Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Er det noko som veit om det er nokon som selger Buris Signature Ringer for 30mm mellomrøyr?
  2. Joda Z4i har belysning også til bruk på dagtid. Tatt fra Swarovski si nettside om spesifikasjoner på akkurat dette siktet:" Illumination unit Brightness levels Twilight: 0 - 32 / Day: 33 - 48 Operating time (h) Twilight factor at medium brightness: 450; daylight factor at medium brightness: 130" Ellers synes eg den linken eg la ved oppsummerer HT og Z4i ganske bra. Ingen av dei er perfekte,men begge er i ypperste toppklasse.
  3. No er det etter mi meining feil å berre bruke mørket som målestokk på kva som er best eller bra, er ein kun ute etter mørkeegenskaper kan ein like godt kjøpe ein Zeiss 6-24x72 . Her er ein liten omtale av Z4i og HT,men det er ikkje akkurat dei modellane du spør om Swarovskien er ein 3-12x50 ,men det gir ein viss peikepinn på kva dei står for. " target="_blank" target="_blank Kan forøvrig nemne at i Vapentidningens store test i 2012 av kikkertsikte for skumringsjakt , der HT'en ikkje var med, så fekk Zeiss Victory 3-12x56 10p for skumringsegenskaper, det samme fekk Zeiss Classic i samme dimensjon og Swarovski Z4i 2.5-10x56 og Kahles CBX 3-12x56. Likevel blei Kahlesen omtalt som testens beste skunringsegenskaper,men då snakkar ein altså om marginale forskjellar sidan alle fekk samme karakter. Når det gjaldt bildekvalitet så fek kun eitt sikte full pott 10poeng og det var denne Swarovskien, dei andre her fekk 9p.
  4. vest

    Kuler fra elg

    Var med i dag då ein stor hjortebukk vart skoten med 175grs Norma Elite Ekspress i 30-06, avstand ca 30m. Kula gjekk inn bak bogen litt skrått og sto skinnet på motsatt side.Ekspandert diameter 19x12mm,lengde 17mm og restvekt 90%. Slett ikkje så verst for ei enkel konvensjonell kule. Den traff ribbein både på inn og utgangssida.
  5. Ein del bra tilbud på optikk i ulike prisklasser hos www.dinkikkert.no Kan for eksempel nemne Zeiss SF 10x42 til 14999kr. Dette som er Zeiss dyraste serie er deiras svar på Swarovski EL Swarovison modellane som er sylskarpe heilt ut i kanten. Og Nikon Monarch 7 3-12x56 m/lys som er Nikons nye toppserie til 7999kr som er langt under XXL pris. 1.5-6x42 m/lys er på tilbud for 5199kr eller for eksempel Steiner Noghthunter Extreme 8x56 til 6999kr + mykje anna Sjå under "lagersalg" der finns det meste ,men og litt under "tilbud".
  6. Har lest det samme på amerikanske sider. Veit berre konkret at John Barsness den 7.november skreiv dette om ein tur til Finland på eit amerikansk forum :"Dunno much else except will be shooting either Sako or Tikka rifles, and doing factory visits as well. This one of those gun-writer surprise! trips" Siden våpen/jakt journalistar blir innbedt til Finland på ein slik tur så tyder det at noko er på gang. Han har enno ikkje sagt nok om kva som skjedde på denne turen så vi må vel kanskje vente til utpå nyåret ein gong før ei eventuellt lansering av ny modell. Ryktet seier Shot Show 2016 som etter det eg kan sjå går av stabelen 19. til 22.januar.......
  7. vest

    Kva betyr sporter?

    Ja eg tenkte sjølv på ei slik rifle for målskyting og jakt,men det blir litt forvirrande når ein del produsentar brukar sporter betegnelsen på rifler som ser heilt ut som vanlige jaktrifler, dette gjeld og i kaliber 22.
  8. vest

    Kva betyr sporter?

    Ofte ser eg at ein del riflemodellar har betegnelsen sporter,men kva betyr egentlig det? Eg har søkt på nettet og funne fleire ulike forklaringar. Alt frå at dette betyr ei enkel basisrifle,halvstokkrifle,rifle for både jakt og ulike typar blinkskyting osv Er dette ei tyngre rifle enn ei 100% dedikert jaktrifle, ein billegare utgave eller kva? Den opprinnelige meininga slik eg forstår det var militære rifler som vart ombygde til jakt/sivilt bruk og då påsatt halvstokk, såkalla "sporterisering" for å fornorske eit engelsk uttrykk. I dag må det nok ha ei anna betydning då mange fabrikkantar leverer sporter modellar. Eller er det rett og slett eit litt fancy uttrykk for å virke litt sporty ?
  9. Her er eit par testar av CZ 557 " target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank hopp fram til 10.00 http://www.jaktjournalen.se/cz-557-lyx- ... -kvalitet/" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank CZ har ganske stort utvalg i forskjellige modellar av 550 og 557 serien, det einaste som manglar er rustfritt og lette utgaver. Denne modellen hadde forresten ei smart løysing for å kunne bruke åpne sikter sjølv med Picatinnyliknande skinne montert, dei har enkelt nok laga ei renne i midten som ein kan sjå gjennom. Bilde på side 50 i den nederste linken ,dette er frå 2011 den nye tenesterifla til Canadian Rangers https://www.czub.cz/en/catalog/364-cent ... R_NEW.aspx" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank Meir av medium kaliber utvalget finn ein lengre ned på sida. I tillegg har dei fleire modellar i cal 22, småviltkaliber og kraftige kaliber. Totalt eit veldig stort utvalg. Og her til slutt ein masse CZ historie mellom anna utviklinga av forskjellige våpen. Dette er ingen vanlig katalog ,men eit opkomme av info om ulike produkt. https://www.czub.cz/zbrojovka/cz-catalo ... aj_web.pdf" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank Spesiellt interessant er artikkelen From ZKK to CZ 557 fra side 32 og utover.
  10. Skaff deg ei sånn reim då gjer det ikkje noko om rifla Ikkje er superlett http://vapenloftet.no/produkt/vapen-til ... fari-sling" target="_blank" target="_blank Du seier du har kikkertsikte, uten nærmare spesifikasjon,men her er ei pakke til veldig bra pris http://www.pvas.no/pakketilbud/bergara- ... v3hertz-87" target="_blank" target="_blank om du ikkje er fornøgd med dette siktet så går det sikkert an å sette på noko anna. Du kan evt berre kjøpe rifla,montasje og lyddemparen uten sikte til omtrent samme pris om du vil, einaste fordelen med det er at du sjølv kan velge montasje. Her er ein heilt ny anmeldelse av akkurat denne rifla " target="_blank" target="_blank For den som no synes det høyres suspekt ut med ei spansk rifla så kan nemnast at Bergara er kjent for å levere bench rest løp av ypperste klasse, og har ei tid produsert customrifler med slike løp. No har dei satsa på det "vanlige" markedet. Systemet byggjer på Remington 700 mekanismen som er litt forbetra. Ein del mindre plast enn i Tikka T3. Ein anna fordel er mekanismelengde tilpassa kaliberet altså at 308win blir levert med kort lengd og ikkje som hos Tikka T3 (og Sauer 101) samme lengd på låskassa som i 30-06. T3 er jo kjent for superglatt ladegrepp og topp presisjon, Bergara B14 er i samme klasse på begge punkta etter det eg forstår. Og det til ein lågare pris, gjenga og klar for lyddempar er inkludert i prisen også om du ikkje veljer riflepakka,men enkeltrifle.. Einaste bakdelen er at sikringen ikkje låser sluttsykkket, akurat som på Remington 700,men til gjengjeld kan du ta ut patrona av kammeret med sikringen på.Og du kan bruke samme montasjar som på Remington 700, altså du har mykje å velje mellom.
  11. Ja,oversåg visst dei i farten,men det var ikkje så stort utvalg i dei vanlegaste kalibra og ingen modell CZ 557. Litt rart dette då CZ eller BRNO som dei blei kalla var veldig vanleg før. Første rifla mi var ein ZKK 601. Topp presisjon og den samla all slags ammo omtrent på samme området,men litt grovsmedprodukt var det nok spesiellt med ladegrepet.
  12. Er det nokon som kan svare på kvifor ikkje CZ sine rifler lenger blir tatt inn til Norge i vanlige storviltkaliber? Ikkje i nokon butikkar finn eg CZ rifler i for eksempel 308w,30-06 eller 6.5x55. Schou som er importør tar berre inn salongrifler, CZ 527 serien i mindre kaliber som 223 REM og grovkaliber rifler CZ 550 i 375 H&H og 458 win mag. Dette er merkelig då dette ikkje er dei kalibra det går mest av her i landet til storviltjakt. CZ 550 som har mauserutdragar blir fortsatt produsert i dei mest vanlege kalibra,men også den meir moderne varianten CZ 557 blir laga i desse kalibra.. Likevel blir desse ikkje importert hit, ei merkeleg prioritering etter mi meining. CZ er kjent som rimelige,solide og ofte presise rifler, og grovsmedpreget er vel mykje mindre på desse riflene enn tidlegare modellar. Kanskje fordi dei ikkje skal konkurrere med Tikka T3 i desse kalibra, då Schou er Tikkaimportør? Las forresten på ei amerikansk side nyleg at Tikka arbeider med ein avløysar til nettopp T3.
  13. Ein del tilfeller av urapportert skadeskyting http://www.sognavis.no/nyhende/natur-og ... 5-48-48061
  14. Litt merkelig er det at på Sveriges offisielle turistside : http://www.visitsweden.com/sweden/Thing ... in-Sweden/" target="_blank så finn eg følgjande opplysning: Sweden offers a lot of birds and game. Wing shooting covers wood, willow and hazel grouse, ptarmigan, black grouse cock, geese and duck. Game hunting includes roebuck, elk (moose), reindeer, red deer, fallow deer, wild boar, European bison, and beaver. Forresten så var det litt sløvt på Zeiss sida at når dei nemnte det vanligaste hovdyrviltet i Norge berre tok med hjort,rein og rådyr og utelot elg...... PS! Fann følgjande rapport frå Sverige, for å lese alt må ein abonnere,men her står det tydelig at det jaktes rein http://www.huntingreport.com/hunting_ar ... fm?id=2332
  15. Er det nokon som har høyrt om at det går an å jakte rein i Sverige? Grunnen til at eg spør er at eg kan lese følgjande : "Lapland, a region in the northern part of Sweden, is home to one of the most natural hunts on the European Reindeer. In the vast and unrestricted territory, Reindeer roam freely. The Sami, a folk in Lapland, own the rights to hunt these animals and guide the hunts." på jaktbloggen på Zeiss si heimeside? Er det fleip eller fakta? Eller rett og slett berre ein misforståelse? Eg har i alle fall aldri høyrt om dette før. http://blogs.zeiss.com/sports-optics/hu ... stination/ http://www.huntingconsortium.com/europe-scadinavia.htm Her står det faktisk litt om dette (fikk ikkje til klipp og lim) og om dette stemmer så lurer eg på om det rett og slett dreier seg om jakt på tamrein? Det står faktisk at mange av top 10 rein på SCI lista er tatt der. Prøvde så å gå inn på sci rekordlista,men eg fekk ikkje tilgang uten å vera medlem,derimot i omtalen av rein så sto det inge ting om rein i Sverige. http://www.huntingconsortium.com/europe-scadinavia.htm Så eg får ikkje dette heilt til å stemme.....kva er egentlig fakta? Finnes det svensk rein på SCI 10 på topp rekordliste? Er det i såfall villrein eller tamrein? Og om det er tamrein er det då rett at dei kjem på rekordlista?
  16. Her er ein amerikansk test av 8 vanlige premiumkuler i 300win.mag Testen er frå i fjor så det er mulig nokon har sett den tidlegare. Resultata var som forventa. http://www.rifleshootermag.com/ammo/bal ... ds-market/
  17. http://www.naturogfritid.no/136001" target="_blank Dette fungerer fint om det er bilvindu du tenker på.
  18. Diavari betyr at siktet har variabel forstørrelse. Diatal betyr fast forstørrelse.
  19. Ja nettopp, parallaksejustering er ikkje nødvendig på all optikk som brukes på ei salongrifle. jfr din tidlegare uttalelse som var noko unyansert, det samme gjeld ope sin kommentar rett over min. Og til mitt bruk som også er utendørs på lengre hold enn 15m ville eg ikkje ha bytt den ut med ein BSA.
  20. Eg har ein BRNO 2-E som eg kjøpte for ca 25 år sidan. På den har eg ein Zeiss 4x32 Diatal C lagd i Vest Tyskland. Har brukt denne kombinasjonen litt innandørs på 15m. Og sjølv om eg ikkje er nokon spesiellt erfaren baneskyttar og skaut utan reim og spesielle skyttarkle og heller ikkje hadde parallaksejustering på siktet, så var eg svært godt fornøgd med presisjonen.
  21. icarus går denne hoppinga av retiklet utover presisjonen? jfr kva jamez skreiv Når det gjeld det som virrvarr skriv:"Men det som er sikkert er at for mye moment når man fester kikkerten kan forårsake samme feil. Denne kikkerten skal festes med max 2,4N moment, og det er relativt lite. Har brukt kikkerten nå en periode og den fungerer helt optimalt!" så kan ein lett sjekka kva som står i bruksanvisningen: http://www.kahles.at/fileadmin/kahles/D ... NT_web.pdf på side 18/19 under punt 3 som gjeld montering :"Attention – the screws of mounts shall in no case be tightened stronger than max. 240 Ncm " No veit eg at folk har stramma for hardt til på sikter og fått problem dette gjeld ikkje berre Kahles,men også andre dyre kvalitetssikter. Kahles oppgir i alle fall tiltrekkingsmoment, kva andre merker toler veit eg ikkje. OM dette er årsaken til problema med Kahles sikter så kan ein vel kanskje kalle det brukarfeil?'' PS! Sidan ein del har tiltrekkingsutstyr der moment er oppgitt i pound inch så kan eg ta med at 240Ncm =21,24 inch lbs Når eg sjekka tiltrekkingskrafta som dei ulike montasjeleverandørane anbefaler på ringskruane så varierer dette,men ein del anbefalingar går på ved aluminiumsringar 10-15 inch lbs og stål 15-20 ,mens for ein produsent er det opp i 25. 25 fann eg på Warne sine ringar,men der er skruane på toppen og ikkje sidene noko som kanskje er årsaken til at dei treng meir moment. Om det betyr at Kahles ikkje passar til Warne montasjar veit eg ikkje.Muligens har det mindre å sei ved toppskruar enn sideskruar som er det mest vanlege. KAHLES – Never miss the MOMENT! er forresten slagordet til Kahles sjølv om eg ikkje trur det var akkurat dette dei tenkte på.......
  22. Synsfeltet på Zeissen er 14.8m på 2.5x og 4.1 på 10x. Størrelsen er 321mm og vekt 525gram S&B'en du spør om har 12.4m på 3x og 3.2 på 12x lengde 342mm og 700 gram m/lys, 670 for modellen som fås uten lys. Merkelig nok er 2.5-10x56 Zenith både kortare 330mm og lettare 670gram med lys. Så ja, det er litt forskjell både synfelt,størrelse og ikkje minst vekt.
  23. No har eg ikkje sett i korkje Meoptaen eller Opticronen du nemner,men eg har samanlikna denne Zeissen med langt dyrare optikk og ut av det eg har sett så er etter mi meining Zeiss Conquest 8x32 HD noko av det beste kikkertkjøp ein kan gjere for pengane.
  24. Er det nokon som har opplevd dårlig presisjon pga skitten lyddempar? Eg begynner å lure om ein dårlig pussa lyddempar kan vera årsak til at eg fekk dårlig presisjon. Holet i demparen såg lett raggete ut i kantane då eg aldri hadde rensa den tidlegare. Ikkje det at den var så altfor mykje brukt,men etter nokre år så går det med ein del skot sjølv om eg helst trenar uten dempar.
  25. Kanskje det er feil på kikkertsiktet? Kva slags sikte har du? Eg har Ruger modellen som kom etter "padleåremodellen",men før Hawkeye. Har aldri hatt noko som helst problem. Eg har heller aldri gjort noko spesiellt med rifla, presisjonen var topp heilt frå først skot. Når det er sagt så justerte forhandlaren Våpen Søilen avtrekket før han sendte rifla, dette gjer dei forøvrig med alle Ruger rifler dei sender ut til kunde fekk eg opplyst.
×
×
  • Create New...