Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Brukar sjølv reinskinn, som har to store fordelar kontra kunststoff og oppblåsbart: 1. Det lagar ikkje eit helsikes leven om du må snu/vri deg raskt i ein skuddsituasjon. 2. Det flaksar ikkje ut på tur om du letter på rompa ein vindfull dag på post.
  2. Skal du på tur eller skal du jakte?
  3. Peders, Blaser produserer ein snerten liten sak i skinn og med borrelås som du fester på fortreet og tar eine festereima bak fremre montasje for at den ikkje skal skli på løpet. Her har du plass til to ekstrapatroner, og det går rimeleg kjapt å lade om med litt trening. Den er ekstra effektiv på liggande skyting, då lommefomling etter oppfølgingsskudd er ei utfordring. Den passer til alle enkeltskuddsrifler, ikkej kun til Blaser.
  4. Ja Thomas, du gløymer mitt viktigaste hjelpemiddel anten eg er på vinterjakt på ryper eller i hjorteskogen. Du har ikkje kikkert med på nokon av listene du baler med her.
  5. Eg sjekka for min Merkel K1. Styggdyrt, over 12.000, og tilpassing var nødvendig, ja.
  6. 7x65R, et alt av ammo, men har enda på kulevekter frå 140 i homogent, til 156 i bonded-kuler.
  7. Merkelina klar for helgetur på hjorten.
  8. Ein på jaktlaget rapporterer på vegner av laget. Hugs å logge også dei gongene de verken ser eller skyter noko.
  9. Matchking ekspanderer i alle fall i .308 win. Det gjer derimot ikkje Lapua Scenar i mitt våpen og med mine (moderate) ladningar.
  10. Prøv Bjørn Storøien i Florø. Flink og påliteleg. www.storoien.no
  11. Presisjonen i Merkelen er i alle fall imponerande. Stortrivst med denne på jakt, både på rein og smygjakt på hjort. 140 grains Barnes ttsx aller best presisjon til no. Dyra så langt har ramla for Oryx og Nosler Part. Sliter litt m ladinga, ekstremt små toleranser i kammeret (trangt), så pressinga av hylser er ein prøvelse, må presse absolutt heile halsen, verken meir eller mindre. Og med dei skomakertoleransane som er på gjengene til RCBS-diene, så blir det litt gnuring av og til.
  12. Ok, så eit laufauksystem er like bra som ein jægerlås for patroner med moderat arbeidstrykk? Kva m presisjon?
  13. Den har vel eit sterkare/betre låsesystem enn Sabatti?
  14. Reinsjakt i august, Vestlandet. Merkel K1, 7X65 R, 156 grain Oryx. Fikset bildet ditt. -Ranger#44
  15. Vurderte denne lenge, før eg importerte ein Merkel. Eg syns 2,9 kg blei for tungt. For meg skal ein kipp vere lett.
  16. Mine tips, (for det dei er verdt): 1. Lat salongrifla stå att heime. I mine auge nesten ubrukeleg. Kor mange vindstille dagar har du i vinterfjellet? 2. Bruk storviltrifla di. Heilmantla kuler går fint på rype i standard folkekaliber som 30.06, .308, 6,5X.... 3. Somme holspisskuler går, somme går ikkje. I .308 ekspanderer f.eks. 168 grain Sierra Matchking i norsk vinterrype og lagar berre graps. Lapua scenar gjer det ikkje, med utgangsfart under 800 m/s. (Testa ved fleire høve på skotavstandar frå 60 til 140 meter). 4. Subsonic-ammo, kvifor det? Du ønskjer flatare kulebane, ikkje omvendt. Med lyddempar får du ofte fleire sjansar om det er eit poeng. Det demparen ikkje tar av lyd, tar snøteppet seg av. Du vil bli overraska over kor lite det smell når alt rundt deg er teppelagt av snø. 5. Brukt lang tid, kikkert eit must. Under gode forhold ser du fuglen på over 400 meters hold. 6. Vis måtehald. Det er neste års kapital du eigentleg haustar av no, ikkje rentene. 7. Dreg du høgt til fjells og gradestokken kryp mot 20 minus, hugs innskyting på nytt. Iskaldt stål og anna lufttettheit kan by på overraskelsar. 8. Ha ein sekk på ryggen med volum nok til å fungere som skytestøtte. Tofot fungerer dårleg i laussnøen. 9. Truger er betre enn ski. Nesten alltid. 10. Ta med ei lokkefløyte og prøv på reven innimellom. Det kan gi suksess sjølv midt på dagen i januar/februar.
  17. Her tenker du feil. Jo større vinkel, jo betre. Å sende ei kule vannrett tvers gjennom skog og myr er langt farlegare. Då kan den jo vere farleg over fleire kilometer, så sant den ikkje treff eit tre eller liknande. Skyt du oppover vil kula kun vere farleg på nedslagspunktet på 1X1 meter...
  18. Flott tiltak, her må alle tipse aktuelle og motiverte kandidatar! http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article6904223.ece" target="_blank
  19. Har elles akkurat testa ein ny Wenger: http://www.wenger.ch/realtree-ap-snow-50-1-077-050-806" target="_blank Saga på denne forholdsvis store kniven til Wenger å vere, duger i massevis på hjort. Sjølve hovudknivbladet var vel greit nok også. Ingen problem med å gjere opp ein middels stor hjort/rein med kun dette verktøyet.
  20. Skaut sju vinterryper sist sesong med .308 win, avstand fra 60 til 140 meter. Brukte 167 grains Lapua Scenar med 43 grain VV N150 i Normahylser. Ingen teikn til ekspansjon. Kula koster 3,50 pr stk hos Alvestad (hjemmelading.no). Eg ser at jakterfaringane her inne er annleis med ei anna mykje brukt treningskule i samme kaliber og vekt, Sierra Matchking. Det blir visst fort søl. Så då er vel den meir ekspansjonsvillig kanskje?
  21. Samme kven av dei du vel. Begge er uansett feil kaliber i ein tysk drilling
  22. Hassel, det er eg sjølvsagt fullstendig klar over. Det er like opplagt som at mange av dei vedtaka som blir gjort i lov og forskrifts form, ikkje er gjort åleine på fagleg/vitskapleg grunnlag, men minst like ofte på (symbol)politisk grunnlag. Jamfør blyhaglforbodet. Ser du ikkje at blydebatten som no går, kan ha relevans for blyhaglsaka? Det meiner eg er opplagt, av den enkle grunn at lover og reglar som skal vedtakast, også har ei pedagogisk side ved seg. Dersom det no går slik fleirtalet håpar, og vi skal gjeninnføre blyhagl til jakt utanom våtmarksområda, så skal politikarane eigentleg forklare folk følgjande: "Vi vedtok eit forbod mot bly i ammunisjon for ti år sidan. Det var truleg heilt unødvendig. Det blyet vi eigentleg skulle gjort ulovleg, og som er farleg, gjorde vi ingenting med. Og vi tenkjer heller ikkje å gjere det no heller..."
  23. Jamfør "6,5-problematikken" andsynes homogene kuler, så trur eg at Mattilsynets kosthaldsråd basert på VKM-rapporten vil bli følgd opp av ei regelendring ganske raskt. Vi jaktar rett nok på ei heilt nyleg revidert utøvelsesforskrift (2012-2017), men eg har sjekka med Direktoratet og andre faginstansar, som begge slår fast at ein revisjon/endring/tilpassing er uproblematisk innafor ei forskrifts virketid. Fleire spår også at ei slik vil komme ganske raskt, utan at dei vil seie det offentleg. Det store spørsmålet i så fall blir om dei forstår at anslagsenergikrava må lempast på, i tillegg til at ein opnar for lettare kuler enn 140 grain. Det låg jo ikkje inne i Direktoratets førsteutkast til ny forskrift (som rett nok blei forkasta). Her ville ein også gjere unntak kun for det spesifikke kaliberet 6,5X55, og ikkje andre storviltkaliber i samme klasse (f. eks. .260 rem). Mitt tips er at dette vil bli grundig gjennomgått no, betre enn til utkastet som ikkje enda opp i utøvelsesforskriften i fjor. Eit anna spørsmål som naturleg melder seg, er om ei slik evt. lemping på krav/tilpassing til homogen kulebruk i små kaliber, vil vere første steg på veg mot eit forbod mot blyhaldig, ekspanderande rifleammunisjon. Neste spørsmål blir så om den debatten som no går, vil ha betydning for kampen for å gjeninnføre blyhagl.
  24. Kort sagt er mørning ein prosess der proteinar i muskelceller blir brote ned, og når prosessen går som den skal, kompenserer mørninga det som skjer i slaktet ditt det første døgnet etter at du skaut viltet ditt, nemleg at rigor mortis inntreff (dødsstivheit). Kor "dødsstivt" kjøtet ditt er, kan påverkast av fleire ting, ikkje minst dyrets aktivitets- og stressnivå før du skaut det. Har musklane jobba hardt og gjerne anaerobt før skyting, så kan du ha ein utfordring i mørningsprosessen. Mørning i vakum i kjøleskap skal i utgangspunktet gå heilt fint, sidan dei viktigaste faktorane for suksess er temperatur og pH-nivå i kjøtet, og ikkje tilgang på oksygen. Det rette PH-nivået får du m.a. ved IKKJE å kjøle ned slaktet for raskt første døgnet. Men viss du har fått vakumslepp, kombinert med at kjøtet kanskje ikkje var optimalt behandla, så blir sjølvsagt resultatet deretter.
×
×
  • Create New...