Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. Berre for å presisere: eg meiner ikkje at du bløffar om det som skjedde, men at det enten ligg noko anna og meir bak enn det du skriv her, eller at lag og samlag her har gjort ein feil.
  2. Det er godt me er ulike Eg for min del synest DFS-skyting er vanvittig moro, og ser ikkje den store sjarmen i (u)praktisk skyting Skulle gjerne sett litt anna enn lause påstandar om det DFS har gjort og ikkje gjort i våpenlovsaka, har du konkrete døme?
  3. Det er noko i skildringa di som ikkje stemmer. Reguleringa av røysteretten i skyttarlag ser slik ut, klipt rett ut frå standardlovar for skyttarlag i Skytterboka 2012/13: "For å oppnå forslags- og stemmerett på lagets årsmøte må et medlem ha fylt 16 år, ha vært medlem i minst to måneder og ha betalt forfalt medlemskontingent. På ekstraordinært årsmøte har de medlemmer stemmerett som ville hatt stemmerett på siste ordinære årsmøte samt de som etter dette tidspunkt har vært medlemmer i minst to måneder."
  4. Dei er hjarteleg velkomne, men det kjem dessverre alt for få. Grunnen er kanskje at dei har det bra?
  5. Same prinsippet blir brukt her. Betalt medlemsskap gir "gratis" trening og oppskyting, og medlemskontingenten kostar det same som 2x15 og prøve for ikkje-medlemmar. Det gir fleire medlemmar valkomiteen kan spørja før årsmøtet, men viktigast er det veldig lettvint for storviltkomiteen og kasserar - minimalt med kontantoppgjer og alt inn på konto
  6. Det var ein påstand frå ein av debattantane her, og den vil eg gjerne sjå dokumentert... Derimot kan ein nok ganske greitt konkludere med at gjennomsnittsalderen blant dei tillitsvalde er høgare enn blant dei aktive, men det er neppe spesielt for DFS.
  7. H.K.

    6,5 eller 223 ???

    Smak og behag. Til gåsa vil begge fungere "like godt". Presisjonsmessig er det lite eller ingenting å gi bytte på. 6,5 gir meir rekyl, men fullt ut akseptabelt for dei aller fleste. 6,5 har fordelen av tilgjengeleg ammo i heile landet, og til rimeleg pris gjennom skyttarlaga. 6,5 er godkjent til storviltjakt om du skulle få sjansen til det ein gong. 223 er lettare å få ammo til i andre delar av verden, og ganske lett her heime òg (men ikkje så lett som 6,5). 223 har snillare (i praksis nesten ingen) rekyl og mindre smell, særleg med lyddempar. Det er større utval av våpen i 223. For å gi eit generelt råd: leit etter ei børse du likar, som passar deg og som går godt - det er viktigare enn kaliberet.
  8. Ei kjapp opptelling av tråden "Landsskytterstevnet 2012 Voss" gir 4 innlegg (trass i over 5000 deltakarar), og i denne tråden har me runda 140... Trur du har rett, Dagl
  9. Det var ikkje stort, men sjølvsagt avhengig av kor lange opningstider banen har i året. Det er dessverre ein del banar som av ulike grunnar (og det er veldig sjeldan laget som avgrensar desse) har svært tungt regulerte opningstider, og da blir det naturleg nok trongt for alle. Eg reknar med du skriv om bane med rikeleg opningstid?
  10. Må vera j..lig gode pølser på denne kafeen med så mange gjester, Rausheim? Forresten artig å sjå at ein med NSF i signaturen kritiserar DFS for rigid regelverk og fortolking
  11. Korleis er det med kamo? Om du hadde stilt på DFS-banen med olabukse ville ingen blunke over det. Særleg i dei klassane som berre skyt liggande er det heilt normalt. Derimot ville du snart fått råd om å prøve ei skytebukse, da det er langt lettare å finne gode stillingar med den på. På mange banar ligg det eit lite sortiment "avdanka" utstyr til utlån for ferske skyttarar. Og du ville truleg fått tips om kven som skaffar OK skyteutstyr til fornuftig pris (og topp utstyr til litt mindre fornuftig pris...). Eg skriv no ut frå dei DFS-miljøa eg kjenner, og ikkje dei verstingtilfella ein kan lesa om i denne og andre trådar. Eg har forresten ein teori om at tilhøvet mellom aktivitet og trongsyn i DFS-laga er omvendt proporsjonell.
  12. BR blir ei heilt anna historie. Dei kan skyte "rett frå pressa" og kan skyte med 0 (eller negativ) friflukt om det gir best presisjon. Jaktammo som "skranglar" rundt i ei lomme heile hausten treng kuler som sit godt fast, og det same er ein klar fordel når det skal skytast seriar med magasinvåpen og relativt korte skytetider. Eg diskuterte (viss det kan kallast diskusjon når to karar ei heilt einige) dette med ein av våre aller beste DFS-skyttarar nyleg. Han testar relativt mykje og har kome fram til at ein oftast får best presisjon ved å setja kulene akkurat så djupt at det er kontakt i heile halsen, altså det same som kjella seier lenger opp i denne tråden.
  13. Heilpressing eller necksizing? Kva type RCBS-die er det snakk om? Mistanken fell først og fremst på dårleg kulehald.
  14. Slike folk som Kalstad møtte som ung skyttarrekrutt skulle vore kjeppjaga frå alt som har med ungar og idrett å gjera. Og dei er dessverre ikkje unike for DFS eller andre skyttarorganisasjonar. Eg har møtt dei på fotballbanar, skiløyper og hoppbakkar, og dei finst sikkert i dei fleste andre idrettslag, musikkorps og flugefiskarforeiningar òg. Det verste er at dei ikkje alltid er lette å oppdage før dei er godt i gang. Og det trengs ti trivelege folk for å vega opp for ein slik kødd...
  15. Neppe heilt tilfeldig at dei har tre av dei heitaste kandidatane til kongepokalen på Voss, samt eit par til som kan blande seg inn i kampen på ein god dag
  16. Ikkje det minste merkeleg Betre og jamnare kulehald gir (ofte) jamnare utgangshastigheit. Og truleg (men ikkje så lett målbart for ein amatør) jamnare trykkoppbygging og meir likt slippunkt. Det er nok her me har årsaken til den betra presisjonen. Det er mi bestemte meining at kort friflukt er overvurdert som presisjonsfremjande tiltak, i alle fall til jakt, bane- og feltskyting. Godt kulehald er langt viktigare.
  17. Amen! Og denne tendensen til å skjera alle over ein kam (forresten artig å sjå dette uttrykket brukt rett ) slår nok begge vegar. Det kan jo tenkjast at somme av dei mest "stivbeinte og trongsynte DFSarane" har opplevd noko som gjer at skepsisen til "dei andre" kan vera forståeleg?
  18. Sot på hylsehalsen er heilt normalt, og ikkje til hinder for god presisjon. Det er sot på kroppen som er (eller kan vera) problematisk.
  19. Da er det alternativ 1 som gjeld: Sørg for å komma deg i posisjon til å påverke handlelista...
  20. Viss du ikkje er glad i grovbrød med brunost, men brødboks og kjøleskap berre inneheld grovbrød og brunost har du tre val: 1) Sørg for at brødboks og kjøleskap får breiare innhald. 2) Reis til naboen og sjå om utvalet er betre der. 3) Gå svolten.
  21. Bingo, der satt den. "Vi er så store at vi må ha rett". Du kunne ikke summert opp holdningen mange ergrer seg over bedre. Bingo, der satt den. Det er altså mindreverdskompleks det botnar i. Ante meg.
  22. Tørr klut er for dårleg til å bli kvitt hylsefettet. Bruk rødsprit eller aceton (rødsprit snillast ). Uvaska hylser kan vera medverkande til soting.
  23. Ein ting som slår meg når eg les forklaringa di, sako75: du skriv om eit streifskot i ryggen, men ingen av dei skota som er avfyrt passar med det? Er det skote fleire skot enn dei du har skrive om?
  24. Mikko tenker nok på t.d. M83, som vart bygd på Kongsberg frå 1983, på kasser frå G33/40, den såkalla bergjegerkarabinen - ein litt lettare utgave av M98.
  25. Det blir ein tur dit, ja. Felt mandag og bane onsdag som vanleg.
×
×
  • Create New...