Jump to content

vest

Members
  • Content Count

    1,228
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

4 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. No føl eg ikkje så godt med på disse organisasjonene, men at dei har gått spesiellt ut mot slik ammo har eg ikkje registrert. Ei heller Jenny. Da er nok Jibrag meir inne på saken og då særskilt om Arnemo.
  2. Kven er Jennys forbundsfeller?
  3. Her er utdrag frå skytterens forklaring. Eg saknar det at han blir konfrontert med kvifor han i det heile tenkte å skyte med ein så dårlig bakgrunn sjølv om det faktisk skulle ha vore ein rev eller rådyr. Men det kjem vel fram under rettssaken. https://www.jaktjournalen.se/har-skjuts-joggaren-jagarens-bild-av-skottet/
  4. Ja ein må visst ha abonnement for å sjå dette.Gløymte at ikkje alle ser det samme som meg. Tar berre difor med eit kort utdrag;"No foregår det ei intern høyring blant rettshavarar og fjellstyre. Førebels ligg det an til ei rein bukkejakt, eller i det minste ei kvote med høg andel bukk."
  5. Dette er nok meir enn berre eit rykte sjølv om det formelt ikkje er gjort vedtak enno. https://touch.hallingdolen.no/nyheiter/original-vri-for-hardangervidda-1.2603381?ref=0xe5238da2ec56198449487c9a71407bff117171a6622bd5538b8cb1f3717fffa3
  6. I fjor bomma lokalforvaltningen grovt på kor stor hjortestamma var. Dei forventa å ta ut 820 dyr, mot 785 i 2017. Resultatet vart 438 dyr. Først i oktober gjekk dei ut og erkjente at det var mindre dyr enn dei trudde, og da fortalte dei at svært mange dyr hadde døydd om vinteren og våren. Før 2017 sesongen sa fagfolka at dei måtte redusere bestandene med 20-30%. No når reinen er vekke og smittefaren er kraftig redusert så har dei altså auka talet til 50%. Det blir og sagt ein må forvente veldig små bestander i mange år framover. Mens planen er altså å reintrodusere rein i Sone 1 alt i 2023. 5år etter sanering. Virker ikkje heilt logisk dette. Forresten så kan det godt hende hjorte og elgbestanden alt er redusert 50%. Så lite dyr er det å sjå for tida at det ikkje skulle forundre meg. Den store tamreinbestanden på Filefjell der det er kjent gjennom mange år at tamrein har vore over i villreinsone 1, blir som vanlig ikkje nemnt av Mattilsynet. I siste VKM rapporten vart denne problemstillinga godt beskrive.Desse reinane har hatt meir kontakt med sone 1 enn villreinen i sone 2 dei siste 10-12åra. Ikkje rart ein representant frå Mattilsynet sa dei var under press angående tamreinen, men at dei måtte sjå på det på nytt. Noko dei no altså ikkje har gjort så veldig mykje med .
  7. vest

    Kuiu

    Kanskje du bør ta ein kikk på denne sida, mange flotte jakker der i ull, dei aller fleste med membran. No er det sikkert mange her som har fordommar mot tweed og trur dette berre er for snobben blant oss,men tweed finnes i alle prisklasser. Og det er varme og slitesterke klær. Alan Paine er nok eit ukjent merke for nordmenn,men dette er eit godt og forholdsvis rimelig merke på dei britiske øyer. Spesiellt modellane Combrook, Surrey og Loden burde vera aktuelle her. Sistnemnte er altså av Loden, det er to utgaver av den. Ein med for og membran, og ein uten. Førstnemnte er faktisk billegast. https://www.alanpaine.co.uk/sale/mens Det er forresten mykje salg på tweed jaktklær og andre jaktklær på dei britiske øyer no. Også mange andre gode merker både med og uten tweed og gore tex eller andre membranar. Regn har dei lang erfaring med der borte , så sjølv om merka er ukjente for oss så er det likevel kvalitet. Musto og Schøffel er ei par eksempel i det høgre prisskiktet Sjølv om tweed ikkje kjem i kamuflasje så er ulike farga tweed kanskje forløparen til kamuflasje. Mange av mønstra og fargane er avpassa til terrenget. Denne trur eg for eksempel vil vere godt kamuflert i mange hjorteterreng. Brun ,men ikkje så mørk som mange moderne brunfarga gore-tex klær er. https://www.alanpaine.co.uk/surrey-mens-waterproof-shooting-coat
  8. Riktig! Det er det viktigaste. Men som Nyati sa ;"Med grovt kaliber blir det større hull, raskere blodtrykkfall og død" ifølgje John Barness som skreiv artikkelen så er det ikkje alltid så enkelt. Det er ikkje alltid grovare kaliber gir større hol enn mindre kaliber.
  9. Sidan det ikkje ser ut til at folk les den siste artikkelen eg la ut så skal eg ta med ein setning: "It also occurred to me that an expanding bullet’s initial diameter isn’t what kills big game. Instead it’s the bullet’s “mushroomed” diameter, which punches a much larger hole."
  10. Ser no at dette temaet har engasjert folk. Håper da at denne artikkelen på side 6 kan ha interesse da den diskuterer nokre viktige poeng som ikkje har vore diskutert her eller i artikkelen som var utgangspunkt for tråden; "Does Caliber Affect Killing Power?" https://riflesandrecipes.com/wp-content/uploads/2018/02/RLN37Feb2018.pdf
  11. Ja egentlig hadde dei ikkje trengt å nemnt dette,men når dei kom med "forklaringa" på forskjellen pga rekyl så synes eg , om den skulle vere rett, at det ikkje har noko å bety i dag. Men kunne det vere interessant å visst om jegerar generellt i dag skyt bedre på jakt pga lyddempar.
  12. I denne artikkelen kjem det fram ein del påstander . Det blir nemnt at sjølv om det er små forskjeller på dei ulike kalibra så viser tall dei refererer til frå i 2005 (Bedre Jakt) at det er størst andel ikkje dødelig første skudd i 30-06. Dette forklarer dei med truleg dårlig plassert førsteskudd pga at 30-06 gir kraftigare rekyl enn 308win og 6.5x55 som er dei 3 mest brukte kalibra. No har ikkje eg nokon god forklaring, men rekylforskjellen er no minimal etter min meining . Ei anna forklaring kan vore vere tilfeldigheter pga lite antall tilfeller. Men kor relevant er det egentlig å snakke om dette i dag når ein svært stor andel av jegerane brukar lyddempar? Ja kor stor andel er det som brukar lyddempar? Eg hugsar ikkje om eg hadde det i 2005,men no har eg det på alle 3 jaktrifler mine . Det kunne heller vore interessant å sett nye tal på om fellingen har blitt bedre med lyddempar pga mindre rekyl. Eller kan det vera negative effekter med dempar som trekk i andre retningen? https://jaktogfiske.njff.no/jakt/2018/11/hvilket-kaliber-du-velger-er-ikke-viktigst-felle-elgen
  13. Har nettopp montert ein Zeiss HT 2,5- 10x50 på ein Bergara B14 Sporter. Weaver Grand Slam baser, Burris Signature Zee montasje. Ringene er dradd til med 20 (pund?) som anbefalt av Burris. Har og skifta frå fast magasin til avtagbart magasin altså skifta underbeslag.Og dette er første gong den er brukt etter det. Skaut i dag med Hornady American Whitetail 165gr i 308win. Presisjon er "ok" til storviltjakt, men dårligere enn forventa. Det verste er at den er variabel. Skaut inn på 115m men treffpunktet flytta seg ikkje som forventa når eg skrudde. Det kan godt hende rifla er kresen , men at treffpunktet ikkje flytta seg som forventa forstår eg ikkje . Har sjekka siktet i ein boresighter og der flytter det seg som forventa. Kan momentet for å feste stokken til mekanismen vere årsaken? Produsenten oppgir ikkje tal , men eg prøvde 35(?) pund. Ved ein misforståelse så skulle desse skruane dras til med 40, men i staden vart feste av ringane i basane dratt til med 40(pund?) faktisk kanskje 42 . Har justert dette i dag til 40 på stokkskruane og 25 på montasjen, men har ikkje fått testa dette. Har brukt ein wheeler momentnøkkel. Har sett at dette momentet varierer veldig hos ulike produsentar. Må ta med at eg har ein Svemko hunter lyddemper . Rifla var gjenga på fabrikken. Eg har tidlegare opplevd at pga dårlig gjenging så fekk eg dårlig presisjon etter nokre år. Da måtte den rifla gjengast opptatt og presisjonen vart bra. Bergaraen derimot er berre 3 år og lite brukt. Er det nokon som har tankar om kva som kan vera feil? Kan det vere ammoen som er dårlig? Fekk den veldig rimelig på tilbud. Alternativet er sjølsagt skyttaren, men med underlag så veit eg at dette er mykje dårligare enn normalt.
  14. Kva med ein Zeiss HT 2.5-10x50? Her er det eit bra tilbud.På fredag langt ut på dagen da eg bestillte hadde dei 1 igjen. V8 som står under er vel og eit godt valg sjølv om den er litt over din makspris. https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=121417541
  15. Er det nokon her som har laga eigne regler/rutiner for jaktlag når det er påskutte dyr? Tenker da på kva ein gjer fra dyret er påskutt til eventuellt ettersøk har starta med meir? Eg tenker ikkje berre på kva lovverket seier , men om det er jaktlag som har laga sin eigen oversikt over kva slags rutiner de har? Søkte litt på nettet og fann litt info fra Lierne , men ellers veldig lite om nokon har laga ein slik oversikt. Eg kunne sjølsagt ha laga mi eiga tiltaksliste , men lurte på om nokon har ein slags "mal" som kan brukast. Tanken er å gjere det lettare for nye jegerar å vitne kva ein skal gjere eller ikkje gjere etter dyr er påskutt og ikkje konstatert dødt. Altså utover det dei lærer til jegerprøven og får muntlig orientering om.
×
×
  • Create New...