Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Nokon som veit om den malingssprøyta som VeT|Us anbefalar for DuraCoat, kan brukast på CeraKote òg? Altså denne: https://www.flust.no/hus-og-hage/verktoey-og-hageredskap/haandverktoey-og-tilbehoer/bosch-pfs-55-sproeytepistol/ Edit: Fekk svar av VeT|Us på e-post. Sidan CeraKote er veldig tyntflytande går det med uforholdsmessig mykje lakk med Boschen. Airbrush er å anbefale.
  2. Av erfaring vil eg sei at du ikkje burde bruke same data som 130 gr Norma DL for 123 gr Scenar (eller A-max). Dette gav klare trykkteikn i min Sauer, dog var dette med N-4 krutt. Grunnen er vel at DL er ei molycote-kule og gjev då lågare trykk. Mr. Lien anbefalar minst eit grain mindre bak blanke kuler sjølv om dei er lettare.
  3. Det står vel ladedata for 123/120 grains kuler på boksen?
  4. Bestilte du då på nett eller var du innom eitt av varehusa og handla?
  5. Litt snodig når ein søkjer opp Norrøna Recon Syncroflex så står det at prisen er 3199,- og førpris var 3849,-. Men når ein klikkar på produktet så står det at prisen er 3949,-? Og det er den prisen som gjeld om ein legg den i handlekorga... Gjeld ikkje den lågaste prisen om ein handler på nett?
  6. Snasen børse Arrowmaker! Eg har ein original K.art. mauser i 7,92 som eg ikkje vil herpe fullstendig. Difor har eg demontera baksiktet og festa ei leatherwood picatinnyskinne der. Med ein Aimpoint Micro på så fungerar det heilt topp, men eg saknar litt forstørring. Eg ser du har kikkertsiktet montera nøyaktig der eg vil ha det. Er dette ein Leupold FX-II Scout IER 2.5x28mm? Stemmer augeavstanden for deg slik at du får fullt synsfelt? I fylgje Leupold så har dette siktet ein augeavstand på 9,3"/236mm. Men etter mine mål så får eg det til å bli omtrent 340mm frå mitt auge og fram til bakkant av framre låskassebro.
  7. Stod ute og lyste litt rundt omkring. Mot skog, oppetter jordet og liknande... Var inne på tanken om at auget kanskje ikkje ville oppfatte forskjellen direkte overført i antal lumen. Og det var forskjell, men eg syntes berre forskjellen var komisk liten. Hadde venta meg meir frå 250 til 800 lumen. Vel, det er nok uansett ei god lykt. Tregar berre på at eg ikkje handla inn ei lita EDC lykt samtidig. Kikka litt på Nitecore SENS for eit AA batteri. Nokon som har testa den? Andre tips?
  8. Etter å ha lese gjennom HEILE tråden her måtte eg ha meg ny lykt eg òg. Det blei til at eg bestilte ei Nitecore MT26 frå batteryjunction.com + ladar og ulike batteri. Men eg må sei eg vart skuffa over Nitecorelykta. Lite forskjell i ljos frå high(250lm) til turbo(800lm) modus... Fleire som har denne lykta? Kan det vera noko gale med den eg fekk...?
  9. Berre for å få litt klarhet i problemet her: Har du problem med å kamre skota? Eller klebar dei i kammeret etter avfyring? Har ein kjenning med ein Browning A-bolt og han får trege hevarmslyft med NM60. Etter avfyring altså. Og det er vel eit klassisk teikn på høgt trykk...
  10. Om du skal fjerne hylsefeitt frå ferdigladde patroner så IKKJE legg dei i hylsetrommelen!!! Me brukar Lynol og gjer det helst ute, men om det er vassbasera feitt så er det vel ikkje stort som skal til for å få dei reine.
  11. Eg må sei meg særs enig med M67 her. Fritt fram for alt. I alle fall i starten, så får ein heller dele det opp i klassar ettekvart. Eg er dog ikkje heilt for å bruke tofot, men meiner det burde vere lov med reim.
  12. Så så. Eg er fullt klar over det, men den er i alle fall nærmare enn 6,5X55 Mauser som Dadden refererar til. Eg var dog ikkje klar over at det var plass til så mykje som 10 grain meir vatn i 6,5-06.
  13. Ser du har tenkt å handle avstandsmålar M695. Det gjorde eg òg når eg var der borte(Leica) og kom vel heim før eg kom på at den målte YARDS... I tillegg handla eg spottingscope(Nikon), Zeiss Conquest 8x30 og ein heil del knivar. Det gjekk fort eit nokre tusenlappar på Cabela's i Lehi. I tillegg til "vanlege" klede og sko, sjølvsagt. Eg og dama reiste burt med ein kuffert på deling og kom heimatt med to kvar + handbagasje heilt på vektgrensa. Men no skal eg til Houston på kurs i 2 veker i løpet av våren og tenkte å shoppe litt meir. Vurderar å skaffe meg eit brukbart sikte til langhald. Maks 10k NOK. Nokon som veit om kva kikkertsikte med Mildot retikkel som har metriske (mil/mil) klikk? Har fått med meg at Trijicon 5-20 skulle komme med det? Nokon som veit sikkert? Eller kanskje nokon som har betre forslag?
  14. Eg ser 54 grain er max for denne kula i 6,5-284 Norma... Har ikkje tilgang på mine data for 6,5-06AI, men eg har kronografera den kula til ca 930ms i mi 72cm pipe. Litt usikker på kva for eit krutt eg bruka, men eg meinar eg bruka max ladning frå ladeboka. Det er mogleg det var N-160...
  15. @Vassbekken Nederst på lista her ser du slike "beanbags". (The Pod) http://www.fotovideo.no/Produkter/Stati ... tativ.aspx" target="_blank" target="_blank
  16. Tja. Eg har eit Nikon Fieldscope ED50 A, så det er lite og lett. Tenkte mest på eit lite lett stativ til spotting i fjellet og som fungerar på skjotebanen. Problemet er at festet er fast på undersida, altså det kan ikkje roterast slik at ein kan ha det ståande på standplass og sjå rett inn i det. Men med eit hovud som kan vippast til sida gjeng det vel greit. Det spørs om eg prøvar eit Velbon Mini. Det såg kurant ut og var veldig billig. Det fungerar kanskje til sittjande spotting òg?
  17. Bump... Nokon fleire gode tips til eit godt stativ? Kva er din erfaring Kiwi?
  18. 10 in/lbs er vel ca 1,13 Nm. http://www.convertunits.com/from/lbs+in/to/N+m
  19. sirhitalot Det er vel motsatt? At du kan bruke både Weaver og Picatinny på ei Picatinny skinne. Men tverrsporet er smalare på Weaver slik at Picatinnymontasjar ikkje passar på Weaver?
  20. Eg handla min montasje av Våpenhuset i Stavanger. Det er mogleg han har liggjande fleire av desse...
  21. Eg har ein slik: http://www.midwayusa.com/viewProduct/?p ... ber=780185" target="_blank" target="_blank Berre å skruve av baksiktet og på med skinna. Har ikkje bruka børsa allverden endå, men den virkar solid. På denne har eg ein AimPoint Micro. Den er litt høg, men ein kan alltids byggje opp stokken litt.
  22. http://www.dagbladet.no/2011/08/08/nyhe ... /17602983/" target="_blank
  23. Takker. Eg rekna med at det gjekk, men var ikkje sikker på om den gjekk rett på eller om ein måtte eventuelt tilpasse mykje eller bedde den på plass. Eg har ein original M98, stempla "K.Art." i originalkaliber som eg helst ikkje vil herpe. Men eg måtte sjølvsagt oppgradere litt og då så skånsomt som råd. Tok av baksiktet og montera ei picatinnyskinne og sette på ein AimPoint Micro. Men stokken er for stutt og for låg og det ser ikkje bra ut med tunnelisolasjon tapet fast for å bygge på både kolbekappe og kolbekam. Og etter å ha lese litt om diverse Mauser/M67-prosjekt og sett resultatet til trådstartar fann eg ut at det måtte vere billigaste og beste løysing. M67-stokkar har me sikkert liggjande fleire av heime likevel. Då vert det nok til at eg slaktar ein M67 stokk. Blir vel litt spikking for å få plass til ringen for baksiktet, men det treng ikkje sjå så fint ut berre det fungerar.
  24. Hmmm... Skikkeleg fin vart den! Kor har du handla den kinnstøtta? Eg fann ikkje den på Artemis sine sider...? By the way, om trådstartar tillèt det: nokon som veit om M67 stokken passar på ein original M98? Sit offshore så eg har ikkje anledning til å prøve sjølv på ei stund...
  25. Hmmm... Det var no som fa... Eg som akkurat har handla inn 1000 stk 123 grain Scenar til DFS og langhold. Tenkte det var like greit med Scenaren kontra Norma DL med tanke på hastighet i og med at BC var lik. Eg fann det egentleg litt snodig at 123grs Scenar hadde tilnærma lik BC som 130grs Norma DL, men stola på Landrø. http://landro.no/produkter/lading_1/lapua/kuler/" target="_blank Ja, ja. Det skal vel klare seg til mitt bruk uansett.
×
×
  • Create New...