Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. 40% på Fimbulvetr trugar i produsentens eigen nettbutikk. https://www.fimbulvetr.no/
  2. Eg skal skjote både DFS (klasse 4) og Mil NM. Målet er standardpremie på alt. Eventuell finale er rein bonus.
  3. Norma sin .224 Oryx er vel 55 grain. Det er vel ein god kandidat kanskje? Den får du òg som fabrikkammo. Ellers finst det vel fleire 50-55 grain blyspiss/soft point kuler av andre produsentar som er billigare. Lapua har vel ein for eksempel. https://www.hjemmelading.no/categories/22-kaliberrifku
  4. Tja. Eg har reima(riflestroppen) hengande på armen heile dagen og for meg tek det ikkje veldig lang tid å tre handa inn i ei løkke. Men det er sjølvsagt individuelt. Det er òg individuelt kva folk likar å bruke. Eg har vel jakta reinsdyr i omtrent 25 år(Hardangervidda, Vinje) og det har vel hendt at holda har strekt seg ein del, men eg kan ikkje minnast eg har sakna to-fot nokon gong. Det er òg eit økonomispørsmål i det heile. Det er stor skilnad på ein riflestropp til 300,- eller ein NeoPod til 3-4000,- spesielt for ferske jegerar. Ferske jegerar burde heller ikkje føle at to-fot er noko ein absolutt burde ha på reinsjakt. Men folk må for all del bruke det dei føler seg mest komfortable med. Det er ikkje meg og mine erfaringar som er fasiten her. Uansett, reinsjakt er makalaust!
  5. Eg hadde valt riflestroppen kvar gong i staden for to-fot på reinsjakt. I tillegg finnes det omtrent ikkje ein plass der du ikkje kan krabbe 2-3 meter for å få anlegg. Men det er no mi meining.
  6. Vil berre minne om denne: https://www.njff.no/fylkeslag/telemark/Sider/Varjakt-pa-bever-Vil-du-bidra-til-forskningen.aspx?fbclid=IwAR1xtqFy5iGfcj4INIrk0dDcHSPyDcfrPuNzdjzR92ymCKchgtkyyi3BFgo Dei er veldig interessert i å få inn så mange dyr som råd frå ulike område. Dei skulle ha ein runde og hente dyr etter påske fekk eg beskjed om når eg tok kontakt i påska. Eg gadd ikkje å rydde plass i fryseboksen så eg køyrde ned til Bø og leverte den sjølv dagen etter. Dei sa òg at dei kunne gjerne ta i mot heile dyr så skulle eg få salta skinn i retur. Men sidan dette var eit stort fint skinn så er det like greit å ta flåjobben sjølv så ein ikkje har andre å skulde på for flåskader... Eg har skote 2 i år. Fyrst ei vaksen dame på ca 20 kg og ein på ca 17.5 kg. Forholdsvis lange hold i år, men når ein kan ligge flatt på skaren med tofot og vente til dei sit med fronten midt i mot er det ikkje noko stort problem. God effekt av .22-250 Rem med gamle 50 grain Hornady SPSX. Det beste var at den fyrste kvelden hadde eg med meg 3 10-åringar på jakt. Castor Fiber sat på isen når me kom og eg stoppa bilen slik at dei hadde fri sikt til dyret. Eg gjekk ut og tok ein liten runde i skjul for å komme meg i stilling og gutane sat i rett linje 30 meter bak meg når eg skaut. Det var stor stas å bli med ut på isen i utoset for å hente fangsten. Flott skinn med kun inngangshol rett bak skallen. Det blir nok ikkje fleire i vår sidan eg må offshore ein av dei neste dagane.
  7. Eg for min del hadde heller satsa på ei picatinnyskinne på pipa framfor kassa og sett på eit scoutsikte, eventuelt raudpunkt. Då slepp ein òg problemet med hylseutkast rett opp i siktet og tilhøyrande problem med forkiling etc...
  8. Det meste av anerkjente merke er vel godt nok optisk egentleg, og Mikke Mus-kikkert blir det ikkje uansett. Men eg ser ikkje nokon grunn til å gje poden ein kikkert som er slitsam å bruke heller. Håpet er at den blir bruka meir og meir etterkvart. Har funne ein del gode alternativ på finn òg så me får sjå kva eg endar opp med.
  9. Vurderar håndkikkert til ungane(ein på 7 og ein på 9) til jol. Har sett litt på billigaste Vortex med tanke på garantien om ein skulle vera uheldig... Er det nokon som har prøva desse i felt og kan sei om dei er noko å ha? Det blir ikkje heilt det same å kikke i dei inne i ei forretning... Har sett på denne: https://xxl.no/vortex-optics-raptor-8-5x32-handkikkert-gronn/p/1138650_1_style Eventuelt denne: https://www.jaktfall.no/produkt/optikk/vortex-handkikkerter/vortex-diamondback-1/vortex-new-diamondback-8x28 Yngste poden er brillebrukar, men tek helst av seg brillene når han kikkrar. Nokon andre alternativ som burde vurderast i denne prisklassa? Har òg sett litt på denne, men det blir litt over smertegrensa prismessig: https://www.sportsbutikken.no/meopta-meosport-8x25_32945p.html Får håpe på ein XXL-kampanje eller "Black Friday" tilbod... Eller kanskje nokon har liggjande noko brukt til ±1k?
  10. Ammunisjonen såg heilt strøken ut, ikkje teikn til irr i alle fall. Men det er vel ikkje alt som er synleg på utsida.
  11. Orsak at det tok litt tid, men i anledning farsdagen tok eg nokre skot over kronografen. Fyrst seks skot med '42 årgangen. Hastigheten var jamn, frå 422 til 425 m/s. Fekk 2-3 klikk og den eine måtte ha 3 forsøk før den gjekk av. Så over på '44 årgangen. Farten såg fyrst ut til å vera litt lågare, dei 2-3 fyrste låg på 399-400m/s. Så gjekk den opp til 425m/s før eg fekk ein på 250m/s. Fekk 2-3 klikk, men alle gjekk på andre forsøk. Dei som klikka såg ut til å ha svakt anslag i hetta så dei er kanskje harde? Skotne i ein Springfield 1911A1 over ein Chrony Alpha.
  12. Har tru på Vortex sine. Har ikkje prøva desse sjølv, men har lese ein del bra omtale. Dei kom vel brukbart ut i testen i Vapentidningen óg.
  13. Har ikkje sett i den, men eg vurderar denne: https://www.skittfiske.no/avdelinger/friluftsliv/optikk/håndkikkert/meopta/meopta-meosport-8x25-kompakt-og-hendig-kvalitetskikkert-154322-p0000138492?gclid=CjwKEAjwpdnJBRC4hcTFtc6fwEkSJABwupNiM8hNc4zpy4s_-pQKJIiog_ho8JsCFiW6vryEjbaC9RoCU_nw_wcB Har tru på at det er ein brukbar, liten og lett kikkert.
  14. Var det kaldt når du skaut? Om du er heilt på grensa til å få soting kan det hende det er nok at ammunisjonen er kald for å få det... Det var det fyrste eg tenkte på sidan du seier at du skyt nokre stevne om sommaren, så kan du få soting om du skyt vinterstid? Eller har du ein ny kruttlot som gjev ørlite lågare trykk? For eg reknar med at kammeret var avfeitta/tørrpussa?
  15. Pass no i alle fall på at denne "årgangsammoen" frå Raufoss trygg å bruke i Krag. Det burde stå tydeleg spesifisert på pakka.
  16. Det var egentleg det eg rekna med, men eg tenkte det var greit å dobbeltsjekke fyrst. Litt dumt å "destruere" noko som skulle vise seg å ha ein verdi for andre. Og eg er klar over problemet med korrosive tennhetter.
  17. Eg fekk noko gamal tysk 9mm ammunisjon i dag som eg egentleg tenkte å berre peise ut på papp. Men så slo det meg at eg kanskje burde sjekke om det var noko å samle på fyrst. Eg har ikkje greie på slikt, men det veit eg det er fleire som har her. Eg har heller ikkje interesse av å samle på dette så eg kan godt donere vekk til samlarar. Det er snakk om 16-skots pakker frå 1939, 1942 og 1944(trur eg). Skal prøve å leggje ut nokre bilete så kanskje nokon kan opplyse meg litt? 1939 1939 1942 1944 1939 - 1944 - 1942 Assortert i ei pakke Eg fekk òg to pakker med 97-RA-64, men det er kanskje ikkje veldig interessant? Edit: alle dei tyske er magnetiske og det står "Stahl" på pakka...
  18. Om 80gr Sierra Matchking gjeng godt i nettopp di børse så er vel dette ein god handel: http://nettbutikk.norma.as/Skytterlag/L ... 0000004513 1,49,- per kule må vera grisebillig. Edit: skirveleif.
  19. http://www.vihtavuori.com/en/reloading- ... auser.html Mitt beste tips er å bruke Vihtavuori sine eigne ladedata. Om ein brukar data for 140 grains Naturalis burde ein vera rimeleg safe.
  20. Eg handla nettopp Crispi S.W.A.T EVO. Dei har forholdsvis mjuke solar og er veldig gode på foten. Eg fann eit par gamle trådar på kammeret med fleire gode alternativ. viewtopic.php?f=35&t=101005 viewtopic.php?f=35&t=93127
  21. G-MAX Forus har rydda kraftig i hyllene sine og sel blant anna billig ammunisjon. Norma Jaktmatch 8x57 for 450 kr, .223 for kr 350 og CCI large rifle magnum tennhetter til 150 kr for ei pakke med tusen stykk. Dei hadde òg ein del Norma Oryx .270Win til ca 480 kr. Ein del pakker av både Fusion og Oryx i .243 var billig. Såg ei pakke med RWS i 8x68S for 99,-. Usikker på type, men trur det var TUG. Det var og ein del hagleammo der, men det har eg nok av så eg gadd ikkje sjå meir på det. PS: dette ligg ikkje saman med resten av ammunisjonen, men i eitt eige skåp litt nærare fiskeutstyret. Og i restekassa låg det ein heil del interessant. Leupold og Millet basar og ein heil del billig ræl til salong/luft etc. Eksempel: Leupold QR basar til X-Bolt kosta vel den nette sum av 50 kroner. Edit: sjølvmoderering.
  22. Eg ladde om nokre slike hylser og fann ut at hettelommene var veldig djupe. Etter avfyring vart hettene litt flate, men eg reknar med at det er nettopp på grunn av dei grunne lommene. Slik som ved for stort headspace.
×
×
  • Create New...