Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Eg har ein Bausch & Lomb som er litt "slakk i leddet". Men B&L er vel Bushnell no, er det ikkje det? Så eg må vel ta det via Bushnell importøren, som er Norma...? B&L finn eg kun som produsent av linser/briller...
  2. Sjå der, ja! Tusen takk karar. Då får eg berre spørje sjefen fint om eg kan låne med meg ein, så gjeng det sikkert fint. Mitt lokale skyttarlag består av meg, fatter og syskenbarnet hans(av "aktive" skyttarar vel og merke. ), så den biten er grei. Og resten samlaget har heller ingen grunn til å klage. Det er så få aktive at dei er glad nokon har anledning til å skjote to gonger på same stemnet.
  3. Tør eg spørje deg om du hadde ein knakende god grunn til å få låne børsa til Harald? Eller er det framleis nok å vera DFS skyttar slik som det er/var med gamlebørsa? Trudde kanskje dei var litt sære på å låne ut 416 sidan det ikkje var avklara om den kunne brukast i DFS endå...
  4. Jaha? Har du ein frå forsvaret eller driv du med praktisk skjoting eller noko så du har ein sivil ein kanskje? Eg får kanskje sende ein søknad om å ta'n med meg heim for å trene og bruke på DFS stemne. Men eg tvilar litt på at det vert godkjent slik heilt utan Viderøe. Hadde så absolutt ikkje tenkt å halde pusten, nei... På ei anna side så gjekk det utruleg greit med AG'en når eg skulle ha med den heim.
  5. Hmmm... Då er det kanskje håp, ja. Spørsmålet er kanskje kor lang tid DFS treng for å få det til.... Eg får sjekke litt opp med HV distriktet. Det kan hende dei sit på litt info. Sørgarden er sikkert oppdatera på dette så eg kan sende ein mail til han... Skal inn til omvæpning i helga, så då får eg endeleg prøva denne ertebørsa.
  6. Nokon som veit om det blir aktuelt å bruke HK416 i DFS med det fyrste? Eg er av dei som skal levere inn AG3 og få utlevera HK416. Men kan eg søkje om å få denne med meg heim for å bruke den på DFS stemne, slik som eg gjorde med AG'en? Og korleis vert det med militært NM forresten...? Må alle stille med AG3 i år òg tru...?
  7. Litt off topic, men korleis trenar du på rullande bildekk? Festar du ei skive inni og får ein kompis til å rulle det ut for deg eller...? Og lerduver? Lerduveskjoting med hagle for å trene fluktskjoting? Eg og ein kollega var på ein slags budsjettur til Tyskland i helga. Besøkte eit par kollegar der nede frå same konsern som ordna det meste. Me vart lova massevis av vilt og villsvinbestanden skulle vere stor. Men det vart trasige greier... Eg såg kun skimten av 2 svin som sprang over vegen på lang avstand. Dette var kun posteringsjakt. Me fekk diverre ikkje ordna drivjakt, men det blir det neste år... Og når eg så farten på grisane så skjønar eg at eg må trene...
  8. Eg testa såvidt 30 grains Berger i .22-250Rem i helga. Ladde opp med 40 grains N-140 krut. Då vart hylsa full, på kanten til komprimera ladning. Skaut 3 skot over kronografen og fekk 1330m/s... Ingen tydelege teikn på høgt trykk i mi børse i alle fall, men 40 grains er nok nær maks.
  9. Eg prøva denne kula i haust. Kaliberet er 6,5-06 Improved. Har kun skote ei grågås og ein reinsbukk, men foreløpig er eg fornøgd. 140 grains kula var ladd til 870 m/s. Gåsa såg faktisk grei ut innvendig. Reinsbukken fekk det skrått ovanfrå faktisk. Inn i framkant i toppen av eine bogen og ut nede bak den på motsatt side. Litt blodslege på inngangssida, men ikkje meir enn normalt. Off tpic: Bestillte fleire kuler frå hjemmelading.no sidan eg skal til Tyskland og jakte gris i desember. Gav melding om at hadde han ikkje inne 140grains Rhino, kunne han sende meg 140grains Swift A-frame. Då fekk eg 100 Swift kuler i posten... Litt snodig sidan det såg ut som han hadde det på lager når eg bestillte... Men Swift er sikkert minst like god.
  10. Heilt rett det du gjorde. I alle fall sidan du fek klarsignal frå oppsynet. (Viltnemda?) Eg hadde glatt gjort det same. Og om det var så gale at du kunne koma deg inn på 1 meters avstand så trur eg pinadø eg hadde gjort om eg kun hadde hatt hagla tilgjengeleg òg.
  11. Eg vil òg gjerne bestille ein stykk CD om Langhaldskjoting.
  12. Eg har ei Benelli Montefeltro 20. Den kjem eg ALDRI til å kvitte meg med! Kan anbefalast på det sterkaste. Eg meiner den ligg på ca 13.000,- for tida. Ellers så har syskenbarnet mitt ein Franchi og han er fornøygd med den. Den er rimelegare, eg meiner han gav ca 7000,- for nokre år sidan, men finishen kan ikkje samanliknast.
  13. 65grains med Norma 15 i ei .30-06 hylse. Korleis i helsike klarer du det? Eg og svogeren min lada i kveld og fekk komprimera ladning med 58grains... Dette var til 165grains TSX men dog... Kan ikkje skjønne anna enn at du må slite med plassen. Klart det har litt å sei kva for eit hylsefabrikat ein har, men likevel...
×
×
  • Create New...