Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. Kondolerar til alle dei pårørande og etterletne etter denne forferdelege tragedien.
  2. Ikkje noko problem å få tak i Ballistol her til lands, nei.
  3. Minox kan kanskje og vera verdt å sjå på.
  4. http://www.jaktogfriluft.no/display.aspx?menuid=10075&prodid=10400 Her er ein bra halvauto til under 25k. Problemet med flygande tomhylser på trapbanen løyser du enkelt ved å festa ein gummistrikk rundt låskassen over utkastaropninga.
  5. Den kikkerten gjer seg nok godt på kragen, ja
  6. Det der kan aldri vera gunstig mtp. å rekuttera nye skyttarar
  7. Og når ein tenkjer på kva effekt denne ammunisjonen har på våpena den vert brukt i, så vil eg tru det vert svært dyr treningsammunisjon.
  8. I og med at det er blyhagl i desse, så får du dei ikkje her til lands. Dei dukkar dog til tider opp på Qxl til "fantasiprisar" som ikkje akkurat samsvarar med bruksverdien. Det er forøvrig ikkje desse som vert kalla trostehagl (det er haglpatronane i 9mm flobert). Desse vert i kalla "rat shot" - rottehagl og tiltenkt skadedyrkontroll med glattløpa gevær på korte avstandar, gjerne innandørs. Ved bruk i rifla løp vert hagla slynga ut til alle kantar på grunn av sentrifugalkrafta.
  9. Sjå der ja. Det tok seg litt betre ut. Bra at dei ryddar opp. Det vitnar om ein seriøs butikk. Dessutan viser det at ein må vera ekstra nøye når ein overset slike ting.
  10. Eg kan ikkje forstå at dette er å rekne som personhets, då dette dreier seg om eit firma som ifylgje deira eigne nettsider har 15 tilsette. Kritikken går mot firmaet og ikkje mot ein bestemd person. Om dette er personhets, så må jo det bety at all kritikk av til dømes Statoil, er personhets mot Helge Lund. Når det gjeld den mildt sagt uheldige setninga i produktbeskrivinga i fyrste post i tråden, så kan dette sjå ut til å vera ein glipp. På ein annan vare i same nettbutikk står nemleg dette:
  11. Søk på Exxo: http://www.kammeret.no/forum/search.php?keywords=exxo&terms=all&author=&sc=1&sf=all&sk=t&sd=d&sr=posts&st=0&ch=300&t=0&submit=S%C3%B8k Søk på Bettinsoli (som er firmaet som har produsert Exxo: http://www.kammeret.no/forum/search.php?keywords=bettinsoli&terms=all&author=&sc=1&sf=all&sk=t&sd=d&sr=posts&st=0&ch=300&t=0&submit=S%C3%B8k Les litt kva folk skriv, (du vil sjå at det er delte meiningar) og prøv å gjera opp ei meining om dette. Og ikkje minst: Dra rundt på våpenbutikkar så mykje du får sjansen til, kjenn på børsene og finn ut kva som passar best.
  12. Etter det eg har forstått, så er produksjonen nedlagt. Edit: Link http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=31&t=43813&hilit=pbp
  13. Eg føler meg ganske sikker på at inni den "svulsten" så befinn det seg ein lang raud jævel av ein makk. Oftast held dei seg i innvollale, men eg har og sett dei i kjøtet slik som på biletet her. Eg har forstått det slik at fisken er meir ømfintleg for desse parasittane der det er for mykje fisk i vatnet. Edit: Etter litt googling og denslags kom eg fram til ein tråd på eit fiskeforum der dette var diskutert. http://www.fiskersiden.no/forum/index.php?showtopic=17989 Eustrogylides heiter det visst
  14. Det er vel restavfall, ja. Ideelt sett burde ein vel skilja plasten frå culoten, og kjeldesortera
  15. Gratulerar med nye våpen! Eg har sjølv ei S&L Victory som eg godt fornøgd med. Det er rett nok ei systemrifle med lettvint pipeskift, men bortsett frå det er dei jo ganske like. Fin sluttstykkegang, bra avtrekk og ikkje noko plastikk. Baikalen er jo og eit safe våpen som toler mykje juling. Me har Baikal som utlånsvåpen på leirduebanen og det er ikkje mykje klatt med dei.
  16. No har eg endeleg skaffa meg eit våpen eg har drøymt om lenge. Nemleg ei skikkeleg hagle. Det vart ei Perazzi MX2000S
  17. 1: nei 2: ja Det ser ut til at du har rett
  18. "Der tapte du debatten, Jølsrud"
  19. Når våpenet er plombert, så er det så "øydelagt" at det ikkje lenger kan skytast med, og heller ikkje skal kunna setjast attende til skytbar stand. Det er då per definisjon ikkje lenger eit våpen.
  20. Som eies allereie har påpeika, så er epletre (og andre frukttre) svært utsette for sprekker. Å grovarbeida eit par emner, for så å lata dei stabilisera seg er nok det luraste. Pass på at ikkje margen i treet er med i emnet. Dette for å redusera risikoen for sprekk. Når det gjeld PEG, så veit eg ikkje kor godt det er eigna til bruk på børsestokk. Eg veit at treverket kan koma til å "sveitta" ut noko av stoffet etter kvart, og det kan vel skjemma ut ei fin oljebehandling. Laminering er kanskje det mest safe valet. Om dei grovarbeidde emnane ikkje held mål etter tørking, kan dei kløyvast opp og laminerast. Eit anna alternativ kan vera å berre bruka epletreet til smådetaljar på ein stokk av til dømes valnøtt. Det er ein tråd her på forumet der ein nevenyttig kar har laga ein stokk der ei seljerot har vorte nytta til mellom anna avslutning på pistolgrepet. Det såg verkeleg bra ut! Om du leitar i Børsemaker og prosjekt-forumet, så reknar eg med du finn tråden. Lukke til med stokkprosjektet Edit: Her er link til tråden eg nemte: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=3089
  21. Hadde det berre stått akkurat det på siktene, så hadde det ikkje vore noko problem.
  22. Hald auge med http://www.egun.de Der er det ofte mykje fint.
  23. http://www.nordellknives.com har ein del fine knivskaftemner. http://www.verktoyas.no har og ein del. Det er dog fyrst og fremst emner til tredreiing dei har, men og nokre knivskaftemner. Dessutan kan du jo kontakta ein knivmakar. Til dømes var eg på ei messe der Steen Nielsen (http://www.smie.no) hadde stand, og han hadde ei eske med emner til salgs. Det kjekkaste er uansett å laga noko av eit tre ein sjølv har "slakta".
×
×
  • Create New...