Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by sachs motor

  1. sachs motor

    32 Rimfire

    Det der er ein sentertent patron.
  2. Etter det eg har høyrt, så skal patronar med berdanhetter tole meir før dei vert øydelagt av fukt, og dette er grunnen til dei vert brukt i det militære.
  3. Du har jo fått eit terningkast allereie. Eg har ikkje prøvd siktet, men dette er vel eit typisk kinasikte av laber kvalitet. Eg ser at Schou vil ha kr 685 for eit slik, og eg tvilar på at det er verdt pengane.
  4. Ganske sikker på at min Norrøna-dress kjem frå Estland.
  5. Eg dristar meg til å gjera eit forsøk på desse artige randtenningspatronane dine. 1: Usikker. Kanskje .38 Rimfire 2 og 3: 9mm Flobert. Hagl i papphylse 4: 6mm Flobert - Double Culot. Spisskule 5: 9mm Flobert. Rundkule 6: 9mm Flobert. Hagl i messinghylse 7: 4mm Flobert. Rundkule Kan ikkje garantera at det stemmer 100%
  6. Er jo 308 Sako som har posta dei bileta i den tråden og, med forklaring om at dei er frå ei amerikansk side
  7. Akkurat no får Nøgne Ø Dark Horizon Third Edition den tvilsame æra av å verta det fyrste ølet eg konsumerar i år. SKÅL
  8. SAK demper, om jeg ikke tar mye feil... Det er nok heilt korrekt, Flashman Eg lånar eit av bileta dine, Nordlandsdreveren.
  9. @Evert: Denne Hogan-demparen kjente eg ikkje til. Er det denne du siktar til? http://www.solware.co.uk/centrefire-rimfire/Hogan-DecimEater-Moderator-Silencer.shtml Eg ser og at Jaktdepotet sel ein Hogan Rimfire til kr 595 http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=25756446 Veit du om det er den same demparen?
  10. Det var verkeleg ei fin og informativ side, Trond. Den skal bokmerkast
  11. Eg har lurt litt på å pensjonera Parker Halen og handle meg ein ny lyddempar til Anschützen. På grunn av dette søkte eg litt rundt på nettet for å finne ut kva demparar som fins på marknaden. Eg fekk då ideen til å laga ei lita oversikt til hjelp for meg sjølv, og forhåpentlegvis og til hjelp for kammerbrukarar. Oversikta er basert på data frå produsentar og forhandlarar, og vil dekkje produksjonsland, materiale, dimensjonar, vekt, bruksområde (kalibre), støyreduksjon oppgitt frå produsent/forhandlar, pris (per 06.12.10) og eit bilete av demparen. Når det gjeld støyreduksjonen så er det som sagt tal oppgitt frå produsent eller forhandlar, og på grunn av ulike målingsmetodar, ammunisjon,verforhold osv, så er nok desse heller lite samanliknbare. Eg treng hjelp frå dykk til å gjera oversikta så komplett som mogleg. Som dykk ser, så er det ein del opplysningar som manglar. Desse vert merka med RAUDT. Eg set og pris på brukarane sine erfaringar med demparane, og ikkje minst tips om andre demparar. Demparar i oversikta: Hausken Mini A-tec CMM 4 Rimfire ALM's Kompaktdemper ALM's Standarddemper GTE Lyddemper 22LR Sako Quad lyddemper Ase-Utra Rimfire Suppressor Oulun Työstökeskus SAK Rimfire Schultz & Larsen Hardcore FMD 30 JAKI Cal.22 Parker Hale .22 Schölin alu Schölin pistol SAI 22MAG SAI Scout22 SAI Hawk22 Hausken Mini Noreg Aluminum Ø35 x 128 140g opptil .22-250 oppgitt 18 dB kr 1490 (Jaktpartner Elverum) manglar bilete A-tec CMM 4 Rimfire Noreg Aluminium Ø30 x 141 105g .22 LR, 22 WMR, 17 HMR Har lest ein stad at forgjengaren CMM 6 Rimfire og kunne brukast med .22 Hornet. Veit nokon om dette og gjeld for denne? ? dB kr 449 (Winge Våpen) Moduldempar, kan forlengast med fleire modular om ein ynskjer det. Bilete henta frå xxl.no ALM's Kompaktdemper Noreg Stål med plastinnmat (fins og i rustfritt) Ø24,6 x 153 165g .22 LR (ikkje for høghastigheitspatronar) ? dB kr 699 (alm) Bilete henta frå alms.no ALM's Standarddemper Noreg Stål med plastinnmat (fins og i rustfritt) ø24,6 x 210 mm 220g .22LR (ikkje for høghastigheitspatronar) ? dB kr 865 (alm) Bilete henta frå alms.no GTE Lyddemper 22LR ? Usikker på kva materiale som er brukt ø25 x 215 150g .22 LR ? dB kr 400 (J&F) Bilete henta frå jaktogfriluft.no Sako Quad lyddemper Finland Aluminium ø? x ? ?g ? ? dB Kr 490 (J&F) manglar bilete Ase-Utra Rimfire Suppressor Finland Stål ø28 x 165 280g .22 LR, .22 WMR, .17 HMR oppgitt 28-32 dB kr 1195 (schou) Bilete henta frå aseutra.fi Oulun Työstökeskus SAK Rimfire Finland Aluminium ø35 x 145 160g .22 LR, .17 HMR, .22 WMR, .22 Hornet oppgitt 31 dB kr 729 (artemis.as) bilete henta frå ouluntyostokeskus.com Takk til Nordlandsdrevern for bilete Schultz & Larsen Hardcore FMD 30 Danmark Aluminium med stålkjerne Ø30 x 160 130g .22 LR, .22 WMR ? dB kr 790 (Jan Sakshaug Sport AS) Moduldempar Bilete henta frå Sakshaug si annonse på finn.no JAKI Cal.22 Finland Aluminium ø30 x 150 80 g .22 LR Oppgitt 26 dB 45 EURO frå produsent. Eg har ikkje funne nokon norsk forhandlar manglar bilete Parker Hale .22 England Stål ø23 x 180 220g .22 LR ? dB kr 395 (Jaktdepotet) eige foto Schölin alu Noreg Aluminium ø25 x 165 105 g .22 LR ? dB kr 650 (Schölin Våpenrekvisita) manglar bilete Schölin pistol Noreg Usikker på kva materiale som er brukt ø25 x 225 150g .22 LR ? dB kr 900 (Schölin Våpenrekvisita) manglar bilete SAI 22MAG Danmark Aluminium og karbonfiber ø? x ? ?g .22 LR, .17 HMR, .22 WMR ? dB kr ? bilete henta frå sai.dk SAI Scout22 Danmark Stål ø? x ? ?g .22 LR ? dB kr ? bilete henta frå sai.dk SAI Hawk22 Danmark Usikker på kva materiale som er brukt ø? x ? ?g .22 LR ? dB kr ? bilete henta frå sai.dk Schölin våpenrekvisita sel ein SAI-dempar i stål til kr 540. Den har dimensjonane ø27 x 155, og veg 200g. Dette er anten Scout22 eller Hawk22. Brukaas Sport har og ein til 550. Eg trur det er den same som Schölin har. Har nokon opplysningar om dette?
  12. Eg reknar med at DENNE farbrikken er opphav til desse siktene
  13. ja http://www.midwaynorge.com/apps/eproductpage.exe/showproduct?SaleItemID=573404
  14. I lenkja til "Kan hagla mi skyte stålhagl? Svaret er her" viser kun sjølve lenkjeadressa. Eg reknar med at dette er ein liten glipp. Dessutan syns eg at fat_dog86 sin tråd Bruktlister - Samletråd, er ein fin tråd. Det same gjeld denne: Støp kulene dine selv – En introduksjon. Eg vonar at desse vert tekne opp til vurdering.
  15. Dette med bladlengde under 6 cm gjeld, såvidt eg veit, kun om du vil ha kniven med deg på fly.
  16. Har du fått testa kameraet, og fått nokon synpunkter på det?
  17. sachs motor

    salong

    Ser man det, ser man det. Det var det eg tenkte då eg såg den Winchesteren; at den likna svært mykje på ein Toz. Greitt å få det bekrefta
  18. Eg bestilte for fyrste gong hjå Jaktfall på tysdag denne veka, dagen etter kom det mail om at pakken var sendt. Utruleg bra! Eg hadde på ingen måte forventa at det skulle la seg gjera å få sendt det såpass fort, men pakken er no vel framme, og eg er svært nøgd med handelen, og kjem til å handle meir der om eg skulle ha behov for (eller lyst på) noko dei sel.
  19. sachs motor

    Whisky

    Har du fåt testa Arranen noko meir, MADMADS? Sjølv hadde eg tidlegare i år ein Arran Single Cask,destillert i 1998. Den var til og med individuelt nummerert i rekkefylgja av flasker tappa av tønna (56/194). Utruleg spanande sak. Det er ganske artig med whisky frå eit såpass ungt destilleri. Det vart vart vel starta i 1995, eller noko slikt, som det aller fyrste lovlege destilleriet på øya Arran nokonsinne
  20. To små flasker med Nøgne Ø Dark Horizon Third Edition er handla inn, og ventar på konsumering ved eit passande høve.
  21. Nok ein falsk Bushnell som ventar på ein lettlurt stakkar http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/annonse?finnkode=25523074 Rapportert til finn.no Edit 22.11.10: Då var annonsa fjerna frå finn.no
  22. No til dags heiter børsa Finn Classic og Aaberg er importør. Ein heil del butikkar sel Finn Classic , og skaffar og ekstra piper. Det luraste er nok uansett å sjekke bruktmarknaden. Der kan det vera gode kjøp å gjera.
  23. Ut frå linken i innlegget til Solheimen, så kan det sjå ut som at det er ein Mikka Clemece som står bak lakkeringa. Ved litt googling på det namnet kom eg fram til denne nettsida: http://www.chromopaint.no
  24. Meiner å ha lest noko her på forumet om at italienarar ofte brukar rifla chokar til rugdejakt på korte hald.
  25. sachs motor

    salong

    http://www.qxl.no/pris/sport-fritid/jakt/jaktvaapen-rifle/brno-mod-2-cal22/v/an622508948/ Sjekk ut denne. Brno mod. 2 er kjent som gode børser.
×
×
  • Create New...