Jump to content

.22-Krag

Members
  • Posts

    213
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by .22-Krag

  1. Eg ville nok ha prøva å sette i eit bit eller ein skrutrekkar som passar godt og gje skruen nokre gode kakk fyrst. Altså aksialt på skruen. Det kan få den til å sleppe litt. Har erfart å slå av halve skruehovudet med ein slik slagtrekkar...
  2. Mitt tips: Pipe Heym 18/680-8X57Is M98-Jakt - Våpensmia (vapensmia.no)
  3. Quick-fixen er vel å bygge på grepet om ein då ikkje får problem med plassering av tommelen. Eg har vurdera noko slikt som dette: https://ratgrips.com/ eller eventuelt berre bruke https://sugru.com/ for å bygge på grepet. Eg bruka Sugru for å "bygge om" smørspaden på ein 202 til ei rund hevarmskule og det har fungera heilt fint. Det sit vanlegvis godt på dei fleste overflater. Det er vel ikkje plass i avtrekkarbøyla på ein Tikka T3 til å flytte avtrekkaren noko særleg lenger bak? Då må ein eventuelt bygge om underbeslaget og det er ikkje gjort i ein håndvending. Elles er vel amatør sitt forslag det som blir finast, men det kostar vel fort eit par lappa å få tilpassa blanks. Eg ser prisdifferansen på blank stokk kontra ferdig montera er 2050,- hjå Rafdal og han tek 465,- i tillegg for " tilpassning til ukurrant låskasse". Mogleg det å legge mekanismen lenger bak genererer eit slikt tillegg med tanke på standard mal...
  4. Det er eit gamalt bilete. AG3 var med fram til 2021 var det vel. Det er endra i siste versjon av Skytterboka 2022: https://drive.google.com/file/d/17HY22CL8O1hFzkOqRd-8S6zVKLA7XNnf/view
  5. Starte? Den ser komplett ut, men må kanskje ha nytt batteri for å få liv i raudpunktet? Ser ut som det er batterideksel på ljosbrytaren. Den knotten til venstre på biletet ditt...
  6. Dei eg kjenner som jaktar med bikkjer brukar helst ikkje homogene kuler med tanke på gjennomskot og rikosjettfare for bikkja. Om ein stiller mykje på stålos så kan det fort bli litt ulike skotvinklar og om det er stor elg det er snakk om så ville eg nok teke steget opp frå Vulkan/Alaska til noko som held litt betre saman. I alle fall opp til ei lodda kule.
  7. Du har i alle fall ikkje bruk for retikkel med strekar/siktepunkt for dei holda du nemner her på hjort og elg. Eit standard retikkel type tysk #1, #4 eller liknande er godt nok i massevis til dette.
  8. SKIVA er 60 cm, ja. Tieren er 60 mm.
  9. https://www.kammeret.no/topic/95967-jakter-du-med-åpne-sikter/#comment-1386726 Denne tråden vart oppretta på torsdag så du kan kanskje spør der? Eg er klar over at søkefunksjonen på Kammeret ikkje er den beste, men eit kjapt søk her eller på Google er ofte fornuftig framfor å opprette ein ny tråd for kvar minste ting ein lurar på.
  10. Nei Ingenting Jaudå. Skal du kjøpe ei "rifle i .308" så meinar du rimeleg sikkert ei rifle kamra for patrona .308 Winchester. I daglegtale vert den patrona omtala som .308 og vert gjerne skriftleg forkorta til .308W.
  11. Er det ein slik ein du er ute etter @Obsidion? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=248227709
  12. Som @ironni seier, men kvifor ikkje bruke originale mellomleggsskiver: https://www.bmwear.no/produkt/konkurranseskyting/sauer-200str-deler/deler-sauer-200str/s522-mellomleggskive-flat
  13. Til 6,5x55 så står det faktisk ladedata oppgjeve på boksen. Data som er utarbeidde nettopp for den LOTen, så det kan vel knapt bli enklare.
  14. Kva for ei rifle du burde ha er opp til deg og dine personlege preferansar, så det skal eg ikkje leggje meg altfor mykje opp i. Men når det gjeld å finne ei børse som passar deg og om du slit med stutt kolbe så vil eg sei at kinnstøtte er kanskje vel så viktig som kolbelengde. Eg er lang i armar og nakke og den "nye" Sauer 202'en min vart veldig stutt for meg. Eg forlenga kolben ein del utan at det gjorde susen, men når eg fekk laga meg skikkeleg kinnstøtte vart alt så mykje betre...
  15. Du har sjekka dei lokale vedtektene? Det er ikkje sikkert akkurat DIN kommune har dette i vedtektene sine og som fleire påpeikar her så er dette lovleg jakt i utgangspunktet.
  16. .22-Krag

    Te-Titan

    Eg starta med å stramme som eg vanlegvis gjere på dei to andre demparane eg har. Etter at eg fann ut at den losna så gav eg den "fart" og drog til så eg vart blå i trynet, men den losnar like forbanna... Har ein Hausken jakfeltdempar og ein A-Tec Carbon i 6,5 frå før og har aldri hatt problem med at dei losnar...
  17. .22-Krag

    Te-Titan

    Eg bestilte min TE-Titan Hunter Short den 2. februar og fekk den fyrst i mars... Har store problem med at den losnar frå pipa etter berre eit skot eller to. Børsemakaren som gjenga pipa har aldri hatt det problemet før. Dette var ein kaliber .30 dempar til ein Sauer 202 i 7x64 med 14x1 gjenger. Har testa på ein T3 i .223 òg, men den losnar til og med der. Har sendt melding til Tronrud Engineering to gonger på nettsida deira, men får ikkje svar...
  18. Eg bruka ei skjerefjøl i plast for å forlenge kolben på 202en min. Om du finn ei i svart så ser det sikkert greitt ut. Mi var grå, men det tek eg ikkje så tungt. Ein plaststokk blir aldri noko møbel uansett...
  19. Handla ei bruka Sauer 202 Outback i dette gode gamle kaliberet i haust. Har ikkje fått prøva vidunderet endå, men har handla inn litt kuler for heimelading. Eg handla ei pakke med billige 180gr Hornady ELD match på black Friday, men så såg eg det stod anbefala 1:8" stigning på pakka. Er det nokon som har prøva denne kula i ei 1:9" pipe og har sett at den er stabil? (pipa har original 56 cm lengde)
  20. Sjå der ja, takker. Eg søkte på 202 og fann ingenting, men det er vel sannsynleg at det er same stigning i dei pipene ja. Så spørs det om det er verdt å prøve 180 grains ELD...
  21. Nokon som veit stigningen i 7x64? ( 202 Outback) Har prøva Google utan hell. Handla ei pakke med 180 grain ELD match på svartfredag utan å tenke på stabilisering, men ser no at det står anbefalt 1:8" på pakka...
  22. Litt vest for Brokke på veg til Stavanger kom eg over ein sau som låg i grøfta. Det var litt trafikk, men ingen stoppa så eg gjorde det for å sjå om sauen var skadd. Eg tok tak i den og "stabla" den på føtane, men den berre seig i hop i bakparten så eg tippar ryggen var knekt. Temmeleg sikkert påkøyrd. Eg tenkte avliving med ein gong, men sidan det var ein sau så visste eg at eg egentleg ikkje eg hadde lov. (Børser hadde eg i bilen) Det stod ikkje akkurat telefonnummer til saueeigar på øyreklypa så eg ringte politiet og forklara situasjonen. Må sei eg vart litt overraska, men likevel nøgd med svaret eg fekk. Sitat onkel blå på ein sentral nede på sørlandet ein stad: "Jau der er loven heilt klar, du kan ta børsa og avlive sauen". Så eg drog sauen ut av vegen og gav den ei kule i skallen. Politiet fekk koordinat og nummer på øyreklypa og skulle melde det vidare. Beste løysinga etter mi meining, men politimannen hadde nok ikkje heilt kontroll på lovverket... Dette var omtrent 10 år sidan.
  23. Så om eg forstår det rett så kan ikkje siktet stå i montasjen når denne vert montert? I alle fall om ein skal ha i skruen i front. Ikkje nokon hurtigmontasje altså...
  24. Eg ville sjekka det boble seier. Men det KAN òg komme av romsleg kammer/stort headspace.
  25. Flat tennhette og "etterbrennere" KAN vel òg indikere at du har stort headspace/romt kammer?
×
×
  • Create New...