Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Synd. Den 195grs HV-kula i 9,3 hadde vore moro å prøve. Eg brukte ein gong 185grs kuler frå Tonheim, men dei er ikkje i produksjon. 220grs Naturalis som eg brukar no er også ute av sal. Forslag til aktuelle kandidatar?
  2. Veit du om det går an å bestille direkte frå produsent, eller andre? Kva må i så fall til av papirarbeid for å få dei til Norge?
  3. Er det nokon som kjenner til norsk importør av desse kulene?
  4. Det er vel ikkje farleg å kalle Simon "vidarekommen"
  5. Det er vel ikkje den store krisa
  6. Ein liten korreksjon til 1983: Xm og Ym angir ikkje avvik for siste skot, men for middeltreffpunkt. Her er altså middeltreffpunktet til dei tjue skota i serien 12,8 mm til høgre og 13 mm ned for "passarholet". Skiva er definert som DFS 200 m, og da er yttertiar frå 10,0 til 10,4 og innertiar frå 10,5 til 10,9. For å greie seg med eitt siffer er 10 erstatta med X eller *, X for yttertiar og * for innertiar. Begge gir 10 poeng, men flest innertiarar gir betre rangering på resultatlista ved lik poengsum.
  7. Ny gruppe, nei! På ingen måte. Men dei har skifta informasjonskanal. Før las dei det dei kom over av (gjerne utanlandske) jaktblad og -bøker og fingranska ladetabellar og ammokatalogar for å finne den ultimate elg-/rev-/bjønn-/beverdreparen. No er nok informasjonen lettare tilgjengeleg, men resten er forbausande likt
  8. Prøv denne: http://www.kvf.no/contact.htm
  9. Den frå Intersport har den tommelhylla som er nemnd i forumet eg linka til. Da er det vel snakk om nr 21?
  10. Har leita litt på nettet, og dette er truleg ein S&L Nr. 21, 22 eller 23. Produsert mellom 1919 og 1939. Skilnaden mellom dei tre modellane er kolbefasongen. Står litt om det her:http://forums.gunboards.com/showthread.php?91753-Schultz-amp-Larsen-Matchgev%C3%A6r-Nr-3-og-Salonriffel-Nr-21. Eit betre bilde av kolben kan avgjera modellen.
  11. Schultz & Larsen matchrifle, vart etter det eg veit produsert i mellomkrigsåra. Kanskje i -33 for di børse sin del?
  12. Norma Oryx 15 g er eit godt val om målet er ei kule som oftast stoppar i elgen. Eg har ikkje brukt Vihtavuori-krutt til denne, men ladedata finn du sikkert.
  13. Tilbakestilling hjelper neppe. Denne feilen kom brått (siste dag i elgjakta) og oppdatering gjorde ingen skilnad. Kan jo prøve ei oppdatering til, men trur helst det har skjedd noko med GPS-delen (som heilt korrekt ligg på motsett side av VHF-antenna).
  14. Antenna går vel berre til radiofunksjonen? Det er fullt radiosignal til astroen, men ikkje GPS-signal i bandet.
  15. Har ein DC40 som har funka greitt til siste elgjaktdagen i høst. Da slutta GPS å virke etter eit par timar. Radiosendaren er i orden og sender signal til astroen, men halsbandet sluttar å oppdatere posisjon. Det raude lyset går over frå "trippelblink" til "enkeltblink". Har oppdatert bandet, men ingen endring. Startar eg bandet på nytt funkar det, men berre eit par timar. Er det noko å gjera med dette? Kan sikkert sende det inn til Garmin, men det er for gammalt til at det går på garanti.
  16. Flott prestasjon! Norgesrekordar kan vel berre settast i NM no, det har vore slik eit par år. Det blir diskutert, men eg har ikkje sett endringar. Har Skytternytt fått greie på denne prestasjonen? Dei har ikkje for mange journalistar som kan reise rundt og snuse opp gode resultat ...
  17. Viss du er så nokolunde "normalt" bygd er det mange alternativ på bruktfronten, både på finn og diverse salgssider på facebook. Ei brukt kvalitetsjakke frå t.d. Dagfinrud går langt utanpå billigjakkene til ca tusen kroner. Og om du går opp til ca 2500 får du både Target 2 frå Dagfinrud og Nemesis 2 frå Skytterlinken. Begge to mange klasser over Target, Fisanti og billigjakka til Landrø etter mitt syn. Ikkje minst pga langt betre gummi på albogane.
  18. I så fall er det snakk om traktorveg og ikkje bilveg. Dei vegane som er bygd med statstøtte i "moderne tid" er skogsbilvegar, og ikkje omfatta av nemnde lov.
  19. Han kan da parkere der han vil på sin eigen private veg.
  20. Så di oppleving med ein grunneigar gir deg grunn til å generalisere såpass?
  21. Kulebanen endrar seg ikkje (i verste fall ei marginal endring viss børsa di gir litt lågare utgangshastigheit utan dempar), men treffpunktet endrar seg nesten alltid. Oftast meir jo tyngre demparen er og jo tynnare pipa er.
  22. Godt poeng. Det blir straks ei snevrare kjøparmasse om stokken er endra så mykje at han ikkje er godkjent til DFS. Ein annan fordel med 200STR er at det i dei fleste skyttarlag rundt i landet finst folk med brukbar kompetanse på desse børsene. Om eitt eller anna problem oppstår er det temmeleg sikkert ein eller annan i nærmiljøet som har opplevd det før.
  23. Ser ikkje noko negativt med å spore inn felt elg for ein unghund. Men pass på at andre hundar ikkje går lause ved fallet (helst ville eg sørge for at dei ikkje er nær fallet i det heile), og la bikkja få ta det i sitt eige tempo og på sin eigen måte. Det finst knapt unormal oppførsel for ei ungbikkje den første gongen ho ser ein daud elg. Lykke til
  24. Dette og liknande spørsmål er stilt eit utal gonger her på Kammeret. Og svaret er alltid "prøv sjølv". Ikkje fordi ingen vil hjelpe deg, men fordi ingen kan hjelpe deg. Børse A kan setja ammo 1 og 2 i same samling, mens børse B kan setja ammo 1 og 2 tjue cm frå kvarandre... Det er heller ikkje alltid hjelp i å få tak i ei ny pakke av same ammo som du har brukt før. Det kan vera gjort små endringar i produksjonen som gjer at treffpunktet blir endra. Difor må du uansett skyte inn på nytt om du ikkje får tak i ammo frå same produksjonslot som den du hadde frå før. Det står lot-nummer i/på pakka frå dei fleste (alle?) ammoleverandørar.
  25. Er "fan" av store holkorn, men det er gjerne lettare å skyte fort med små, så slik sett verkar det kanskje mot sin hensikt? Prøv å "gå på" litt hardare, med berre litt avtrekksvekt igjen til finsiktinga. Det hjelper vanlegvis Får heller sjanse på at eitt og anna skotet går av for tidleg i starten...
×
×
  • Create New...