Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Vihtavuori luktar ikkje akkurat sommareng og juleribbe den heller...
  2. Eller den vedvarande panikktilstanden i USA kva gjeld ammunisjon og ladeutstyr sidan somme folk i fullt alvor trur dei er i den kristne endetida sidan dei har ein kenyansk antikrist-muslim i det kvite hus (og somme andre veit å profitera på panikken ved å kjøpa no og selga dyrare sidan). Den klarar fint å trekka kuler, men det er fiklete grunna spennhandtaket til kuleuttrekkaren som kjem i vegen for pressearmen. Eg skaffa meg ein enkel Lee C-presse til slike kjappe småting. Ein annan ting eg har undra meg over, er om ikkje det hadde vore sjenialt å bruka hetteisettaren på Co-ax-pressa til å pressa ut (swage) tennhettelommer på nita militære hylser, om ein fekk dreid seg eit stempel som går inn i lomma...kanskje ein til og med kunne ha fått tak i eit ferdig laga eit? Det må så klart vera fastskrudd. Men med den utvekslinga ein får på hetteisettaren hadde det vore eit perfekt alternativ til å kjøpa til dømes ein Dillon Super-swage.
  3. Aktive tenestegjerande, medlem i NROF med utlevert våpen, og tenestegjerande i Heimevernet. Sistnemnde kan søka til sin I-off (me påteikning ofte frå troppssjef) om å få utlevert tennstempel og eventuelt ammunisjon til baneskytingsformål. Sivile kan (med mykje møye) kjøpa seg ein HK91 til bruk i dynamisk rifle, men desse er i dag sjeldne som hønsetenner og heller ikkje særskild konkurranseduktege. Eg har brukt AG3 sjølv til dynamisk rifle Standard division før eg fekk utlevert HK416. Sistnemnde brukar eg òg til baneskyting med godt resultat. Det er ein del ting som blir betre i verda, sjølv om eg saknar AG3 litt vinterstid når eg har vantar på fingrane...
  4. Du løyste det greit, og du vil løysa det enno betre ved å i ettertid ta ein prat med lensmannen og be han kanskje lesa nokre vers for det landlege borgarskaps indignerte utsendte.
  5. Selg .308-hylsene og kjøp .45ACP-hylser for pengane
  6. Men kva då med når ein til dømes sølvloddar saman kombi/drilling-løpssett eller samjusterar løpa på ei dobbeltrifle, med tilhøyrande liberal gassflamme..?
  7. Likar veldig godt min Savage. Hatt den i femten år no, bytta til eit matchavtrekk som er lett og godt, og driv til og med og spikkar til ny stokk til den no! God presisjon, lett å få tak i magasin.
  8. Yeah, get the A-Tec suppressor. They have distributors in several countries. Don't be too optimistic about effect unless you obtain or load subsonic rounds.
  9. Co-ax er dyr. Ein kan heller knapt nok samanlikna med andre einstasjonspressar, det er Co-ax og alle dei andre. Ein annan ting med den som eg likar, er at den siste centimeteren eller så med vandring i stempelet, utviklar den eit voldsomt moment som er fin-fint når ein sitt på kveldstid og klemmar ned stive Lapua .308 Winchester-hylser til .260 Remington medan ein har gangsperr i skuldrane. Hetteisettaren er faktisk veldig grei å ha som ein lett tilgjengeleg universal-isettar når ein berre har ei mindre mengde på hylsar ein skal klargjera og ein ikkje gidd styra med hylsehaldar. Eg brukar normalt Lee Autoprime, og det er òg ganske greit å ha ein isettar som kan yta litt ekstra i finkontroll om lommene er trange. Eg er ikkje nokn merkehore ellers, eg brukar som nemnd Lee sin tennhetteisettar, og eg brukar òg Lee-krutmål som eg har trimma og eg har ein Lee C-presse til enkle småjobbar som kuleuttrekking og liknande, og er stor fan av collet-diane deira. For ein som skal starta med lading er det ikkje tvil om at ladesettet til Lee er ein god start. Den einaste grunnen til at eg har Co-ax er at eg fekk den billeg brukt (for same pris som ein Rock Chucker!)
  10. Hald deg til dei tyske. Eg er mildt misnøgd med Leupold-montasjar. Nok til at eg unngår dei.
  11. Om du har dimensjonane kan du jo få laga ein brotsj av Pacific Tool & Gauge eller tilsvarande. Mogleikane er mange!
  12. .500 S&W har makstrykk iflg. SAAMI på 60000PSI, ein .44 Magnum er på 36000 PSI og ein .450 Marlin er på rundt 44-45000 maks, men femhundren tek ganske så mykje meir plass. Så om ein skal putta denne sinte lille jævelen oppi ei bøylerifle, la det vera ein som er seig og grov i stålet.
  13. I USA er lyddemparar fyrst og fremst noko som G.I. Joe-wannabe-kidsa kjøpar seg. Altså unge menn med mykje "disposable income". Slike er det nok av kløktige og driftige karar som veit å marknadsføra til. Her heime er lyddemparar flest noko ein finn på "trauste" jaktbørser, og då går "Svart nylonfaktoren", og med det prisen ein kan ta før folk hevar augebryna, ein del ned. Og dette kan ein òg observera lokalt: med ein gong ein til dømes vil ha seg ein lyddempar til å skru på HK'en går prisen i vèret som ved magi, sjølv om innmaten er lik i kompleksitet og grunnleggjande konstruksjon til det ein finn i ein ordinar jaktdempar til eit laken eller så. Ikkje at det plagar meg, meir pengar inn i varehandelen gjer høgare inflasjon gjer meg lågare rente på boliglånet for å halda kronekursen stabil
  14. Munningsgjengane på ein Saiga 5,56 er M24x1.5. Det er tilfeldigvis gjengene på oljefilteret til ein Toyota Land Cruiser 3l diesel òg... Funkar heilt fint. Stort og klumpete. Ville heller hatt ekte vare.
  15. Denne rifla gjer meg stygg kjøpelyst, forresten. Eg har i mange år gått og undra om eg skulle fått meg ei slik "lett" børse til akkurat slik bruk du snakkar om, tankane har stort sett sirkla kring ein US-karabin, men sidan desse er livsfarlege bandittvåpen har det blitt med tankesyslinga.
  16. Skaut du over kronograf? Kanskje dei lettaste ladningane "brenn ut" såpass kjapt at gasstrykket ikkje er nok til å aksellerera kula ut av løpets fulle lengde, slik at kula blir bremsa. Ref. skilnaden på .22LR-ammunisjon for pistol kontra for rifle.
  17. Når eg tenkjer bakblåst med dempar, er det fyrst og fremst riflekaliber som utmerkar seg. Særskild AG-3 med Reflex-dempar på fekk våren til å koma tidleg på standplass. Gassvolum og -fart på pistolkaliber er vel i ei heilt anna klasse til samanlikning, er det ikkje?
  18. Halvauto .50-120 med boksmagasin og Bang-mekanisme.
  19. Colt-Browning M1895 liknar til forveksling på ei gassoperert bøylerifle, av dette tilnamnet "Potato Digger". Den infanterist som ikkje passa puselankane sine når denne skurtreskaren vart skote med, fekk seg nok fort ein smekk han seint gløymde...
  20. Det er han ikkje aleine om. Eg kjennar fleire som har solgt sine, om ikkje i raseri, så i likegyldig avsky.
  21. Eg har vurdert ein stund å tinga ein .260AI-brotsj frå PTG til langtholdsbørsa mi, men andre prosjekt kjem godt i forkant sidan eg eigentleg er heilt nøgd med vanilje-260. Strålande presisjon utan mykje dill ved ladebenken. Vurder litt lenger løp om du kan, det er mogleg du får ein god del meir valfridom då i kuler og ikkje minst får du skikkeleg nytte av det lille utvida hylsevolumet.
  22. Eg sett stor pris på at folk med god råd og plettfri smak hyrar børsemakartenester på eit slikt nivå, slik at det beste av handtverket blir halde i hevd. Til lukke og til glede!
×
×
  • Create New...