Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. OPPDATERING: Seint men godt har eg endeleg fått tid til å forske litt meir på den kamringsuvillige kipplaufen min. Etter mykje prøving og feiling er det berre å konstatere at årsaken var temmeleg banal: Hylsene var for lite pressa. Grunnen til at feilsøkinga tok tid, var at eg stolte mest på tipset om for langt nedskrudd kuleisetter-die. At hylsene kamra før kulene blei sett i var eit faktum. Men årsaken var nok at det vesle presset kulene gav på dei for lite pressa hylsehalsane var akkurat nok til at børsa ikkje ville kamre. Eg har forøvrig aldri vore ute for å måtte presse hylsene så mykje som i denne børsa. Eg skrudde meg nedover og nedover til eg heldt på å gi opp, og var sikker på at eg for lengst var i ferd med å sette skuldra tilbake - men vips så gikk dei som smør. Kammertoleransane i denne børsa må vere små. Har lite erfaring med kulebrekk-våpen, utover denne kipplaufen samt ein kombi, men støter ofte på litteratur som påstår at brytevåpen er synonymt med romslege kammermål. Det er i alle fall ikkje tilfelle med denne børsa. Eg måtte f.eks presse om att dei ferdigpressa Hirtenbergerhylsene eg fekk frå Ruger#1 ganske mykje meir før dei kamra. Men no kamrar både RWS-hylser (takk til Skaubjønn) og mine eigne Winchesterhylser som ein drøm. Tusen takk for hjelpa til begge to. Om det er av interesse har eg lagt ut litt ladedata for 7X65-kaliberet på robsoft. Merk at særleg 140 grains barnes ttsx-ladningane er forholdsvis friske og bør kanskje ikkje skytast i gamle brytevåpen. Samlingane er nok ein del betre enn kva eg har ført opp, men vi vestlendingar er som kjent smålåtne.
  2. Veldig bra.Folk må også huske at hver gang man "klikker" på en avis sine websider, enten det er VG eller Dagbladet, så får de økonomisk støtte fra staten. Med andre ord, våre skattepenger. Interessant, D.A. Kan du opplyse oss om korleis VG og Dagbladet får økonomisk støtte av staten ved at du eller eg klikker på ei av dei digitalt publiserte sakene deira? Her trur eg det er ukjente aspekt ved pressestøtteordninga som har gått meg og mange andre hus forbi...
  3. Nokon som har ei ladning for 140 grains sierra hpbt også? Eller blir den kula for tung for N11? Forslag til N11-ladedata mottas med takk.
  4. Her er ei "coniglio"-oppskrift eg lærte på matkurs i Piemonte, dette er ein klassisk norditaliensk rett: - Del opp kaninen, gni inn stykka med ei blanding av grovkverna peppar, maldonsalt, ein plante med opphakka, frisk rosmarin og finhakka kvitløk. Lat stå kjølig nokre timar (eller natta over). - Legg ein liten pose tørka steinsopp (porcini) i bløyt i lunka vatn, ca 20 min. - Ta ei flaske rødvin (eller beregn ei flaske per kanin) og kok inn saman med rosmarinkvistane til cirka halv mengde. - Tilsett 8-10 ferske plommetomater, grovt oppdelt, samt ein neve hakka, soltørka tomater, evt litt raud pesto. - Tilsett steinsoppen OG BLØYTEVATNET - Brun kaninkjøttet i steikepanne. Kok ut panna med litt vatn og balsamico-eddik. Legg kaninkjøtet i gryta og lat putre halvannan til to timar. Ta ut kjøttet, og hold det varmt. Skru kjelen på fullt og reduser sausen/krafta til nesten sirup-liknande konsistens. Smak til med sukker/salt/peppar. Legg kaninen i serveringsskåler og slå den innkokte sausen over. Server med brød, ris, couscous, grønsaker - det du måtte like, alt anna enn skamkokte beatepoteter. Buon appetito.
  5. Kongeørn slår rådyr http://www.youtube.com/watch?v=yPsNIope0mA
  6. 44 grain N11, col 71 44 grain 203b Begge gir greie samlinger i min .308. Har kronografert, men har dessverre ikkje data for hand her.
  7. Kjøp deg gjerne ein Kenwood. Det du derimot IKKJE skal gjere er å bruke den til elting av kjøttfarse. Å elte tung kjøttfarse seig med salt er noko som forkortar levetida på ei slik maskin betydeleg, i alle fall om du handterer ein del meir enn eit rådyr eller tre i løpet av ein jaktsesong. Eg har brent to Kenwood-drivtoppar på dette, dyrkjøpt erfaring. Uansett får du aldri elta ein kjøttfarse like seig og fin i ei slik maskin, som du får det for hand. Når det gjeld pølselaging, så gløym tilleggsutstyr til dette. Spar heller nokre kroner og kjøp deg ei MANUELL pølsemaskin, f. eks. denne frå Tre Spade:http://www.breens-jaktutstyr.no/index.php?main_page=product_info&cPath=63&products_id=327&zenid=0mnu97ud0dd8ilgsbgfham3g55 Det gir ein heilt annan kontroll over farse og stapping og langt betre resultat. Konklusjonen i korttekst: Kjøp kjøkkenmaskin til konas bakst - og årntli' utstyr når du inntek kjøkkenet med slaktet
  8. Er det nokon som kan svare på om ytre objektivmål på nyare Schmidt & Bender (dei med bua overgang frå mellomrør til objektivdel) bygger MEIR, MINDRE ELLER LIKT dei litt eldre sikta (Klasik-serien)? Størrelsen er 3-12X50.
  9. M67 har heilt rett i denne analysen. Artsfascismen lever i beste velgåande, med både forvaltning og lovverks velsigning - anten ein snakkar om hjortevilt vs predatorkontroll eller rotenonbehandling av lakseførande vassdrag.
  10. Hvorfor liker du det? Godt spørsmål. Tror det er noe med dynamikken. Virker på en måte mindre "topptung" med det slanke rifleløpet øverst. Rifleløpet underst har stort sett berre minusar ved seg, syns eg. Det er noko herk å ha 7-8 cm mellom senter av siktelinje i kikkerten og til senter av rifleløpet. Enig med Skaubjønn, går for brnoen med rifleløpet øverst!
  11. M67 er nok både ein flinkare ladar og skyttar enn meg og han har mykje kunnskap som eg har tatt til meg her inne. Men akkurat her syns eg han tar litt for mykje utgangspunkt i si eiga verd. Eg forstår ikkje kvifor du skal gå "all in" med å kjøpe for tusenvis av kroner av ein komponent som du utan å prøve først ikkje anar om er optimal i di børse. Heile moroa med lading er jo nettopp å prøve ut, forske, teste - og av og til lære noko nytt. Så får eg heller avslutte med dine eigne ord: Neste gang du mister tålmodet og skrur ut eit løp for kassering, så veit du kvar du skal sende det...
  12. Poenget mitt var at han som spør er heilt i startgropa med både kaliberet og børsa. Då eg starta å lade for nettopp .308, opplevde eg å prøve ut ein god del 150 grainskuler. Uansett kva eg prøvde samla det dårleg. X antall eksperimenteringar seinare, med div hylsefabrikat, fem-seks kruttypar, ulik settedybde osb osb, sit eg att med ein kuletype som eg syns held grei nok presisjon til jakt - men heller ikkje meir. Går eg derimot ned i kulevekt samlar børsa fint. Går eg opp i f.eks 165-168 grain, er den heilt suveren med det meste av kuler. Konklusjonen er enkel; børsa liker rett og slett ikkje denne kulevekta, noko som slett ikkje er eit ukjent fenomen. Og som det trengs langt mindre enn 1000 kuler å finne ut av.
  13. He-he, likte den Folk er nok forskjellige, jeg ville og kjøpt 1000, minst. K Fordi? Dette blir fortsatt ulogisk for meg. Eg forstår ikkje vitsen. Det må da vere betre å starte med eit mindre kvanta, gjerne prøve ut fleire ting, og så kjøpe stort når ein har funne det sim funker best i DI børse?
  14. Eg syns det blir rart å kjøpe så mykje av ein og samme kuletype når du skal lade for første gong i eit nytt kaliber til ei heilt ny rifle. Alle børser lever som kjent sitt eige liv. I verste fall kan det hende at børsa di ikkje trivest med den kula i det heile teke. Eg har sjølv ein .308 som er litt kresen, og eg måtte prøve ganske mange kulesortar og kombinasjonar krutt/kule/hylse før eg fekk god presisjon. Berre som eit velmeint råd til neste gong.
  15. Du finn det meste her. http://www.brreg.no/registrene/jeger/Norway_hunting.pdf Litt småendringar er det m.o.t. endringar etter at dette dokumentet blei laga, men i all hovudsak er det rett.
  16. Stiller gjerne opp (for å lære) om det blir eit opplegg i nærleiken av Florø! Vi kan garantert skilte med like dårleg ver som i Hornindal i fjor...
  17. Då har eg faktisk fått både svar og oppgjer frå Norwegian. Etter ein runde med purring. Ut frå dokumenterte ekstrautgifter som følge av bortroting av våpenet på Gardermoen, fekk eg refundert kr 2750,-.
  18. Kva i all verda bygger du dette resonnementet på? Det blir som å seie at dersom fyllekøyrarar kun tok livet av seg sjølve, så skulle det bety at samfunnet gav katta både i førebyggande arbeid, kontrollar og straffeforfølging.
  19. For hjort: Lårets vekt ganger 5,6 seier Norsk Hjortesenter. Og dei har visstnok testa ganske grundig.
  20. Trur vel ikkje regelverket tek omsyn til om du er venn med den du sel kjøt til eller ikkje. Når det gjeld feltkontrollørordninga så kjenner eg godt til den. Det er praksisen med å prosessere vidare (utbeining/oppdeling/kverning/vakumering), for så å selje det eg spør om.
  21. Til alle som skriv om sal av pakka/vakumert viltkjøt her inne: Eg tviler vel på om alle har godkjenning frå Mattilsynet til å omsette på denne måten. Er det av uvitenheit de likevel gjer det, eller gir de berre blaffen? Spør ikkje for å kritisere, er berre nysgjerrig...
  22. Del opp låret i dei seks stykningsdelane som normalt, så kan du speke fleire av dei separat, gir både betre og raskare resultat enn å speke heile låret. Bankekjøt, Skank og lårtunge er fint å starte med.
  23. Kva for ei kule er dette? Precision Bullet Production (PBP), Eikefjord. Produksjonen nedlagt no.
  24. I og med at fleire produsentar lagar slikt, finst det sikkert ein marknad. Men kan nokon forklare kva som er poenget med blyfrie varmintkuler? Blir ikkje det litt som å bestille cheeseburger utan ost?
  25. Bra rekrutteringstiltak! http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article6286384.ece
×
×
  • Create New...