Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by H.K.

  1. No som pilmakeren har fått opp ein eigen tråd om scoutrifler (og ein fabelaktig artikkel i tillegg!) er det vel greitt å bruke denne tråden til å debattere det trådtittelen tar opp: Kva er ei hundeførarrifle? Eg må sikkert ta på meg litt av ansvaret for at tråden spora av, og vil gjerne utdjupe kvifor eg vil ha ei hundeførarrifle som er litt tyngre enn det ein kanskje tenker på med slike børser. Børsa mi er godt og vel 4 kg på strømpelesten, og det er ikkje eit gram for lite. "Hundeføraren ber børsa meir enn han skyt" er jo eit velkjent mantra for "lettvektsfanatikarane", men eg ber børsa fordi eg skal skyte med henne, og ho må vera god å skyte med! Eg skyt eit ikkje uvesentleg antal skot årleg med børser på over 6 kg, og ei lita rifle på 3 kg føles rett og slett vinglete for meg...
  2. Tja, i minnet trudde eg det var ein 9,3x57, så heilt perfekt er det nok ikkje
  3. Var det den engelskskjefta brassen det sto om i VJ? Hugsar eg syntest denne var artig Har du den enno?
  4. Det er slett ikkje alle løp og alle rifler som går verkeleg godt uansett kva ein gjer med dei, og ein Rem 700 frå -97 med originalløp treng slett ikkje vera det beste utgangspunktet for topp presisjon. Eit nytt "match grade"-løp frå ein anerkjent produsent av presisjonsløp vil neppe skade presisjonsmessig. Kor godt går ho no?
  5. H.K.

    kappe løp 6,5x55

    Det "politisk korrekte" svaret på spørsmålet ditt er at 6,5x55 må ha relativt lang pipe for å sikre at anslagsenergien held kravet til storvilt. Det praktiske svaret er at ingen elg i verden merkar om kula går ut av Blaseren med 770 eller 800 m/s.
  6. Ikkje skrekkeleg gamle. Vil tru 1980-talet ein gong. Har hatt ein pakke av den til venstre, og den trur eg kom i hus rundt 1990. Du kan trygt skyte opp dette.
  7. 19 og 21 er diameter i millimeter i enden av løpet. 67 cm er altså lettare enn 70 og 74. Kompletteringssett kompletterar ombyggingssettet i 22LR. Har du ein 6,5-Sauer med ombyggingssett i 22LR kan du kjøpe kompletteringssett og vips har du to børser
  8. Har jeg gått glipp av noe vesentlig i fysikktimene på skolen, eller mener du omvendt? Omvendt sjølvsagt Har endra det - takk for påminninga
  9. Det er ganske naturleg. Du kan samanlikne pipa med ei fiskestong. Heng eit lodd i enden av ei fiskestong og mål kor mykje stonga bøyer seg. Heng det same loddet i nest ytterste ring og mål igjen. Stonga vil bøye seg mindre og mindre jo nærare handtaket du kjem med loddet, og det same er tilfelle med eit rifleløp. Det er sjølvsagt verre å måle det på rifla (krever finjusterte måleinstrument), men prinsippet er det same. Ei kort og tjukk fiskestong vil bøye seg mindre enn ei lang og tynn, og akkurat det same gjeld for rifleløp. Endra svingningsbilde har ikkje så mykje med desse endringane å gjera, det viktige er at eit lodd (eller ein dempar) plassert ytterst på ei pipe vil dra pipa vekk (ned) frå siktelinja. Kor mykje er avhengig av tyngda på loddet (demparen), lengda på pipa og tjukkleiken på pipa (og i teorien stivleiken på materialet, men der er skilnaden minimal i riflepiper). Og for å pense tråden inn på sporet igjen: ei rifle bygd etter "scoutprinsippet" vil ha mindre treffpunktsavvik med ein liten dempar montert enn det ei langpipa rifle vil ha. Kanskje er ikkje demparen heilt uaktuell for dette føremålet lell?
  10. I og med at det er snakk om ein som skal skyte stemne med ein Sauer 200 (og da truleg STR) er det høgst sannsynleg snakk om ei eller anna 22LR matchpatron som blir brukt til nettopp det, og da er skilnaden på kulebanen til dei forskjellige typane svært liten. 99% sikkert er produsenten Eley, Lapua/SK eller Norma/RWS, og dei har alle tilnærma like tunge kuler, i praksis lik fasong på kulene og så godt som lik utgangshastigheit. Eg blir overraska om du råkar utanfor åttarringen på internasjonal 50-meterskive.
  11. Det er definitivt meir behageleg å bera rifla i reim, i alle fall over tid. Det er opplagt raskare å få avgarde skotet med børsa i handa enn i reim, og det er raskare å montere ei børse utan dempar enn ei med. Kva som føles naturleg handlar i stor grad om vane, og kva som er mest treffsikkert er òg veldig avhengig av kva ein er vant til. Men kor fort ein greier å montere børsa er etter mitt syn lite relevant for eit hundeførarvåpen. Ein hundeførar har langt betre tid på seg enn ein postjeger.
  12. Du stiller eit spørsmål i trådtittel: "Hundeførerrifle, hva er det?". Ønskar du ikkje svar på dette spørsmålet?
  13. "Hundeførerrifle" er i alle fall delvis eit oppkonstruert behov. For meg er det viktigaste at børsa er god å skyte med og lett å råke med. Om vekta er 3, 3,5 eller 4 kg er mindre viktig. Børsa mi er 4,2 kg og 115 cm inkl dempar, men eg tenker sjeldan over at ho er i vegen. Ein viktig faktor i så måte er reima. Eg brukar ei brei Niggeloh neoprenreim, og eg trur nok børsa ville vore verre å ha hengande på skuldra med ei smal nylonreim.
  14. Litt avhengig av ammotype og høgde på framsikte vil du måtte stille +/- 0 knepp
  15. Kva om naboterrenget har ein snipp som stikk inn i ditt terreng, og du skyt frå ditt eige terreng på dyr som står på eige terreng, men må skyte over denne snippen av naboterrenget? Litt sær problemstilling, men er det lov?
  16. H.K.

    TopShot 22 lr Ammo

    Har ikkje prøvd den aktuelle børsa, men eg har ganske solid erfaring med Sauer og Anschütz banerifler på 100 meter. Og viss TopShot er meir eller mindre lik CCI Std ville eg styrt unna. Du vil nok få hovudtyngda innanfor tiarsamling, men eit og anna skotet sleng avgarde og gjerne ut i åttaren. Legg du på litt på prisen får du langt betre presisjon. For ca 60-70 øre (avhengig av mengde) får du t.d. Eley Sport og SK Std+. Og kostar du på ammo til litt under krona får du t.d. Norma 2 og Eley Practice 100. Blant dei kan du finne lottar som går like godt som det Ole Kristian Bryhn & co brukar i store mesterskap. Viss målet er topp presisjon må du prøve alle ammotypar du får tak i, og helst fleire ulike lottar(produksjonsseriar) av kvar. To ulike lottar av same merke kan gå veldig forskjellig. Lott A kan gå godt i rifle X og dårleg i rifle Y, mens i rifle B kan det vera stikk motsett. Men generelt kan ein seia at sjansen for å finne ein ammolott som går godt blir betre til dyrare ammo ein kjøper.
  17. Det er fleire gode å få tak i. Dei eg kjenner best er Anschütz, Centra og Gehmann (trur minst to av desse blir produsert på same fabrikk...). Kjøper du ein med 5 eller 6 fargefilter er du godt dekka for dei fleste lysforhold, både ute og inne. Sjekk nettbutikkane til dagfinrud.no, skytterlinken.no og engbomatch.no.
  18. Sikkert grei kikkert, men blir generelt skeptisk til annonser der ein skryt av kor verdsberømt fabrikken er...
  19. Kva med å arrangere skytetreningar for jaktlaget? Samle laget eit par gonger i året for triveleg samvær og uhøgtideleg skytetrening?
  20. Det var det eg tenkte på med "mote" Er fullstendig klar over bakgrunnen til denne moten, og er heilt einig i at børsa heng fint på skuldra med fremre reimfeste langt fram. Eg har forresten ein modifisert M67-stokk til jaktmauseren min, og der har eg skrudd reimfestet inn langsetter stokken lengst fram. Kjempefin å bera.
  21. Dette handlar nok stort sett om mote... Det er mote for safaririfler med reimfeste på løpet og for andre rifler med reimfeste i stokken. I tillegg er det nok billigare å skru eit feste i stokken enn å lodde det til pipa.
  22. cortinaman, kan du ikkje berre seie det i klartekst: "Kjøp deg ein fint brukt Browning A-bolt!"
  23. Tusenlappen er ikkje det han var heller...
  24. Har aldri opplevd at kulene krabbar ned i hylsa i dette kaliberet, men så brukar eg vanlegvis såpass tregt krut at hylsa er full òg... (det står 9,3x63 i overskrifta, men sidan denne er svært uvanleg og det står 9,3x62 i teksten reknar eg med det er den siste du meiner?)
  25. Eg har ingen erfaring med denne kula i dette kaliberet, og kjem nok heller aldri til å få det. Til mitt bruk vil det vera meir aktuelt med same kula i 250grs, eller ei mjukare kule i tung utgave. Men reint generelt kan eg seie at du bør setja kula til krymperilla viss du skal krympe, og viss ikkje gjer du som du vil - så lenge du har nok friflukt. Trykket blir jo litt høgare viss du set kula veldig djupt, men med denne krut/kule-kombinasjonen er det neppe særleg fare for overtrykk om kula kjem for djupt.
×
×
  • Create New...