Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Ingen er i stand til å konsentrere seg 100% gjennom ein heil serie (kanskje med unntak av lynraske seriar i feltpistol, eller ein runde felthurtig). Kunsten er å lære seg å "gradere" konsentrasjonsnivået. Konsentrasjonen skal vera 100% samtidig med at avtrekkarfingeren pressar med 1,5 kg og svarten er midt i holkornet (DFS)! Etter at skotet har gått "slepper" ein konsentrasjonsnivået, pustar roleg etter fast mønster og aukar konsentrasjonen fram mot neste skot. Da kan ein blunke under pustesekvensen, og problemet er kanskje litt mindre Lett sagt, men går an å få til med målretta trening!
  2. Det er eit svært godt råd frå Chiefen.v-2. Og dei fleste av råda eg ga om kneskyting kan overførast til liggande
  3. Bukse betyr litt. Kor mykje er individuelt, både kneståande og ståande. Men viktig for kneståande er at du sørgar for å kneppe opp/dra glidelås så langt opp at du ikkje har press frå jakke (og bukse) i lysken. Det fører med seg mykje puls i børsa. Og om du skyt i vanleg bukse er ei ledig treningsbukse eller turbukse langt betre enn tronge jeans med belte... Prøv gjerne å sitja i kneståande utan børse, slik at du kan kjenne på balansen og finne den beste stillinga for deg (tenk deg at loddlinja frå tyngdepunktet ditt råkar mest mogeleg midt i støtteflata mellom venstre fot - venstre kne - høgre fot). Kanskje må du justere reima litt frå liggande. Målet er at du siktar midt på utan bruk av musklar. Reima skal ta heile vekta av børsa, men heller ikkje meir (ikkje så stram at du må presse børsa ned). Sørg for fast grep (ikkje så knokane kvitnar, men "passe" fast) med høgrehanda og heilt open venstrehand (med slappe fingrar). Legg så 1,4 kg på avtrekkaren i det du pustar ut for siste gong, og ta resten av avtrekksvekta roleg men bestemt mens du finsiktar. Gløym ikkje ettertrekk/etterhalding. Lykke til!
  4. Odd Arne Brekne har jo blitt internasjonal toppskyttar, sjølv om det vel først og fremst er liggande 50 meter han konsentrerar seg om. Endre Hagelund på "det utvida Sørland" (Jæren) er på ein god dag i finalekampen i NM luft. Elles har du ein "pensjonert" landslagsskyttar i viltmål berre eit par mil øst for deg. Men han snakkar trønder
  5. Du kan slett ikkje vera sikker på at den same ammoen går best før og etter justering av kammeret... Er kammeret under "minstemålet" er det betre å brotsje det opp til korrekte mål, og teste ammo etterpå. Du må prøve Norma 1 og 2 (Norma 1 er den same som RWS 50, og Norma 2 ein billigare sortering som ofte går veldig bra) i tillegg til dei du har på lista. Og ein del av dei billigaste på lista kan du vel gi f... i om målet er god presisjon...
  6. Sjekk alle skruar i kikkertmontasjen når du er i gang, både skruane som festar klakkane til børsa og skruane som held kikkerten på plass i ringane.
  7. Det er da berre tull. Skyttarboka har så vidt eg veit ingen paragraf som seier at banane berre skal brukast til DFS-skyting, men det er ein paragraf som seier at DFS som organisasjon berre skal arrangere skyting innanfor dei programma som DFS driv med. Det er vel heller ikkje så unaturleg? Det er svært vanleg at t.d. luft- og 15m-skyting i NSF går på DFS-banar. Begge dei to nærmaste innandørsbanane her blir leigd av eit NSF-lag til tider. Det same gjeld 300m.
  8. No er vel ingen av UIT-greinene representert i DFS? Og rørtenger har eg aldri sett verken på bane eller i felt
  9. Denne var faktisk litt morosam i ein elles svært forutsigbar tråd. Eg kjenner ingen feltskyttar som ikkje samtidig er baneskyttar, så denne må du nesten forklare, Erlend Meyer...
  10. Det må du nesten bestemme deg for sjølv. Eg hadde kjøpt 15 og oppført meg deretter (ekstra forsiktig pga lottforskjellar etc), men for MRP er sjansen større for å finne ferdigsydde ladetabellar. Og om du absolutt vil bruke det kruttet du har (19) må du godta at kula krabbar avgårde med noko lågare fart enn det du kan oppnå med meir eigna krutt!
  11. Viss du finn ladedata for Norma URP kan du bruke dei som utgangspunkt, men da må du samanlikne ladevektene som er oppgitt på boksen din med dei ladevektene Norma brukar for URP, og i tillegg starte litt lågare enn du ville gjort om du hadde "standard" URP. URP og Norma 19 er i utgangspunktet same krutt, men 19 kan variere noko meir frå lot til lot. Elles er nok det beste forslaget å kjøpe ein boks MRP (eller skyttarlagsekvivalenten Norma 15), men Norma 19(URP) har eit forbausande vidt bruksområde og vil sikkert fungere.
  12. Denne? http://skytterlinken.mamutweb.com/Shop/ ... lingswater)-Centra-M22/990001 Ta ein telefon til Kurt Eirik i Skytterlinken så får du fort greie på om det går til Sauer
  13. Ikkje i konkurranse. Der må du bruke Krag, Mauser eller Sauer. På trening gjer du sjølvsagt som du vil
  14. Da har du fått ei børse som går godt, for det skal vera fem skot der
  15. Det må i dette tilfellet vera gjennom generasjonar der ein skyt dei fleste dyra i stålos og svært få på post. Og uansett ikkje frå det eine året til det andre slik trådstartar opplever.
  16. Stille og fint vær det aller meste av jakta her eg jaktar, og det gjer gjerne at elgen høyrer langt meir av jegerar på tur enn det han gjer når det regnar og bles. Samtidig gjer det at det er mindre lukt å jobbe med for bikkjene. Det fører ofte til at dei slår litt dårlegare ut enn når dei har mykje interessante dufter i nasen. Dårleg utslag gjer at bikkje og førar kjem nærmare elgen før uttaket, og kombinert med gode lytteforhold er truleg elgen vâr jegeren oftare enn når ein jaktar i vind og regn. Eg seier ikkje at dette er fasit, og slett ikkje heile fasit, men eg trur det er ein del av saken.
  17. Skaut eit par dyr med 185grs (som rett nok vog 191grs...) Tonheim for nokre år sidan. Gjorde jobben! Fann igjen ei kule i ein ganske fin stut (13 takkar - hugsar ikkje slaktevekt, men rundt 250 kg). 191 grs utgangsvekt og 193grs restvekt! Det blir 101% - godkjent trur eg? Den eine ekstraprosenten vart borte etter ein vask
  18. Har leita litt i Norske Skyttere frå 1954, men da hadde han kanskje gitt seg? Finn ingenting på Søndeled.
  19. Åja, det kom litt dårleg fram på bildet
  20. Den grøne ringen rundt hetta har det vore på all NM60 eg har sett. Kan det vera bytta kule? Har du trekt ut ei kule og sjekka vekt etc?
  21. Kvar i landet budde bestefaren din, 35 VRM?
  22. Kan hende me har bruka ulike utgaver av 286grs Oryx? Av dei kulene eg har prøvd i elg er det den, Barnes X og RWS TUG eg ikkje har funne i elgen. Har skote elg med Oryx 232 og 286grs, Lapua Mega 285grs, Woodleigh RN 320grs, Barnes X 250grs, Tonheim PBP 185grs, RWS TUG og sikkert eit par eg har gløymt... Alle har forresten virka godt nok til at elgen har daua Naturalis har eg ikkje prøvd, men eg har sett litt for mange bilder av perfekt soppa kuler til at eg trur på sikker gjennomskyting.
  23. Og nettopp der er problemet med å tildele/ta ut for store delar av kvoten som 1 1/2-åringar. Det er mykje lettare å skyte stut enn kyr! Når ein i tillegg veit at uttaket av vaksne dyr òg har skeiv kjønnsfordeling blir det problem... For liten andel av bestanden er vaksne stutar, og da hjelper det lite å spare "produksjonsdyr" (mange reknar dessverre berre kyrne inn i denne kategorien).
  24. Du kan vera ganske trygg på gjennomskyting i dei fleste norske dyr med Swift A-frame 18,5 gram. Men eg trur nok ekspansjonen blir minimal i rådyr. Eg ville vald Oryx i same vekt. Eg har prøvd ei god handfull ulike kuler i dette kaliberet, og denne er nok den eg har best erfaring med i kombinasjonen effekt og gjennomskyting. Elles er ein aktuell kandidat RWS TUG 19 gram, men da trur eg du kan sjå bort frå rådyrbøgene som folkemat... Men både effekt og gjennomskyting går greitt Får du tak i Barnes TSX 16,2 gram i ferdigsydd er den òg effektiv og med sannsynleg gjennomskyting. Eg får legge til at mine erfaringar er (nesten) berre frå elgjakt, så effekten i rådyr blir mest synsing frå mi side.
  25. Da blir det ei anna historie, Mark, og utanfor tema. I denne tråden er det snakk om nedskalerte blinkar for å få same siktebilde på korte som på lengre hold. Og da blir det ikkje store eplekarten du må bruke på 10 meter for å trene skyting på ein gjennomsnittleg Gravenstein på 100
×
×
  • Create New...