Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Angåande siste innlegg frå Oddvar så vil eg berre minne om at i Vapentidningens kikkertsiktetest frå 2004 og den siste frå 2012 så meinte dei at Classic og Victory hadde like bra egenskaper i skumring og optisk ellers. Det var berre minimale forskjellar som t.d 0 dorulleffekt i Victory,mens Classic hadde litt.Victoryen var på ingen måte desidert best,berre litt bedre totalt og då som sagt ikkje i skumring og klarheit.No gjaldt dette 3-12x56 sikter,men eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vere samme forholdet på 2.5-10x50 sikter. Ein eller to testar er ingen fasit berre så det er nemnt
  2. Du har ikkje nemnt Kahles KXi 3.5-10x50 . Dette er eit 1 tommes sikte med lys og veg berre 470 gram. Eg kjøpte meg nyleg eit slik sikte for 7999kr , har ikkje tatt det i bruk enno ,men er imponert av optikken så langt. Eg syntes min Swarovski med 56mm linse var for stor til aktivt bruk,den passar bedre til stasjonær jakt. Ver klar over at på mange av dei nye sikta med ikkje-medforstørrande retikkel så blir retikkelet veldig tynt til mørkebruk, så hadde det ikkje vore for lyspunktet så har dei ingen fordel til slik bruk.Swarovski's Z3 har ganske kraftige ikkje-medforstørrande retikkel som er bra i mørket,men dessverre så er dei uten lys. Ikkje misforstå meg, lys i siktet er bra, så lenge det virkar. Eg skal ikkje nemne merkenamn ,men ser du på diskusjonsforumet www.robsoft.nu så er du at ein del sikter har hatt problem med elektronikken.
  3. Bra at trådstartar har fått seg rimelig optikk og er fornøgd med det. Når han seier at han jaktar vilsvin i Sverige så forandrer det jo litt på saken for der er det etter eg forstår lov å bruke lys på åtet til villsvinet. Og med lys på åtet så MÅ ein absolutt ikkje ha det dyraste og beste. forsåvidt ikkje uten lys heller, men da må ein kanskje gi seg tidlegare om det ikkje er månelys,men det sa TS klart ifrå om at han var klar over. Angåande andre kommentarar om Leupold så er det berre å sei at Leupold oppdaterer stadig sine modellar med bedre optikk. Og det er vanskelig å vite kva som er kva. Ein ting var at dei skifta navn frå t.d Vari-XII til VX-2 samtidig med at det skjedde endringar. Men også etter at dei gikk over til VX-1,VX-2 og VX-3 benemningane så har dei opptil fleire gonger oppdatert sikta uten at det gjer seg utslag i namneendring. For eksempel er VX-1 blitt bedre enn det var for berre nokre få år(2-3år?) sidan.Optikken dvs coating er bedre og i tillegg har den no fått klikkjustering. Det kan sjå ut som når toppmodellane får bedre optikk så rykker dei andre modellane opp eit hakk sjølv om dei beheld samme namn som før. Og som Shadob så har eg skaffa med den Kahlesen han nemner ,men har ikkje fått tatt den i bruk enno. Har sammenligna den med andre sikter og den ser svært så bra ut optisk.Eg fekk den faktisk 1000kr billegare enn det Zeiss Classic med lys går for hos billegaste forhandlar. Her er forresten eit lite testark de kan prøve for å teste optikk i mørket. http://stonetip.com/diagrams/bar_sness_chart.pdf" target="_blank" target="_blank Ein amerikansk jaktjournalisten bruker denne på 25 yards når det er heilt mørkt, opplyst av ei 100watts pære, veit ikkje kor nær den er. Med beste optikken kan han sjå 8 linjer ,men det er det berre svært få som klarer. Er linja klar og tydeleg blir det ein + i tillegg. Optikken blir testa på 6x for å kunne samanilkne feire sikter. Dette er ingen fasit ,men ein peikepinn på kvasom er bra mørkeoptikk. Den er ukomplisert å gjennomføre slik at ein får like forhold kvar gong. Er det nokon som er interessert i hans resultat så har eg dei .
  4. Det som Zeiss kallar retikkel 60 er vel det som er kjent som retikkel 4a? Skjønnar ikkje heilt kvifor Zeiss brukar sin eigen benemnelse på eit godt innarbeidd namn, såvidt eg hugsar gjeld dette også andre retikkel. Ellers er eg enig med trådstartar at i ein del av dei nye sikta med ikkje-medforstørrande retikkel så blir sjølve retikkelet for "puslete" .Avstanden mellom stolpane er for stor . Her burde produsentane heller utnytte fordelen ikkje-medforstørrande retikkel har på låg forstørrelse og gjere retikla(stolpane) kraftigare og tettare. Medforstørrande retikkel har bakdelen at dei ser veldig tynne ut ved låg forstørrelse, og kraftigare ved høg forstørrelse ,altså motsatt. Greitt nok med lys til raske skot,men elektronikk kan svikte og da har du ein bakdel til slikt bruk. Det samme kan skje ved skumringsjakt, sviktar elektronikken så sit ein igjen med eit tynt retikkel som kanskje ikkje er synleg i mørket Dette er kanskje meir eit teoretisk enn praktisk problem,men ved svært kalde forhold t.d. vinterstid og/eller fuktige forhold og om siktet er nokre år gammalt eller ved tomt batteri så kan det kanskje skje. Det er vel neppe uten grunn at produsentane gir kortare garanti på elektronikken enn siktet ellers .
  5. Her er det som står på Leupold si eiga heimeside om CDS til VX-6 modellane: CDS (Custom Dial System) Leupold CDS™ models allow you to quickly dial your elevation to different sight-in ranges with a custom adjustment matched to your specific ballistics information. The CDS dials change out easily, allowing you flexibility with different loads, conditions and calibers. Every CDS dial features ¼-MOA click increment finger adjustments and no adjustment covers to lose, making the VX-2, VX-3, VX-6 and VX-R even more accurate and rugged. How the CDS™ System Works The CDS System works by laser-inscribing your scope's elevation dial to match your load, velocity and conditions. Your scope will be in perfect synch with the way your rifle and load shoots, even for hand loads. Each CDS dial is unique, taking all practical ballistic and environmental factors into account: Så det stemmer nok at du må gi dei informasjon om kva som skal laser-inngraverast.
  6. Conquest HD er forbetra i forhold til tidlegare Conquest modellar og har no fått Zeiss sin T coating som blir brukt på dei dyrare modellane utanom Duralyt.Og i tillegg har den fått Lotutec .
  7. Norrøna Finnskogen jaktdress 4999kr http://www.navasport.no/product/plone/w ... ogen-dress
  8. Kahles flytta i 2012 inn i nye lokale i Guntramsdorf i utkanten av Wien. Her er nokre bilder frå fabrikken http://forum.snipershide.com/snipers-hi ... stria.html
  9. Ta ein kikk på Vixen 1-6x24, den har fått veldig bra kritikk og koster under halvparten av Swarovski og Kahles. Først ein grundig tysk omtale av siktet http://www.cema-waffen.de/sites_36_-PDF ... PDF;pdf=53" target="_blank Her er ein tysk test http://www.jagderleben.de/drueckjagd-zielfernrohre" target="_blank" target="_blank" target="_blank dessverre er det berre tekst og noko rotete presentert,men om du les nedover så finn du omtale av siktet. Ellers finn du ein amerikansk anmeldelse her http://sambardeer.com/downloads/vixen-6x24-review.pdf Sjå og på Ultimax6 1-6x24. Begge sikta er produsert i Japan.
  10. I starten nemnte du Swarovski Z6i 1-6x24 og Kahles Helia 5 1-5x24 har du slått fra deg desse? Dei burde begge oppfylle dine krav.
  11. Ja Zeiss HT var ikkje med i den svenske testen som blei gjort rett før HT'en kom på markedet. Nettopp derfor var det eg la ut denne testen fordi det finnes få samanliknande testar som er gjort av siktet.
  12. No skreiv eg eit langt innlegg med resultat frå Vapentidningens test nr 1 2012 slik at folk kunne samanlikne,men då eg trykte send måtte eg logge meg inn på nytt og alt forsvant Sidan dette er to ulike testar så er det ikkje så lett å samanlikne. Men sidan Zeiss sterkt poengterer i annonser 95% lysgjennomgang og skriv at HT har ekstremt høy lysgjennomgang for jakt i skumring så får ein nesten inntrykk av at dei er heilt overlegen konkurrentane på dette området. Sjekkar eg så Vapentidningens tal for målt lysgjennomgang i skumring så er det opptil fleire som har minst like bra eller bedre resultat enn Zeiss HT 3-12x56 på akkurat dette området. No veit vi at lysgjennomgang slettes ikkje betyr alt for skumringsegenskapene,men det er no det Zeiss har valgt å legge vekt på i reklamen. Då kan det vere greitt å minne om at dei ikkje er åleine om dette. Likevel kan det godt hende Zeiss HT er kongen på haugen,men som sagt synd dei beste konkurrtentane ikkje var med i den tyske testen. Må og komme med ein kommentar til resultata for Burris Four-X . Den har samme coating som Fullfield E1 og skal vera ein dyrare serie. Likevel slår lysgennomgangen til Fullfield E1 3-9x50 knock out på Four-X. Fullfield E1 har i den svenske testen ein lysgjennomgang i mørket på 92.4%,mens Four-X i den tyske har ein bit under 80%. Begge brukar HiLume coating,men Four-X har i tillegg Stormcoating som er deiras variant av Lotutec. Om dette er årsaken så er det merkelig at Burris ikkje har oppdaga dette, for ein redusert lysgjennomgang på 12-15 % vil uten tvil redusere mørkeegenskapene.
  13. Her er ein test frå i år som eg fann http://www.meoptasportsoptics.com/sqlca ... -nacht.pdf" target="_blank" target="_blank Zeissen blei testa opp imot 6 andre sikter i samme dimensjon. No virka ikkje linken direkte til testen ,men gå inn på News&Events klikk på Press room og velg så artikkelen som heiter Jagd praxis 2/2013: Könige der Nacht? (DE) Er det nokon som har nokre tankar om resultatet? Eg skal sjekke litt mot Vapentidningens kikkertsiktetest i nr 1 2012, der var Meoptaen og Doctoren med. Dei som var best i den testen er ikkje med her difor er det vanskeleg å sei kor bra HT'en er opp imot Zeiss Victory,Zeiss Classic, Kahles CBX og Swarovski Z4i som var best i den testen.
  14. vest

    Swarovski z 5

    Ruger#1 kva slags størrelse på siktet er du ute etter? For eksempel så ser eg at du kan få Kahles KXi 3.5-10x50 på tilbud for 7999kr+ frakt i Norge,normalpris er 12199kr. Hos Eurooptics kostar den 1488 dollar eller ca 9125 nkr. I tillegg kjem frakt og moms. Dette er eit kvalitetssikte med lys og 1 tommes rør som har fått bra kritikk både i "Jakt" og "Jakt og Fiske".
  15. http://www.villmarksbutikken.net/Produk ... 0x50-m-lys Pris 7999kr , begrensa antal sidan det er eit åpningstilbud.
  16. I tillegg til den omtalte tyske testen så fann eg ein for meg ukjent sveitsisk test av omtrent samme sikta. Vurderingane er avviker litt frå den andre testen sjølv om det ikkje er så store forskjellar spesiellt ikkje på dei beste sikta. . Det er som eg brukar å sei; ein test er ingen fasit. Difor er det greitt å sjå at folk vurderer litt ulikt. http://www.recknagel.de/Joomla/images/s ... 6_0708.pdf
  17. vest

    Valg av kikkert

    Viss du er kjapp så får du ein Kahles KXi 3.5-10x50 til 7999kr http://villmarksbutikken.net/Produkter/ ... 0x50-m-lys" target="_blank.
  18. Her er eit brev som blei nemnt i ein tråd frå 2008 om Balestrandsaka som dreide seg om mørkejakt . http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/3084995.DOC Når ein les brevet så ser ein at det ikkje er så enkelt at all bruk av kunstig lys er forbudt om ein skal tru dei i DN som svarte på dette,men det er jo litt fram og tilbake så eg veit ikkje heilt kva ein skal tru.Eg har i alle fall ikkje skote hjort i kunstig lys sjølv om eg har visst om brevet i 5 år.
  19. Jakt og Friluft har meget bra tilbud på nokre av Leupold sine bedre modellar Spesiellt rimeleg er dei to modellane VX-3 1.75-6x32 Duplex og FX-3 6x42 Heavy duplex som begge går for 2495kr Ellers har dei VX-3L 3.5-10x56 Illuminert kr 6495kr, VX-3L 4.5-14x50 Illuminert kr 5995 og VX-3L 3.5-10x50 Illuminert 5495kr For den som lurer så står det på Leupolds side at VX-3L 3.5-10x56 kan brukast i montasjer berekna på 40mm sikte. Og 50mm sikta i montasjer for 36mm sikter. http://www.jaktogfriluft.no/display.aspx?menuid=31274
  20. Her er ein svensk artikkel som omhandlar mørkesyn til jakt. Ikkje akkurat noko nytt for dei som kan litt om temaet,men sikkert interessant for dei som lurer http://www.tba-reportage.se/Nattseende.pdf" target="_blank
  21. Står det ikkje produksjonsland på siktet?
  22. Nei lysgjennomgang er ikkje eintydande med gode skumringsegenskaper,men du vil neppe sjå eit sikte som ligg i toppen på skumringsegenskapene med lysgjennomgang godt ned på 80 tallet i %. Av dei som hadde 8 poeng eller meir for skumringsegenskapene så var dårlegast lysgjennomgang 89.1% og det er neppe tilfeldig. No var det nokre sikter med over 90% som fekk dårlegare resultat enn 8p i skumring. Nokre av desse hadde bildekvalitet på 7p, som viser at også fargegjengivelse, kontrast og oppløysing er svært viktig. Men ein må heller ikkje gløyme at dette var 50mm sikte, og som det sto i testen; skumringsegenskapene er og avhengig av godt synleg retikkel/lyspunkt. Jfr det eg skreiv om Burrisen som var eit 50mm sikte og som hadde bildekvalitet på 9 p og 7p i skumring med eit tynt retikkel uten lys. Både den av andre nemnte Meoptaen og Nikon Monarch E 2.5-10x56 fekk litt kritikk for belysningen og begge fekk 8p for skumringsegenskaper og ellers ganske like karakterar. Nemnte Swarovski Z6 fekk 9 poeng for mørkeegenskaper og sjølv om nokon ikkje synes det er så viktig så kan eg nemne at lysgjennomgangen der var "berre" 88.3%. For øvrig så fekk det omtale som det beste allround sikte pga av dei andre bra egenskapene det har utover mørkeegenskapene. Angåande markedsføring så stemmer det at lysgjennomgang blir brukt som eit argument; Zeiss framhever tydeligt lysgjennomgang på 95% på sine HT modellar .
  23. 6.november altså etter 2 dagar bestilling låg Vapentidningen nr 1 2012 med den store kikkertsiktetesten i postkassa mi. Resultata var ytterst interessante. Dei som trur det kun er Zeiss som duger til skumringsjakt bør lese denne testen. Det blei testa sikte med og uten lys og sikte med 56mm og 50mm objektivlinse. Om eg kun tar med skumringsdelen så fikk sikta karakter etter kor lenge dei kunne sjå å skyte. Dette vil da sei kor lenge dei såg målet og krysset eller lyspunktet. I praksis betyr det at om optikken var glimrande så hjalp ikkje det om ein ikkje såg retikkelet/punktet. Då er det ikkje så unaturlig at eit sikte med 56mm frontlinse og lyspunkt fekk betre karakter enn eit med 50mm linse og tynt retikkel. Alle 56mm sikta hadde forresten lyspunkt. 23 sikter var testa. Samtlige sikter fekk full pott på treffpunktsendring ved skifte av forstørrelse og på om det var avvik i justeringen i forhold kva som var oppgitt per klikk. 10 poeng som var max for skumringsegenskaper fekk Kahles Helia CBX 3-12x56, Swarovski Z4i 2.5-10x56,Zeiss Diavari Victory 3-12x56 og Zeiss Diavari Classic 3-12x56 I omtalen for kvart sikte står det at Kahlesen hadde best skumringsegenskaper,men antakelig har forskjellane vore svært små sidan alle fekk samme karakteren. Kahlesen hadde forresten også høgst målt lysgjennomgang ved 500-550 Nm som tilsvarer skumring 93.9%. På bildekvalitet var den kun Swarovskis Z4i modell som fekk full pott 10poeng. Dei andre kjente toppmerka fekk 9p eller 8p. Det var toppen,men interessant er det at "billigsiktet" Burris Fullfield E1 3-9x50 også fekk 9 poeng for bildekvalitet. For skumringsegenskapene fekk det 7 poeng ,men i omtalen står det at hadde det ikkje vore for det tynne retikkelet så hadde det fått høgre karakter. Lysgjennomgangen var forresten heile 92.4%. Også tidlegare Vapentidningen testar har vist at dette siktet har veldig bra optikk. Faktisk kallte dei oppløysingen for fantastisk. Samme siktet fås forresten med lyspunkt i dimensjonen 3-9x40. Ingen andre Burrismodellar var med i testen.
  24. No har eg bestillt Vapentidiningen nr 1 2012. Eldre nummer kan bestillas fra Vapentidningen for den som er interessert.
  25. Nja, etter det eg forstår så kåra dei ingen vinnar,men kom med resultat slik at lesarane sjølv kunne vurdere dei faktorane dei sjølv prioriterte. Når det gjeld kun mørkeegenskapene åleine så stemte det nok at Zeiss ikkje var einsam i teten. Men som sagt eg har ikkje lest testen så eg tar det forbeholdet.
×
×
  • Create New...