Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Kor langt ut går det? Har du prøvd fleire gonger med same resultat? Berre til høgre, eller i høgda i tillegg?
  2. Dette problemet er oppdaga på enkelte lottar av Winchester hetter i det siste. Det vart debattert ganske grundig på facebooksida til DFS tidlegare i sommar. Eg trur det er snakk om 4-5 lottar som har hatt dette problemet. Send ein mail til ola.tore.dokken@norma.as om problemet ditt. Han er nok interessert i å få greie på dette. Lottnummer kan vera t.d. DLL807G.
  3. Mi erfaring er stikk motsett Men eg snakkar om laushundjakt på elg. Der brukar ein jo oftast det ein kan finne av dekning i terrenget (steinar, tre, rotvelter etc) for å komma umerka inn på losen. Svært ofte har eg brukt nettopp denne steinen/treet/rotvelta til anlegg for skotet - ståande skyt eg kanskje berre ein eller to gonger av ti!
  4. Enig med Dagl: tren mykje ståande! Likevel vil eg legge til at du bør prøve å komma deg ned i stødigast mogeleg stilling på jakt. Med litt trening brukar du ikkje mykje tid på å "sige ned i kneståande", og svært ofte har du tid til det. Skal du jakte frå post er sittande ei svært god stilling. Bruk gjerne tida fram til jakta til å klargjera dei faste postane slik at det berre er å setja seg ned når du kjem til posten ein tidleg morgon i oktober Og hugs at sittande frå høg stolsekk ikkje er anna enn ei litt låg ståandestilling... Sit såpass lågt at du får godt anlegg får olbogane på knea (men det har du sikkert på plass alt når du råkar såpass godt!)
  5. Det er vel logisk å ta kontakt med det aktuelle laget for å høyre om det er OK for dei? Da får du i tillegg greie på når det passar best Sikkert OK at det ikkje er for mange der første gongen (for ho som skal prøve, altså).
  6. Flink Høgger! Da er neste mål LS
  7. Sjølvstrammande syntetisk er min klare favoritt. Den må vera laga med stoppar slik at omkretsen rundt armen blir lik kvar gong. Og da må du justere armdelen om du skal bruke den utan jakke. Skruklemme er etter mitt syn heilt overlegen. Men som "boble" seier: det er smak og behag på dette området Blant dei beste skyttarane i landet finn du alle variantar.
  8. Søknaden skal vel gå gjennom samlaget, så litt avhengig av kor langt opp i Østerdalen kongen bur er det enten Østerdal eller Nørd-Østerdal samlag som skal ha søknaden. Du finn kontaktinfo via linken her: http://www.dfs.no/Skytterlagssider/opplandskretsen/
  9. Tja, det ser vel ut til at det er nettopp å stifte eit DFS-lag han vil... Elles er det lite poeng i å søke skyttarstyret?
  10. Arrangørlaga Rollag og Veggli skl, Kongsberg skl og Styrvoll skl har i kveld gjort siste finpuss på banar, hus og skivemateriell før mellom 700 og 800 skyttarar frå i morgon inntar dei tre banane langs Numedalslågen. Første skot smell torsdag 30. mai kl 14, og det heile toppar seg med dei 48 beste frå fjorårets NC samla i dei tre siste laga på Kongsberg søndag. Resultat, livevisning og førehandsomtale kan lesast her: http://www.skytterlag2.no/nc2013_runde_1/ Arrangørane ønskar skyttarar og støtteapparat vel møtt og lykke til!
  11. Har same erfaringa som høggern både med etterbrennar/klikk med CCI og at Federal er langt hardare å setta i hylsa. Faktisk såpass mykje hardare at eg oppfattar dei som nesten ubrukelege i Dillon RL550B (einaste negative med den pressa er litt lite kraft i hettesettinga). I kraftigare hettesettar fungerar dei perfekt. Eg har gått heilt over til Winchester hetter. Dei er like lette å setta som CCI og smell kvar gong!
  12. Tja... Viss du har/får ei utrangert banepipe, får brotsja opp nytt kammer og dermed fjerna nokre mm av den verst utbrente overgangskonusen, samt kappa og krona munningen kan den godt leva lenge som jaktpipe.
  13. Fornuftig viss loten din av Norma 11 er mest lik 203B. Eg har vore borti lotar nesten lik 203B og andre nesten lik 202. Generelt er det uansett eit godt råd å bruke hovudet, starte med moderate startladningar og ikkje gå for maks hastigheit. Du treng ikkje å tyne dei siste m/s ut av 9,3'en din uansett
  14. Skal sjølvsagt til Oppdal Det blir vel som vanleg: skride inn på standplass med målsetning om kongelag og tusle ut att med årsverste...
  15. Og det er jo det viktige - at det gikk i orden for deg Noko anna hadde eg heller ikkje venta frå den aktuelle lagsleiaren. Og det er ikkje uinteressant å lesa, men nok eit prov på at ein kjem lengre med å godsnakke med folk som har beslutningsrett enn å klage til alle andre Lykke til med skytinga
  16. Det står ladedata for 308 W på boksen (Norma 11). Den kan du samanlikne med Norma sine ladedata for tilsvarande kule i 308 med 202. Da har du eit greitt utgangspunkt for utvikling av ladedata for deg sjølv, MEN BRUK VETTET OG START LÅGT!!!
  17. Norma 11 funkar fint på alle dei. Norma 19 er òg bra for dei tyngste, gir god presisjon men ikkje topp hastighet.
  18. Kan neppe vera plagsomt for ein som trenar til DFS-skyting at det ligg ein kar med kikkert og tofot ved sida. Men det eg lurar på er at ingen av dei aktuelle banane i ditt nærmiljø opererar med dei treningstidene du oppgir. I alle fall ikkje på sine respektive nettsider...
  19. Eg meiner bestemt at det berre var til M/67 Sauer laga skjefter? Oversikten over godkjente skjefter i Skytterboka tyder på det same.
  20. Du kan bruke same framgangsmåte som nemnd ovanfor med Norma 15 og MRP. Både 19/URP og 15/MRP er godt brukbare til den aktuelle kaliber/kulekombinasjonen.
  21. Det var liksom difor eg linka til heile kontaktinfoen for laget: mailadresse, telefonnummer til leiar etc...
  22. Her er all nødvendig kontaktinfo til Oslo Østre: http://www.dfs.no/Skytterlagssider/vike ... slo-ostre/" target="_blank Der burde du finne svar
  23. Vanskeleg å si noko fornuftig om prisen utan å ha sett børsa, men det er neppe snakk om mange hundrelappane.
  24. KV fekk patent på dette i 1929, og bygde om ei lang rekke våpen etter den tid. Det vart bygd om 3000 M1894 av KV på slutten av 50-talet. Desse hadde original stokk og opne sikte av original type. I tillegg vart ikkje få ombygd med banestokk og diopter, både ved KV og andre børsemakarar. Det står litt om dette her: http://kvf.no/vaapen.php?type=Rifle&weaponid=RIF0204" target="_blank
×
×
  • Create New...