Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    205
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Nei, dette er innafor den dag i dag. I futteral på ryggen er ikkje Saueren synleg, ei heller lett tilgjengeleg. Eit futteral er ikkje eit "hylster" bereikna på rask tilgang. Denne karen gjorde vel det same som jentungen til @bardp på veg til jakta. Kvifor han droppa futteralet då han frakta våpenet i utmarka har han sikkert ei god forklaring på, men det er nok ikkje innafor loven og då hjelper det fint lite i retten. Tvilar nesten på at alle opplysingar vart lagt fram for advokaten om han vart råda til å ta saka til retten, men han hadde kanskje ikkje valet om å ta eit forelegg.
  2. Eg for min del kan ikkje fatte at du vil ha SFP og det Element Optics-siktet er vel FFP. Men hadde eg vore deg så hadde eg auka budsjettet ørlite og slege til på den her: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=341959858
  3. Når eg loggar på "mitt dfs" så finn eg resultat attende til LS 2012 så det er kanskje ein øøørliten moglegheit for at du finn noko der. Elles så kan eg ikkje vera meir enig med @M67 og @bardp. Det er berre å melde seg inn i skyttarlaget og ta nokre treningar(og kanskje til og med nokre stevne?). Våpen får du alltids låne. Som ervervsgrunnlag så gjer du som M67 seier og fører du opp feltskyting i kikkertklassa. Det ER faktisk langholdsskyting opp til rundt 600 meter og mest fornuftig å føre opp på ein søknad kontra "langholdsskyting". Og skal du ha langholdsvåpen og snur på krona så er vel Sauer 200STR vegen å gå uansett, for den held seg særs godt i pris samanlikna med ymse custombygg og andre variantar. Optikk og anna stæsj kjøper du brukt så har du meir igjen til god ammunisjon.
  4. Ja. Litt avhengig av kaliber/patron sjølvsagt.
  5. Det er det. Lovteksten seier berre: Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst.
  6. Fint at dei har senka alderskravet for Jegerklasse kontra Kikkertklass i alle fall. Kva var/er egentleg grunngjevinga for å sette aldersgrense på +16 i kikkertklasse? Er det pga alderskravet for jakt på småvilt? Unge skyttarar med utfordringar med synet har til no måtte vente til dei er 16 for å skyte med kikkert i DFS. No kan dei kanskje starte når dei er 14.
  7. .22-Krag

    Cold Steel SRK

    Eg ser prisen på SRK og SRK-C er høvesvis 699,- og 599,- på XXL. Det må då vere ein god pris?
  8. 43,6gr er vel henta frå Hornady sin app etter det eg forstår. Amerikanarane er livredde for å bli saksøkte om nokon brukar deira ladedata og klarer å spreng ein gamal, rusta svenskemauser eller Krag, derav svake ladningar. Vihtavuori brukar normal/moderne trykkstandard og i moderne våpen er det ingen grunn til å ikkje bruke deira data. Vv listar opp ein startladning på 43gr og maks på 47.3gr med tilsvarande 130gr kule. https://www.vihtavuori.com/reloading-data/rifle-reloading/?cartridge=71 Edit: presisering av kule.
  9. Ja, visst pokker! Då hjelper det lite...
  10. Må det absolutt vere 196gr eller er 200gr innafor: https://hjemmelading.no/produkt/woodleigh-8-x-57-200-grains-rn-sn-8-mm-318-50-pk/ Edit: Sorry, men dette er lenke til .318-kuler
  11. Kommentaren om reell fart kjem når eg skriv at kronografen sleit litt med oppstarten i kulda. Og om du utvidar siteringa litt så ser du at eg målte farten i 4 ulike børser. Farten i Saueren var faktisk omtrent som forventa då denne pipa gjev generelt god hastighet. Dei 3 andre børsene eg sjekka var 25-30m/s under det eg trudde, men det er nok temperaturrelatert. Grafen som @M67 viser er brattare enn eg trudde den skulle vere. Saueren var den fyrste eg skaut med så det er mogleg det fortsatt var litt lunk i dei patronene når eg skaut. Uansett så ser eg pinadø at eg har blingsa litt når det gjeld den farten så det må eg få orsake. Ser på bileta av kronografen at snittfart på dei 3 skota i Saueren var 845 m/s, men eg minnes eg vart overraska over variasjon der òg.
  12. Eg tvilar på at eg faktisk ER betre enn deg. Men du òg ville vel forventa å skyte 3 skot på ca 20-30 mm med støtte på 100 meter, sjølv med diopter? Og du ville kanskje sjekka opp litt ekstra om du skaut 3 skot i ei stripe på 60 mm, to gonger på rappen? Dette var heller ikkje nokon test av presisjon. Som du seier så sjekka eg at det smalt, sjekka farten og justerte etter middeltreffpunktet,. Men så blir ein fort litt opphengt i slike merkelege resultat/samlingar som ikkje er forventa. Sant å sei så testar eg fint lite presisjon. Eg ladar opp ei standard ladning og det samlar som regel som forventa og godt nok til DFS og anna. Når det gjeld RDF-kula må eg kanskje ta jobben med ein ladestige og faktisk teste presisjon, men eg ser for meg at løysinga blir å ei pakke med Norma GT for denne sesongen. Latskapen lenge leve!
  13. Som nemnt tidlegare så er det skote på papp/feltskiver så eg kan ikkje skulde på elektronikken heller. 3 skot er i minste laget for å sjekke variasjon, ja. Det kan vel hende kronografen (Chrony Alpha) sleit litt med temperaturen for den del. Den hadde stått på standplass og når eg kobla til batteriet så starta den opp som normalt før den viste "Err". Tok batteriet i lomma litt og kobla til på ny og den oppførte seg normalt. Skulle berre sjekke farten på fire børser for å hesje saman ein tabell før feltstevne i helga. Håpar målt fart faktisk var reell, sjølv om den var litt lågare enn forventa, men slik er det no ofte. Ein får gjerne ein reality check med målt fart kontra det ein håpar på ut frå ladetabellen. Uansett så droppa eg Sauer og tok heller ein gamal Mauser og reiste på feltstevne og stilte i Kikkertklassa . Det såg ut som målt fart stemte greitt med den for eg vann no klassa både i Styrvoll og Siljan. Som ein funfact så var vel eg den einaste på stevnet som fekk 6/6 på langholdet, men ein B100-figur er så høg at ein kan tillate seg å blingse ein del på oppslaget før det blir krise og det var lite vind akkurat der og då. Når det gjeld RDF så har eg ikkje prøva den før, nei. Og hadde det vore to "runde" samlingar på 5-6 cm så hadde eg kjapt konkludert med at den ladninga ikkje var ideell. Det var den klare horisontale tendensen som forundra meg mest og fekk meg til å tenke i andre banar og lufte "problemet" her, men så blir eg sabla ned og skulda for skyttarfeil og dårleg utstyrskontroll...
  14. Du @Bly er ein av dei her inne på Kammeret som eg har respekt for i form av at det virkar som du har mykje kunnskap. At du ikkje har høyrt den nynorske versjonen av bokmålsordet "vannrett" og faktisk må spørje om det betyr det same som "horisontalt" forundrar meg litt. Men ja, vassrett er det motsatte av loddrett og er synonymt med horisontalt. Laus kikkertmontasje og retikkel kan eg sjå vekk frå då det er diopter på børsa. Den har beddeblokk og har definitivt ikkje kontakt i løpskanalen. Skjefteskruvar, løpsinnfesting og diopter stod godt fast og eg finn ikkje noko anna feil heller. Det var òg forventa, difor spurte eg om nokon hadde sett liknande tendens med olje og då spesielt i mange minusgrader. Det ser det ikkje ut som at nokon har... Eg er klar over at det er eit syltynt grunnlag og det er klart det kan vere tilfeldig med eit så lite antal skot. Men eg har no såpass erfaring at eg finn det merkeleg å få slike seriar når eg føler eg har gode avtrekk. Som tidlegare nemnt så få eg skyte litt meir før eg konkluderar med noko.
  15. Våpenforskrifta: Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle: 1. når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha, 2. når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og 3. pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for. Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda. Slik eg les dette så kan du behalde den gamle pipa utan å søkje om ny.
  16. Pipa det er snakk om er ei 73 cm fluta Lothar Walther-pipe som eg kjøpte ny av O. K. Bryhn under LS på Evje. Fører ikkje logg, men eg skyt (altfor) lite så den har nok maksimalt 1000-1500 skot. Ingen teikn på dårleg stabilitet når eg ser på kulehola i pappen (har bilete) men det kan kanskje vere i grenseland med 220 mm stigning på denne kula? Farten på dei 3 skota eg kronografera variera ein del, 856-863-882 m/s, men det er no ikkje heilt unormalt... Men kanskje ikkje i minus 18°C? Eg har egentleg eit håp om at dette er grunnen så eg slepp å sita med 170 skot som er ubrukelege i denne pipa Skal plukke børsa i delar no eg sjekke litt. Edit: Det var litt olje i bakkant av pipa ja, men ikkje mykje. Får teste litt og om det framleis viser seg at RDF ikkje gjeng så får eg heller lade opp med Norma GT som eg VEIT at funkar i børsa.
  17. Er det nokon som har lagt merke til nokon trend i den auka spredninga med olje mellom løp og låskasse? Altså, vert samlinga generelt større i "alle retningar" eller får ein typisk sidespredning eller høgdespredning? Grunnen til at eg spør er at eg var på banen for å skyte inn Saueren her om dagen og fekk litt merkeleg resultat. Eg sat som ei krykke med støtte på ein stol for å skyte over kronografen og skaut 3 skot. "Samlinga" var 5-6 cm i ei vassrett stripe. Justera siktet etter middeltreffpunktet og skaut 3 skot til. Denne gong sat eg og skaut frå eit bord med frontstøtte og fekk akkurat same resultatet, dog med endra treffpunkt etter siktejustering. Dette er rett nok ei ny ladning med 44gr N4 bak 140gr Nosler RDF som eg ikkje har prøva før, men det var no snodig å få kun sidepredning uansett. Det var forbanna kaldt (-18°C) når eg var på banen så eg orka ikkje å teste noko meir den dagen, men eg lura på om nokon hadde sett liknande tendens? 6 skot er eit syltynt grunnlag, men det var så konsekvent at noko feil må det vere. Eg må gå over børsa og sjekke litt moment og om det er olje i pipeinnfestinga. Har ikkje sett noko særleg effekt av olje der før så eg er ikkje manisk når det gjeld å unngå det, men lurar på om dette er eit større problem når det vert skikkeleg kaldt kanskje?
  18. Med fabrikkammunisjon så er vel skilnaden i utgangshastigheit (og dermed rekyl) marginal på .30-06 kontra .308, så akkurat det argumentet er vel nesten ei myte. Og så vil eg påstå at både 6,5x55 og .30-06 er finare å sjå til enn "automatdvergen", sjølv om eg aldri har ått ei børse i kaliber .30
  19. Har ikkje erfaring med .280AI, men derimot 6,5-06AI i ein M98 og hadde aldri mateproblem med den. Har òg lese (i Ladeboken? ) om at mating frå magasin kan vere eit problem med patroner med bratt skulder, men kan ikkje sei eg trur det er veldig vanleg. Kan ikkje minnast å ha lese noko særleg om dette her inne i alle fall. Når det gjeld custombygg som M98, kjem det vel an på kompetansen til børsemakaren om mating blir eit problem eller ikkje. Med ein 404 burde den som skal levere pipa kunne svare deg på om det kan bli problem med mating frå magasin. Skyteforming av .280 Rem til .280AI er uproblematisk. At kriteriet ditt for val av patron er om du får tak i bushing die eller ikkje skjønar eg ikkje noko av... Pipa mi i 6,5-06AI gav opp etter 20+ år med dårleg stell, så eg bytta til ein 202 Outback i 7x64. Etter 2-3 år med 7x64 er eg godt nøgd med den patrona. Om du vel 7x64, .280 standard eller improved blir nok i praksis hipp som happ. Etter vel 20 år med villkatt som krev skyteforming av hylser såg eg sjeldan på det som noko stort problem, men ei gong i blant hadde det vore fint å berre kunne kjøpe seg ei pakke skot over disk. Eg berre nemner det...
  20. Tok du ut batteriet av Swaro'en og justera manuelt på tårnet då eller...?
  21. Tenkte jeg ikke skulle gni det inn.. Eg har ingen problem med å bli fortalt at eg tenker heilt feil i denne samanheng for dette har eg ingen som helst greie på. Men eg set pris på å få så gode forklaringar på kvifor eg tenker heilt feil, så lærer eg noko nytt i dag òg.
  22. Hvordan forklarer du det med fysikk? I mitt enkle hovud er vel det på grunn av at farten gjeng ned? Med ein gitt boge altså. Så ein må over på ein kraftigare boge for å "hente" energi ut av tyngre piler? Omtrent som når ein må over på tregare krutt for å få fart på tyngre kuler... Eller tenker eg fullstendig feil her?
  23. Er ikkje våpenlova og våpenforskrifta litt motstridande på dette punktet eigentleg? I alle fall når det gjeld transport. Forskrifta krev ikkje tildekking under transport, berre om ein forlèt våpen i bilen utan forsvarleg tilsyn... Våpenlova: § 20.Krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon Den som har, brukar, mellombels oppbevarer eller transporterer løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal ha med dokumentasjon på lovleg tilkomst til gjenstandane og skal syne fram dokumentasjonen på førespurnad frå politiet. Den som mellombels oppbevarer eller transporterer skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som nemnd i første ledd, skal syte for at gjenstandane er forsvarleg tryggja mot at uvedkomande får tak i dei. Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege. Skytevåpen og ammunisjon, som nemnd i første ledd, skal vere åtskilde under transport og mellombels oppbevaring, med mindre skytevåpen og ammunisjon vert oppbevarte i tryggingsskap eller våpenrom etter § 19. Våpenforskrifta: § 6-7.Krav til transport og sending av skytevåpen og ammunisjon Den som transporterar skytevåpen på offentleg stad kan ikkje bære skytevåpenet i hylster eller liknande, som er festa til kroppen på ein slik måte at det gjev rask tilkomst til skytevåpenet. Den som transporterar skytevåpen eller ammunisjon etter våpenlova § 20 i motorvogn skal ha skytevåpen og ammunisjon under forsvarleg tilsyn. Skytevåpen eller ammunisjon som transporterast i motorvogn kan likevel forlatast utan forsvarleg tilsyn når skytevåpen og ammunisjon er pakka og skjult og motorvogna er låst, eller når vital del av skytevåpen er fjerna. Ved sending av løyvepliktige skytevåpen skal skytevåpenet tryggast slik at det ikkje kan brukast. Skytevåpenet kan enten tryggast med kammerlås eller liknande innretning, eller ved å sende ein vital våpendel i eiga sending. Ammunisjon skal ikkje pakkast saman med eit komplett skytevåpen. Den som skal sende eller transportere ammunisjon må i tillegg til krava som er fastsett i andre og tredje ledd også oppfylle krava til transport eller sending av eksplosivar etter brann- og eksplosjonsvernlova. Føresegnene i første og andre ledd gjeld ikkje for Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om transport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.
  24. Er einig i at det ikkje er spesielt relevant å dra inn begrepet skarpskyttar inn her. Men Forsvaret treng gode skyttarar som er vant til å bruke optiske sikte. Dog burde dei òg kunne bruke reservesiktet på forsvarets våpen som er diopter/holsikte.
  25. Eg synest Hr. Feltstykket kunne lagt litt meir arbeid i artikkelen sin. Det er litt ymse usanningar og dårlege formuleringar der. "Dette fordi jaktvåpen har kun tre-skudds magasin." Direkte feil. Men mange jaktvåpen har det. "Det legges også opp til at man i en lavterskelklasse som dette ikke skal være krav om skyteklær, men det man normalt bruker på jakt." Det har aldri vore krav om skyteklær i nokon klasse i DFS, men det er tillate. "Skyteklær (jakke, bukse, hanske, albuebeskytter etc) er ikke tillatt." Og så lenger ned i teksten: Albuebeskytter (jf. Skytterboka 8.163) er tillatt. Og når det kjem til reglane synest eg det er litt snodig at ein må plombere sikter med meir enn 12x forstørring. Eg trur ikkje det er noko særleg fordel å ha meir forstørring, men for dei som har det så er det altså ikkje aktuelt å endre forstørring i løpet av eit stemne/feltløype?
×
×
  • Create New...