Våpenforskrifta:
Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle:
1.
når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha,
2.
når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og
3.
pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for.
Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda.
Slik eg les dette så kan du behalde den gamle pipa utan å søkje om ny.