Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by oysteinlarsen

  1. Tenkjer eg skal koka meg eit par svenskesylter før eg er å fara heimover til jul. Er det nokon interesse for korleis ein lagar svenskesylte? Den er utruleg enkel å koka, sjølv om ein har eit par tommeltottar ekstra, og smakar kjempegodt, så eg kan godt leggja ut oppskrift med bilete om folk vil ha.
  2. For min del vil eg nok helst kjøpa Lapuahylser om eg kan. Dei held lenge og er jamne og fine. Golden Target har eg fått ein del av gjennom åra som har hatt sprekkar i hals eller som lett har sprukke. Får eg dei så brukar eg dei, men eg tek som sagt helst Lapua om eg har høve og råd.
  3. Eg har høyrd frå ein amerikanar at han plukka brissel ut frå brystet frå ein piggokse, men det er på andre sida av dammen. Om det er likeeins med den europeiske elgen gjenstår eigentleg berre å finna ut av? Kikk på begge sidar av luftrøyret der halsen gå inn i brystet. Han nemnde forresten òg at elgbrissel var i særklasse godt, betre enn kalvebrissel. Lovande.
  4. Dette er ei kule med same vekt som rekruttammunisjonen er ladd med, så du kan gå ut frå rekruttladningar og få eit (veldig!) forsiktig utgangspunkt. Rekruttammunisjon er det krav om at skal vera ladd så og så mildt. Hugs at 6,5g er om lag 100 grains, så du kan søka på begge vektane. 42 grains N11 bak ei 100grains kule virkar rimeleg.
  5. Brissel er fyrsteklasses mat. Smaken er mild, fyldig og god, litt som marg men ikkje fullt så grisefeit. Noko heilt anna enn til dømes nyre og lever. Ein brukar forvelle dei, og så bruke til dømes eit bambusgrillspyd eller liknande til å pirka/plukka vekk hinna som ligg rundt. Frå der har ein mange mogleikar. Ein kan til dømes skjæra opp i skivar, panere med mjøl, egg og strøbrød og steike i feittgryte og servera med sitron. Eller riva over parmesanost og gratinera og til dømes servera med ein ekstra god soppstuing. Særskild fransk kjøken har mange gode oppskriftar på brissel, norditalienarane er òg glade i det og brukar det gjerne som til dømes del av ein skikkeleg god ragù eller til fyll i tortellini.
  6. Eg tykkjer HK skulle ha laga ein eigen modell kamra for 6.5x55 til dei
  7. Biltema..? Dei får vel det meste frå India (ofte av overraskande høg kvalitet, særskild om du kjøpar det som har 10 års garanti.) Litt kult at dei har TÜV-merking eller liknande, då. I alle fall om ein brukar den til småplukk som å stramme til bolter og mutrar til motor og oppheng på bil. Kjøp deg ein bra ein og ta den med deg i grava. (Og for alt eg veit finst det gode kinesiske momentnøklar, eg brukar berre ikkje shoppe så mykje etter sånt.)
  8. .577 Snider nr. tre frå høgre?
  9. Og no veit du kvifor (Er det slik å forstå at det er splitter ny pipe? Stikk og prat med ein børsis om du ikkje får kamra ein fabrikkpatron.)
  10. http://www.asamnet.de/~ehrenred/ersatzt/g3.htm
  11. Då får du skulda okke som fordi du køyrar bil. Dette blir referert til som "objektiv skuld". Ja, det er litt drøyt.
  12. Å ikkje ha pipa i sikker retning til ein kvar tid. Dette er ikkje komplisert. Det er ikkje snakk om skuld eller uskuld, det er snakk om å alltid ha eitt lag til med sikring slik at ulukkar ikkje kan skje. Går børsa av får du deg ein støkk, men så lenge pipa er i trygg retning gjer det ikkje noko.
  13. Hahaha. Lite land. Hugsar me kødda med "vonaleg ligg det ikkje noko barnehjem for blinde nokre kilometer lenger ned den vegen", men fytteh...truleg gjekk dei rett i myra ein stad nord for Styggemann.
  14. Slike tilfelle brukar eg kalla jaktulukkar eller uvørenheit. Børsa fungerar jo heilt fint, og skotet går i det jegaren/skyttaren vil det skal gå, men målet er ikkje stadfesta bra nok og/eller skotfeltet er ikkje sikkert (ref. 45-gradaren.) Opplevde forresten at solenoiden som gav avtrekk på ein vognmontert 12,7 MITR ein gong hengde seg opp. 100 skot i 45 gradar over Hengsvatn sør. Godt det ikkje stod nokon i vegen i andre enden, for dei skota der gjekk ikkje i vollen... Her er eit anna interessant vådeskot eg har opplevd å sjå: jegar på Løvenskiold ligg og skyt med NM60. Litt harde tennhetter på dei patronane. Jegaren får klikk, og reiser seg momentant opp for å be om bistand før eg rekk å stogga han, han lener seg ned for å plukka opp børsa og så smell det. Stakkars kar, han måtte nær ha krisepsykiatrisk bistand etterpå. Tru om ikkje han og dei rundt lærte noko av det òg.
  15. Er du viljug til å dela ei sakleg startladning for den Woodleigh-kula?
  16. Eg vil ikkje kalla eit tilfelle der ein jegar skyt ein person i den tru at det er vilt for eit vådeskot, fordi skotløysinga er medviten. Eit anna liknande døme er frå Sverige for nokre år sidan der ein norsk jegar vart losa gjennom jaktterrenget av ein guide og sonen hans, og der jegaren snudde hagla etter støkt vilt og trakk av i farleg retning slik at guten fekk hagl i andletet. Heller ikkje dette passar med mi definisjon av vådeskot. Eg meiner at eit vådeskot er eit skot som anten skjer ved avtrekk i vanvare, ved at skyttaren løsnar skotet sjølv utan å ville det, eller ved ein teknisk feil som gjer at sikringsmekanismane i børsa ikkje fungerar eller blir forbigått, til dømes ved at: * det oppspende tennstempelet slipp forbi avtrekkshaka ved støt * greinar og kvist klarar å snu sikringa og virke mot avtrekkaren når ein passerar tett buskas (Jørund Lien har opplevd dette, grøss og gru) * børsa blir lagt ladd, men ikkje sikra, ned i ein bil og skot går av (kjend frå ein stugg dødsulukke for nokre år sidan).
  17. For mykje sensasjonalisme og kunnskapslause folk som jobbar med våpenforvaltninga. Dét er problemet her (og eigentleg over alt). Forbodet mot .500 S&W, til dømes? Stilreint hodelaus høne-arbeid. Slikt gjer at ein mistar respekten for resten av forvaltninga. Ellers er det heilt korrekt at Norge er eit av dei minst byråkratiske landa i verda. Me ligg heilt i toppen for "Ease of doing business"-indeksen (me er på 6 no trur eg, USA er på 4. og Belgia er på 33. ...). Men nordmenn likar ikkje prate for mykje om det dei ikkje kan klage over...
  18. Ein ting eg har lagt meg til sinns, er at skyteaktivitetar i Forsvaret er eit perfekt høve til å rekruttera nye skyttarar - det passar seg liksom å prate om børser og skyting når ein alt driv med det, og det er mange som er inne til rep eller som ikkje skyt mykje ellers som gjerne får litt tenning når dei byrjar å få samling og treff. Og kva passar vel betre då enn å diskret gje hint om at dette kan dei gjera sivilt òg? HV-mannskap og andre grønn- og blåkledde, ta notis. (I tillegg kjem så klart langtidseffekten av at du får eit jamnt høgare dugleiksnivå med det som tross alt er det viktegaste arbeidsverktyget vårt nest etter hjernen.)
  19. Ta innskytinga på 50, er mitt råd. Blir nok meir saklige forhold då.
  20. Tja. Fleire kjende våpen- og jaktskribentar i Norge har fortalt om vådeskot dei har stått bak (Jørund Lien og Erik Braathen inklusive) i både VJ og andre blad. Så langt eg veit har dei ikkje fått skrape for det i etterkant i anna enn stoltheita... Det er neppe ei dårleg idé å omtala vådeskot. Kanskje folk tenkjer seg om ein ekstra gong i samband med våpenhandsaming? Og kva skulle eigentleg eit skjerpa lovverk har å by på mot vådeskot, når dette fyrst og fremst er noko som skjer fordi ein anten ikkje har fingrane på rett stad eller fordi det tekniske ikkje fungerar slik ein venta? Skal ein fyrst vera paranoid mot noko, finn i alle fall på noko vettugt.
  21. Har ikkje du ein M76 då? Eller var den i 308 den...stornøgd med Saiga etter kvart, når eg har fått den som eg ville. Var eit visst lerret å bleike. Skulle gjerne sett den side om side med Arsenal sin. Kanskje eg skal kjøpe AR'en din og bruka til Open?
  22. Eg tykkjer det er ganske talande at dei kallar den Liberator...oppkalla etter ein eingongs sinkbøttepistol frå andre verdskrigen som amerikanarane tenkte å teppebombe det okkuperte Europa med. Idéen var at ein skjør enkeltskotspistol ville ha null verdi for tyskarane, men vera verdifull for motstandsrøyrsle og andre, sidan dei då kunne skyte ein einsleg tysk vaktpost og ta børsa hans.
  23. Er det du som skal knipe den Rigby'en som Beveren Sport har hatt liggande, ja? Hrmf.
  24. Der ja! Den der ser slik ut eg ville ha laga den. Trur eg skal ha meg ein slik fortare enn svint - takk for hjelp!
  25. Kva er denne norskproduserte montasjen? Namn, lenkje til meir informasjon...?
×
×
  • Create New...