Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Prisuavhengig er det vanskeleg å komma utanom denne, men 50 lappar... http://www.bergpresisjon.no/Portals/642/Sportsrifle.jpg
  2. Napping og møting er to sider av same sak: rekylskrekk kombinert med "redsel" for å bomme. Tipset om blanda klikk- og skarpe patronar i magasinet er bra, men da må du blande slik at du ikkje veit når det smell og når det klikkar. Tørrtrening er veldig bra for å lære seg gode avtrekk. Da er du berre konsentrert om siktebilde og avtrekk, og treng ikkje vera redd for smellen eller at det skal bli høl langt ut i skiva. Ikkje minst kan du tørrtrene heime i ro og mak (pass berre på at børsa er tom...). Når du har tørrtrena nok til at du gjenkjenner eit godt avtrekk kan du bruke visualisering (tenke eit godt avtrekk). Reis på banen med nokre få skot (10-20) og kjør seriar: Eitt visualisert avtrekk, eitt tørravtrekk og eitt skarpt. Prøv å "dra med deg" den gode kjensla frå "tenkt" og "tørt" avtrekk over i det skarpe! Slutt før du er sliten! Nokre treningar på denne måten gir langt større effekt enn mengder av skot. Lykke til!
  3. Og det vart testa meir enn ein treskot både første og andre året?
  4. Stem gjerne på andre parti enn dei som styrer no, men tru ikkje at blå farge i regjeringa gjer livet lettare for jegerar og skyttarar. Spør kven som helst i Nordstrand Skytterlag om kva dei meiner om den blå byregjeringa i Oslo... Stikkord: ny skytebane.
  5. Har Barnes-kulene mantla så mykje at pipa har vorte trongare?
  6. 925 m/s med 9 g Scenar? Da er du vel godt på feil side av den raude streken?
  7. Winchester hetter funkar veldig godt i hettemagasinet, og smell alltid. Norma 19 og 11 funkar godt i kruttmålet. 0,2 grains avvik betyr ingenting!
  8. Syntetisk eller lær? KT kan jo vera Kurt Thune, men dei er det Våpensmia som sel. Forresten dei beste sjølvstrammande reimene eg har prøvd.
  9. Har du sjekka denne tråden: viewtopic.php?f=17&t=48743 T. d. "høggern" er ein rutinert 6,5x55-ladar og bur i Finnmark
  10. "Maksladninga" for 6,5g kule er langt frå det ein vanlegvis vil kalle maks, men den maksimale kruttmengda ein kan bruke og samtidig halde seg innanfor kravet til rekruttammo i DFS. Der er kravet maksimal kulevekt 6,5g og maks fart 810m/s. Men trykket er langt unna "den raude streken".
  11. Bruk verdiane på boksen for 6,5g rekrutt (800 m/s) så er du godt på rett side av streken. Eg reknar ikkje med du er på jakt etter max fart uansett?
  12. Det er neppe barnelærdom for så mange, men i det minste kjent stoff. Kor mykje var skilnaden?
  13. Vanskeleg å synse om stamma utan at ein har oversikt over beitet. Er det rikeleg beite kan ein stort sett gjera som ein vil, men om stamma er på veg ned pga dårleg beite bør ein skyte meir!
  14. Komprimerte ladningar er heilt uproblematisk, bortsett frå at det krever litt ekstraarbeid å fylle krutt. Passar dårleg i karusellpresser og liknande, men da kan ein jo berre bytte til eit litt raskare krutt.
  15. 2-3 m/s fartstap pr kappa cm er i nærleiken av det ein kan rekne med. Kanskje litt meir for patronar som brukar veldig seintbrennande krutt, og litt mindre for patronar som brukar veldig raskt krutt. Du vil òg vanlegvis tape mindre på dei første centimetrane du kappar enn på den siste. Du kan trygt bruke same ladetabell som før kapping. Lite å hente på å bruke raskare krutt - det kruttet som gir best fart i eit ukappa løp gir vanlegvis best fart etter kapping òg. Derimot kan det muligens bli mindre slitasje av demparen med eit krutt som gir lite munningsflamme. Eg skriv mykje "vanlegvis", "kanskje" og "muligens" her, og det er fordi alle børser oppfører seg ulikt - også med omsyn til kapping. Det eg derimot er sikker på er at for vanlege sentertente riflekaliber taper ein fart med kapping. Kor mykje varierar. Og 22LR går fortare med kappa løp...
  16. Det er 6,5x55, og ikkje berre 99,99999% Kan fint lufte den litt i DFS! Me er mange som starta skyttarkarriera med Krag. Du må nok rekne med at Sauer-skyttarane har eit lite forsprang på deg, men om du ikkje siktar mot toppen på lista funkar kragen gulle godt. Kjøp ei pakke rekruttammo og prøv!
  17. Dette er ein heilt ordinær banekrag (Krag-Jørgensen), med Busk-diopter. Stokken er eg ikkje sikker på produsenten til. Sannsynlegvis ombygd av ein eller annan lokal børsemaker. Stokken er nok eldre enn diopteret.
  18. Kammerbrukaren Ignorant (tidlegare S&L-tilknytta) har forklart at S&L brukar eit slags "poleringsapparat" som polerar løpet innvendig. Den polerar mest frå kammeret og mindre mot munningen. Dette gjer at ein får ein viss trangboringseffekt. Så vidt eg veit har Sauer også ei viss trangboring i løpa sine, og da Walther begynte å levere DFS-løp vart det sagt at desse ikkje er trangbora (motsett av dei andre leverandørane). Eg meiner òg at KV hadde trangbora løp i skarpskyttarmauseren, men det kan sikkert Snapphane eller Mentor forklare nøyare.
  19. For det meste enig, men for å råke ein fugl på så langt hold må du i alle fall ikkje ha uflaks... Det skal ikkje rare endringa i vind til før berekninga er heilt ute av kurs.
  20. Remington er sikkert god nok den. Men eit par tips når du prøvar å finne ut kor godt børsa går: Skyt med skikkeleg kvalitetsammo, og prøv gjerne fleire slag. Er du det minste i tvil om at du greier å trekke av i midten kvar gong låner du bort børsa til ein som er god til å skyte små samlingar. Og sjølv om du trur du skyt tettast i bygda kan du likevel la ein annan prøve børsa di. Med rett fôr og rett sjåfør kan det hende børsa samlar på 2,5cm og ikkje 5. I så fall har du meir å hente på å trene enn på å bytte løp...
  21. Det er slett ikkje sjølvsagt. Mange områder i landet har hatt alt for høge stammer i mange år, og (vinter)beitet er kraftig redusert. Det har gjort at elgen har trekt til andre områder, og stadeigne dyr har dårleg tilvekst. Før ein bestemmer seg for å auke stamma må ein vera sikker på at det er beite til fleire dyr.
  22. Mange Rem 700 har eit kontaktpunkt mellom pipe og stokk. Det steller gjerne til litt trøbbel ved varmskyting. I tillegg blir det fortare mirage (varmeflimmer) med tynne jaktpiper, og lysbryting i den varme lufta gjer at siktebildet flytter seg litt. Same effekt som gjer at ein kan sjå luftspeglingar i t.d. ein varm ørken. Det siste trur eg er noko av svaret på spørsmålet til Bo Diddley
  23. Regelmessig pussing er lurt! Om treffpunktet er forskjellig på første skotet/skota etter puss må du prøve i di børse med ditt pussemiddel. Ingen børser er like. Men for ei børse som har samlingar på 5 cm på 100 meter kan det neppe bety all verden. Hadde ho samla til 1cm, så kanskje...
  24. Tyristubben snekkerverksted i Høland (trur eg...) lagar fine stokkar til STR. Stein Erik Bredvold i Åsnes gjer det same, men han har ofte litt (mykje...) å drive med og ditto leveringstid. Skytterlinken.no leverer ein stokk som er laga av Anschütz etter modell av Bredvold, og denne trur eg du får på dagen.
×
×
  • Create New...