Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Her er litt omtale av regelendringen eg nemnte http://www.njff.no/portal/page/portal/n ... ypage=TRUE
  2. Ein labrador blir ikkje godkjent kun til eige jaktlag, om det var det du meiner så er det rett. Akkurat det har liten betydning for etter det eg forstår så går denne regelen ut om ikkje så lenge. Då må alle opp til fersk og blodsporprøve , også dei som idag berre er godkjend til eige vald. Eg prøvde å finne link til dette ,men det klarte eg ikkje i farten, kanskje nokon andre kan vere behjelpelige ? Du kan for eksempel spørre Jaktlykke da ho har god greie på dette.
  3. vest

    Blyforbud

    Odisle eit alternativ kan vere å vente til etter stortingsvalget i haust. Ein del parti er no meir positive til å tillate blyhagl. Stem på eit slikt parti og vent å sjå om det blir endring av forbudet. Eg har ikkje tenkt å selge mine patroner billig for å bli kvitt dei, da kan eg like godt vente å sjå korleis det går etter valget.
  4. vest

    Good times gone?

    Det som trådstartar skriv og mange er enige med han i gjeld også meg. At ein lengter tilbake til det som var er for meg eit teikn på at ein begynner å "dra på åra"
  5. Stemmer det at Høgre, Venstre og 1 parti til går inn for å tillate blyhagl (unntatt i våtmarksområde)? Er dette partiet i såfall kanskje Frp? Synes det er rart om Frp seier nei om V og H seier ja. Eg synes me bør stille spørsmål og kreve klare svar av dei ulike partia fram til Stortingsvalget, og gjerne påvirke om de er med i eller kjenner nokon som er med i ulike parti. Med regjeringsskifte i sikte så må det vera realistisk å håpe på ei endring. Trur faktisk eg skal vente med å selje lageret eg har av blypatroner til etter valget.... La oss stå på vidare i lag!
  6. Dess større utgangspupil eit sikte har dess meir målraskt blir det så litt har det å sei for brukarvennlegheita. For mørkeegenskapene derimot har du ingen fordel av om utgangspupillen på siktet er større enn auget sin utgangspupill. Og for siste gang; mørkegenskapene består av fleire ting som til dømes skarpheit(oppløysing), kontrast,fargegjengivelse og lysgjennomgang. Lysgjennomgang er ikkje det einaste viktige,men er lysgjennomgangen dårlig så er siktet temmelig sikkert dårlig på dei fleste andre punkta også. For tar produsenten seg bryet med god oppløysing, god kontrast og god fargegjengivelse så tar han seg normalt og bryet med god lysgjennomgang. Om eit sikte for eksempel har 92% lysgjennomgang ved 550NM (som er vanleg mørke å teste optikk på) så kan eit med 87% likevel vere bedre i mørket fordi det er bedre totalt på dei andre punkta eg nemnte. Likevel må eg sei at eg aldri har sett eller høyrt om eit sikte med over 90% lysgjennomgang som har vore elendig. Når det er sagt så er elendig eit relativt begrep. Om nokon klarer å finne eit sikte eller for den saks skuld kikkert med lysgjennomgang 79% som har bedre mørkeegenskaper enn eit med 90% så vil eg gjerne høyre om det.
  7. No var det vel ikkje berre lysgjennomgangen som var bra med Nikon i den tyske testen eg linka til .Eg siterer "Brillante Optik und sehr gute Transmissionswerte sind die herausragenden Eigenschaften des Nikon". Ein anna ting er at eg lurer på om ein del her på kammeret KUN vurderer kikkertsikter utifrå mørkeegenskaper? Det kan nesten virka slik. For øvrig hadde Nikon betydeleg lengre augeavstand en Meopta Meostar i testen, 2.5-2.0cm avhengig av forstørrelse og ca 1.2-1,4 m større innstillingsområde i høgde og breidde. Nikon hadde som pistolmannen seier noko høgre lystransmisjon (også bedre enn Zeiss og Swarovski ) uten at eg ville ha tillagt det all betydning da oppløysing, kontrast og fargegjengivelse er minst like viktig. Når det er sagt så vil eg sei at høg lystransmisjon ikkje akkurat vitnar om dårlig optikk. I tillegg hadde Meoptaen dårlegast resultat for skotfastheit av alle dei testa sikta såvidt eg kan sjå. Dermed har eg ikkje sagt Nikon er bedre enn Meopta,men det synes som einkelte har lett for å avfeie Nikon . Kan det komma av at Nikon i Norge ikkje først og fremst er kjent for jaktoptikk? Å samanlikne Nikon Monarch Gold eller E som den kanskje no heiter med Nikon Monarch kikkertar blir feil. Her vil eg påstå at Monarch kikkertane er betydeleg dårligare samanlikna med sine europeiske konkurrentar enn kikkertsikta. Nikon har andre og mykje dyrare kikkertar som konkurrerer med europearane. Det einaste kikkertserien Monarch har til felles med Nikon Monarch Gold er Monarch namnet. Når ein les ulike testar så ser ein, bortsett frå Monarch namnet, så er dette ulike kvalitetsseriar. I forhold til prisen så er Nikon Monarch kikkertar eit heilt OK val,men Nikons "top of the line" er dei ikkje. Då må ein opp til HG eller EDG modellane.
  8. Kan moderator vennligst stenga denne debatten. No dreier den seg ikkje om ulv i Østmarka lenger.
  9. I dag kom Aron heim etter 28 dagar på rømmen http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn ... 1.10889849
  10. Angåande Arrowmaker sitt innlegg så vil eg berre bemerke at etter mi meining så er "bygdedyret" ein mykje større årsak til fraflytting av bygde-Norge enn ulv.
  11. http://www.wildundhund.de/r30/vc_conten ... h_1905.pdf" target="_blank http://www.wildundhund.de/r30/vc_conten ... h_2005.pdf" target="_blank Dette er ein tysk test.Meoptaen testa her er Meostar som bedre enn Artemis.
  12. Når det gjeld sett hjort skjemaet så kunne det godt blitt informert mykje bedre om dette. Slik som det er no så er det ein del vald som lar vere å melde inn dette, altså blir det mangelfullt. Muntlig info om sett hjort hadde også hjelpt for eksempel på møter som foregår før jakta.
  13. No er fellingstala for hjortejakta 2012 tilgjengelige,men ein del tal manglar.Ut av dei tala som er lagt så ser det ut til å vera klar nedgang i alle fall der eg har sjekka. http://www.hjorteviltregisteret.no/Hjor ... OgFelteDyr" target="_blank
  14. At du kan skyte spissbukk i staden for vaksen er det nok ikkje alle som veit. Kvifor er ikkje dette betre opplyst? I dag då det blir stilt så store krav til dokumentasjon for nesten uansett kva ein gjer er det merkelig at dette ikkje er informert betre om. Når det blir sagt at eit av måla var å få ned hjortestamma så er dette ein sannheit som ikkje gjeld over alt. Alle kommunane, sjølv på vestlandet, har ikkje dette som målsetting. Når det og blir sagt at forvaltninga er på etterskot og at ein ikkje har kunne registrere nedgangen så lenge fellingstala har holdt seg høge så burde Frøyen som uttalte dette vite at einkelte stader så er det lettare å felle dyra enn andre stader sjølv om bestanden er redusert. Altså nokon stader klarer ein å halde oppe høg felling sjølv om bestanden har minka. Kvotene er tross alt ikke så store at ein utryddar hjorten. Spesiellt der mykje hjort blir felt på innmark er det lett å felle hjorten sjølv om bestanden har minka.
  15. Ved jakt på rovdyr kan det vera ein fordel med kamuflasje, spesiellt ved lokkejakt . Ved slik jakt er dyra ekstra oppmerksomme.
  16. Takk US MI eg ser den og kanskje det er gjennomsnittstal,men for perioden 2001-2004 stemmer ikkje tala for legg eg saman tala frå siste tabellen så blir snittet 39.8 og ikkje 44. Men no avventar eg heller svar så får me sjå.
  17. Har sendt ein epost til Kripos for å få fastslått kva tal som gjeld. Skulle dei tala du summerer frå SSB statistikken for desse periodane stemme så har vi opplevd ein kraftig auke i antal drap sidan det i Norge i 2012 var 30 drap. Det vil ein 4/5 års periode slik som du summerte utgjere 120/150 drap. At det i perioden 91-95 berre skal ha blitt begått 47 drap i Norge høyres heilt urimeleg ut når ein i ein anna tabell frå samme SSB for perioden 1991-2011 ser at det står heilt andre tal nemleg 234 drap for 91-95, rett nok stemmer ikkje talet 55 i 91 med det Aftenposten skriv for i statistikken står det 66 i drap i 1991. http://www.ssb.no/emner/03/01/10/dodsar ... 19-01.html" target="_blank" target="_blank Statistikk er ikkje så enkelt så difor er det like greitt at dei som jobbar med desse tala kan fortelje oss kva som er rett.
  18. Kan du Chiefen heller finne ein statistikk som viser drap for kvart år så vil det sjå det at i ein del år på siste halvdel på 70 og på 80 tallet så var det fleire mord enn per i dag. For eksempel 45 i 1979 og 55 i 86.Ja ein kan godt ta med 90 tallet då det i 91 var ein ny topp på 55 drap.. Eg klarer ikkje å finne igjen denne statistikken ,men fann følgjande på wikipedia som støttar det eg skriv Fra begynnelsen av 1970-tallet ser det ut til at drapsnivået steg betydelig fram til slutten av 1980-tallet, da det lå på rundt 1,0 drap per 100 000 innbygger. Etter dette ser imidlertid nivået til å ha flatet ut og muligvis gått noe ned. Og ein artikkel frå Aftenposten frå 2006 som bekreftar det samme. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks ... 492091.ece" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank i 2012 blei det registrert 30 drap såvidt eg hugsar. Så nei eg framstiller ikkje dette feil. Årsaken til at folk ikkje trur dette er antakelig fordi den gongen fekk ikkje drap så store oppslag som i dag og vi hadde færre radio og TV kanalar som fortalte om alle drapa. Så kan ein lure på kvifor det er færre drap i dag enn for ein del år sidan med unntak av 2011. Noko einkel forklaring trur eg er vanskeleg sidan mykje anna kriminalitet samtidig har aukt.
  19. Har brukt 165grs i 30-06 og er svært fornøgd både med presisjon og effekt til hjortejakt. Har alltid fått tydelig skotreaksjon,gjennomslag og gode blodspor. Heldigvis har eg ikkje hatt bruk for det siste då alle dyra har falt raskt.
  20. Skal ein legge ut drapsstatistikk i Norge så bør ein bruke statistikk heilt tilbake til 1970 og fram til i dag. Det er ikkje så lett å finne så gamle statistikkar,men ut på 70 og 80 og 90 tallet var det faktisk meir drap enn no med einkelte unntak. Når eg fortel folk dette så trur dei meg faktisk ikkje. Den gongen var det og meir liberalt regelverk for anskaffelse av skytevåpen uten at det treng bety noko som helst for drapstala den gong. Eg har ikkje sett statistikk ovre kva som blei brukt til å begå drapa. I tillegg var det vanskelegare å komme inn i landet både for innvandrarar og for kriminelle som no kan reise fritt innafor EØS området.
  21. Før folk hisser seg altfor mykje opp over hundar som jagar elg så skal ein kanskje først sjekke kjeldene nærmare? Eg seier ikkje VG skriv feil,men sjekkar ein kjelda deira http://www.aftonbladet.se/nyheter/article15986069.ab så står det ingen ting om at hunden jaga noko vilt i det heile tatt. Sidan dette hendte i Dalarna så sjekka eg denne avisa http://www.dt.se/brottsplats/1.5431149- ... ev-skjuten ,men der står det heller ingen ting om dette. Berre at skyttaren skaut fordi han trudde det var ein ulv. Så kva er sant ?
  22. Det burde vel heller ikkje vera umulig å selja skinn her på Kammeret. Skulle ikkje forundre meg om ein får meir betalt her. Er det forresten nokon som veit kor mykje skinn som går med av rødrev eller mår for å lage seg ei skinnlue eller vest? Lue, vest eller anna klesplagg av felt vilt i Norge må då vera heilt topp.
  23. vest

    Bjørnen i kirken

    Her er saken nærmare omtalt http://www.avisa-valdres.no/nyheter/201 ... allet.aspx" target="_blank" target="_blank" target="_blank Her er bilder av skinnet. http://www.globalskolen.no/web/PageND.aspx?id=5675996" target="_blank
  24. vest

    Bjørnen i kirken

    No har nesten 200 sett denne, eg veit ikkje om alle gadd å sjå klippet. Sagnet sa at bjørnen vart skoten (lenge) etter svartedauen, men kva er lenge? Svartedauen var i Norge ca 1350, skinnet er datert til mellom 1290 og 1370 så sagnet kan faktisk stemme . Godt gjort å ta vare på eit bjørneskinn i over 640 år
  25. http://www.fjellsport.no/catalogsearch/ ... ulvang+rav Kjempetilbud på Ulvang Rav genser for 399 kr og Rav ullbukse kr 350. Eg har hatt varierande erfaring med Ulvang sine produkt tidlegare ,men akkurat denne genseren verkar svært bra. Noko som og blir bekrefta i Villmarksliv sin test av ullgenserar.Skal du ha ein tjukkare genser så får ein Ulvang Zirkon for 399 kr fleire stader. Er den av samme kvalitet så vil eg sei det er eit godt kjøp- Tjukkelsen på Rav er 450g/m2 , Zirkon er 600g/m2 . Skal ein ha tjukkare enn det må ein opp i Devold sine Classic genserar som t.d. Nansen og Svalbard,men då blir prisklassen og ein anna. Kan også varmt anbefale ullbuksa i samme kvalitet. Mellomplagg slik som denne ullbuksa er svært vanskeleg å få tak i,kanskje utanom forsvarets si Anna ullbukse. Vil tru mange har god nytte av denne til postering om vinteren.
×
×
  • Create New...