Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Er dette den kula med vanlig smørerille eller den beregnet på tumble lube? Det er TL-kula. Eg har ikkje prøvd tumble lube med andre kuler enn desse. Har tilsvarande kuler i 44, desse har eg tenkt å bruke i .44 Special-ladningar men kjem nok til å prøve magnum-ladningar også og sjå kva som skjer.
  2. Eg brukar Lee sin 158grs SWC og tumble-lube til 38 spec., og det fungerer heilt fint. Blying er eit ikkje-problem, til tross for ei noko mjukare legering enn ønskeleg. Eg brukar kulene rett frå forma, ingen sizing.
  3. Trur ikkje det er ein absolutt regel. Eg har eit par kvite pakkar med norsk tekst men italiensk NATO-nr. Dette er ammo produsert av Fiocchi.
  4. Denne her går eg ut frå? Noko dyr hos Midway, ca 500 kroner. Spørs om det lønnar seg. Får sjå kva eBay har å tilby. Kor mykje reduserer du ladninga med forresten?
  5. Takk, akkurat den informasjonen eg var ute etter Eg har lånt meg eit diesett, treng berre ein kuleutdrager så er eg klar til å prøve. Kva slags "Bullet Puller" har du brukt?
  6. Nei, AWS har delvis rett. Eg har nokre av desse pakkane frå FFV, dei er merka "Parabellum" og har eit anna nummer enn NATO-ammoen (som sluttar på 1211 om eg ikkje huskar heilt feil). Desse gjer merkbart svakare smell og rekyl enn NATO-ammoen. Du tenker kanskje på nyare "1211-ammo" frå FFV? Eg har desse og, og dei er som du seier utan denne advarselen.
  7. Dette var min opprinnelege ide, men Ladebokens truslar om død og fordervelse ved bruk av ukjente kruttypar gav meg litt kalde føter.
  8. Så den smertefulle sannheita er at det er skytteren som er problemet, og ikkje ammoen? Pokker og.
  9. Er det CZ Du ikke treff med? Treffer du med annen ammo da? Treff godt med CZ-en med meir normal ammo. Treff også bra med FFV-en ved tohandsskyting. Det er einhandsskytinga som er problemet. Har også ein del funksjonsfeil ved einhandsskyting, litt slapt handledd kanskje? Er plaga med meir eller mindre permanent senebetennelse så styrken i høgrehanda er ikkje heilt 100%.
  10. No bur ikkje eg akkurat i verdas navle, så eg kan ikkje berre stikke ned på butikken og kjøpe meg 9mm til 1.60... Men eg ser heilt klart poenget.
  11. Jepp. Ei ikkje ubetydeleg mengde heller. Tja, det krevst vel løyve for å selge ammo? Og som andre har påpeika får ein nok ikkje mykje for denne ammoen. Korleis skiller dette seg frå anna heimelading? Eg ser heilt klart at det kan vere mykje arbeid å trekke ut kulene, men når du sit der med tomme hylser og kuler med kjent vekt er det vel ikkje heksekunst å jobbe seg fram til ei fungerande ladning? (edit: Gitt at ein bruker eit krutt med kjente eigenskapar sjølvsagt. Eg tenkte i utgangspunktet å bruke "kjøpekrutt".) Har ein CZ-75 som det har gått tusenvis av FFV gjennom, så problemet er ikkje der. Problemet er at eg ikkje treff
  12. Eg har arva ein god del "ikke for Luger"-9mm frå ein eldre slektning som var offiser og ivrig pistolskytter. Dessverre må eg innrømme at eg ikkje treff skiten med den. Det blir for mykje rekyl for mine sarte fingrar. Har fundert på å banke ut kulene og lade om med noko redusert kruttmengde, har nokon erfaring med det? Kan eg i så fall gjenbruke kruttet også?
  13. joska

    AR til jakt

    Kvar står dette? Våpenlovens paragraf 7 seier... Det er visst eit ordtak som refererer til Fanden og lesing av Bibelen... Medlemmer av ei radikal, islamistisk gruppering med uttalt støtte til Osama bin Laden og bruk av vald for å fremje politiske mål er garantert og definitivt "i politiets søkelys". Å sile ut desse ved søking om kjøpetillatelse av skytevåpen - uavhengig av type - er nok ikkje noko stort problem. Dersom ein islamistisk milits skulle klare å bygge seg opp eit arsenal med halvauto basert på jegerprøva og jaktvåpengarderoben ville eg bli svært forbausa. Og skulle det skje hadde eg blitt like redd om dei hadde vore bevæpna med boltrifler. Fjorårets hendingar på Utøya viser jo at ingen skyt tilbake før det er for seint likevel. Soloterroristar klarer nok å utnytte dette smuttholet om dei vil. Desse folka kan ein ikkje nøytralisere via forbod. Problemet i slike tilfelle er ikkje verktøya dei brukar, men at det er snakk om enkeltmenneske som innehar ein grad av ondskap som vi ikkje kan forstå. Det er ikkje slik at terrorhandlinga vert trigga av at dei "enkelt" kan kjøpe seg ein AR. Dei har eit mål, og velger så verktøy av reint rasjonelle grunnar. Er AR vanskeleg å få tak i... Vel, han du veit klarte å sprenge Regjeringskvartalet i lufta og drepe åtte menneske der til tross for at han som "bonde" ikkje lenger hadde moglegheit til å kjøpe seg sprengstoff lovleg. Heldigvis er det så langt mellom slike menneske at det fint går an å leve med den uhyre vesle risikoen dei representerer. Å sile ut potensielle jegarar på grunn av religion eller bekledning er noko heilt anna enn det som vert diskutert her. Det er ikkje berre ulovleg, men også forkasteleg.
  14. joska

    AR til jakt

    Eg er ikkje så sikker på at Freddy tek så veldig feil. Tacticool bekledning og kamo-sminke har nok mykje meir å seie enn korleis rifla ser ut. Rifla er tross alt berre ein liten del av habitten. Ein "normalt" kledd (i den grad det finns) storviltjeger med rød caps og ein AR med femskotsmagasin vekker nok mindre oppsikt enn ei vandrande buske med kamuflert langholds"rigg" med stor kikkert, tofot og demper.
  15. joska

    AR til jakt

    "Skal"? Kvar står det? Det står vel "kan"? Slik det fungerer i mitt politidistrikt så er det det lokale politikammeret/lensmannen du leverer søknaden til som skal avgjere om du er skikka til å inneha våpen. Så sender han søknaden med si anbefaling til våpenkontoret som tek for seg behovsprøvinga. Du treng *ikkje* vere straffedømt for å slite med å bli ansett som skikka, i alle fall ikkje i mitt distrikt. Eg kjenner til folk som (heldigvis!) har blitt nekta kjøpetillatelse fordi dei har figurert litt for ofte i politiloggen i samband med fyllebråk og tørking i fyllearresten, utan at dei er melde eller dømt for noko som helst. Om nye namn vert sjekka mot PST veit eg ikkje, men det er nok ikkje utenkjeleg. Med tanke på det smuttholet jaktvåpengarderoben representerer så håpar eg at dette vert gjort.
  16. Eg har nøyaktig samme presse som deg, og har opplevd dette eit par gongar. Det skjer dersom ein er litt "brutal" når ein fører fram hetteholderen, hetta kan då hoppe rundt når holderen bråstoppar. Etter at eg vart obs på dette har eg ikkje hatt fleire tilfelle av snudd hette.
  17. joska

    AR til jakt

    Det står vel ingenting om dette i artikkelen? PST har jo ikkje uttalt seg i det heile tatt. Politiet kan heilt klart nekte å innvilge søknader til kven som helst. Loven seier at du kan - ikkje skal - få innvilga kjøpetillatelse viss visse betingelsar er oppfylt. Er du med i ei religiøs gruppe der Arfan Bhatti er eit framtredande medlem, som jobbar for innføring av dødsstraff og Sharia i Norge, hyller Osama bin Laden og uttrykker forståelse for politisk vold tilfredstiller du neppe dei nødvendige krav om "pålitelighet og skikkethet" som barerobert påpeiker.
  18. Der har du det ja. Det vil vel seie at ein revolver i .460 som er godkjent til Magnum 2 også vil vere godkjent til revolverfelt, så sant du får den med seksskuddstønne som gomslork poengterer. Forskriftene seier vel heilt eksplisitt at du ikkje får innvilga eit nytt våpen dersom du allereie har eit våpen som er godkjent til det aktuelle bruksområdet? "Hva som blokkerer for hva" er i høgste grad ei problemstilling for folk med eit normalt aktivitetsnivå. Du kan berre gløyme å få kjøpt deg ein revolver i 38 Special til revolverfelt viss du allereie er den lykkelege eigar av ein revolver i .44 magnum. Derimot kan du få kjøpt deg ein revolver i .357 Magnum til magnum 1. Jepp, sjølvopplevd eksempel frå i vår.
  19. Igjen, det er ikkje tillatt med magnumammunisjon i revolverfelt. Får ein kjøpt ammunisjon i .460 som ikkje er "magnum"? Finns det noko "ikkje-magnum"-patron som kan kamrast, a'la 38 special i 357 mag? At ein kan lage sin eigen ammunisjon er ein sak, men viss ein ikkje kan skyte revolverfelt med fabrikkammo i .460 vil eg seie at den ikkje vil blokke for eit seinare kjøp av våpen til revolverfelt.
  20. Reglementet for revolverfelt seier jo at magnumladningar ikkje er tillatt. Får du kjøpt ammunisjon i .460 som ikkje er "magnum"?
  21. http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8328789 Skaut sund fire fotoboksar. (NRK Sogn og Fjordane)
  22. Denne logikken heng ikkje på greip. Som andre har påpeikt, viss han får tilbake heile kjøpesummen så har han ikkje tapt ei krone. Tvert om, han har hatt gratis kikkert i tre år. Ta pengane og smil, dette er bra service frå selger. Pengane kan han bruke til å kjøpe seg tilsvarande kikkert til halv pris frå ein annan forhandler
  23. Då har jo du snakka med jegarar som ikkje har halvauto. Det har vel ingenting med det du har skrive her å gjere:
×
×
  • Create New...