Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Problemet med dette er at fagmannen er "uangripeleg", og ettersom ei vurdering om framtidig "farligheit" basert på vage kriterie nødvendigvis må innebære eit stort innslag av kvalifisert gjetting er det uunngåeleg at vedkommande psykolog/psykiaters personlege haldningar til og kunnskapar om skytevåpen og skytter/jegermiljøet vil vere ein betydeleg faktor. Legeforeningen er også ueinig med deg, dei skriv tvert om i sitt høringsvar at kriteria må vere klare. Dei meiner også at "Det må derfor minnes om at de fleste tilfeller av ulovlig eller uforsvarlig våpenbruk ikke kan forutses ved hjelp av en legeundersøkelse.". Klarare kan det vel ikkje seiast.
  2. "Uproblematisk"? https://helsenorge.no/velg-behandlingssted/ventetider-for-behandling?bid=295 Det er rett og slett ein fornærmelse mot dei som faktisk har behov for psykiatrisk hjelp og som allereie no må vente for å komme til. Ein heilt annan ting er at det er umulig for ein psykolog/psykiater å seie noko som helst om ein person etter ein konsultasjon. Slike tilrådingar vil bestå av 90% magefølelse og haldningar. Dette var vel også essensen i Legeforeningens høringsuttalelse til forslaget om ny våpenlov om eg ikkje huskar heilt feil. Det hadde forøvrig vore interessant å sjå dei gode resultata du viser til. Ja, viss målet er at færre skal oppsøke legen er jo dette eit ypperleg virkemiddel.
  3. Ut frå det eg har lest om pulverlakkering er nok flytande Alox å foretrekke for oss late. Eg brukar 30 sekund på å smøre 50 kuler
  4. Dei store skyterelaterte aktivitetane (DFS, jegarar) vil vere heilt uberørt av det forslaget som ligg føre, og eg vil tippe at det store fleirtal av dei som driv med dette gir katten i både pistolskyttarar og dynamisk rifle. Dei ønsker heller ikkje "amerikanske tilstander", eit argument som ligg temmeleg laust så snart ordet "våpenlobby" kjem opp. Dette er ein vanskeleg sak å argumentere i, sidan dei fleste argument som talar til vår fordel krever at mottakeren har satt seg inn i fakta. Det kan det godt hende at politikarene har, men dei veit også at dei store velgermassene ikkje har gjort det.
  5. Det er vel ingen store parti som vil ta sjansen på å bli tatt for å vere i lomma på våpenlobbyen?
  6. Finns det andre grunnar for å gå på jakt?
  7. Ja, viss det er akkurat det som gir godfølelsen så kvifor ikkje? Men ta for all del på bukse. Jakte er noko ein gjer fordi ein har lyst, ikkje fordi ein må. Då velger ein sjølvsagt den redskapen etter hjertet også. Ser ikkje noko problem med det så lenge ein kan bruke redskapen og tek hensyn til dei evt begrensingane redskapen set.
  8. Den rifla Jørund Lien testa dette på hadde jaktstokk med frittliggande pipe. Lurer på om den rifla var bygd av Rafdal.
  9. Nå drar du argumentet for langt. Slettes ikkje. Det er svært lite rasjonelt å gå på jakt i dag. Derimot er det mange ikkje-rasjonelle grunnar for å gå på jakt, og det vert ikkje mindre gode grunnar av det. Det samme gjeld valg av våpen - kvifor skal dette vere "rasjonelt" når ikkje jakta er det? Eg er takknemleg for kvar einaste "raring" som gjer akkurat det han/ho har mest lyst til, enten det er å jakte hjort med Krag, køyre eigenbygd motorsykkel eller pusse opp stova *utan* å bruke Smartpanel.
  10. Skal ein vere rasjonell og fornuftig så går ein ikkje på jakt, men handlar på Kiwi. Du sparer enormt med tid og pengar, som du kan bruke på andre rasjonelle ting.
  11. Ikkje alle som har samme haldning til redskapen som deg Meyer! Sjølv har eg ein gammal Krag etter min far. Denne felte han sine første hjortar med, og den var i bruk på jakt heilt fram til Kragen vart forbudt til storvilt. Gitt at børsemakeren friskmelder kassa kjem eg nok til å bruke altfor mykje pengar på den slik at den kan få bli med på jakt igjen. Ikkje spesielt rasjonelt, men det kan ein seie om jakt og skyting generelt...
  12. No er det ikkje lenge sidan eg las ein artikkel om ein Krag med 9.3x57-pipe (meiner eg det var), der Jørund Lien testa akkurat denne påstanden ved å skyte to tørre patroner og deretter to patroner som var dyppa i vatn. Treffpunktendringa var minimal eller null.
  13. Mi fullstendig ukvalifiserte tolking av forskrifta seier at dama er i sin rett til å kreve våpenkort av deg når du skal kjøpe ammo til ei registrert hagle. Wikipedia må du ta med opptil fleire klyper salt.
  14. Ok, så hagla di er registrert? Då forstår eg ikkje problemet.
  15. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-06-25-904
  16. Det høyrest ut som ei oppskrift på rikosjettar Eg har hengt opp eit bit av eit gammalt ullteppe, det fungerer heilt fint som kulefanger for luftpistolen.
  17. Eg har skutt litt 357 med Lee 158grs TL-kuler, og Alox fungerer heilt fint med harde (hjulvektbly) kuler. Med mjuke kuler blir det blying. I 38 spec og 44 magnum fungerer Alox fint sjølv med kuler støypt av kulefangerbly frå miniatyrbana.
  18. Forskjellen i areal på eit 56mm og eit 50mm objektiv utgjer 25% av arealet på 50mm objektivet. Altså ei auke på 25%.
  19. joska

    Brno zkk-601

    Boyds har salg med jevne mellomrom, så viss du følger med er det nok råd å få stokk til $99.
  20. Er ikkje noko problem å montere desse sjølv. Berre pass på at du ikkje tighter til på toppen før du har fått tighta til mot låsekassa. Det er forøvrig ikkje berre diameteren på objektiv som må takast hensyn til, men også klaringa mellom hevarm og okular. Viss kikkerten står for lavt kan hevarmen ta i okularet når du tek ladegrep. Min kikkert har 43mm utvendig diameter på okularet, og her er det hårfin klaring mot hevarmen med mine Warne medium ringer.
  21. Det er "klo" på den eine ja. På eska står det at montasjane passar både ZKK og CZ 550. Men eg er redd eg har villeia deg - kikkerten min er 50mm og ikkje 56mm. Viss du ikkje har baksikte på rifla di vil det antageleg funke med medium montasje også, men det vil vere knapt. Er mulig at du må velge den høge varianten. Du må nesten ta fram tommestokken og måle litt, spec på ringane finn du på Warne sine websider.
  22. Eg har brukt desse med ein 56mm kikkert på ein ZKK. http://www.ebay.com/itm/252095726255
  23. Har øyresus og har ingen ønske om at den skal bli verre, så eg brukar alltid hørselvern. Har demper også, men syns overlydssmellen er smertefull nok i seg sjølv.
  24. "Få kvota til å gå opp"? Så du trur at når ein tildeler ein kvote på X dyr per jeger så går ein ut frå 100% fellingsprosent på kvar jeger? Viss din tankegang er gjengs betyr ikkje det anna enn at kvotene er lavare enn dei hadde trengt å vere viss jegarane berre hadde klart å respektere reglane.
  25. Korleis kan ein statistikk frå Oslo vere relevant i forhold til generell bevæpning? Den kan i beste fall seie noko om Oslo.
×
×
  • Create New...