Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Eg las det du skreiv og eg er klar over den løysinga og eventuelle krav til dokumentert våpenopplæring/tilstrekkeleg kompetanse for sikker bruk. Påstanden eg synest var vel bastant, var når du ut i frå denne setninga: "Hei, eg fikk en gammel hagle av min bestefar og den er ikke registret, hva må eg gjøre for og lovlig bruke den til jakt?" konkluderer med at "Trådstarter hadde ingen slik kompetanse". Som sagt så tolka eg innlegget hans som om han truleg allereie har jegerprøva, sidan han spør kva han må gjere for å lovleg bruke denne hagla på jakt og svaret på det finn han nesten heilt øverst i tråden sin.
  2. Det var då ein veldig bastant påstand? Eg tolka @Steindalen il som ein ung/fersk jeger som har lite kunnskap om, og difor spør om, reglane rundt dette med arv av våpen. Han fekk gode svar på det han spurte om tidleg i tråden og er sikkert nøgd med det. Likevel meiner eg @amatør sitt spørsmål til Vargen er interessant og relevant, når ein diskuterer reglane rundt dette med arv av våpen. Han kunne sikkert ha spurt i ein eigen tråd, men sidan trådstartar allereie har fenge svar på sitt spørsmål synest eg det var greit å ta det her. Det er vel ikkje eit mål å ha så korte (og mange) trådar som råd heller...
  3. Kva slag "tillatelser" tenker du på? Du kan melde deg på stevne i kikkertklasse uansett kva du er registrert som, så sant du er over 16 år. (eller fyller 16 dette kalenderåret)
  4. .22-Krag

    Remington 812

    Har ein kjenning som har tenkt å lever inn ei Remington 812 til destruksjon, om nokon er interessert...
  5. Kopiert frå rundskrivet: "3.8.1 Affeksjonsvåpen til bruksformål Med kravet til våpenkyndighet er tidligere forbud mot å bruke skytevåpen ervervet ved arv eller affeksjon som bruksvåpen ikke videreført. Løyvehavere som allerede innehar affeksjonsvåpen etter våpenforskriften (2009) § 20 og som innehar våpenkort uten rett til erverv av ammunisjon, kan etter søknad til politiet få utstedt nytt våpenkort uten slik begrensning. Det skal dokumenteres våpenkyndighet i tråd med våpenforskrifta § 5-4 for slik utvidelse av løyve. Skytevåpen ervervet på grunnlag av affeksjonsverdi etter § 5-4 tillates nyttet som bruksvåpen og teller ikke med ved beregning av jakt- eller sportsskyttergarderobe."
  6. Kvifor er dette eit problem? Du kan vel framleis nytte hagla til jakt sjølv om den er arva og registrert på affeksjon?
  7. .22-Krag

    Tikkaklubben

    Om du ikkje har ti tommlar treng du nok ikkje hjelp av børsemakar. Om du har ei skrustikke og ei tong får du vel dra delane frå kvarandre nok til å få inn ein unbrako eller liknande? Berre pass på å legg noko lær/tøy/gummi mellom så du ikkje får merker/grader på delane.
  8. Tja... Er det faktisk veldig mange fleire som har skytevåpen no enn før? Om ein tenker på at det er ein del eldre som har vandra heden og dermed ikkje har våpen lengre. Våpen som då skal byte eigar og som kanskje ikkje har vore registert før? Det har vore våpenamnesti som har rydda vekk 18 653 våpen, både uregistrerte og registrerte. Ein del av desse skal erstattast med nye, moderne våpen. Me er stort sett forbi tida der veldig mange nye jegerar overtok eller kjøpte seg ein gamal Mauser. Det virkar som om veldig mange heller kjøper ny børse og ein del vel faktisk å berre levere inn gamle våpen for destruksjon, sidan dei ikkje har nokon særleg verdi uansett. Så at antalet søknadar har auka er kanskje heilt naturleg? Eg har ikkje søkt etter tal, men lurar egentleg på om totalen av våpen i Noreg har gått opp? Eller ned...?
  9. Nei, dette er innafor den dag i dag. I futteral på ryggen er ikkje Saueren synleg, ei heller lett tilgjengeleg. Eit futteral er ikkje eit "hylster" bereikna på rask tilgang. Denne karen gjorde vel det same som jentungen til @bardp på veg til jakta. Kvifor han droppa futteralet då han frakta våpenet i utmarka har han sikkert ei god forklaring på, men det er nok ikkje innafor loven og då hjelper det fint lite i retten. Tvilar nesten på at alle opplysingar vart lagt fram for advokaten om han vart råda til å ta saka til retten, men han hadde kanskje ikkje valet om å ta eit forelegg.
  10. Eg for min del kan ikkje fatte at du vil ha SFP og det Element Optics-siktet er vel FFP. Men hadde eg vore deg så hadde eg auka budsjettet ørlite og slege til på den her: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=341959858
  11. Når eg loggar på "mitt dfs" så finn eg resultat attende til LS 2012 så det er kanskje ein øøørliten moglegheit for at du finn noko der. Elles så kan eg ikkje vera meir enig med @M67 og @bardp. Det er berre å melde seg inn i skyttarlaget og ta nokre treningar(og kanskje til og med nokre stevne?). Våpen får du alltids låne. Som ervervsgrunnlag så gjer du som M67 seier og fører du opp feltskyting i kikkertklassa. Det ER faktisk langholdsskyting opp til rundt 600 meter og mest fornuftig å føre opp på ein søknad kontra "langholdsskyting". Og skal du ha langholdsvåpen og snur på krona så er vel Sauer 200STR vegen å gå uansett, for den held seg særs godt i pris samanlikna med ymse custombygg og andre variantar. Optikk og anna stæsj kjøper du brukt så har du meir igjen til god ammunisjon.
  12. Ja. Litt avhengig av kaliber/patron sjølvsagt.
  13. Det er det. Lovteksten seier berre: Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst.
  14. Fint at dei har senka alderskravet for Jegerklasse kontra Kikkertklass i alle fall. Kva var/er egentleg grunngjevinga for å sette aldersgrense på +16 i kikkertklasse? Er det pga alderskravet for jakt på småvilt? Unge skyttarar med utfordringar med synet har til no måtte vente til dei er 16 for å skyte med kikkert i DFS. No kan dei kanskje starte når dei er 14.
  15. .22-Krag

    Cold Steel SRK

    Eg ser prisen på SRK og SRK-C er høvesvis 699,- og 599,- på XXL. Det må då vere ein god pris?
  16. 43,6gr er vel henta frå Hornady sin app etter det eg forstår. Amerikanarane er livredde for å bli saksøkte om nokon brukar deira ladedata og klarer å spreng ein gamal, rusta svenskemauser eller Krag, derav svake ladningar. Vihtavuori brukar normal/moderne trykkstandard og i moderne våpen er det ingen grunn til å ikkje bruke deira data. Vv listar opp ein startladning på 43gr og maks på 47.3gr med tilsvarande 130gr kule. https://www.vihtavuori.com/reloading-data/rifle-reloading/?cartridge=71 Edit: presisering av kule.
  17. Ja, visst pokker! Då hjelper det lite...
  18. Må det absolutt vere 196gr eller er 200gr innafor: https://hjemmelading.no/produkt/woodleigh-8-x-57-200-grains-rn-sn-8-mm-318-50-pk/ Edit: Sorry, men dette er lenke til .318-kuler
  19. Kommentaren om reell fart kjem når eg skriv at kronografen sleit litt med oppstarten i kulda. Og om du utvidar siteringa litt så ser du at eg målte farten i 4 ulike børser. Farten i Saueren var faktisk omtrent som forventa då denne pipa gjev generelt god hastighet. Dei 3 andre børsene eg sjekka var 25-30m/s under det eg trudde, men det er nok temperaturrelatert. Grafen som @M67 viser er brattare enn eg trudde den skulle vere. Saueren var den fyrste eg skaut med så det er mogleg det fortsatt var litt lunk i dei patronene når eg skaut. Uansett så ser eg pinadø at eg har blingsa litt når det gjeld den farten så det må eg få orsake. Ser på bileta av kronografen at snittfart på dei 3 skota i Saueren var 845 m/s, men eg minnes eg vart overraska over variasjon der òg.
  20. Eg tvilar på at eg faktisk ER betre enn deg. Men du òg ville vel forventa å skyte 3 skot på ca 20-30 mm med støtte på 100 meter, sjølv med diopter? Og du ville kanskje sjekka opp litt ekstra om du skaut 3 skot i ei stripe på 60 mm, to gonger på rappen? Dette var heller ikkje nokon test av presisjon. Som du seier så sjekka eg at det smalt, sjekka farten og justerte etter middeltreffpunktet,. Men så blir ein fort litt opphengt i slike merkelege resultat/samlingar som ikkje er forventa. Sant å sei så testar eg fint lite presisjon. Eg ladar opp ei standard ladning og det samlar som regel som forventa og godt nok til DFS og anna. Når det gjeld RDF-kula må eg kanskje ta jobben med ein ladestige og faktisk teste presisjon, men eg ser for meg at løysinga blir å ei pakke med Norma GT for denne sesongen. Latskapen lenge leve!
  21. Som nemnt tidlegare så er det skote på papp/feltskiver så eg kan ikkje skulde på elektronikken heller. 3 skot er i minste laget for å sjekke variasjon, ja. Det kan vel hende kronografen (Chrony Alpha) sleit litt med temperaturen for den del. Den hadde stått på standplass og når eg kobla til batteriet så starta den opp som normalt før den viste "Err". Tok batteriet i lomma litt og kobla til på ny og den oppførte seg normalt. Skulle berre sjekke farten på fire børser for å hesje saman ein tabell før feltstevne i helga. Håpar målt fart faktisk var reell, sjølv om den var litt lågare enn forventa, men slik er det no ofte. Ein får gjerne ein reality check med målt fart kontra det ein håpar på ut frå ladetabellen. Uansett så droppa eg Sauer og tok heller ein gamal Mauser og reiste på feltstevne og stilte i Kikkertklassa . Det såg ut som målt fart stemte greitt med den for eg vann no klassa både i Styrvoll og Siljan. Som ein funfact så var vel eg den einaste på stevnet som fekk 6/6 på langholdet, men ein B100-figur er så høg at ein kan tillate seg å blingse ein del på oppslaget før det blir krise og det var lite vind akkurat der og då. Når det gjeld RDF så har eg ikkje prøva den før, nei. Og hadde det vore to "runde" samlingar på 5-6 cm så hadde eg kjapt konkludert med at den ladninga ikkje var ideell. Det var den klare horisontale tendensen som forundra meg mest og fekk meg til å tenke i andre banar og lufte "problemet" her, men så blir eg sabla ned og skulda for skyttarfeil og dårleg utstyrskontroll...
  22. Du @Bly er ein av dei her inne på Kammeret som eg har respekt for i form av at det virkar som du har mykje kunnskap. At du ikkje har høyrt den nynorske versjonen av bokmålsordet "vannrett" og faktisk må spørje om det betyr det same som "horisontalt" forundrar meg litt. Men ja, vassrett er det motsatte av loddrett og er synonymt med horisontalt. Laus kikkertmontasje og retikkel kan eg sjå vekk frå då det er diopter på børsa. Den har beddeblokk og har definitivt ikkje kontakt i løpskanalen. Skjefteskruvar, løpsinnfesting og diopter stod godt fast og eg finn ikkje noko anna feil heller. Det var òg forventa, difor spurte eg om nokon hadde sett liknande tendens med olje og då spesielt i mange minusgrader. Det ser det ikkje ut som at nokon har... Eg er klar over at det er eit syltynt grunnlag og det er klart det kan vere tilfeldig med eit så lite antal skot. Men eg har no såpass erfaring at eg finn det merkeleg å få slike seriar når eg føler eg har gode avtrekk. Som tidlegare nemnt så få eg skyte litt meir før eg konkluderar med noko.
  23. Våpenforskrifta: Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle: 1. når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha, 2. når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og 3. pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for. Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda. Slik eg les dette så kan du behalde den gamle pipa utan å søkje om ny.
  24. Pipa det er snakk om er ei 73 cm fluta Lothar Walther-pipe som eg kjøpte ny av O. K. Bryhn under LS på Evje. Fører ikkje logg, men eg skyt (altfor) lite så den har nok maksimalt 1000-1500 skot. Ingen teikn på dårleg stabilitet når eg ser på kulehola i pappen (har bilete) men det kan kanskje vere i grenseland med 220 mm stigning på denne kula? Farten på dei 3 skota eg kronografera variera ein del, 856-863-882 m/s, men det er no ikkje heilt unormalt... Men kanskje ikkje i minus 18°C? Eg har egentleg eit håp om at dette er grunnen så eg slepp å sita med 170 skot som er ubrukelege i denne pipa Skal plukke børsa i delar no eg sjekke litt. Edit: Det var litt olje i bakkant av pipa ja, men ikkje mykje. Får teste litt og om det framleis viser seg at RDF ikkje gjeng så får eg heller lade opp med Norma GT som eg VEIT at funkar i børsa.
  25. Er det nokon som har lagt merke til nokon trend i den auka spredninga med olje mellom løp og låskasse? Altså, vert samlinga generelt større i "alle retningar" eller får ein typisk sidespredning eller høgdespredning? Grunnen til at eg spør er at eg var på banen for å skyte inn Saueren her om dagen og fekk litt merkeleg resultat. Eg sat som ei krykke med støtte på ein stol for å skyte over kronografen og skaut 3 skot. "Samlinga" var 5-6 cm i ei vassrett stripe. Justera siktet etter middeltreffpunktet og skaut 3 skot til. Denne gong sat eg og skaut frå eit bord med frontstøtte og fekk akkurat same resultatet, dog med endra treffpunkt etter siktejustering. Dette er rett nok ei ny ladning med 44gr N4 bak 140gr Nosler RDF som eg ikkje har prøva før, men det var no snodig å få kun sidepredning uansett. Det var forbanna kaldt (-18°C) når eg var på banen så eg orka ikkje å teste noko meir den dagen, men eg lura på om nokon hadde sett liknande tendens? 6 skot er eit syltynt grunnlag, men det var så konsekvent at noko feil må det vere. Eg må gå over børsa og sjekke litt moment og om det er olje i pipeinnfestinga. Har ikkje sett noko særleg effekt av olje der før så eg er ikkje manisk når det gjeld å unngå det, men lurar på om dette er eit større problem når det vert skikkeleg kaldt kanskje?
×
×
  • Create New...