, sjølv om det nok ikkje akkurat er det mest presise som er laga.
  16. Eg har skumle planar om å delta på stemnet som Arendal JFF arrangerar fyrstkomande tysdag (1. mai). Det vert isåfall fyrste gong eg prøver meg på figurjakt, så det kan jo bli interessant. Nokon andre som skal bort dit?
  17. http://www.kkc.no http://grsriflestocks.com/
  18. Bruksanvisningar frå verdas leiande haglefabrikantar er vel skriftlege kjelder. Når grunnen til det heile i tillegg er forklart i eit innlegg av mannen bak shotguns.se, så burde det vera enkelt og greitt. Dessverre er det ein utbredt vrangførestilling at ein skal halda attende toppleveren når ein lukkar våpenet. Sjølv enkelte våpenforhandlarar greier å lire av seg dette, så det er ikkje rart at folk er usikre.
  19. Eg gjorde eit lite søk på desse Grylls-knivane og kom fram til dette: http://www.midwayusa.com/find?userSearchQuery=grylls Det ser altså ut til at dei omtalte knivane er i 7Cr17MoV-stål.
  20. Her er tabell over dei ulike storleikane på linsedekslane til Butler Creek. http://butlercreek.com/productsImages/charts/flip_scope_chart.html Mål siktet med eit skyvelære, så finn du ut kva du treng.
  21. Hostesaft har nok rett i at dette er sportingutgåva, og ikkje den vanlege Baikalen som "alle" har. http://imzcorp.com/en/company/38.html At denne har ein veil. pris på 7 lappar er nok ikkje urealistisk. Eg har ikkje sett denne for sal her til lands.
  22. Ja. Det går om det er nok gods igjen. Ing. Ragnar Hansen og Vågsland Våpen (og sannsynlegvis fleire) gjer dette. Om Det er verdt å koste på såpass mykje på ei så billeg børse er derimot ein annan sak.
  23. Her er ei oversiket over NJFF sine lokallag i Telemark http://www.njff.no/portal/page/portal/telemark/lokallag Du får sjekke litt der kor dei har banar som er opne på denne tid av året
×
×
  • Create New...