Jump to content

jbjorn

Members
  • Content Count

    34
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

1 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Nokon som veit kva ein 1942 modell Lee Enfield no4 kan vera verdt? Produsert i England, sendt til norge via flydropp og brukt av norske soldater under krigen. Eigd av samme familie siden 1945. 100% original, alt nummerlikt, med spikerbajonett og reim. I strøken stand, behandla som eit familiemedlem Det einaste merket som ikkje er "originalt" fra fabrikk er to flagg i kryss som ser ut til å vera rissa inn for hånd i bolten, muligens av dei norske soldatane. Nokon som har høyrt om eit slikt merke før?
  2. Eg oppdaga at bolten ikkje er nummerlik. Bolten er merka 7356, mens resten av rifla er 7326. Eg la ikkje merke til det først sidan nummerene var så like. Synes det er litt rart at nummerene er så nær, kun 30 i forskjell. Ofte på våpen med bolt som ikkje er nummerlik så er det heilt forskjellige nummer. Lurer på kva som kan ha skjedd her? Ser for meg to karer fra samme tropp med rifler produsert i samme batch som sitter og pusser ilag, og så har dei bytta bolt Har ikkje planer om å selge den, men litt irriterande er det likevel.
  3. Denne her var visst også kjøpt av knut bakke på åttitallet! Kva er nummeret på din?
  4. Då var mauseren i hus. Den er laga på Oberndorf fabrikken i 1937. Har aldri sett det merket på den før, etter litt googling viste det seg at det er ein mauser som er bygd i tyskland og solgt til Portugal før krigen(symbolet er det portugisiske våpenskjoldet). Er det nokon som har kjennskap til desse våpena?
  5. Ok. Går vel fint med ein litt meir moderat ladning. Har ikkje tenkt å bedrive prikkskyting på 500m heller så.
  6. Korleis meiner du at hastigheita kunne vore lavare? 198gr kule og 47gr N140 gir vel rundt 760m/s. Viss desse mauserane opprinnelig hadde 800m/s meiner eg?
  7. Ok. Får prøve med rundt 47grs N140 med 200grs kule og sjå korleis det går. Trur eg skal berre holde meg unna den raufoss ammoen. Har ikkje lyst å risikere rust e.l dersom det mot formodning skulle bli slurva med pussen. Er eit pent eksemplar. Skal prøve å få lagt ut nokon bilder når eg får den i hende.
  8. Ok. Pipelengden på mauseren er vel rundt 62cm. Test barrel i tabellen var også 62cm, så det er nok samme pipe. Var for øvrig ingen av dei ladningane i tabellen med 200gr kule som kom opp i 800m/s, uavhengig av kruttype. Den høgaste var 783m/s.
  9. Eg har lasta ned appen. Prøvde å sjå i tabellane. Det var ikkje så mange tall på N140. Det var ein oppføring med 200gr kule. Ikkje samme produsent kule som eg bruker, men er vel close enough. Det var ei Speer kule. Der stod det to ladninger oppgitt. Start - 42.7gr og 661m/s, og max 47.5gr og 759 m/s. Kva vil den max-verdien bety? Betyr det at eg ikkje kan bruke meir enn 47.5 gr krutt? Da ender eg på 760m/s, leste over her at våpenet opprinnelig låg på 800m/s og at det er det jernsiktene er kalibrert mot.
  10. Det blir nok ikkje skote voldsomt mykje med denne børsa. Mest på gøy i ny og ne. Sånn sett er det nok ikkje den heilt store besparelsen å lade sjølv, men eg syns det er kjekt, så det er greit. Er det nokon som har erfaring med VVN140 krutt og kor mange grains eg trenger til ei 200grains kule?
  11. Om S&B går greit i rifla mi aner eg ikkje før eg får prøvd. Kan jo kjøpe ein pakke med det, og så kan eg bruke hylsene til å lade opp igjen. Da med kulene som bardp linket til her, dei såg jo veldig bra ut til den prisen. Eg har vihtavuori N140 som eg bruker til lading av dei andre riflene. Funker den til mauseren og? Kva er forskjellen på den og N150?
  12. Eg har nettopp skaffa meg ein original mauser k98 fra 1937. Eg lurer litt på anskaffelse av ammunisjon. Forstår det slik at det er 8x57 IS/JS som er gangbar mynt i denne. Nokon som har tips til hylser/kuler og ladning(mengde krutt)? Har diesett. Kjem i første omgang ikkje til å bruke den på jakt, så trenger ikkje blyspiss. Standard mantel til litt skytebanemoro er fint. Er det i det heile teke noko særleg å spare på å lade sjølv? Har sett litt rundt, og jaktdepotet har ei mantelkule som var billig: https://www.jaktdepotet.no/display.aspx?menuid=-6085&prodid=18041 Litt usikker på om denne er rett type for mauseren da det ikkje stod IS/JS på den. Nokon som veit? Men viss den er det så er det vel lite poeng å lade sjølv når du får kjøpt ferdig patroner til 10kr stk.
  13. ja var den eg refererte til. Men eg meiner det der er feil i og med at det ikkje er krav til at du må ha skapet allerede før du søker. Og som fleire skriver, så er det mange som får godkjent søknad uten å legge ved kvittering på skap. Ser det står kopi av legitimasjon og. Det gløymte eg jo heilt å legge ved
  14. Har sendt søknaden no. Ser det står på heimesida til politiet at ein må sende ved kvittering på våpenskap? Den har eg kasta for lenge sidan då eg ikkje visste at eg trengte den. Men har også høyrt at det ikkje er krav om at du har skap når du søker, kun at du må ha skapet på plass først når du får pistolen? Noko som gir meining i og med at det er dumt å ende opp med å ha kjøpt eit skap til tusenvis av kroner dersom søknaden blir avslått.
  15. er det greit å skrive "grov/militærfelt"? Eller må eg velge ein av dei? Viss eg skriver grovfelt i søknaden, kan eg då ikkje bruke den i militærfelt?
×
×
  • Create New...