Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Det er jo akkurat like stor del av blinken du vinglar innom anten holdet er 10, 100 eller 1000 meter. Er blinken 3 cm på 10 meter, 30 cm på 100 meter eller 3 meter på 1000 meter vil vinglinga du skildrar uansett vera innanfor 1/3 av blinken. Det er heilt andre faktorar som gjer skilnaden mellom god tørrtrening og dårleg skarpskyting - den viktigaste faktoren sit litt bak augo...
  2. Siktebildet skulle da bli nøyaktig det same, og like roleg/uroleg på 10 som på 100 (eller 200/300) så sant blinken er forholdsvis like stor? At ytre påverknad (vind) kan forstyrre er så, men visuelt sett er det likt.
  3. Denne bør kanskje flyttast frå "off-topic" til "våpen i samfunnet" eller ei anna relevant avdeling? Godt tiltak!
  4. Jeg tør påstå at presisjonen vanligvis blir bedre med demper, men det kan selvsagt variere fra børse til børse og ammo til ammo. Det var eit spørsmål til Hydrex, om hans børse spesielt, fordi den oppfører seg "motsett" av det som kan kallast normalt ved demparmontering. Det var i den samanheng litt interessant å høyre korleis børsa oppfører seg med ulike oppsett.
  5. Blir presisjonen endra med dempar montert? Er treffpunktsendringa uavhengig av ammotype, kulevekt etc? Er det stor skilnad i treffpunkt med ulik ammo, med og utan dempar? Har du prøvd med færre/fleire modular for å sjå om det påverkar treffpunktet?
  6. Nei, Hydrox. Teorien (eller rettare fysikkens lovar) kan ein ikkje gløyme. Sjå oppsettet til M67. Han har prøvd 10 ulike børser/piper, og åtte av dei set skotet lågare med dempar enn utan, mens de to siste har likt treffpunkt. Børsa di er unntaket som stadfestar regelen. Det kunne vore interessant å høyre litt meir om denne (fabrikat, kaliber, løpslengde og -diameter, dempartype) og om kor likt eller ulikt ho går med ulik ammo. At svingningane i løpet er viktige for presisjon og treffpunkt er det lite tvil om.
  7. Det er jo ganske enkel fysikk som ligg bak, men som alltid når det gjeld rifler, presisjon og treffpunkt: generelle reglar er berre generelle, og alt må prøvast i den aktuelle rifla for å få eit sikkert svar.
  8. Svarten på 60cm-skiva er 24cm. Frå senter av skiva til ytterkant sjuer er det altså 12cm, og treffpunktsendringa di er 14-15cm. Ikkje uvanleg, særleg om du har ei relativt lang og tynn pipe. Årsaken er så enkel som eg har skrive lenger opp i tråden: ein dempar i enden av løpet har same effekt på pipa som eit søkke i enden av ei fiskestong. Tuppen på løpet/fiskestonga vil peike litt ned. Ta to fiskestenger: ei lang meitestong til lett ørretfiske og ei kort båtstong til havfiske. Heng ei tolvgrams Stingsild i enden på begge og sjå kva som skjer. Meitestonga vil bøye seg tydeleg, men for båtstonga er det knapt målbart. Den same effekten får du om du monterar ein halvkilos dempar på ei lang, tynn pipe og den same demparen på ei kort, tjukk pipe. Den lange, tynne vil bøye seg meir enn den korte tjukke. Og siktelinja er uendra når du brukar kikkert eller raudpunktsikte. Kvaliteten på kroninga er viktig for presisjonen. Det kan godt hende du vil få tettare samlingar med ny kroning, men treffpunktsendringa blir den same (truleg litt mindre endring om du kappar pipa litt, men berre marginalt med eit par cm kapping).
  9. Litt spesielt at svaret kjem før spørsmålet, men du er nok inne på noko lell
  10. Sitering av overforstående innlegg er slettet jmonsen Du kan trygt bruke 42grs til denne kula. Maks 41,7 er til ei langt tyngre kule, og tunge kuler treng mindre kruttmengde enn lette før trykket blir uforsvarleg høgt. Løpslengda gjer at utgangshastigheten blir lågare, men kammertrykket blir uendra. Du kan altså ikkje bruke meir krutt enn maks for å kompensere for tapt utgangshastighet pga kappa løp.
  11. Veldig godt kaliber til jakt på elg og hjort. Rikeleg tilgang på jaktammo og kuler av ulikt slag, men lite å finne av heilmantla treningsammo. Ammopris har eg ikkje sjekka, eg ladar alt sjølv. Prisen på heimeladd blir ikkje mykje høgare enn heimeladd jaktammo til 30-06. Rekylen er ikkje avskrekkande i ei børse med god stokk og rekylkappe, og med dempar er denne snillare enn ein udempa 30-06. Til elg har eg god erfaring med 250grs Barnes X og TTX, 232 og 286grs Norma Oryx og 286grs Lapua Mega, men det finst mange andre gode alternativ. Lykke til!
  12. Mellom klokka 10 og 18 den 27. september i ein tråd om eit typisk elgjaktkaliber...
  13. God og objektiv info om bikkjemat kan du gløyme å leite etter... Den infoen er så godt som alltid ei god blanding av business og religion. Dei aller fleste med fagkunnskap (veterinærar) sel eit eller anna fôr og anbefaler etter eiga lommebok, og på den andre enden av skalaen ligg dei som har sett lyset med fôr A frå produsent B og/eller sett mørket med fôr C frå produsent D. Prøv sjølv!
  14. Ser ut som ein heilt grei plan, polmar Er lotten din av N 19 tilnærma lik URP i 6,5x55 vil truleg 55-56grs vera ei brukbar startladning. Men bruk hovudet, kronografer og ver på vakt for trykkteikn. Og om du ikkje MÅ ha ny pers i utgangshastighet vi eg tru startladninga er ei grei treningsladning.
  15. Remington mod. Seven i 338 Federal, kappa på 45 cm og med t.d. den minste jaktdemparen til Hausken. Grovt nok til all norsk jakt og rikeleg utvalg kuler til ulikt bruk.
  16. La han gå laus. Ventar du med å sleppe til du finn ferske spor er ofte resultatet at du kjem for nær elgen før du slepper. Ei laus bikkje leitar òg mykje betre enn ei i band. Det er ein fordel at berre du og bikkja er i terrenget dei første sleppa. Mykje større sjanse for at elgen står når det ikkje er plassert ut postar. På 7000 mål er det alltid fare for at losen går ut av terrenget, så den sjansen må du ta om du skal jakte med laushund. Ikkje bry deg om at han jagar hare, rådyr, rev, grevling eller anna. Han blir snart lei det når han får smaken på elg. Det er berre eit teikn på jaktlyst om han jagar "alt" den første tida
  17. 193 grs er standard kulevekt i denne patrona. Bør funke OK på rådyr på moderate hold, men til større storvilt blir det for dårleg.
  18. Har du målt kammer, Chiefen.v-2?
  19. Eller Springfield i 1903 Ny versjon i 1906, derav namnet. Men begge må vel seiast å basere seg på 8x57, og vart nok utvikla ganske parallelt.
  20. Norma opererar med 52,6grs URP som max til Oryx i same vekt. Det kan du bruke som utgangspunkt, men start lågt! Norma 19 er i utgangspunktet same krut, men ulike lottar kan vera både litt raskare og litt tregare. Eg ville nok starta forsiktig rundt 48grs og prøvd meg forsiktig fram.
  21. Dei fleste går bra (og enkelte særs bra) men likevel er det ei og anna pipa som ikkje går så godt som ønska. Har du registrert nokon samanheng mellom presisjon og oppførsel i dreiebenk?
  22. Du kan jo prøve å lade alle skot enkeltvis, i tilfelle rekylen får kruttet til å ligge litt annleis på skot 2-5 enn på skot 1? Gir neppe det store utslaget, men her er det om å gjera å finne ut kva som er forskjellig på det første skotet og dei fire neste.
  23. Er alle skot ladd i kammeret på same måte? Eller er første skotet ladd med kolben i golvet, og dei etterfølgande med kolben i skuldra?
  24. Ein form for slaktemaske? Pistol brukt til avliving i feller, kanskje?
  25. Når det gjeld presisjon kaliber 22LR (enten kulene er ekspanderande eller ei) er det testing i den aktuelle børsa som gir svaret. Og bli ikkje overraska om dyr Eley, Lapua eller RWS går betre enn billig CCI eller Remington...
×
×
  • Create New...