Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Nydeleg børse, fornuftig kikkert - og snål reim
  2. Gitt det faktum at eit stort fleirtal norske jegerar ikkje ladar sjølv, så syns eg det er heilt flott at dei kjøper seg ein .308 win - sjølv til elgjakt. Om tilgangen på billig treningsammo fører til at Ola jeger ser seg råd til å skyte 90 framfor 30 treningsskot årleg, så er det langt viktigare enn å dyrke kaliber-elitisme.
  3. Trur eg har fakturaen liggande ein plass, skal sende deg info på pm om eg finn den.
  4. Villmarksbutikken har no tilbod på noko som kanskje kan vere eit alternativ: Kahles kxi 3,5-10 x 50 (med lys) til berre 7.990,-. Ordinær pris ligg vel på rundt 11-12.000. Den veg 470 gram. Har denne på reinsrifla mi, ein lett kipplauf. Grei kikkert.
  5. Desse danskane fraktar våpen, det fungerte greit for meg: www.bws.dk Posten Danmark har sagt stopp: http://www.postnord.com/da/Presse/Press ... kke-vaben/
  6. Er det nokon som er eigar av Brno/CZ sin kipplauf, "Effect"? Vurderte denne då eg skulle kjøpe kipplauf, men enda med Merkel sidan Brnoen ikkje var i den norske grossistens produktliste. Nokon som evt har hatt den i hende/prøvd ein slik?
  7. Litt OT, men er det andre enn meg som lurer på kvifor Sako/Tikka ikkje melder seg på når det gjeld systemvåpen for grovare kaliber?
  8. Nei, ikkje for anna enn å knipe litt flatare kulebane. Men også fordi det er interessant å lovleg teste ut effekten lettare kuler måtte ha på hjortevilt. Brukte 125 grains sako i estate-riflene der borte sist, i 30.06. Effekten var upåklageleg... Eg får klart best fart i kipplaufen min med N160, kontra MRP, så viss nokon har forslag til startladning for accubonden med dette kruttet, er det fint.
  9. Skal til Skottland igjen til hausten, culling. Holda kan bli litt lenger enn den norske malen. Tenkte å bruke 140 grains Accubond, evt endå lettare kuler. Nokon som har forslag til ladedata på Accubonden, evt andre kuler og ladningar eg bør vurdere?
  10. Tja, har aldri tenkt over at det skulle vere noko problem? Jägerlåsen er sterk og solid, og så lenge ein ikkje lader med hovet under armen burde vel det vere greit med moderne homogene kuler? Men det er det kanskje andre her inne som veit meir om?
  11. Merkel K1 er ein kipplauf, du tenkjer sikkert på rettrekkaren KR1, Skaubjønn.
  12. Viss du kjøper ein Blaser K95 i standardutføring, så er vel den rundt meteren lang med 60 cm pipe. Kapper du denne pipa til 40 cm, så er du vel i ferd med å lage deg ei rifle som er under lengdegrensa på 84 cm - og dermed ulovleg? Det kan vel bli eit dyrt havari-prosjekt...
  13. Har svært god presisjon med Barnes Ttsx 140 grain, 53 grain N160, COL 84,8. Dei gir ca 800 m/s i min Merkel k1 med 60 cm pipe. Eitt grain opp gir 820 m/s, ingen nevneverdig endring i presisjon. Har lada med to krutt; N160 og skyttarlagsversjonen av MRP, N15. Klart best fart med N160. Fjorårets jaktlading i denne børsa var 156 grains Oryx, 53,5 grain N15, COL 84,5. Hylse: Hirtenberger. Svært gode samlingar og eksemplarisk terminaballistikk frå 70 til 200 meter. Utgangsfarten på Oryxen var like under 800 om eg ikkje hugsar feil. Eg har lagt ut ein del ladedata på Robsoft viss det er av interesse.
  14. Å tenke kortare løp enn 60 cm i ein kipplauf er vel ikkje så nødvendig, sidan den er låskasse-laus og dermed kort i utgangspunktet? Min Merkel i 7X65r har 60 cm løp, likevel er totallengda på rifla beskjedne 100 cm.
  15. Nokon som veit om Recknagels svingmontasjar til Merkel K1 framleis blir laga? (Den med tre gripeklør framme?) Slit med å finne dei i Recknagels katalogar.
  16. Eintoms rør gir vel mindre synsfelt, men ikkje mindre lys fram til den siste og avgjerande linsa, den som sit i auget ditt. Det er vel stadfesta i ca sju hundre diskusjonstrådar av folk som definitivt kan ein del om optikk, lys og syn.
  17. Har også eit slikt, på ei lett enkeltskuddsrifle. Perfekt til slik bruk. Dette er ikkje noko reindyrka mørkesikte, sjølv om mørke-eigenskapane er gode. Lysprikken er kanskje i overkant sterk på lågaste nivå, men ikkje slik at det er hemmande. På mange måtar er dette siktet den radikale motsetningen til eit av dei andre du vurderer, nemleg "mursteinen" frå Meopta, som i vekt og størrelse passar best på eit stasjonært kystfort. Du får rett nok litt mindre synsfelt med eintoms rør enn 30 mm, men det har liten praktisk betydning under jakt - i alle fall for min del. Til den prisen du har fått oppgitt her, vil eg seie det er eit svært godt kjøp. Eg ser på fleire forum at mange jegerar meiner Kahles Kxi 3,5-10X50 kanskje er marknadens aller beste raudpunktsikte i eintoms-utgåve.
  18. Nei, du kan nok ikkje bruke same montasjane på 500 og 455. Den største er 19 mm dovetail, mens 455-en har 11 mm spor - om ikkje eg er heilt på vidda. Til mine Brno-rifler (Mod. 21 og ZKK 602) passar samme montasjane som du skal ha på cz 500, altså 19 mm. Pass på at viss du bestiller slike montasjer frå andre enn CZ sjølv, så må dei vere merka "for Brno/Cz", ellers vil du mangle gripekloa på bakre montasje på venstre sida, som du er heilt avhengig av. Eg har prøvd både originalmontasjer frå Cz, Burris-montasjar, Millett og Warne quick release. Warne er kanskje mest solid, men også mest klumpete. Millett er slank og elegant og ein lett stålmontasje. Mi erfaring med originalmontasjane frå cz er at skruane er litt mjuke og lette å øydelegge, men det kan du løyse ved å kjøpe nokre i betre kvalitet.
  19. Er det ikkje stort sett på måndagar at Bushnell-optikk blir produsert..?
  20. Eg ser mange her omtaler teksten til Macpherson som ein "artikkel". Dette er definitivt ingen artikkel, med dei krava den skrivesjangeren inneheld når det gjeld faktagrunnlag, kjeldekritikk, balansering av framstillinga, samtidig imøtegåelse osv. Dette er ein kommentar, og må lesast som nettopp det; ei meiningsytring frå ein enkelt person om ei gitt sak. Det er slik sett heller ikkje synspunktet til landets største avis om saka. Så eg forstår ikkje kvifor folket hissar seg så grådig opp?
  21. Stykkjunkeren skriv: "At ulv hører til i det norske økosystemet er vel et ganske svakt argument for ulv i dag, ulven er jo en reetablert art her i landet og stiller i så måte på lik linje med f.eks. villsvinet som også er en opprinnelig art her i landet før de ble utryddet." Det blir eit merkeleg argument. Viss tidlegare menneskelege synder fører til at ein art blir desimert/utrydda, skal vi da la vere å prøve å rette feilen oppatt? Kva då med mange av "villreinstammane" vi kosar oss med å jakte på? Dei er jo også reetablert mange plassar, som følge av at dei blei pressa ut/utrydda av ymse grunnar, til dømes tamreindrift.
  22. Nei, eigentleg ikkje. Du kan marinere kjøtet i dagesvis og gni det inn med alt mogleg lurium, men mi erfaring er at du smaksset kun det ytre laget men ingenting innover i muskelen. Det er vel ganske naturleg og. Når det gjeld roastbiff-steiking har eg enda med Jamie Oliver-metoden. Eg steiker på ganske hard varme (200 grader) og til kjernetemperatur på 53-55 grader. På hardare varme får du meir definerte soner av ulikt steikt kjøt, med fin roasta kjerne, men gjennomsteiking på dei ytterste centimeterane. På låge temperaturar får du ikkje til det på samme måten, men det spørs jo kva ein likar. Eg brukar alltid rundbiff (plomme) frå låret som roastbiff, gjerne eit middels stort dyr.
  23. Fantastisk vending på denne tråden. Keep up the work!
  24. Takk for info, Mork. Har du sjans å skaffe meg ein kopi av søknaden, der dei særskilte behova for utvida jakt er grunngjeve? Kunne godt tenke meg å lobbyere for same ordning i vårt fylke.
  25. Av rein nysgjerrigheit, Mork: Kva slags Vestlandselg er det du har løyve til å jakte på når kalenderen viser 26. november? Hjå oss i Sogn slutta den moroa vitterleg 15. november...
×
×
  • Create New...