Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Vapentidningens store test i 2004 er ikkje den siste dei har hatt. Dei hadde faktisk ein stor test også i 2012. Dessverre har eg ikkke det nummeret,men såvidt eg forstår så var det ikkje så store variasjoner fra tidligere tester. Zeiss sine HT modellar var ikkje med i testen, da den nok ble gjort før dei kom. Ellers fikk visst Kahles bedre score enn sist, etter det eg har lest så hadde dei med anna høgst målt lysgjennomgang.
  2. Eg har i ein del år lada 165grains Interbond i 30-06 til hjortejakt. Kula har felt hjort heilt fint.Lite kjøtskade , veldig synleg skotreaksjon på den som ikkje datt på stedet og gjennomskot på alle dyr. Woodleigh har eg aldri prøvd,men når eg er så fornøgd ser eg ingen grunn til å byte til ei dyrare kule.
  3. Er det nokon som veit kvar ein kan få kjøpt ei slik hette http://www.sasta.com/en/products/green#tags=16 til Sasta jaktjakke? Eg hadde nokr hetter frå andre jakker som eg prøvde,men dei passa ikkje med trykknappane som er på Sasta jakka mi.
  4. Eg brukar og Safari Sling reim på begge mine jaktrifler, faktisk er vi 4 stykker på jaktlaget som brukar dette. Heilt uvurderlig til vår type hjortejakt, det gjer klatring i ulendt terreng og bratte lier mykje enklare. Og for meg som brukar bandhund på jakt er reima nesten heilt nødvendig. Kan og tenke meg den passar fint ved ettersøksarbeid der ein må vera klar til raske skudd. Ein kan bere rifla slik som i denne demonstrasjonen,men vanlegvis har eg rifla meir liggande slik som på bildet til Mauser68 . " target="_blank
  5. Takk for svar det var omtrent det eg visste fra før av,men er enig i at det virkar forvirrande med ulike målemetodar, spesielt når det er 2 ulike metodar som oppgir i gram og klesprodusenten sjelden eller aldri oppgir kva slags metode som er brukt. Kan ta med at ein jaktdress som mange kjenner til Norrøna Finnskogen har RET 9,men etter det eg skjønar så har Finnskogen no gore-tex membranen laminert til ytterstoffet med eit laust for innafor(2 lags),mens den tidlegare hadde membranen laminert til innerforet (LTD liner) Norrøna Dovre har til samanlikning RET ned til 4. Kanskje noko for Forbrukarrådet slik at me kunne fått ein felles standard eller i det minste at produsentane oppgav kva slags testmetode dei brukte? Når det finns EU standard for krummingen av agurk burde det vera ein standard for måling av pusteegenskapene til membran klær. Her er litt info som kanskje gjer ein litt klokare,men om tala her er heilt korrekte skal ikkje eg ha sagt http://www.spadout.com/a/how-breathable ... in-jacket/" target="_blank" target="_blank" target="_blank For eksempel oppgir spadout at gore-tex performance shell har RET 13 ,mens denne sida seier 7 http://www.schoeffel.de/1/service/mater ... nce-shell/" target="_blank" target="_blank
  6. avtreksfeil eg ser at du omgjorde "pusteegenskaper" på 6000 til ca 12.5RET No har det ergra meg i lang tid at produsentar brukar ulike måleeinheiter for pusteegenskaper. Vassøyla er grei ,men korleis omgjer du 6000( det er vel gr/per 24t om eg hugsar rett?) til RET? Vassøyle på 10000mm er kanskje ikkje så mykje i forhold til Gore-Tex på 28000mm,men det blir likevel rekna som vasstett. Tekstiler blir rekna som vasstett ifølgje internasjonale tesmetoder ved 3000mm,men dess høgre dess bedre. Og det blir stillt litt andre krav til klær enn for eksempel teltdukar. Derimot vil ein merke bedre forskjellen på pusteegenskapene, ved rimelige og dyre tekstilar. Derfor er det dumt når gore-tex oppgir ein standard ,mens mange andre brukar tal som for eksempel 6000. Norrøna oppgir på sine sider tall i RET. For eksempel ser eg ein del Pro-Shell GT jakker med RET på 4 t.d Svalbard og andre 2 lags jakker GT(Performance Shell?) med RET 5 . Ein må og ta hensyn til ytterstoffet,innerstoffet, om klærne har masse lommer,fleecefor,luftemuligheiter osv. Eg har ikkje sett nokon omregningstabell for pusteegenskapene ,men kan tenke meg at RET 4-5 betyr godt over 20000. Og da merker ein veldig godt forskjellen ned til 6000. Ellers har eg sett billige klær med pusteegenskaper på berre 3000, prøvde ein slik cap ei gong og den pusta elendig,men våt i regnet vart eg ikkje. Eg fant forresten denne på www.hundekjoring.no RET-test Resistance to moisture vapour transmission – Sweating hot plate ISO-1092: Det finnes en rekke tester som måler pusteevne på tekstiler. RET-testen er kanskje den mest pålitelige da den kombinerer laboratorietester og tester med mennesker som faktisk bruker tekstilene under fysisk aktivitet. Det bør bemerkes at testene gjennomføres med rene tekstiler som ikke er utsatt for møkk, fett og hundesikkel. RET 0–6: Svært bra eller ekstremt pustende. RET 6–13: Bra eller veldig pustende. RET 13–20: Tilfredstillende eller pustende. RET 20–30: Utilfredstillende eller svakt pustende. RET 30+: Utilfredstillende eller ikke pustende.
  7. Norwegianwoods for å sette det på spissen slik som du gjer, Viss folk er så forfengelige at dei ikkje kan bruke signalfargar på jakt så kan dei heller ta seg ein tur på byn.
  8. Ein ting er å treffe ein blink på 5-6cm som nemnt i denne diskusjonen på 150m avstand,men er det alle som kan sei heilt sikkert kor i halsen/nakken på elgen denne 5-6 cm store blinken er? Og er det alltid like lett å treffe dette området avhengig av korleis dyret dyret held nakken/halsen?
  9. Sjølv om eg ikkje har fått brukt Sasta Kiuta buksa som eg nemnte så mykje var eg så fornøgd med den at eg også kjøpte jakka. Dette er forholdsvis lette enkle plagg uten masse lommer og (fleece) for som hindrar pusteevna. Kjem tilbake seinare med rapprot når eg har fått brukt dei meir.
  10. Uten samanlikning for øvrig: Eg har sjølv sett hjort skote i bevegelse på vel 100m, rett i nakken og dyret døydde på stedet. Kva så, dyret datt så det er vel ikkje noko å diskutere meiner vel kanskje einkelte. Vel han sikta midt i "sirkelen"..........og traff i nakken og det på sin første hjort. Seinare har han aldri prøvd på slikt meir.
  11. Her er eit sikte som kostar litt over det trådstartar nemnte som aktuell sum,men eg tar det med likevel da kanskje andre som og er ute etter billig og grei optikk er innom tråden. Det gjeld samme sikte som er nemnt i ein annonselink,men her er det nytt i butikk: Gmax selger faktisk Docter VZF 3-12x56 for 5999kr http://www.gmax.no/produkt/680778%28BC_ ... kertsikte/" target="_blank Dessverre så virkar ikkje linken om du klikkar på den,men om ein kopierer den og legg den i nettlesaren så virker den. (Fixet den. Jegermeistern.)
  12. Eg kjøpte i dag ei ny bukse Sasta Kiuta som eg fekk billeg. Antakelig er dette ein utgåande modell då den ikkje finns på sida til Sasta lenger. Kanskje litt dumt å spørje om erfaring frå andre brukarar etter at eg har kjøpt buksa,men eg måtte nesten slå til pga dette var siste eksemplaret butikken hadde. Dei hadde og inne ein modell Aapa som virka litt stivare og sannsynlegvis meir slitesterk,men også langt dyrare. Etter det eg forstår så ser eg på einkelte nettsider at Kiuta har LTD liner type gore-tex ,mens Aapa har 2 lags GT. Det står Performance Shell på merkelappen,men det går vel meir på bruken enn direkte på gore-tex typen eller tar eg feil? Buksa (+ ein del anna tilbud ) finn du her http://www.vapenandresen.no/tilbudstorg_1" target="_blank Nei det var ikkje der eg handla,faktisk er dette enda billegare en det eg betalte,men inkludert frakt så hadde det nesten blitt det samme.
  13. -Jegere dømt etter fylleslag i Karasjok: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/kri ... 33440.html" target="_blank
  14. Det enklaste er å gå direkte til http://www.hjorteviltregisteret.no For øvrig så ligg det under Kammerets emne "Storvilt" ein direkte linkt til www.hjortevilt.no som er ein portal for elg,hjort,villrein og rådyr
  15. Har i nokre år brukt denne kula i 30-06 ladd med 58 grains N-160 til hjortejakt og er svært så fornøgd. Hastigheita i mi rifle med 56cm løp er litt over 830 m/s.
  16. Sidan du bur i Målselv kan du jo kontakte Polar Zoo kanskje dei kan hjelpe deg.
  17. Kanskje ikkje heilt det du er ute etter sidan dette neppe passar til turbukser,men kanskje noko av det kan brukast til overtrekksbukse til stillejakt? Uansett så passar dette ypperlig til under eller mellomlagsklær http://www.janusull.no/produkter/63/ull-paa-rull" target="_blank" target="_blank" target="_blank Her er ein anna forhandlar som har stort utvalg i stoff sjølv om eg ikkje finn akkurat den bomull/polyester blandingen du etterspør. Blant anna mange ulike ullstoff egna som utapåklær inkludert vadmel i 100% ull med Teflonfinish. http://www.tekstil.no/default.htm" target="_blank
  18. jonbjornsen Kanskje du kan ta ein kikk i denne boka som kan lesast på nett? http://www.nb.no/nbsok/nb/37f5311874c3f ... ?lang=en#1
  19. Her er litt ladedata fra Speer med denne kula,men dessverre uten nordisk krut http://www.speer-bullets.com/pdf/30-06S ... C_2027.pdf Og her frå Nosler i tilsvarande kulevekt,men her og med Vihtavuorikrut http://static.squarespace.com/static/51 ... %207-0.pdf Har sjølv i nokre år brukt brukt 58grs Viht. N-160 bak Hornady Interbond 165grs som gav ein hastigheit på 835 m/s (2740fps) i ei rifle med 56cm løp. Dette stemmer ganske bra med Nosler sine ladedata for samme ladning.
  20. Her er litt ladedata frå Nosler angåande Accubond 150grs i 308win. http://static.squarespace.com/static/51 ... %207-0.pdf" target="_blank Vihtavuori N-140 var faktisk det krutet av dei som var testa som gav best presisjon med 150grs kuler ifølge Nosler.
  21. No skal ikkje eg meine så mykje om dette,men eg har eit spørsmål til de som har skrive innlegg her i debatten: Kor mange er det som brukar vanlege konvensjonelle blykuler på storvilt? Tenker då på kuler av typen Hornady Interlock, Sellier&Bellot, Sierra Gameking osv
  22. vest

    Jaktklær London

    http://www.farlows.co.uk/ Denne har eg sjølv besøkt. Om det er "folkelige" prisar kan vel diskuterast,men eg syntes no dei var overkommelige. Britiske jaktklær er uansett ikkje billigklær. Trur du skal klare å finne det du leiter etter til under 5000. For eksempel Barbour Tweed nikkers på salg til 99 pund er vel ikkje så gale?
  23. Sniper-Arne i ditt tilfelle kan det sjølvsagt vere tennhetta det var feil på,men drog du ut kula for å sjå tilstanden på krutet?
  24. For 10 år sidan testa eg hunden min på bjørn i Namskogan, i den sammhengen hugsar eg at ein kunne få kjøpt skinnbitar av bjørn til hundetrening, så kanskje du kan ta kontakt med ein av dyreparkane i Norge som har bjørn? Namskogan, Polar Zoo eller kanskje bjørneparken på Flå? Alle desse har dreve med hundetrening på bjørn.
  25. ladebenken Det du beskriv var omtrent slik som eg gjorde det, forskjellen var at eg brukte lågare temperatur kanskje 75 grader, trur eg hadde varmluftsvifta på i ca 45 minutt. Etterpå tørka dei nokre timar kanskje 3-4. Normalt lar eg dei tørke minst til neste dag, helst fleire dagar. Dette førte til klikk på nokre patroner , ved åpning såg eg tydeleg at krutet hadde delvis klumpa seg og eg kunne kjenne at det var vått. Eg fekk ein anna kar som har kuleutdragar til å hjelpe meg og han heller var ikkje i tvil om kva som hadde skjedd når han såg tilstanden til krutet.
×
×
  • Create New...