Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. vest

    Bjørnen i kirken

    http://www.hedalen.no/OPPSLAG/2012/desember/9/index.htm Spesiell historie om eit bjørneskinn i Hedalen stavkyrkje som sagnet fortel skal vera frå tida rundt svartedauen. Her får vi historien gjenfortalt for dei som ikkje har høyrt den før og vi får svar på kor gammalt skinnet egentlig er. Eg skal ikkje røpe svaret her for den som vil sjå klippet..
  2. Etter det Burris sjølv påstår skal det at okularet roterer gjere siktet enda meir solid. Om det stemmer skal ikkje eg ha sagt.
  3. Min erfaring frå jakt er at uforsiktigheit er like mykje/lite utbreidt i alle slags aldersgrupper. Det verste eksempelet opplevde eg for mange år sidan då ein svært erfaren skyttar i 50-60 åra var med på jakt. I bilturen ned frå fjellet på ein svært humpete veg sat eg og vedkommande i baksetet med riflene som me holdt mellom knea med løpet opp. Bilen hadde eit lite bagasjerom så der var det ikkje plass til alle våpna. Då me kom ned etter ein knapp times køyring gjekk me ut og då tok han opp sluttstykket og trekte ut patrona frå kammeret. Han sat altså med ladd gevær heile bilturen. Han kunne ikkje akkurat skulde på at han var ung og uerfaren. Angåande vådeskudd så stemmer min oppfatning av begrepet 100% med dette: "Vådeskudd Fra Wikipedia, den frie encyklopedi Gå til: navigasjon, søk Et vådeskudd er en betegnelse for et skudd som blir avfyrt ukontrollert. Betegnelsen brukes om både skarpe og løse skudd. Eksempler er avfyring av gjenglemt patron under rengjøring av våpenet og avfyring av våpen på skytebane når skyteleder har gitt ordre om ildstans, eventuelt ikke gitt ordre om ild. Også skudd som avfyres under tømming av våpen regnes som vådeskudd. Alle vådeskudd blir i prinsippet regnet som unødvendige og skal unngås, da det lett kan oppstå en farlig situasjon, og gjerne livstruende når det er skarp ammunisjon involvert. En person som avfyrer et vådeskudd, kan således være strafferettslig ansvarlig for handlingen. Vådeskudd kan være dødsårsak. Dette kan f.eks. forekomme under jakt." Personskade er altså ingen forutsetning for å kunne kalle det eit vådeskudd. Er det personskade så kalles det ei vådeskuddsulykke. Dette trudde eg alle var einige i, i alle fall har eg aldri høyrt om at nokon har hatt andre definisjonar av dette før no i denne debatten.
  4. rygh88 ja dette glimtet er frå den filmen. Flott film det ja , eg har sett den for lenge sidan. Er ikkje heilt sikker,men trur filminga skjedde i Luster. Joar er jo ikkje innfødt sogndøl ,men frå Hafslo i Luster kommune. Tykkjer forresten han pratar bedre sogning på Farmen enn i filmen.
  5. Dei fleste som ser på Farmen på TV2 har vel fått med seg at Joar også er jeger. No er det heller ikkje så nytt for han å vera foran kamera, her er eit lite glimt av Joar i aksjon på hjortejakt som kanskje ikkje alle har fått med seg I tillegg kjem han med ein film som viser viltet frå felling til servering
  6. Sidan det er ein tråd om service hos Zeiss så tenkte eg det kunne vere interessant å ha ein tråd om Leupold. Eg har no 2 Leupoldar(har hatt 1 til) ,men har aldri hatt bruk for service. Ein ting er kor god service du får når du har bruk for den, ein anna ting er om du har bruk for service. Så langt har Leupoldane mine vore feilfrie..
  7. Også desse Uhmma karane som Hege kritiserer er politisk ukorrekte.Eller for den saks skuld Trond Ali Linstad som ikkje fekk medalje , han er like politisk ukorrekt. Så det å vere politisk ukorrekt treng slettes ikkje alltid vere så bra.
  8. vest

    Service hos Zeiss

    Flott at Zeiss har god service så spørsmålet mitt blir vel som å banne i kyrkja, men det ser ut til at ein del her treng å bruke servicen til Zeiss. Er det vel mykje feil på Zeiss? Halv vasstand i eit kikkertsikte som Sjur Dale nemner er vel ikkje akkurat det ein forventar i ein Zeiss. På forumet Robsoft har eg og sett ein del spørsmål om feil på Zeiss.
  9. Det er eit ordtak som heiter "Ein skal meine alt ein seier,men ein treng ikkje sei alt ein meiner" Det er både poltisk ukorrekt og korrekt på ein gong.
  10. Viss eg ikkje hugsar heilt feil så hadde Swarovski 40 års garanti i 1994 . I alle fall var det det på¨ein håndkikkert eg kjøpte i 1990 og eg trur det gjaldt også i 1994. Eg kjøpte ein 3-9x36 i 1994 som bror min overtok, der låste forstørringa seg for eit par-tre år sidan slik at den ikkje lot seg justere, Mulig at han hadde dratt til ringane for hardt utan at eg er sikker på årsaken. Han fekk att kikkerten heilt i orden med blankpolerte linser uten at det kosta han noko.
  11. Ok Jegermeistern,men eg trur ikkje eit enkelt eksempel skal brukast som eit argument mot å bruke raud lue eller vest. Det blir omtrent som om ein bilførar skulle sjå noko som ser ut augene til ein rev, prøver å køyre den ned for så å oppdage at det var ein person med refleks. Med den forskjellen at eg trur det er lettare å sjå personen i dagslys. Som tidlegare nemnt hadde det vore interessant å sett kor mange av dei som vart skutt på jakt som hadde vernefargar på lue, vest osv kontra dei som ikkje hadde det. Kanskje eit tema for eit prosjekt for dei som går t.d. Evenstad eller andre?
  12. Her trur eg du kanskje har misforstått. Denne filmen forklarer dette litt bedre enn dei forrige eg la ut
  13. Eg er ikkje for påbud,men for at det blir meir utbreidt med bruk av godt synlege fargar på jakt.Signalfargar i jaktbua er ikkje det ein snakkar om, det ikkje her gevinsten ved bruk av synlege farger ligg, det trur eg alle skjønnar. For å auke bruken må ein påvirke holdningane til folk. Med holdninga om at det er latterlege å bruke slikt skjønnar eg at det fortsatt er lang veg å gå. Eg trudde faktisk ikkje jegerar var så forfengelige Kva slags ulykke er dette der det skytes fordi det blir bruk signalfargar? Hadde du sagt på tross så skulle eg ha vore med det,men ikkje pga fordi. Som eg har sagt før, skal folk slutte å bruke refleks i mørket berre fordi nokon som brukar det blir påkøyrt?
  14. To av mine naboar hadde hund. Ein dag gjekk eigaren av den minste hunden tur forbi der den største hunden budde. Dessverre kom den største hunden seg laus og angrep den minste og beit den slik at den måtte avlivast. Eigaren av den angripande hunden vart så forbanna at han ville avlive hunden sin,men då sa eigaren av den drepte hunden NEI. Ho meinte det var nok med ein tragedie om ikkje også begge hundane skulle døy. Begge hadde barn så ho visste kor trist dette var for ungane og meinte at dei andre ungane skulle sparast for dette. Dette var ein eingongshendelse og hunden som drap var ikkje aggressiv ellers. Tenk om fleire kunne vist slikt storsinn!
  15. Med ein slik er det 0 problem å få siktet i rett http://www.midwayusa.com/product/529349 ... eling-tool" target="_blank kort fortalt er det 2 vaterar, ein til å sette på toppen av kikkertsiktet og ein til å sette i låskassa. Enkelt og greitt. Eg kjøpte det hos Midway Norge.
  16. Jaktlykke kva slags papir har du brukt til å tørke av linsene med? Mjukt papir kan vere så mangt. Eg har kun brukt linsepapir eller slike våtserviettar du får kjøpt hos optikaren. Linsepapir har fulgt med både hos Swarovski og Kahles., ellers eg har kjøpt det i fotoforretning. Desse to linsepapirtypane er heilt forskjellige,men begge gjer jobben. Det som fulgte med lignar litt på sigarettpapir,mens det til foto er veldig tynt og nesten gjennomsiktig. Har og hatt ein lenspenn frå Leupold som var effektiv,men den gjekk fort sund. Har berre børsten igjen. Fiberklut har fulgt med til Zeiss og andre merker. Anna type papir har eg blitt fortalt for lenge sidan at ein ikkje skal bruke så det har eg holdt meg langt unna. Dette trudde eg faktisk var allment kjent.Så det er vel mulig at Zeiss kan ha rett i sine påstander om at du har gjort feil ,avhengig av kva slags papir du har brukt.
  17. Ein kan meine kva ein vil om forbud,men meiner du verkeleg dette her?
  18. Eg nemnte slike feilkoblingar i eit tidlegare innlegg der eg nemnte at eg såg ein person som kom ei stund før hanfaktisk var der. I det tilfellet var det ingenting på staden som minnte om eit menneske. Det var ingen ting på staden som lurte meg, det som skjedde var kun i min hjerne. Det er forskjell på dette og tilfeller der trær, steinar o.l blir forveksla med noko anna . Eit slikt "syn" som eg hadde kan også skje på jakt etter det psukologane seier, sjølv om det er uhyre sjeldent.
  19. Kvifor skal folk få dette til å dreie seg om forbod eller ikkje ? Såvidt eg veit er det ikkje påbode å bruke relfleks når ein går tur etter vegen. Det er alltid sjåføren sitt ansvar å køyre forsvarleg,men det hjelper meg lite om nokon skulle køyre på meg fordi dei ikkje såg meg. Difor brukar eg refleks i mørket. Om nokon likevel skulle bli påkøyrt på tross av at dei brukte refleks er vel ikkje det noko argument for å ikkje bruke refleks, eller falsk tryggheit som er begrepet einkelte her brukar om signalfargar på jakt. Skulle eg gått på tur i eit område der nokon driv jakt så hadde eg ikkje tatt på meg kamuflasjeklede,men lett synlege klede. Det var skyttaren sitt ansvar om han traff meg fordi han ikkje såg meg i bakgrunn når han skaut, men det hjelper det meg lite om eg blir skoten. Lag ikkje dette til ein debatt om ja eller nei til forbod, la oss heller diskutere kva ein kan gjere for å miske faren for ulukker. Så lenge ein har med mennesker å gjere så kan feil skje, gløym aldri det.
  20. Eit lite tips om at ein no igjen får kjøpt kvit anorakk,nemlig Åsnes Topp anorakk. http://www.oslosportslager.no/produkt/a ... 27311.aspx Dei har no kampanje på denne modellen til kr 1379 kr. Dessverre er det berre str M og L igjen i denne fargen til den prisen,men den fås i kvit i XL til ordinær pris 2299kr. Ut oktober månad har Oslo Sportslager 25% avslag på alle varer til ordinær pris bruk rabattkode "oktober2012". Så her kan de gjere eit godt kjøp på ein bra vinteranorakk.
  21. Dessverre trur eg fortsatt det er mange som trur viltet blir skremt av for eksempel bruk av oransje eller raude fargar på jakt. Mange her på forumet seier rett nok at dei brukar slikt,men kvifor er det egentlig så lite utbreidt på jakt her i Norge? Av og til lurer eg på om det er for å ikkje bli sett av folk. Og ja eg har nok høyrt ein del spesiellt reinsjegerar som ser litt ned på turgåarar som går i fargesprakande fargar i fjellet,men det burde jo vera ein fordel for jegerane for då veit dei kor dei har folk sjølv på lang avstand. Eg må innrømme at eg ikkje er noko flink sjølv til å bruke sterke fargar,men har av og til brukt ei raud lue. I år derimot har eg kjøpt meg ei slik bukse http://www.oslosportslager.no/produkt/haglöfs-edge-pant-friluftsbukse-herre-28552.aspx med den sterke grønfargen. Årsaken var først og fremst eit kjempetilbud eg fekk. Vart litt mobba om eg var sponsa av Kiwi,men ellers fekk eg tilbakemelding at eg var veldig lett å sjå når eg gjekk på jag. Ved postering dekkar eg meg til så då betyr fargen ingen ting. Når einkelte jaktlag kan ha eit forbud mot ein spesiell type ammunisjon t.d Norma Elite så kan jaktlaga også ha interne bestemmelsar om bruk av lett synlege fargar , ja faktisk trur eg ein del har innført ein slik praksis spesiellt for dei som går på jag.
  22. Det kunne vore interessant å sett ein statistikk , også inkludert ulukker i utlandet, på kor mange av offera som hadde på seg signalfargar. Ein type ulukker som er vanskeleg å gardere seg mot er der jegeren er 100% sikker på at han ser og skyt på eit vilt,altså ikkje ulukker der han trur det er eit dyr. Ved slike tilfelle er det vel ei slags "feilkobling" som skjer i hjernen, noko som er vanskeleg å gardere seg 100% mot. Eg har ved eit tilfelle på ein jakttur sett ein person som kom opp til hytta ein knapp time før han eigentlig kom. No trur eg ikkje på det overnaturlige,men trur at det var noko som skjedde i min hjerne. Om noko liknande skjer under jakt så kan kanskje signalfargar "vekke hjernen frå ein slik tilstand"?
  23. Slikt er forferdelig trist. Eg reagerer likevel litt på betegnelsen media bruker, nemleg ordet vådeskudd .Gjennom fleire år har eg lest om fleire dødsulukker og skadeulukker grunna skot,men alt er ikkje nødvendigvis vådeskudd. Jfr http://no.wikipedia.org/wiki/Vådeskudd Sidan politiet enno ikkje heilt veit kva som har skjedd synes eg det blir feil av media å kalle dette vådeskudd. Dessverre synes eg det er ein tendens til at media kaller alle jaktulukker vådeskudd,men då brukar dei ordet feil. Vådeskudd er nemleg ein bestemt type ulykker . Ser forresten no at BT har kome med ei oppdatering av saka http://www.bt.no/nyheter/lokalt/To-pers ... xtor=RSS-2" target="_blank
  24. For å gjenta meg sjølv ; er det ingen som har vore i kontakt med produsent/importør angåande dette?
  25. Her er eit innlegg av ein profesjonell jeger i Afrika http://www.biggamehunt.net/forum/30-06-africa-jjhack Innlegget er ikkje heilt nytt og han har skrive ein del innlegg om spesiellt Hornady Interbond og Barnes TSX i andre forum,men eg finn dei ikkje i igjen. Han brukte mest Interbond tidlegare og gjekk seinare over til TSX. Han var svært fornøgd med begge, årsaken til at han gjekk over til TSX var gjennomskytinga som ofte uteblei med Interbond. Bakdelen var etter hans meining dårligare skotreaksjon enn ved Interbond.
×
×
  • Create New...