Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Det går faktisk an å kjøpe dyre jaktkler billig om ein berre føl med på tilbud. Eg kjøpte i år ei gore-tex jakke og bukse ,av samme merke men ulike modellar, på tilbud til under halv pris av kva jakka kostar ordinært(og da meiner eg faktisk pris ikkje ein oppskrudd pris som butikken aldri har tatt). Dette var utgåande modellar av eit nordisk toppmerke. Jakka ligg no forresten på tilbud i ein av Norges mest populære nettbutikkar for 300kr meir enn eg betalte totalt for jakka og buksa. Sist eg kjøpte gore-tex klær til vanlig butikkpris var i 1994.
  2. http://www.svt.se/nyheter/regionalt/ska ... s-fangelse Samanlikna med straffenivået i Norge så vart dette hardt straffa.
  3. Eg kjenner dessverre til ei liknande sak der nokre få utnyttar mange små grunneigarar berre for at dei sjølve skal få drive jakt og nekte dei små i det heile tatt å vere med på jakta. Då folk protesterte så vart dei møtt med argumentet at slik har det vore i mange år og tenk om han "Ola" som har jakta der i mange år ikkje skal få vere med lenger berre for at andre skal få sleppa til...... Og då desse små grunneigarane sa at dei hadde nesten ingen ting igjen for å vera med så måtte dei jo hugse på at dei som jakta hadde fleire utgifter med jakta ,med anna så var jo ammunisjonen så dyr . Så klart måtte dei jo ha igjen for dette i form av nesten alt kjøtet, difor vart det ikkje så mykje igjen til dei andre grunneigarane som ikkje fekk vere med på jakta. Det enda seinare med at dei minste trekte seg ut for seinare å bli innlemma igjen ved bruk av paragraf 38 , for seinare igjen å få dette oppheva og per i dag så er dei ikkje med i valdet. Nokre av desse mange små ville at jakta skulle leigast ut på anbod og fordele leigeinntekt etter areal,men det ville dei som hadde jakta i området (altså nokre få av grunneigarane og deiras venner) ikkje ha noko av for da måtte dei jo betale for dette. Dei hadde jo så mykje utgifter ellers med jakta at det er jo forståelig....tenk berre på all den dyre ammunisjonen Å bruke paragraf 38 kan vera fornuftig utifrå eit forvaltningsmessig perspektiv,men å trumfe igjennom viljen sin slik at små grunneigarar blir heilt overkøyrt er ikkje bra. Då kan det vere fornuftig at nokon nøytrale kan gripe inn og hjelpe til.
  4. vest

    Opticron

    mp18, no har for eksempel Zeiss og Swarovski berre 10 års garanti,men eg trur ikkje så mange kundar går rundt og er bekymra når den 10 års perioden er gått ut. Eg har sjølv hatt den kikkerten du spør om viss det er FMTR-SX2 modellen du meiner. Og ja eg er heilt einig i testresultata til Kikkertspesialisten. Eg vil påstå det er den mest solide kikkerten eg nokon gong har hatt, og ja eg har eller har hatt både Zeiss,Leica og Swarovski.. Kanskje det ikkje er så prestisjefyllt med ein Fujinon kikkert , for ein del her her på forumet er det visst kun Zeiss som duger,men den kikkerten du spør om er fullt på høgde med dei beste tyske/austerrikske merka også optisk. Berre Fujinonen torde eg ha i kløven til hunden då eg gjekk til fjells med fare for støt mot steinar osv. Eg solgte den fordi den var noko stor og tung og kjøparen var minst like fornøgd med den som meg. NB! Viss du ser hos andre forhandlarar så er det nokon som oppgir 30 års garanti. Den eg kjøpte fyllte eg ut eit garantikort på som gjeld i 30 år,men det var ikkje hos Kikkertspesialisten.
  5. vest

    Opticron

    zeissoem2 Her er sitat frå Kikkertspesialistens innlegg: "Vi har aldri påstått at ”zeissoem2” har slengt kikkerten i bakken. All skriftlig korrespondanse kan motbevise dette. Men vi har sagt at kollimeringsfeil aldri oppstår uten ved støt. Vi har vanskelig for å forstå logikken i hans uttalelser når han samtidig skriver i e-post til oss 2. desember 2008: “For all del -det kan jo tenkes at noen andre her i hus har mistet den i gulvet uten at jeg vet om det.” Dette har det med andre ord aldri vært spekulert i fra vår side." Er det som dei siterer deg på rett gjengitt? I fall ja; kan kikkerten ha falt i golvet eller ikkje? Om ja, og kikkerten har falt i golvet er det din eller Kikkertspesialistens feil? Kan og ta med at diskusjonar der det har blitt feil på jaktoptikk ikkje er noko nytt. Det har skjedd før at leverandørar har sagt at feil skuldast for eksempel støt/fall mens kunden har benekta dette. Kunden har meint det var feil på produktet,mens merkets representant i Norge ikkje vil ta det på garantien ,men vil reparere mot betaling. Det skal leggast til at i dei tilfella eg kjenner til har ikkje kunden opna produktet for å sjå etter eventuelle konstruksjonsfeil. Dette er merkevare som her på forumet stort sett har fått skryt for veldig god service. Eg kan ikkje vite kven som har rett mellom zeissoem2 og Kikkertspesialisten berre så det er sagt ,men det skader ikkje å få ei sak opplyst frå begge sider.
  6. Eg kjøpte ein gong eit Tasco Euroclass for 2000kr, ja eg betalte nok altfor mykje den gong. For å sjå om det var brukande la eg det i håndvasken som var full i vatn for å sjå om siktet var tett. Det var det ikkje....... No meiner sikkert nokon dette er galskap,men tenk etter; om ikkje siktet held håndvasktesten kor lenge trur de at det vil holde seg duggfritt ute i felten? No skal eg innrømme at eg ikkje har prøvd dette seinare,men det har med at eg seinare har kjøpt dyrare optikk som eg har stolt på. Hadde eg hatt dårlig råd og måtte kjøpe billigsikte så ville eg fortsatt prøvd dette for å vera sikker på at det holdt mål. Og blir det lekkasje så er det greitt med god garanti og seriøs forhandlar. Eg veit for øvrig at einkelte jakt/våpenskribenter brukar denne metoden fast når dei testar nye sikter.
  7. Conquest 8x32 HD koster no under 4500kr uten rabatt.
  8. Her eri ein tysk test av skumringskikkertar http://www.manfred-alberts.de/fileadmin ... 0914_1.pdf" target="_blank Alle desse kikkertane får svært bra kritikk og ifølgje testen så kan ein sjå dyr med desse lenge etter at ein ikkje ser å skyte sjølv med topp kikkertsikte. Forskjellane er ikkje store, så for dei som vil ha meget bra optikk så får du svært bra kjøp for under 10000kr. Zeiss Conquest HD 8x56 går for kr 9599 hos XXL, Steiner Nighthunter Xtreme kr 7985 hos Dinkikkert, begge desse er med i testen. I tillegg fås to andre Docter som har svært bra kritikk for under 10000 nemleg Docter Nobilem 8x56 7695svkr Inkl moms hos Handladigitalt (dei trekk frå svensk moms ved sending til Norge,men så kjem norsk moms i tillegg) og Docter 8x58 B/CF green kr 7990 hos Magne Landrø Denne kikkerten er ikkje med i 8x56 oversikten frå Allbinos som kjøttjegeren linka til sidan denne er 58mm ,men ein finn resultatet ved å søke på testar av Docter hos Allbinos. Denne modellen er no ein del nedsatt i pris, antakelig fordi den går ut av produksjon. Dette er modellen cipheron har , så ja eg trur han har rett når han skriv dette er eit av dei beste kjøpa han noensinne har gjort til 4000kr hos XXL. Angåande pris så ser det ut til at der XXL kunne selge Zeiss Classic kikkertsikter superbilligt i Norge, ja billigare enn i nesten alle andre land så ser det no ut til at Zeiss Conquest HD håndkikkertserien har tatt over "topp kvalitet rimelig" statusen hos XXL. For ein skal leite lenge for å matche desse prisane i utlandet, eg har ikkje klart å finne dei rimelegare enn hos XXL. Sjølv om HT serien er litt bedre så synes eg Conquest HD er eit meget godt kjøp for pengane. Det går bra å bruke google translate e.l. for den som ikkje forstår tysk.
  9. Nei,men om nokon har gjort som du antyder så bør dei i alle fall ha såpass ærligheit i seg at dei kan stå fram og beklage det dei har gjort sjølv om det kan medføre straff og erstatningskrav. Folk som ikkje ser forskjell på ein drever og rev bør dei uansett vurdere om jakt er rette hobbyen for dei.
  10. http://www.binomania.it/ her finn ein mange testar av kikkertar, også av store skumringskikkertar. Ved bruk av oversettelsesfunksjonen så synes eg det fungerer bedre å oversette til engelsk enn norsk. Merk berre at dette er som forfattarane sjølv seier deiras subjektive meiningar sjølv om dei prøver å vere så objektive som mogeleg. Når eg samanliknar med www.allbinos.com så stemmer dei ganske bra med kvarandre der dei har testa samme kikkertar,men binomania er meir beskrivande i sin omtale. Når det gjeld Swarovski SLC 8x56 og 10x56 så er det viktig å hugse på at Swarovski også har brukt samme namnet på eldre utgaver,dermed det ikkje alltid så lett å vite når dei har gjort forbedringar På siste utgåva som kom i 2013 så ha Swarovski for første gang tatt i bruk Abbe Koenig prisme på sine 56mm modellar, samme type som Zeiss har brukt i dei fleste av sine modellar i ein årrekke. Denne type prisme gjer det i praksis lettare å få høgre lystransmisjon. Zeiss reklamerer heftig med 95% for sine nye HT modellar,mens Swarovski "berre" har 93% på sin nye SLC. På den andre sida så har jo 95% grensa for lenge sida blitt nådd av Docter,Fujinon og Steiner sine store porroprismekikkertar. Og faktisk så oppgir Swarovski 96% på sine gammeldagse Habicht modellar. I tillegg til dei kikkertane som er nemnt her i tråden så får av Binomania Docter sin porroprisme kikkert 8x56 Nobilem svært bra omtale(som den gjer i dei fleste testar), bra er og Doctor sin nye 8x56 ED og Minox 8x56 HG. Også Zeiss Conquest HD 8x56 får mykje skryt.
  11. vest

    Ny hund

    Vurder og Svensk kvit elghund.I Norge blir den brukt ein del som band og ettersøkshund. Og rasen er kjent for sitt særdeles gode gemytt.
  12. Sidan du var inne på Meopta så ta ein kikk på Meostar2 1.7-10x42 eller Meopro 3.5-10x44 Begge fås med rødpunkt,men til ulik pris.
  13. vest

    Kikkertsikteoptikk

    bosse Det er snakk om Schott ikkje Scholl.
  14. Oppgitt synsfelt på Docter Classic 1.5-6x42 på 100m avstand 19-7.1m, Kahles C 1.5-6 25-7.1m, CSX 27-7.1m , Swarovski Z6 1.7-10x42 25.5-4.2m
  15. Viss du treng lenger antenne for ytterligare å forlenge rekkevidden så kan eg anbefale ei teleskopantenne. http://www.permo.no/ har bra utvalg i radioutstyr. For eksempel MFJ-1714,men den var sist eg bestillte ikkje på lager. Bestillte då i staden ei MFJ-1818. I tillegg treng du ein overgang art.nr 55117 Med slikt utstyr når du mykje lenger enn ei skogsantenne på ca 50cm, den einaste bakdelen er at dei ikkje er så praktiske å gå med. Det går an å gå med dei samanslått då dei er berekna og til slik bruk ,men ei skogsantenne er nok bedre i skogen. Til postering og stasjonær bruk som til dømes i hytte er ei slik teleskopantenne suveren, om ein ikkje har tilgang på ei lang baseantenne. Eg har ei MFJ-1714 som eg har brukt mykje og eg er svært fornøgd då eg når utruleg langt. MFJ-1818 som eg kjøpte sist er litt kortare ,men er meir solid. Har ikkje fått brukt den så mykje enno så eg veit ikkje om det er noko praktisk forskjell frå MFJ-1714. I nokolunde flatt landskap veit eg ikkje om ei teleskopantenne betyr så mykje frå eller til,men der eg jaktar med mykje fjell og djupe dalar kan den ha avgjerande betydning også på kortare avstand.
  16. Du har selvfølgelig rett at viltets lidelse er det vikigaste, det var dårlig av meg og ikkje nemde det. Det var nok "feltkontrolløren" i meg som talte der. Poenget mitt var at reglane no er bedre enn før og det trur eg dei fleste er enige i.
  17. Er det nokon som har informasjon om kva slags ammunisjon jegeren brukte som førte til at det vart eit ettersøk? Om ettersøksjegeren har rett så var det gode treff ,men dei to kulene som traff i bogen nådde ikkje vitale organ skikkeleg, sånn som eg forstår kommentaren til slutt. Ellers var det interessant å sjå eit slik ettersøk i mørket, skulle ein ha fulgt dei gamle reglane og venta til neste dag så hadde ein risikert at mykje kjøt kunne hadde blitt kassert.
  18. Når eg nemnte drivjakt så kan det nok hende at andre heller ville kalle det eg snakkar om som trykkjakt, dvs nokre jegerar posterar,mens andre jegerar går sakte gjennom terrenget. Ikkje jaging med hoing og skriking for få fram dyr i full fart eller jaging med drivande hund,men nok om det. Eg har aldri brukt Accubond ,men eg slo opp i boka "Rifle bullets for the hunter"av Barsness, Boddington mfl og der får kula veldig bra kritikk. Det blir nemnt at den er ei blanding av maximum ekspanderende kuler dvs cup & core kuler og kuler som Oryx, Scirocco,Interbond altså kuler med stor ekspansjon og balanserte kuler som t.d. Barnes TSX altså meir penetrerande kuler. Med andre ord ei kule som gir forholdsvis stor ekspansjon og samtidig god penetrering eller sagt på ein anna måte ei god allround kule. I samme artikkelen advares mot høg hastigheit som over 3000 fps ved anslag,men da for vanlige cup & core kuler. Forresten så har Accubond sin slektning Partition eit rykte på seg for mykje kjøtøydeleggelse,men kan det rett og slett ha med skotplassering å gjere? For når ein les kva Nosler skriv sjølv så burde det ikkje vere så enorm forskjell i praksis http://faq.nosler.com/index.php?action= ... artlang=en" target="_blank" target="_blank
  19. jan.borge viss du siktar til mitt innlegg så kritiserer eg ikkje. Eg er berre nysgjerrig for det å klare så gode treff er ikkje så heilt lett. Mange klarer ikkje dette enten fordi dei ikkje skyt bra nok,men ved for eksempel drivjakt så har ein dårlig tid til finsikting og mange prioriterer då berre å treffe innafor "sirkelen" . Desse vil kanskje ikkje oppleve Accubond som korkje betre eller verre enn andre kuler med tanke på kjøtskade.
  20. KnuteriK kan du sei litt om kva slags type hjortejakt du utøver? Å klare å få perfekt skotplassering kvar gong krev ikkje berre ein svært god skyttar,men det seier vel og litt om kva type hjortejakt ein driv?
  21. Litt ytanom det du direkte spør om,men har du skifta overskrift på denne tråden fleire gonger? Tråden kjenner eg igjen sidan eg har svart i den,men synes overskrifta har endra seg etter kvart
  22. For max 6000kr ville eg uten tvil valgt den Conquesten du nemner om eg då ikkje hadde funne eit veldig bra tilbud på ein brukt kikkert.
  23. Når ein les politiets anbefaling om ikkje å forfølge saken då grunneigaren kan bli vrang og nekte vedkommande ferdsel i hans utmark så bekrefter dette berre det mange trur at politiet slettes ikkje alltid har så veldig god greie på lover og reglar. Jfr og saken om revejegeren som blei bedt om å avslutte jakta før kl 23 om kvelden då politiet meinte det far for seint og at jegeren hadde feil antrekk på seg. Eg har og opplevd at jegarar har vore i tvil og spurt folk på lensmannskontoret om praktisering av ei lov angåande jakt, og dei fekk "godkjenning" på det dei meinte var rett. Då eg høyrte om dette så tok eg kontakt med lensmannen som var heilt klar på at dette var ulovleg og fann fram lovverket til meg.Samtidig snakka han med dei andre lensmannsbetjentane og ein av dei meinte at det kanskje var lov,men han hadde ikkje gitt dei lov sa han...... det rare var at jegerane sa at det var nettopp denne karen som hadde gitt dei lov....... No er dette mange år sidan,men slikt gløymer ein ikkje så lett. Når det gjeld ransaking av bil så er ein ting kva oppsynet kan kreve, ein anna ting er at du frivillig KAN opne bagasjerommet og frivillig vise dei at du ikkje har gjort noko ulovleg, slik at dei kan leite andre stader om dei er sikker på at tjuvjakt har foregått. På reinsjakt er det ikkje uvanleg at politiet sjølv gjennomfører kontroll på tilfartsveger,men kor langt kan dei egentlig gå? Kan dei verkeleg kreve i ein rutinekontroll at du opnar til bagasjerommet uten at dei har begrunna mistanke? Og om dei har mistanke har dei lov til å ransake bilen uten løyve til dette, slik som til dømes ved ein husransakelse? Og kva er egentlig ein begrunna mistanke? Forresten så var det nokre kjenningar av meg som for mange år sidan skaut ein rein for mykje (uten at andre visste om dette), ved kontroll opna dei bagasjerommet uten at oppsynet såg noko gale,men det dei ikkje visste var at reinen låg i eit rom bak seteryggen i bobla som dei køyrte. Det er tross alt ikkje narkotika dei leitar etter så ein bil blir neppe fingranska ved ein jaktoppsynskontroll om ein opnar frivillig.
  24. Kahles KXi 3.5-10x50 har rødpunkt og 1 tommes mellomrøyr. http://www.kahles.at/fileadmin/kahles/D ... KXi_en.pdf Swarovski sikta som blir nemnt her er topp kvalitet,men har ikkje rødpunkt som trådstartar spør etter.
  25. Er det ingen ettersøksring i Meldal du kan ha avtale med? Om ikkje, så er det massevis ettersøksekvipasjer i Meldal du kan ta kontakt med, sjekk ettersøksregisteret til NKK . Eg laga til ein link ,men fikk den ikkje til å virke.
×
×
  • Create New...