Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. vest

    Kva er VILTPLEIE ?

    mork du brukar ofte ordet atlege, kva meiner du med det? Eg trudde du meinte nedlagt slåttemark ,men i og med ditt siste innlegg så er eg faktisk i tvil om kva du egentlig meiner. Så du meiner at årsaken trekk til skog skuldast klimaendringar er klimaskapt? Vel det kan vel ikkje utelukkast at det er ein medvirkande årsak,men to andre viktige årsaker er endra bruk av beite og ikkje minst at folk har slutta med stølsdrift og at vi i dag brukar elektrisitet til oppvarming. Når ein tenker på kor mykje ved som gjekk med før mot no i dag så er det ikkje rart det aukar med skog mange stader. Forresten så står mykje hjort ofte til fjells utimot november der eg jaktar sjølv om det finns "grøne" marker nede i dalen, alt avhengig av snøsituasjonen. Det er vel rett å sei at det finns hjort både til fjells og nede i dalbotn på denne tida og ein del vandrar nok opp og ned og brukar begge områder.
  2. No fann eg det, http://browning.eu/products/mresult.php ... A-BZWAFFHC
  3. Eg meiner å ha lest nyleg i eit eller anna jaktblad ar Browning BAR no skal komme med oppspennar sikring , noko ala Sauer 303. Eg kan ikkje finne igjen bladet og finn ikkje noko på nett om det. Er det eg som hugsar feil eller er det nokon som kan bekrefte dette. I tilfelle det er rett så blir ein BAR mykje meir interessant.
  4. vest

    Kva er VILTPLEIE ?

    eies har du sett julinummeret av Jakt og Fiske ? Der er temaet nemlig viltstell.
  5. vest

    Kva er VILTPLEIE ?

    Eg trur du jmonsen misforstår eies, han stiller spørsmål om kvar skal grensa gå for viltstelltiltak. Vil vi ha ein natur som vi skal styre heilt, eller vil vi ha litt villmarkspreg? Skal det vere eit mål at norsk jakt og viltstammer skal vere mest muligt slik som det er ellers i Europa? Det er det eg oppfattar at eies spør om, og eg greier ikkje å lese at han er 100% mot viltstelltiltak,men at han spør kor går grensa.
  6. vest

    Kva er VILTPLEIE ?

    Når eg såg kva dei andre her forklarte viltpleie med så slår det meg at det dei snakkar om er det ein kallar viltstell . Eg har faktisk ei bok som heiter : Praktisk viltstell(Landbruksforlaget) av Olav Hjeljord. Og les ein kva han skriv så er viltstell mykje meir enn tilllegsforing og kapping av greiner o.l Viltstell er ikkje kun for jaktbare viltart,men også anna vilt. Boka er skriven med jegeren og grunneigaren som målgrupper,men det er også med litt om tiltak for andre artar som ikkje er jaktbare. Hjeljord deler viltstellet inn i tre faser 1.Registreringer av symptomer 2.Finne årsakene 3.Sette inn aktive tiltak Så kvifor bruke ordet viltpleie når vi har det godt innarbeidde ordet viltstell? Høyres det kanskje litt finare eller meir moderne ut? Dei andre sine forklaringar er greie nok,men viltstell består av temmeleg mykje, også planarbeid (t.d. forvaltningsplanar) og vern av leveområder for eksempelvis villrein kan sjåast på som viltstelltiltak. Litt utanom tema til slutt, Hjeljord har faktisk klart å skrive ei heil bok om viltstell uten å bruke det forslitte uttrykket, spesiellt ofte brukt av politikarar "å legge til rette for". No var rett nok dei som brukte det uttrykket her litt meir konkrete enn så,men uttrykket i seg sjølv seier lite. Neste gong de høyrer ein politikar seier dei skal "legge til rette for " eit eller anna spør dei konkret kva dei skal gjere i praksis, legg då merke til kor vage dei blir i formuleringane.
  7. Berre eit lite spørsmål, er det nokon som har ein godkjent ettersøkshund som har prøvd å gått eit spor uten å merke med blod, berre for å sjå om hunden følgjer sporleggars spor? At hundar kan følgje menneskespor veit vi,men eg tenkte om nokon som ikkje har trent spesiellt på dette har prøvd det berre for å sjå om det er forskjell på eit slikt spor med og uten blod.
  8. Kanskje frivillige kunne gjort ein undersøkelse på ettersøk gjerne i samarbeid med NJFF,NKK eller andre noko ala det som vart gjort på Bedre Jakt undersøkelsen? Slik som det er no så føler eg at det manglar meir konkret data.. Med så mange hundeekvipasjar som finns her i landet så burde ikkje dette vera umulig.
  9. No er ikkje eg eies ,men finns det nokon som helst dokumentasjon eller undersøkelse som viser at hundar som faktisk blir brukt til ettersøk er for dårlige? Eg ser for meg at problemet er at hundar som er godkjente, enten det er på den eine eller andre måten blir for lite brukt til ettersøk, ikkje nødvendigvis at prøven er for dårlig. Her kunne det vore gjort undersøkelsar/prosjekt frå praktisk jakt der ettersøksekvipasjar som var utkommandert sendte inn info,men nei då velger heller DN å spore på gps merka friske dyr og drar så ein konklusjon på bakgrunn av dette. For meg blir dette altfor spinkelt, spesiellt når dei samtidig skriv at muligens kunne hundane fungert bedre på skadde dyr. Kanskje bør dei ha litt breiare grunnlag før dei uttaler "muligens"? Rapporten frå NINA ligg forresten her http://www.nina.no/archive/nina/PppBase ... 11/688.pdf" target="_blank Merk at alle hundane var godkjent på fersk og blodspor. Ein må og sjå på dei praktiske konsekvensane av å innføre ein vanskelegera prøve, noko som sannsynlegvis vil føre til færre hundar, er sjansen for at hundar då blir MEIR brukt enn i dag? Eg tvilar på det. Skulle noko gjerast med ettersøk så er det heller holdningsskapande arbeid blant jegerane for at dei oftare skal bruke ettersøkshund. Når jegerar enkelte stader mange gonger skyt på dyr som dei ikkje finn utan å tilkalle ettersøkshund så seier det meg at det er jegerane det først og fremst er noko feil med , ikke ettersøkshundane. Kva gjer DN med dette? Jau dei endrar berre på reglane for prøven til ettersøkshundane, i første omgang jaktpremierte hundar.
  10. Eg har ikkje fått med meg den nye forskriften sjølv om eg veit temaet har vore diskutert, er det nokon som har ein link til den? Betyr det i såfall at jaktpremierte hundar som kanskje har vore brukt i årevis på jakt og/eller ettersøk må ta blodsporprøven for å kunne fortsette? Om desse hundane då ikkje vil gå kun på blodspor skal dei då miste godkjenninga eller gjeld dette berre nye hundar? Har bruken av jaktpremierte hundar i eige lag verkeleg fungert dårleg til ettersøk? Eller er det mest synsing frå dei som vil legelen til livs? Finns det dokumentasjon/ undersøkelsar som viser at dette har fungert dårlig? Eller er dette basert på denne prøvesporinga med gps bruk ? Sjølvsagt må det vera lov å diskutere dette,sjølv om forskrifta alt er vedtatt. Når ein ser på kor mykje andre lover og reglar om jakt m.m.som er diskutert på Kammeret så skulle det da berre mangle om ikkje også dette blir diskutert her. Forresten så er det i Sverige bruk av viltdel på blodspor,(rett nok har ikkje dei samme ettersøksgodkjenning som i Norge),mens i Norge brukar ein berre blod. Er det for at i Norge så meiner ein det blir for lett om det også luktar vilt i sporet? Hugsar godt kor heftig dette var debattert før innføringa av krava om ettersøkshund kom i 1994. Når det gjeld nevnte artikkelforfattar sin påstand om at elghundjegerane var late og ikkje dreiv vedlikeholdstrening, så lurere eg på kor han har dette frå? Og står det så mykje betre til med dei som alt er godkjent på blod? Er det verkeleg alle som trenar på blodspor etter at blodsporprøven er bestått? Eg trur han like godt kunne stillt dette spørsmålet generellt til alle som har godkjent ettersøkshund. Eg driv forresten sjølv og trenar med to vaksne hundar på blodspor for å sjå om dei kanskje kan bli godkjent og for å aktivisere dei. Kjøpte i den forbindelse masse blod, spurte så ein som har godkjent hund om han ville ha litt. Fekk til svar at hunden hans var godkjent så det trengte han ikkje. Medan eit par andre som er verkeleg ivrige med sine godkjente hundar gjerne ville ha blod til å trene . Når den interkommunale ettersøksringen fortel at dei i fjor hadde 2 ettersøk under jakta så fortel det meg at enten er det knakande gode jegerar her eller så blir det slurva med ettersøk. Og når ein finn daude påskotne hjortar som ingen vil kjenna seg ved trur eg at eg veit svaret. Det største problemet med ettersøkshundane er ikkje korleis dei blir godkjent eller rase,men at dei blir alt for lite brukt. PS ser no at jaktlykke nemner at det kanskje er på tide å modernisere prøven angåande det kunstig utlagte sporet. Vel om ein gjer som i Sverige og brukar viltdel, så ser eg for meg at ein del kjem til å sei det er for lett. Det må dei gjerne gjere,men blir det meir urealistisk enn eit blodspor uten viltlukt?
  11. Fekk siste nr av Jakt og Fiske i dag. I siste utgåva og tidlegare har det vore ein del debatt om ettersøkshundar. debatten vart starta av Magne Klokset som sikkert mange kjenner til . Etter det eg forstår så vil han til livs regel om "Hund godkjent til eige jaktlag" da det etter hans meining ikkje fungerer. Han meiner ikkje at elghundar ikkje fungerer på ettersøk,men at det er feil med eigarane som ikkje vil drive vedlikeholdstrening til ettersøk. Han stiller faktisk spørsmåla; Er elghundjegerane late og ikkje orker legge ned arbeid på hunden? Eller er elghundrasane med sitt sterke overværsbruk uegna som ettersøkshund? Slik eg tolkar han så meiner han dei er egna viss hundeeigar legg ned arbeid og trener på ettersøk på bakken. Da kjem eg til spørsmålet mitt er det verkeleg sånn at ein hund kun kan lukte såra vilt på bakken? Klarer ikkje ein elghund å skille ut såra individ på overvær? Dette har eg sjelden sett diskutert, og eg har inntrykk av at dei "fleste" kun trur ein kan følgje såra storvilt ved lukt på bakken eller vegetasjon,men ikkje i lufta? Eg har snakka med ein del som driv ettersøk som ikkje har elghund som nedvurderer elghundrasene fordi dei etter deiras meining for lett går på overvær. Kva om om dei faktisk finn det såra individet på overvær? Det må vel i såfall vera ein god eigenskap, sjølv om ein dommar trur det er tap om hunden ikkje vil spore på bakken,men heller finn dyret på overvær. At det sjølvsagt kan finnes hundar som går av sporet og finn andre friske dyr på overvær er heilt sikkert, på samme måte som det finns hundar som blir sett på sporet av såra dyr og endar opp på eit anna friskt dyr. Eg vil fram til om det finns hundar som er "spornøye" også på overvær (kall det gjerne individ nøye) akkurat som på spor på bakken? Er det nokon som har erfaring med dette?
  12. Såg forresten på medlemslista, veldig mange er lagt til av andre. Med anna var NJFF Sogn og Fjordane lagt til.......
  13. villreinjegeren skal du slutte/har du slutta som ettersøksinstruktør i Jakt og Fiskeakademiet Innlandet-NJFF Hedmark og Oppland?
  14. Fikk avtrykket mitt justert slik Hydrox beskriv, av Våpensøilen som solgte meg Rugeren. Har ikkje målt trykket,men for meg er det i alle fall heilt perfekt.
  15. vest

    Lokking av rev.

    Erikr ja eg er klar over at dei har ein større bestand,men det er eit uttrykk som heiter; "Det dug ikkje uprøvd"..... om ein ikkje klarer å få til vanleg gaupejakt med stort mannskap og ein har mistanke om at det er gaupe i området så går det an å prøve , istadenfor å sei uff nei me klarte visst ikkje å samle nok folk så det får vera med gaupejakt denne helga. Visst er det vanskelig å lokke gaupe ,men om det heller skulle komme rev så er jo ikkje jakta heilt bortkasta heller.....
  16. vest

    Lokking av rev.

    revjegern det var sikkert ei veldig spesiell oppleving I USA og Canada så lokkar dei faktisk alt mulig slags rovvilt med lokking. Eg har jo stillt spørsmål her om kvifor ikkje prøve det for eksempel på gaupejakt,men det har vore minimal respons. Ved å søke på nettet så finn du meir om lokking av bjørn. Her er eit eksempel
  17. Det er skivebom å komme med aprilspøk 28.mars, omtrent like feil som å feire 17. mai 13.mai.
  18. Angåande ørnerovet på Leka hadde slikt skjedd i dag så hadde det garantert også blitt etterforska opp i mot tobeinte...men det har eg ikkje ein gong sett nevnt i det heile tatt.Er det nokon som veit om denne muligheiten vart undersøkt?
  19. Og før no endå fleire stiller spørsmålet om kvifor ikkje hunden blei henta før, eg lurte sjølv på det samme så får de forklaringen i linken til TV2 innslaget. Falck kravde betaling og dei hadde ikkje råd å betale av årsaker som blir opplyst om i linken, . Så eg gjentar ikkje mas meir om akkurat dette. Sjølv om den riktige eigaren ber om ro om saken og fortel at nye innehavar handla i god tru osv så meiner eg at dei versågod kan levere hunden tilbake. Dei må da no forstå problemstillinga, ellers synes eg dei berre er vrange. Så enkelt er det faktisk. FOD er for øvrig ute med propaganda der dei advarer mot programmet og seier dei berre var ute etter å hjelpe ein hund i nød. Ja jøss, det er nesten så eg blir flau av å høyre ei så dårlig "unnskyldning".
  20. Joda Loren Reese kjenner eg godt til. Har handla utstyr av han. Både fløyter og utstyr til å lage fløyter. Det ligg og ein film ute der han lokkar ulv.
  21. Eg har vore inne på temaet tidlegare ,men kvifor er det nesten ingen som prøver lokkejakt på gaupe? Ein av debattantane her har jo skote gaupe med denne metoden tidlegare,men slik jakt blir 0 debattert. Etter det eg forstår så er det av og til problem å få folk nok til den tradisjonelle jakta, ein er avhengig av sporsnø og terrenget set visse begrensingar. Kvifor då ikkje prøve lokkejakt? Går du 20 år tilbake i tid så trudde mange det berre var skryt og tull då John S Opdal for rundt og hadde foredrag om lokkejakt, ja eg trudde sjølv det. I dag har denne teknikken revolusjonert revejakta. Frå Amerika veit ein at det meste av rovvilt kan lokkast. Er det skepsisen til det som er nytt , eller er det berre det at folk rett og slett ikkje kjem på tanken som gjer at slik jakt nesten ikkje er brukt på gaupe?
  22. Eg synes ikkje det er merkelig at det er meir ulv og bjørn i Sverige enn i Norge. Kvifor skulle det vere merkelig?
  23. Problemet Rommling, er vel nettopp det at det ikkje er påvist at det er denne hunden som har drept sauene. Det var tross alt ein anna hund som var sett i samme område. Sjølvsagt skal ein gjere opp for seg om hunden gjer skade,men då må ein til gjengjeld kunne vere sikker på at det er eins eigen hund som har påført skadene.På bakgrunn av det som er komme fram her så veit ein ikkje det sikkert. Eller om det er rovdyr.
  24. Eg hadde ikkje tenkt å sei meir. FOD, politiet og Falck har fått velfortjent kritikk. Likevel synes eg at hundeeigar også må tole litt kritikk for alt rotet. Det er ikkje berre Falck som har brote ein avtale om henting av hunden.Om ein ikkje finles tidslinja så får ein nesten inntrykk av at det berre er dei andre som har brote avtalar. Det gjorde hundeeigar også då han ikkje kom for å hente hunden 24.oktober. Når han vel å legge ut ei slik sak på Facebook må ein rekne med å at det blir stillt spørsmål om kvifor han ikkje har henta den før. Det er tross alt han som legg den ut til diskusjon, da må han og tole dei ""ubehagelige" spørsmåla, men han treng sjølvsagt ikkje svare på dei. Mellom anna kvifor reiste han heller på jakt den 23.oktober istadenfor å hente hunden sin? Viss han vart overraska over desse spørsmål så føyer han seg inn i rekka av mange som ikkje heilt har fått med seg "sosiale"mediers virkemåte (eg brukar hermeteikn for eg synes facebook er veldig usosialt) . Berre tenk på ein del politikarars utsegn som har skapt reaksjonar dei ikkje heilt forventa, Dei andre instansane har hovedansvaret for denne situasjonen,men også hundeeigar må tåle kritikk. Eg meiner sjølvsagt at han ikkje fortjener å miste hunden av den grunn, og det har eg gjentatt gong på gong. Ellers synes eg det er rart at folk enno ikkje har klart å spore opp Shira. I alle fall er det ikkje offentleggjort opplysningar om dette.. Om eg visste kven innehavar var no så ville eg ha prøvd det eg kunne for at han skulle bli så pressa og få dårlig samvittigheit at han leverte fra seg hunden. FOD har alt fått ein lang epost frå meg der eg sakleg redegjorde for kva eg synes om deiras uempatiske og hjerteråe opptreden i saken. Trur de eg fekk svar? Nei, ikkje utover at dei takka for mine synspunkt og vidareformidla det til dei impliserte i FOD..
  25. På bakgrunn av det som har komme fram vil eg til slutt berre sei ein ting til: ID merk hunden din! ID merking er ikkje berre for hundar som skal på utstilling,jaktprøvar/ettersøksprøvar eller brukas i avl. Det kan spare deg for masse utgifter og ergrelsar....... Eg kunne ha sagt meir, etterlyst svar på ein del ting eg lurer på osv ,men trur ikkje det tilfører saka noko vesentleg difor stoppar eg med denne oppfordringa.
×
×
  • Create New...