Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Svensk bjørnejakt nr 1 No er det kommen ein ny svensk bjørnejaktfilm (og bok). Trailer finns på http://www.swedishchasseur.se/index.htm Ser spennande ut....
  2. Kor hen har du funne desse spora? For dei som ikkje bur i Sogn og Fjordane så kan eg jo opplyse at for ei tid sidan vart det observert bjørnespor i Jostedalen.Desse spora er seinare observert i Fjærland og så på grensa mellom Fjærland og Jølster. Siste eg høyrde var spor i Monsdalen mellom Vadheim og Høyanger . Det vart og sett ein bjørn i Hyen i fjor, dette blir noko lenger nord .Samme observatør fann visst og bjørnespor 1.juledag i fjor. I tillegg vart det sett ein bjørn i Eikefjord seint i fjor haust under hjortejakta. I 2006 var det som kjent ein bjørn i området Sunnfjord-Jostedalen Om alle desse observasjonane er eit og samme dyr er uvisst. Kor store var desse spora du såg? Dei spora som vart funne i år var visst frå ein liten bjørn. Eg hugsar ikkje om måla stod oppgitt ,isåfall burde det jo vera lett å sjå om dette er samme dyret.
  3. Swarovski sine retikkel namn synes eg er meir logisk enn Zeiss. Eit tysk nr 4 med illuminert dot kallar dei for 4-N og 4A med illum. dot for 4A-N, og er det istaden kryss så står det 4-NK. Zeiss på si side brukar tall på 40 og 60 tallet som benemning for sine illuminerte sikter.
  4. Til sistnemnte, om grevlingane hadde blitt tatt vare på til dei var store nok til å klare seg sjølv ute i naturen så vil eg ikkje sei at dette kjem under begrepet viltforvaltning, slik det blir brukt til vanleg. Dette "kaffe latte" uttrykket ser eg til stadigheit brukt for å vere nedsettande mot folk som bur i byane. Har du forresten smakt det? Det er faktisk godt, også for oss som bur i utkantstrøk ....... Folk i byane består forresten av mange bygdefolk . Alle "byfolk" er ikje byfolk Det er vel meir kvalmande å å sjå folk som mishandler og behandler dyr dårlig enn det motsatte?
  5. Villreinjegeren kva slags rase er Ante?
  6. Ja, han ble dømt fordi det ikke ble regnet som nødverge når naboen skjøt på 80-90 meter. Derimot fikk han kritikk fra eksperthold i den neste saken, fordi han skjøt på for nært hold, og at man aldri burde skyte på bjørn på nærmere hold enn 50-60 meter fordi en evt skadeskyting kan føre til at bjørnen angriper før man rekker å få i vei oppfølgningsskudd. Så kan man jo da spørre seg hvilket hold ekspertisen mener man bør skyte på, dersom man nå skal skyte i nødverge. Skal man sammenholde konklusjonene fra disse to hendelsene vil det nødvendigvis være et sted mellom 50-80 meter, en strekning bjørnen tilbakelegger på noen korte sekunder. At det fellende skuddet på Arvasslibinna ble skutt bakfra på 140 meter har i mine øyne ingenting med nødvergesaken å gjøre, men er derimot et vitnesbyrd om at jegerkorpset i Lierne handler etter et jegermessig korrekt handlingsmønster. Nemlig at man avslutter det man har startet på. Og det var faktisk det siste Lundemo ble dømt for - det var naboen, Leirfall, som skjøt det første skuddet etter binna. ` Den den andre bjørnen han skaut var ikkje det lisensjakt eller uttak av skadedyr? I fall ja ,så er det jo sikrast å skyta på litt avstand nettopp for å unngå farlige situasjonar. Nødverge derimot framstår jo som ein farleg situasjon. No kan vel og kanskje nødverge brukast for å unngå ein farleg situasjon,men kor langt hold kan ein då skyte på? Då kan ein jo skyta på 200m og sei ein ville forhindre ein farleg situasjon,men er det rett då? Dessuten bør ein vel først prøve å skremme dyret vekk før faren blir akutt.
  7. Såvidt eg hugsar var det ein kar som tok med seg ein gamal Krag med diopter og reiste ut om natta for å sjå etter bjørn, han ville visst "hjelpa" til. Ikkje hadde han jaktlisens eller våpenløyve. Han skaut mot nokon som kom mot han i halvmørket, han meinte det var bjørn. Ingenting tyda på at han traff og det er heller ingen ting tyder på at det var bjørn han såg utover at han sa det sjølv. Det var brukt ettersøkshundar som var trent på bjørn,men den markerte visst ingen ting på skotplass. No skal det leggast til at forholda for ettersøk ikkje var heilt ideelle då det hadde regna ein del. Eg trur det enda med at skyttaren fekk ei bot. No er dette 2år sida så det er mulig eg kan rote litt med detaljane. Den historien med elghovudet kan eg ikkje hugse å ha hørt.
  8. Eg trur ikkje dei venta med å gi tillatelse før dei var sikre på at bjørnen var ute av området. Bjørnejakt i dette området er uhyre vanskeleg så det skal ein stor porsjon flaks til for å få has på den der. I begynnelsen var folk ivrige etter å vera med,men då lite skjedde så dabba interessen av. Til slutt var dei berre i beredskap viss det duka opp nye funn. Å leite etter bjørnen var ikkje lett. og når dei fann kadaver var dei gjerne fleire dagar gamle og bjørnen kanskje langt vekk. Store jaktlag som nærmast går manngard trur eg KAN vera med på å gjera jakta vanskelegare spesiellt i dette ulendte terrenget. Eg snakka med nokon som hadde vore med, dei fortalte at det hadde vore prøvd med trent bjørnehund,men at den fekk problem på grunn av den store hjortestamma i området noko som øydela for hunden. Eg hugsar eit intervju med Herman Sotkajærvi der han fortalte at han vart tilkalt ein plass for å skyte bjørn. Til alles forferdelse forlanga han å få jakta åleine, då han trudde mange jegerar kunne skremma bjørnen vekk. Til slutt gjekk dei med på det. Og etter mange dagars venting og jakt så klarte han faktisk å ta den.
  9. Eg har handla ein del hos Midway,men sjølvsagt sjekkar eg prisen først Midway er faktisk ikkje like dyrt på alt. Prisane på Norma Oryx i cal 30 er det nok ikkje så mange som slår. Eg såg forresten på sida til Schou som mellom anna importerer Sako at Sako Super Hammerhead 180grs cal 30 kostar 3.55kr per stykk. Er det nokon som kan bekrefte dette? I såfall har desse utmerka kulene gått kraftig ned i pris.
×
×
  • Create New...