Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. På 8. omlading på partizanhylser no, i kaliber 8X57 IS. Ingen havari så langt, trimma ein gong. Dei fungerer heilt greit til den "skogsbørsepresisjonen" eg treng. Men ein sjekk på ladevekta viser at av dei hylsene eg har brukt til lading (Norma, Lapua, Winchester, RWS, Remington) så er Partizan dei som desidert har størst avvik i vekt frå hylse til hylse. Kor mykje det har å seie kjem vel an på bruksområdet.
  2. frontier

    Go light!

    Bladet Jakt & Fiske har hatt dette som tema i ei av utgåvene i løpet av det siste året. Her var det to villreinjegerar, ein med tradisjonell utrustning og ein "gramjeger". Meiner at ferdig utstyrt hadde den eine ei total utstyrsvekt på 15-18 kg, mens den andre låg rundt 10 kg. Det var ein del greie tips i den saka, viss nokon kan spore den opp.
  3. Nei, dette er strengt forbudt. Det er jo ikkje lov å skyte ein rev på reveåtet heller...
  4. Du bør i alle fall ikkje gjere samme tabben som ofte blir gjort på jegerprøvekursa. Der snakkar ein berre om kor livsfarleg det kan vere å handtere våpen - og gløymer å marknadsføre det å skyte som noko GØY. Konsekvensen av dette ser ein på mange skytebaner rundtom under jegertreningane.
  5. Det er mulig tilstandane er betre på Austlandet, men på mi side av fjellet er tanken om viltpleie andsynes hjort på eit steinalderstadium. Her er det framleis slik at mange jegergrupper ser jakt i kulturlandskap (f.eks. bøjakt) som noko mindreverdig, og den som vågar seg på å fore hjorten vinterstid blir æreskjelt og skulda for å "stele" hjorten til naboen. Det blir jamvel hevda at slik åtferd endrar trekkrutene til dyra. Haldninga er vel stort sett at vi skal ha ein "bærekraftig" hjortestamme (kva no enn det er?) på naturens premissar åleine. Teorien er vel då at ved å ikkje leggje til rette for hjorten ved menneskelege inngrep, så vil naturen renske ut dei svake individa og ein får ei stamme av større og sterkare dyr. Den logiske bristen i dette er at vi allereie grip dramatisk inn i forvaltninga gjennom at 97 prosent av all hjort døyr av ei kule, og at det rovdyret som sender avgårde kula slettes ikkje jaktar etter same prinsippa som ein ulv eller ein jerv ville gjere - nemleg til ei kvar tid å gå etter dei minste og svakaste individa.
  6. Mitt politidistrikt uttalte nøyaktig det samme for to veker sidan, då eg etterregistrerte to hagler.
  7. frontier

    ny leica geovide

    Er det nokon som veit om Leica har forlatt lasermålingsteknologien dei brukte i forrige generasjon geovid og utvikla ein heilt ny, eller om dei berre har modifisert den gamle? Viss ikkje får dei vel juling av Zeiss sine RF-modellar igjen når det gjeld sjølve avstandsmålinga...
  8. Mi personlege meining er at alle kruttsortane du har er i overkant treige til kulevektene du nemner når du skal lade .308 win. Den beste kombinasjonen tipper eg du får med N150-kruttet til 167-grains scenar-kula du har. Du kan f. eks starte på 43 grain og jobbe deg forsiktig oppover. Eg ville ha prøvd Norma 203B, skyttarlagskruttet Norma N11 eller Vihtavuori N140 til 150-grainskulene dine. Lykke til.
  9. Vårt jaktlag var ein tur i British Columbia i fjor, med norske Atira som operatør. Hovudsakleg godt nøgde. I desse områda var det spot and stalk som gjaldt. Vi valde det bevisst framfor åtejakt. Syns det blir kjedeleg å fly til andre sida av kloden for å sitte i eit tre og stirre ned i eit rustent oljefat. Vi skaut bjørn med 270 win, 9,3X62, 300 winmag og 375 H&H. Både homogene kuler og standard blyspiss. Bjørnane virka programmert på å rase 40 meter og ramle steindaude overende. Smertefri våpentransport, men det koster litt. Ta med myggmiddel og legg gjerne inn nokre sightseeing-dagar etter sjølve jakta. Vi drog til kanadiske Rocky Mountains og nasjonalparkane og fekk stort utbytte av det. Fekk sett både grizzly, jerv, steinbukk, wapiti, mule deer, elg og mountain goat.
  10. Skaut sju-åtte vinterryper denne sesongen med .308, Lapua scenar hundreogsekstieitelleranna grains kuler. Hol inn, hol ut - knapt ein bloddråpe. Ser bedre ut enn når dei er hagleskotne faktisk. Avstand 30-140 meter. .308 win er vel undervurdert som småviltrifle. Du treng ikkje ein gong lade sjølv, viss du får jaktmatchen til å gå i børsa di.
  11. frontier

    Steiner kikkert

    Ser ut til at Steiner blir først med kikkert m avstandsmåler i 8X30-størrelse. Skal vere klar for markedet i september. Så da kjem vel Zeiss og Leica etter - og det er jo på høg tid.
  12. Sidan det stundar mot slutten for Vihtavuori så er kanskje nokon interessert i 8X57 IS-ladningar med skyttarlagskrutt: 170 grain Hornady round nose, 48,5 grain N11 170 grain Speer Hot Core, 48 grain N11 Dette er snille treningsladningar til ei gammal dame, Brno mod 21. Til jakt har eg fine slakt med 196 grains Oryx og 48 grain 203-b. Fart ca 770 m/s.
  13. Litt OT, men likevel: Det kan vere verdt å ha i mente at mellom 70 og 80 prosent av den vitringa du avgir der du sit på posten din eller smyger i skogen, kjem frå utånding. Skal du gjere noko med det problemet, så dauer du.... Berre som eit apropos til særleg amerikanske jegerar, som verkar å bruke millionar av dollar på diverse lurium som dei sprayer seg med før dei dreg på jakt.
  14. Jada, Ole-Johan, er klar over problemstillingane du skisserer. Men eg opplever at det er vanskeleg å finne gode ladningar til denne typen børser. Oftast er ladningane til krage-kaliber svært forsiktige, noko dei kanskje må vere for å kunne skytast i 40-50 år gamle drillingar med langt svakare konstruerte mekanismer enn den eg har. Ladeboken (utg. 6) er jo eit godt eksempel på dette når det gjeld kaliberet mitt. No er det vel lova nye ladedata til 7X65R i Jørund Lien si utgåve av Ladeboken som skal komme til sommaren, får håpe det er litt meir relevant informasjon der.
  15. Var ute og lufta Merkelina helga før påske, med litt nedslåande resultat. Hol i hol-samlingane fra i haust kunne ikkje gjenskapast, og heim gjekk eg og dama med litt dårlege vibber. Legg mesteparten av skulda på at all vinterskyting har foregått med rekylfri .308 og dempar. Skytinga med kippen på knappe tre kilo med kikkert (kaliber 7X65 R) var sånn sett ei litt sjokkarta oppleving, men det går seg vel til. Har elles eksperimentert litt med å få 140 grains Barnes ttsx opp i tilstrekkeleg fart til å klare "storviltkravet". Har så langt jaga den opp utgangsfart på 830 m/s, utan at børsa protesterer eller at eg får trykkteikn. Men korleis ser ein eigentleg trykkteikna på eit brekkvåpen med Jägerlås, nokon som veit? Vurderer å køyre 7X64 Brenneke-ladningar framover, utan å bakke av noko vesentleg. Om eg har forstått det rett, er vel ein kipplauf med Jägerlås like sterk som ein vanleg boltmekanisme?
  16. Inge E, det er jo kome slike kikkertar du etterspør. Har sett eit par testar på denne, og den har vel fått heilt greie kritikkar. http://www.opticsplanet.com/bushnell-10 ... cular.html
  17. Mulig, men i så fall legg du til grunn at jegerane si haldning til og bruk av verktøy som "sett hjort" er ein konstant faktor over tid. Og det er det ingen garanti for. Overgangen til dei nye verktøya ein no har fått, frå "ein gong i året"-skippartak med nedskriving på papir og til dagens regime med logging på pc og smarttelefon der ein i praksis kan registrere i sanntid, vil kunne gje store utslag. Kan nye former for organisering av jakta i stadig større vald og bestandsplanområde ha betydning for "sett hjort"-resultata? Det er vel (dessverre) også eit faktum at somme fyller ut Sett Hjort noko "taktisk", ut frå eigeninteresser. Men så lenge dei gjer dette konsekvent betyr vel ikkje det all verda.
  18. Har ingen eigenerfaringar med Kystvilt, men det skal uansett bli spennande å følgje utviklinga til viltmottaka på Vestlandet i åra framover. Hjortebestanden går markant ned, og i tillegg har vi fått feltkontrollørordninga som truleg opnar for at meir kjøt tek vegen direkte frå jeger til forbrukar. Eg tippar råstofftilgangen kan bli eit problem for hjortemottaka om utviklinga held fram slik. Vi ser allereie at somme aktørar har satsa meir på nedskjeringsmarknaden, der ein bearbeidar kjøt for eigaren av slaktet, til ein fast kilopris - i staden for å kjøpe opp vilt, bearbeide og selje.
  19. Ingen brems i hjortejakta i ein av Sogn og Fjordanes største hjortekommunar. http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article6547022.ece" target="_blank
  20. Tja, ut frå det mange skriv her på forumet, så tolkar eg det slik at dei brukar posten. Då eg importerte frå Danmark i fjor, måtte eg i fellesskap med den danske våpenforretninga leite opp eit privat transportselskap som framleis fraktar våpen - noko som viste seg vanskeleg nok. Eg enda opp med selskapet Blue Water, http://www.bws.dk/" target="_blank.
  21. Interessant at ein storaktør som Hunters House framleis slepp unna med å trosse den danske postens regelverk, og held fram med å postsende våpen. Andre danske aktørar har jo for lengst slutta med dette. http://www2.postdanmark.dk/iis-nyheder/ ... &year=2012
  22. “We've all heard that a million monkeys banging on a million typewriters will eventually reproduce the entire works of Shakespeare. Now, thanks to the Internet, we know this is not true.” (Robert Wilensky)
  23. Viss du med storvilt meiner elg/hjort/rein så trur eg du sliter. Hadde ei børse i kaliberet tidlegare. Trur ikkje eg fann noko kjøpeammo som holdt kravet med den kulevekta.
  24. Det er slike bombastiske utsegner som gjer at eg etter fire-fem år på kammeret så smått begynner å gå trøtt, dessverre. Vel ferdig med min 32. jaktsesong så kan eg med handa på hjertet innrømme at eg ved fleire tilfelle har opplevd situasjonar som har gitt meg småfrysningar. Nokre sjølvforskyldt, andre ikkje. Eg trur aldri ein vil kome dit at jakt blir like ufarleg som frimerkesamling. Å avvæpne folk som meiner noko litt anna enn ein sjølv - eller som jamvel uforskyldt og ubevisst har gjort ting i ein jakt/skytesituasjon som kunne ha vore farleg, er sjølvsagt ein strategi. Problemet er vel at om alle er heilt ærlege med seg sjølv, ville vi enda opp med ein noko tynn jegerstand. Og til Urogallus: Kva som er god nok og ikkje god nok sikkerheit under jakt, har faktisk eit bra innslag av subjektivitet. Du skriv at under bevegeleg jakt skal børsa di vere klar for skot når sikringa slås over. Du opplever det med andre ord som trygt for di jakt. Eg for min del har slutta å drive bevegeleg jakt med ladd og sikra boltrifle. Til slikt brukar eg våpen med oppspennarmekanisme.
  25. Pussig kor ulike erfaringar ein gjer seg med utstyr. For meg er dette ein POSITIV ting med 700 ADL-mekanismen, sidan eg då slepp å avsikre eit ladd våpen for å få tømt kammer og magasin.
×
×
  • Create New...