Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Lat oss stramme inn skikkeleg. Vi innfører også ein årleg "grunneigarprøve". Her får grunneigarar/rettshavarar 30 obligatoriske treningsspørsmål, der tematikken kan omhandle lovverk og forskrifter, korrekt prisfastsetting, marknadsføring og kontraktsinngåing, generell kunnskap om guiding, og sjølvsagt litt om viltets biologi. Kunnskap om lokal bonitet og bærekraft i eige terreng må også inngå. Deretter kjem fem eksamensspørsmål som alle må besvarast rett. Stryk du på tre forsøk, blir jaktretten som blei knytta til eigedomen din i lovs form frå 1899, fråteken deg og tildelt enten Statsskog - eller kammeret.no sine medlemmer
  2. Kammerherren, eg trur du ville blitt overraska om du fekk statistikk på kor mange som jaktar på nettopp dei leigepremissane du her snakkar nord og ned. Eg er forøvrig heilt samd med deg, men svært mange betalar nettopp det du kallar "fastpris", rett nok innafor ei gitt tildelt kvote på kalv, ungdyr, voksent hodyr/hanndyr. Kvifor: Fordi vi framleis har mange grunneigarar som ikkje er tilstrekkeleg engasjerte i å framstå som forvaltarar og derfrå bruke jegeren som forvaltningsverktøy, slik det burde vere. I staden overlet dei til leigejegeren å drive forvaltninga.
  3. Asterix' avskytingsteori er basert på ein heilt feilaktig premiss - i alle fall for hjort og hjortejakta sin del - nemleg at desse bukkane til ei kvar tid oppheld seg på same stad. Det gjer dei jo vitterleg ikkje, trekka ned frå høgtliggande område på indre Vestlandet og ut mot kysten startar rundt jakstart-tid og pågår ofte heilt ut i oktober-november. Når vi veit at opp mot halvparten av norsk hjort er trekkdyr medan resten er stasjonære, litt avhengig av populasjonstettheit, seier det seg sjølv at ein ikkje kjem i mål med bedre forvaltning med ein slik modell. Som det er sagt så mange ganger før: Ein styrer ikkje forvaltning og uttak gjennom å innskrenke eller utvide jakttidene. Ein gjer det gjennom løyvetildeling og ansvarlege grunneigarhaldningar.
  4. Den er stor nok, ja. Men om den kvalitetsmessig er så mykje å skryte av, det er ei anna sak...
  5. Og det er du heilt sikker på? Fadesen i utviklinga av hjortebestanden på Vestlandet, der ein bukk sjeldan rekk å bli over 4-5 år er vel eit resultat av ein mangeårig kjøttjegerkultur? Ein kjøttjeger har vel like stor motivasjon for å skyte det største dyret han ser, som ein troféjeger, sidan det er frysaren som skal fyllast mest mulig effektivt?
  6. Støtter Ruger #1 her, eg gjorde akkurat det grepet i fjor, etter å ha banna meg gjennom 4-5 års reinsjakt med ein Powerframe eg aldri kom til å like. 90 liters anatomisk i staden, og slutt på "bær deg i hel"-opplegg, utløyst av altfor stor sekk og overvurdering av eigen styrke
  7. Fin tråd, mykje interessante tankar. Men eg klarar ikkje fri meg frå å kommentere noko som M67 skreiv tidleg i tråden. Meiner du verkeleg dette? I mine auge blir dette heilt feil. Sjølvsagt kan din moglegheit til å utøve jakt bli lidande dersom myndigheitene går etter enkeltpersonar i andre enkeltsaker, der dei samme myndigheitene (med rett eller urett) har bestemt seg for å statuere eit eksempel. Dermed er det absolutt mitt problem dersom andre jegerar opptrer klanderverdig. Dei siste åra har vi jo hatt mange eksempel på dette. Dei norske tullebukkane på jakt på New Zealand, med påfølgande Youtube-publisering, sette eit "heilt land" i harnisk, og forslaga kom om å nekte norske jegerar adgang for all framtid. For ikkje å gløyme nattjaktsaka i Balestrand som gjekk heilt til Høgsterett, der det lenge var heilt ope korvidt jakt under dårlege lysforhold hadde ei framtid her til lands. Poenget er at vi ikkje kan sjå lovverk og forskrifter som noko statisk, opplest og vedtatt til evig tid. Lovene, og ikkje minst tolkinga av dei i ein gitt tidskontekst vil alltid variere og vere utsett for opinionspress, politisk press osb. Vi skal ikkje gløyme at vi utøver ein aktivitet som i dei aller fleste land på vårt kontinent blir meir og meir uglesett. Difor er eg også glad for at den mykje kritiserte jegeropplæringa i Norge har lagt meir og meir vekt på at alle jegerar som er i skogen eller på fjellet med våpen i hand, til ei kvar tid er ein ambassadør for HEILE jegerstanden. Noko "skit i Norge, leve Toten"-mentalitet har vi ikkje rom for lenger, om vi ønskjer å oppretthalde det tross alt romslege regelverket vi får drive denne fantastiske hobbyen innanfor.
  8. Er eit sluttstykke søknadspliktig våpendel dersom ein alt har våpenkort på komplett gevær?
  9. Nei Seawolf, denne prisen er velkjend frå fleire skyttarlag rundtom. Og det er ikkje nytt. Det er i alle fall tre år sidan skyttarlaga i Sogn og Fjordane etter tilråding frå Samlaga (som igjen støttar seg på eit sentralvedtak, vil eg tru?) auka prisen opp til 200 per oppskyting. Langt frå alle skyttarlag i Sunnfjord-regionen som eg kjenner best, har følgd opp dette. Nokre skyttarlag har også innført det, for så å redusere prisane igjen, truleg pga svært negative tilbakemeldingar. Då saka blei kjent her i 2011 kontakta eg leiaren i skyttarsamlaget, som stadfesta at den tilrådde prisauken på storviltprøva hadde gått ut til alle skyttarlaga i regionen, så å hevde at dagens prisar hos lokale skyttarlag ikkje har utspring i vedtak høgare opp i systemet er heilt klart feil.
  10. Er på jakt etter eit sluttstykke til ein Steyr Mannlicher, kort kasse kaliber .308 win. Børsa er frå rundt tidleg 1980-tal. Tips og råd mottas m takk.
  11. For å gjere forvirringa total, så kan ein også nemne at det er ingen problem å få seg korte rifler på rundt meteren, som likevel har lange løp (60 cm) og som er under tre kilo ferdigrigga med kikkert.
  12. Å jakte målretta på duer i Hordaland er vel berre så vidt enklare enn om eg set meg på post og ventar på beveren skal dukke opp her i Sogn og Fjordane...
  13. Rotis, du er nok ikkje den første (og blir sikkert ikkje den siste?) som undrar deg over enkelte ladedata frå Lapua/Vihtavuori. Fleire av dei er snåle. Andre på grensa til farlege, spør du meg. Ditt eksempel er eit av mange. Eit anna er f. eks. ladedata for kaliber 7X64 Brenneke, der Lapua meiner ei 160 grains Nosler Accubond bør ligge mellom 45,4 (min) og 49,5 (maks) om du brukar Vihtavuori N160. Der meiner eg oppgitt maksladning i beste fall er ei minimumsladning, og går du ned på 45 grain kan du sikkert jogge ved sidan av kula på veg mot målet. Om ho då i det heile tatt kjem ut av løpet.
  14. Like elendig i mi børse (Brno 21). Får først presisjon ved kulevekter på 170 grain, og best med 196 grain. Har ikkje prøvd tyngre.
  15. Har hatt samme kombi sjølv. Uavhengig av av kva kikkert du vel, ver obs på at når du skinnemonterer eit kikkertsikte på ein kombi der rifleløpet ligg underst, slik det gjer på din, så får du ganske så stor avstand mellom senterpunkt løp og senterpunkt kikkert. På mi børse (eg brukte ein mak-montasje/Leupold 1-4X20), så blei avstanden ca 7,5 cm. Det betyr at ved innskyting på 100 meter, med eit flattskytande kaliber som 6,5X55, vil kula di ligge under siktelinja heilt ut til treffpunktet. Dette kan faktisk ha litt betydning under praktisk jakt, særleg om du brukar rifleløpet på korte hold (20-30 meter) på eit lite vilt. I alle fall lurte det meg nokre gonger før eg forstod korleis det hang saman.
  16. Har motsett konklusjon av Ko-stens her: Ved å ha parallaksejusteringen framme på objektivet kan du raskt justere den ved å vri med fremre tommel mens du framleis har rifla i skuldera og ser gjennom siktet. Du unngår med andre ord å sleppe grepet framme på stokken og dermed miste siktebildet ditt.
  17. Det kjem an på korleis du ser det. Ved å sous vide-behandle deler som inneheld mykje bindevev/sener/ligament, f. eks skank, bog, nakke så blir dette ekstremt mørt og smakfullt. Då utnyttar du sous vide til fulle. Eg har aldri forstått kvifor i utgangspunktet mørt kjøtt skal langtidsbehandlast sous vide på denne måten, ser ikkje gevinsten. At du har bedre kontroll på kjøtt som blir behandla i plast i eit vannbad, enn f.eks i ei langpanne/leirgryte med eit steiketermometer ser eg heller ikkje.
  18. Har fått tilbakemeldingar på det samme frå folk som tilbereder viltkjøtet sitt etter siste nymotens trend, vannbad med lave temperaturer i vakum over lang tid (Sous vide). Særleg om ein sous vide-behandlar kjøt som i utgangspunktet ikkje har behov for denne typen tilberedning, som til dømes stykningsdelar frå lår og rygg.
  19. @ Arnesen: Har du lotnummeret på dei N11-boksene dine?
  20. Då er det berre å gratulere produsenten med å ha laga nok ein norsk jaktdress med altfor mørke fargetegningar og mønster.
  21. Merket er Alexander, kjøpt på Guns & Gents i København. Flott butikk forresten, stod med ein nydeleg kipp i hendene der i sommar, ein Johan Outchar 7x65 R med oktagonalt løp. Ligg i Skindergade, på nordsida av Strøget.
  22. Ifølgje Bedre Jakt-undersøkinga, samt anna talmaterial, så ligg vel gjennomsnittleg skotavstand på hjort på rundt 70 meter. Mi personlege meining er vel at 7 mm rem mag dermed ikkje er særleg veleigna som hjortekaliber. Det krevst i alle fall at du då ladar jaktammo med dyre superduperkuler, eller ladar moderat/tunge kuler for kaliberet. Det er kanskje ein grunn til at det er eit stykke mellom hjortejegerar som brukar 7 mm rem mag og 300 winmag i hjorteliene. Men kjøp av piper til systemvåpen treng jo ikkje vere tufta på fornuft Sjølv ville eg valt 7X64 viss eg skulle ha eit veleigna 7 mm-kaliber til variert jakt.
  23. Kvifor kan ikkje danskane lage riflene sine LITT lettare?
  24. 156 grains Oryx, plukka ut av hjortebukk skoten "på langs" med Merkel Kipplauf, kal 7X65 R. Moderat ladning, avstand 200 m +
×
×
  • Create New...