Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Sikker på at Lapua Scenar 123 grain har ein BC på .574? På Landrø sine sider står det .547, men eg ser at i PCB så er det også oppgjeve .574 for denne kula. Og Norma Diamond Line har .548 i fylgje Norma Skytterlag.
  2. Eg har ikkje mine data framfor meg, men eg meiner bestemt eg fekk 140 grains Swift A-frame ut i 930m/s. Litt usikker på ladninga. Trur eg bruka N-150 eller N-160 krut.
  3. .22-Krag

    1911 Sikte tips

    Tek sjansen på å bumpe denne tråden litt. Eg har ein Springfield 1911A1 med faste sikte som pekar i heilt feil retning. (skyt 20-30cm ned til høgre) Har tenkt å bytte til justerbare, men er usikker på kva som passar med tanke på eventuell maskinering osv. Nokon som har tips til greie sikte til militærfelt?
  4. Jørund Lien meinte det var like greit å bruke varmint kule. "Rett ned" og det var sjeldan at filètane vart øydelagt. Eg har ikkje prøva 250'en på gås, kun 6,5-06AI og då med Rhino kule. Hòl på storleik med eit kronestykke i den eine eg skaut.
  5. Var innom Starkey for å få meg formstøypte proppar gjennom jobben i fjor og då sa dei eg burde vente til den nye modellen kom. Den skulle vere både betre og billigare. Så eg sendte forespørsel til Starkey om pris på dei nye Soundscope Pro-tect iHunt i går. Fekk svar om at den var 4500,- inkludera avstøyp, så prisen på 8000,- i starten av denne tråden har vel endra seg litt. Er litt i tvil om eg skal melde meg inn i NJFF og handle GN ReSound eller om eg skal hive meg på Soundscope sine. Er det noko som har prøva begge typar? http://www.soundscope.no/" target="_blank
  6. Eg vil ha ein .22-Krag. Eller 5,56x55 om du vil. (6,5x55 strypt ned til .22 i tuten) I tillegg så skal eg nok ha meg ein 8x68S. Men det er no så mykje ein har lyst på, men ikkje tek seg råd til...
  7. Sjekk prisane på www.naturogfritid.no før du handlar. Eg har handla der eit par gonger og har berre godt å sei om plassen. Modelloversikt takkant middelpriskikkerter: http://www.naturogfritid.no/default.asp ... OKG=&sql=&
  8. Eg må diverre takke nei til dette... Skal på jolebord med HV i Langesund 28. november... Kunne sjølvsagt teke det på turen dit, som ein pit-stop, men eg har søren ikkje ferie att heller....
  9. Eg kaupte denne varianten av Våpenhuset i Stavanger for 1150,- http://www.midwaynorge.com/apps/eproduc ... mID=780185 Den vart veldig høg med originalstokken og ein Aimpoint micro på toppen. Eg og lika Brownells variant, men sidan den er i aluminium vart det ikkje aktuelt. Eg likar stål.
  10. .22-Krag

    Links Rifle

    Fatter handla ein 202 links og han er kjempefornøygd med den. Men eg vart skikkeleg skuffa og meinte på at det måtte vera montera feil stokk på den. Det må då vera mogleg for Sauer å laga ein links stokk utan at det skal koste all verden ekstra? Eg meiner det vert for dumt å levere ei links rifle med rechts stokk. Det ER faktisk cast off på stokken! Og hand swell... PS: fatter har skeiv hornhinne på høgre auget og skyt links. Men linksvåpen er ikkje det lettaste å oppdrive så han har skote med rechtsvåpen heilt fram til han handla seg links Sauer 200STR for eit par år sidan. I DFS så har han bruka "sleivstokk" for å sikte med venstre for å sleppe å byggje ut sikte. Men han tok ladegrep med venstre når han skaut links og det hender framleis at han blingsar og "tek" etter hevarmen på høgre sida... Men det kjem seg...
  11. Eg tek turen i år. Skal skjote Mil NM på fredag og laurdag og klasse 4 på sundag og tysdag. I tillegg skal eg i gjestebod på laurdagskvelden, så det vert litt travelt... Men det vert lite camping og sosialt utanom skjotinga, burtsett frå nått til laurdag då forsvaret ordnar tak over hovudet på hardt underlag... Eg tenkte å køyre att og fram sidan det berre er ca 20 mil ein veg i år.
  12. Rettelse. Ny feil følger: Det var låge ringar dei anbefala meg til Mauseren. Til M70 Sporteren derimot, fekk eg beskjed om medium. Kjempeklaring til både hevarm og pipe, sjølv med dei låge ringane montera. Eg oppgav kikkertmerke(S&B) og modell og at hevarmen var omsmidd. Men dei har vel ikkje vore borti alt som finst av kombinasjonar heller.
  13. Til info så var svaret eg fekk av Jakt og Friluft ikkje heilt rett. Dei anbefala medium ringar til min kombinasjon og sannheten var at det var ca 1cm klaring til pipa med låge ringar... Men dei referera til Leupold si side: http://www2.leupold.com/resources/Mount ... efault.asp
  14. Eg fekk tak i ei Ken Farrell 20 MOA skinne og Leupold 30mm QRW Low til min Mauser. Med ein S&B 3-12X50 vart det alt for høgt på mi rifle... Sikkert 10-15mm klaring til pipa. Men eg har ikkje klart å finne ringar som er lågare. Montera òg ei Brownells skinne utan tilt på ein Winchester M70 Sporter med same kikkert. Dette vart også alt for høgt. Nesten like stor klaring til pipa her. Nokon som veit om det finst skinner som er lågare? Eller om det finst lågare ringar? Forbanna irriterande at dei er så tykke. Vurderar å maskinere ned skinna i underkant, om det er nok gods til skruvefeste... Sorry litt off topic.
  15. Hei og velkommen til Kammeret. Sjekk denne tråden: viewtopic.php?f=38&t=1797&st=0&sk=t&sd=a Eg handla nettopp der. Ellers veit eg Jakt og Friluft har Leupold QR: http://www.jaktogfriluft.no/display.aspx?menuid=14704 Eg sendte mail til Jakt og Friluft med spørsmål om kor høge ringar eg måtte ha og dei ringte meg opp att eit par timar etterpå med svar.
  16. Då var det gjort. Pakka kom i posten på fredag. Kom på 323USD inkl frakt + 459NOK i toll. Så då er det berre å kåma seg heim og montere og satse på at alt passar...
  17. Bump! Nokon som veit kor ein får tak i denne og cirka pris?
  18. Må seie meg einig med Truls der. Eg har nok til gode å ikkje finne godt anlegg når eg er på reinsjakt. Meeeen.... Eg har stort sett riflestroppen på armen til ei kvar tid i tillegg til at det finst plenty med andre alternative anlegg i fjellet. Den er mykje lettare enn ein to-fot og bortimot like god. Lettare å fylgje dyr i kikkerten er det òg.
  19. Svaret frå Brownells kom kjapt: Scope mounts and bases can be shipped without any special documents. Så då er det vel berre å prøve. Men etter det Sako 30-06 seier her så kjem det litt an på produsenten, om dei har papira i orden: viewtopic.php?f=38&t=19336&start=0&st=0&sk=t&sd=a
  20. Skal prøve å sende ein mail. Så får eg formidle svaret her. Ellers får eg prøve å få nokon kollegaer i statene til å vidaresende delane til meg. Det må då vera nokon fordelar med å jobbe i amerikansk selskap.
  21. Hmmm... Er det kun dette som reknast som "gun parts": A Gun Part is “any item necessary to the operation of a weapon”. Many parts fall within this category, such as triggers, magazines, grips, actions, pistol frames, and barrels. Slepp eg unna denne regelen om eg bestiller kikkertmontasjar tru? Men så må eg vel dele opp ordren slik at kvar pakke kjem under 100USD + at det kjem moms på det tollerane henger seg opp i... Og så kjem det vel fraktkostnader på kvar pakke. Forbanna vanskeleg dette skulle bli då...
  22. Mange gode svar her. Eg ville vel sagt omtrent det same, burtsett frå at Howa ikkje er nevnt så vidt eg kan sjå. Dei lagar vel òg links rifler? Men så til off topic: Produserar Sauer links stokk til Sauer 202? Opphavet fekk nettopp ein 202(Outback?) links med syntetstokk. Men det den har vanleg høgre stokk...? Med handswell, cast off og det heile. Er det slik det skal vere eller er denne rifla levera med feil stokk?
  23. http://www.kikkert.no/default.asp?VS=detalj&ID=126560 Dette er vel bra i forhold til prisen. Eg har eit tilsvarande kaupt i USA, berre med 16-48x okular + at det er rett og ikkje vinkla. Brukbart fornøygd med mitt, men det eg ville nok heller hatt eit fast 20x eller 30x okular. Det er vanskeleg å få det skikkeleg klart på forstørring over 30-35.
  24. .22-Krag

    benelli

    Eg har ein Benelli Montefeltro 20, cal 20/76. Den hagla skal eg aldri kvitte meg med! Fordelen/ulempa med denne modellen er vel vekta på ca 2.6kg. Lett å bere heile dagen, men litt verre å få "sving" på... Når det gjeld finish og funksjonalitet er vel Benelli noko av det betre på markedet skulle eg tru.
  25. No ser eg det har kome ut innbyding til MIL NM 2009 på mil.no http://www.mil.no/idrett/start/article. ... eID=174209 Det ser ut til at det vert sjangs for å prøve seg med HK416. Sitat frå innbydelsen: "I tillegg til ordinært NM for AG3 gjennomføres det for første gang et prøve-NM i militær geværskyting med ny angrepsrifle HK416." Edit: Kvifor funkar ikkje den linken eg prøva å leggje ut? Eg prøvar på ny: www.mil.no/idrett/start/article.jhtml?articleID=174209
×
×
  • Create New...